POSTED IN NATO, Norge

Moskva åtvarar:

Finsk Nato-søknad vil få ‘militært svar’

7 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vi bringar her ei lenke til eit intervju med tidlegare våpeninspektør og etterretningsoffiser Scott Ritter (20 min).

Ritter svarar først på nokre spørsmål om taktikk og strategi til aktørane i krigen i Ukraina. Så fortel han om kor tungt USA er inne i Ukraina, ikkje berre med våpenhjelp, men at dei også betaler lønene til den ukrainske hæren og finansierer det ukrainske maktapparatet, som ellers ville vore bankerott. Og «Biden vil slåst til den siste ukrainar!» Russlands mål var opphavleg avgrensa, men den seige motstanden betyr at dei vil trappe opp til ein fullskala krig.

Men det verkeleg skremmande for Norden (og verda), er utsegnene om Finland, at Finlands Nato-søknad vil få eit ‘militært taktisk svar’.

Vi har vondt for å tru at dette tyder eit åtak på Finland, men Ritter hevdar at dette er nett den same retorikken Moskva nytta før åtaket på Ukraina. Og vi trudde heller ikkje at Russland ville gå til åtak på Ukraina.

Ritter spår at Russland snart vil gå til full mobilisering.


https://www.thetruthseeker.co.uk/?p=253414



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 466 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • Endå meir deprimerande diskusjon med Ray McGovern og Scott Ritter:
    Russland vil gå til militær aksjon mot Finland før dei blir NATO-medlem på møtet i Madrid 30.juni. Scott Ritter: Finland vil bli utsletta som nasjon, NATO har ikkje kapasitet til å svare med noko anna enn kjernefysiske våpen. Kor mange minutt på tolv er «atomklokka» no?

    Link: https://www.youtube.com/watch?v=m4SlSILtlpc

    Åtvaring: Ikkje for dei som slit med nattesømnen

    Svar
  • En mer analytisk/nøytral holdning til Ukrainakrigen i norsk media. På tide.:

    ‘…og når stormaktskonflikten til slutt ble en realitet, ville tilhengerne av ekspansjonspolitikken kunne slå seg brystet og proklamere at de jo alltid hadde sagt at det er slik russerne er («that is how the Russians are»).
    Kennan kalte NATO og USAs politikk «a tragic mistake», og noe som var totalt unødvendig ‘

    https://forskersonen.no/krig-og-fred-kronikk-politikk/er-krigen-i-ukraina-vestens-eller-putins-skyld/2026049

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    16 mai 2022 20:51

    Me som er motstandarar av evig Nato-utviding kan òg slå oss på brystet om krigen vert utvida. Me har lenge åtvara, men det er lite trøyst i eit «Kva var det me sa? Me har jo alltid sagt at det går gale der Nato fer fram,» når det smell i land etter land.

    Det er underleg at folk kan sjå på Ukraina og meina i fullt alvor at våpen og Nato har vore til velsigning for det ukrainske folket.

    Det er uforståeleg at folk framleis snakkar om «nordisk forsvar». Heile Norden vert no underlagt ein USA-general sin kommando. Det beste nordiske Nato-vener kan håpa på er at generalen har nordiske familierøter? Basar i heile Norden kan no tilretteleggjast for eit amerikansk åtak på Russland.

    Sverige og Finland piskar opp krigsfrykt og -stemning med Nato-innmelding. Norske meiningsmålarar har funne ut at om lag 30% av folk i Noreg fryktar Russland. Dei stiller ikkje spørsmål om kor mange som fryktar Nato og USA. 90 % prosent av det norske folket fryktar flått. (Privat undersøking.)

    Svar
  • Gratulerer med dagen!

    RT er av vesten sett på som ein rein propagandakanal for Russland. Greitt nok, men ein må berre slå fast at deira propaganda er i særklasse mykje betre enn «vår». Her Glenn Diesen på «Crosstalk»:

    https://www.rt.com/shows/crosstalk/555502-nato-losing-ukraine-conflict/

    Tormod Heier (professor, Forsvarets Høyskole) sa på NRK: Utan tryggleik for Russland, ikkje tryggleik for oss. Sidan denne fråsegna har han vore lite brukt i media. No er det berre «kuler og krut, jet og bazooka» som gjeld.

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      17 mai 2022 15:08

      Godt lenkjetips frå Quijote. RT og Glenn Diesen er meir opplysande enn det store fleirtalet av norske aviser for tida.

      Svar
  • Kjell Aasen
    17 mai 2022 12:41

    God søttendes
    La oss håpe en/flere i NATO FINNER ut at deres utrykkfrihetskrig Ikke passer inn over alt.
    Russland har advart Finnland på lik måte som advarte Ukraina.
    Vi ser hvordan det går. Finnene har en «evig» bilietteral nøytral avtale med Russland.
    American boots are approaching Norway for a ten years time – insanity performed by our politics.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    18 mai 2022 13:10

    Sverige har på 200 år opplevd éi einaste meiningmåling med Nato-fleirtal. Mellom svenske kvinner er det framleis fleire Nato-motstandarar enn tilhengjarar. Riksdagen kuppar landet inn i Nato.

    Norske politikarar som jublar for avgjerda, får vera i fred. Det vert ikkje rekna som innblanding i svenske saker. Ein einsleg, motig norsk politikar som torer koma med motførestillingar (Ingrid Fiskaa, SV) møter rasande angrep for at ho blandar seg inn i svenske saker.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Er situasjonen den motsatte av det vi tror og mange håper?

Går USA/EU mot en politisk krise?

Previous Post

Nasjonalt sjølstyre for Rødt:

Greit at EU bestemmer velferdsytingenes vilkår?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.