Vi håper at det som fremgår av artikkelen under er korrekt, men vi er fortsatt ikke sikker. På den andre siden er alternativet en ny eskalering fra USA/Nato med svært usikkert resultat og en enda større politisk fallhøyde. Det som skjer stemmer med hva en indisk general uttalte i en nylig publisert video her på derimot.no. Det stemmer også med våre vurderingen av krigen som vi har holdt fast ved hele tiden: Dette er en krig som Russland må og vil vinne.
Men vi får se hva som skjer. De politiske konsekvensene blir globalt store og Norge vil også bli sterkt berørt. Alle våre medier og våre ledende politikere vil i så fall bli tatt på sengen av en slik utvikling.
Knut Lindtner
Redaktør
USA innrømmer nederlag i krigen mot Russland og Kina
Av Moon of Alabama, Bernard
Konfrontert med livets realitetar, har Biden-administrasjonen dei siste dagane erkjent nederlag i to av sine mest ekstreme og villfarne utanrikspolitiske spel.
Den ukrainske motoffensiven slått feil. Landets armé blir slakta på slagmarka. ’Motoffensiven’ til dei ’NATO-trente’ ukrainske brigadane har ikkje gjort reelle framsteg på nokon front. Dei høge tapstala for menn og materiell gjer det umogleg for dei å nokon gong ta tilbake initiativet.
USA sitt mål var å integrere Ukraina i NATO. Då kunne dei ha utstasjonert US-amerikanske troppar i Ukraina og plassere våpena sine innanfor rekkevidda til Moskva, slik at eit uavhengig russisk trekk ville kunne kontrast med ein trussel om umiddelbar eliminasjon.
Etter å ha gått for dette målet i over 20 år, har USA no kasta inn handkledet:
President Biden sa på laurdag at han ville gjere det lettare for Ukraina å bli medlem av NATO, men at landet i krig med Russland lyt oppfylle krava til medlemskap.
«Dei må halde same standard. Så eg skal gjere det lettare,» fortalde Biden til reportarar. «Eg trur dei har gjort alt relatert til å demonstrere evna til å koordinere militært, men det er eit heilt spørsmål om: er systemet deira sikkert? Er det ikkje-korrupt? Lever det opp til standardane … alle andre nasjonar i NATO gjer det.»
Og ja, det er ei endring. Ei stor ei:
Biden skal tidlegare ha uttrykt at han er open for å fjerne hinderet Member Action Plan for at Ukraina skal kunne gå inn i NATO. Ifølge denne planen må land som vil slutte seg til alliansen gjennomføre militære og demokratiske reformar.
Likevel er det ikkje nok:
Biden har ikkje sagt noko nytt. Biden føler at USA har tapt proksy-krigen, men han treng ikkje – og kan ikkje – innrømme det. Så i fråvær av ei tidsmaskin som kunna ha frakta han heilt tilbake til 1999, då NATO sin ekspansjon starta utfalde seg, gjekk Biden berre tilbake til standardstandpunktet frå NATO-toppmøtet i 2008 i Bukaresti og ønska Ukraina velkomen inn i alliansen via MAP-ruta – som om det som skjedde der for femten år sidan no er fortid og ikkje kan trekkast tilbake til notida. Russland kjem ikkje til å godta det.
Sjølv om det var pakka inn i fine ord, gav EU Ukraina like negative utsikter (maskinomsett):
Ein EU-rapport om eit eventuelt ukrainsk medlemskap, slår fast at Kiev så langt har oppfylt to av dei sju vilkåra som krevst for å starte formelle forhandlingar om tilslutning til EU.
…
«Det er framgang. Rapporten vil bli moderat positiv. Dette handlar ikkje om å forskjønne realitetane, men om å anerkjenne progresjon, til dømes er det mange velkjende anti-korrupsjonssaker. Særleg i saka om sjefen for Høgsterett, Knyazev,» sa den offisielle tenestemannen, som snakka på vilkår av løfte om anonymitet.
…
«Når det gjeld reformar, skal glaset vere halvfullt; vi ville aldri ta ein negativ tone mot Ukraina no om dagen. Juridiske reformar har hatt ein viss framgang, men det er enno visse essensielle som attstår. Ikkje alt er tilfredsstillande.»
Den svært opphausa motoffensiven har blitt til ei ekte dødsfelle for USA, EU og NATO.
Det andre US-amerikanske nederlaget vart innrømd av USAs utanriksminister Anthony Blinken på slutten av turen hans til Bejing:
USA vil ikkje støtte at Taiwan bryt seg laus frå Kina, har utanriksminister Anthony Blinken sagt, midt i ei rekke forvirrande ytringar frå Joe Biden om saka.
«Vi støttar ikkje taiwansk uavhengigheit,» sa USAs toppdiplomat i Beijing etter møtet med Kinas president Xi Jingping.
Dette var meir enn ei verbal endring av Blinkens utsegner:
USAs utanriksdepartement har oppdatert sitt fakta-ark om Taiwan igjen for å sette inn att ei linje om å ikkje støtte formell uavhengigheit for den demokratisk styrde øya som Kina har gjort krav på.
…
«Vi er imot unilaterale endringar av status quo frå begge sidene; vi støttar ikkje uavhengigheit for Taiwan; og vi forventar at tverr-sundlege usemjer blir løyste med fredelege middel,» står det i dokumentet, med referanse til sundet som separerer øya frå det asiatiske fastlandet.
Førre månad endra utanriksdepartementet nettsida si om Taiwan, då dei fjerna utsegner både om å ikkje støtte taiwansk uavhengigheit og å anerkjenne det kinesiske standpunktet at Taiwan er ein del av Kina, noko som gjorde Beijing forarga.
Blinken skifta syn etter eit ekstremt kort møte med president Xi, som hadde følgd ein serie med førelesningar frå andre høgtståande kinesiske offisielle tenestemenn:
Wang gav ei omfattande forklaring av den historiske logikken og den uunngåelege trenden for Kina si utvikling og fornying, og utdjupa dei distinkte trekka ved Kinas modernisering og den fyldige substansen i Kinas full-prosess-demokrati.
Han bad innstendig om at USA ikkje måtte projisere på Kina ei antaking om at eit sterkt land er nøydd til å søke hegemoni, og om å ikkje feilbedømme Kina med den slagne stien til dei tradisjonelle Vest-maktene. «Dette er nøkkelen til om USA på ekte kan returnere til ein objektiv og rasjonell politikk med omsyn til Kina.»
Wang kravde at USA skulle slutte å spele «Kina-trussel»-kortet, oppheve dei illegale, unilaterale sanksjonane mot Kina, slutte å undertrykke Kinas vitskapelege og teknologiske framskritt, og late vere med å lettsindig blande seg opp i Kinas interne saker.
Han understreka at sikringa av den nasjonale einskapen alltid har vore kjernen av Kinas kjerneinteresser. Det er der framtida til den kinesiske nasjonen ligg, og det er CPC sitt vedvarande historiske oppdrag.
Når det gjeld Taiwan-saka, har Kina ikkje rom for kompromiss eller ettergiving, sa Wang.
Den kinesiske transkripsjonen av Blinken/Wang-møtet skal visst vere endå meir foraktfull enn den engelske omsettinga.
Det neste steget for Kina blir å stoppe dei provokative «uskuldig passasje»-innomkøyringane til USAs militærskip og -fly i Taiwan-sundet. Til den jobben blir dei nøydde til å ta i bruk FNs Havrettskonvensjon:
Artikkel 38
Rett til transittgjennomfart
1. I de streder som er nevnt i artikkel 37, har alle skip og luftfartøyer rett til uhindret transittgjennomfart; retten til transittgjennomfart skal imidlertid ikke gjelde når stredet dannes av en øy tilhørende en stredestat og dens fastland, og det på sjøsiden av øya finnes en rute over åpent hav eller gjennom en eksklusiv økonomisk sone og den navigasjonsmessig og hydrografisk er like godt egnet. |
2. Med transittgjennomfart menes utøvelse av friheten til skipsfart og overflyging i samsvar med denne del, utelukkende i den hensikt å gjennomføre uavbrutt og rask transitt gjennom stredet mellom en del av det åpne hav eller en eksklusiv økonomisk sone og en annen del av det åpne hav eller en eksklusiv økonomisk sone. Kravet om uavbrutt og rask transitt utelukker likevel ikke fart gjennom stredet for å reise inn i, forlate eller vende tilbake fra en stredestat, med forbehold for denne statens innreisebetingelser. |
3. For enhver virksomhet som ikke er utøvelse av retten til transittgjennomfart gjennom et strede, gjelder de øvrige anvendelige bestemmelser i denne konvensjon. |
Eit blikk på kartet viser at dette gjeld for sundet mellom fastlands-Kina og den kinesiske øya kalla Taiwan.



Dersom USA verkeleg har ein eitt-Kina-politikk, så vil dei måtte akseptere at sundet er forboden sone.
Dette dobbeltnederlaget i krigen mot Russland og Kina vil ta litt tid å feste seg.
I Ukraina-konflikten er det framleis draumar om å skape ein slags låst situasjon, å implementere ei slags koreansk våpenkvile-grenselinje på 38. breiddegrad:
US-amerikanske tenestemenn planlegg for den veksande moglegheita for at den russisk/ukrainske krigen skal forvandle seg til ein frosen konflikt som vil vare i mange år – kanskje tiår – og sluttar seg til rekka av liknande langvarige stridar på den koreanske halvøya, i sør-Asia og fleire.
Alternativa diskuterte innanfor Biden-administrasjonen for ein langvarig «frys», inkluderer kor ein skal sette potensielle linjer som Ukraina og Russland skulle ville bli samde om å ikkje krysse, men som ikkje hadde trengt å vere offisielle landegrenser. Diskusjonane – om enn provisoriske – har funne stad rundt om i ulike US-amerikanske byrå og i Det kvite hus.
Russland vil ikkje ha noko av noko av dette. Dei vil grundig slå den ukrainske arméen. Dei vil ta tilbake dei delane av Ukraina som i hundretals år har vore russiske, før kommunistane tildelte dei administrativt til Den ukrainske sosialistiske sovjet-republikken.
Resten av det den gong nøytrale Ukraina, avskore frå havet og mineralrikdommane i aust, vil bli overlate til den stakkaren Russland er villig til å akseptere.
Det doble nederlaget i krigen sin mot «resten av verda», markerer slutten på Wolfowitz-doktrinen:
Doktrinen kunngjer USA sin status som verdas einaste gjenverande supermakt etter Sovjetunionens kollaps på slutten av Den kalde krigen, og proklamerer som sitt hovudmål å behalde den statusen.
Vårt først mål er å hindre at ein ny rival oppstår igjen, enten på territoriet til den tidlegare Sovjetunionen eller andre stadar, som utgjer ein trussel like stor som den Sovjetunionen utgjorde. Dette er eit dominant synspunkt som utgjer grunnlaget for den nye regionale forsvarsstrategien og krev at vi strebar etter å hindre fiendtlege makter i å dominere ein region som har ressursar nok til å, under konsolidert kontroll, generere global makt.
Enden for «unilateral æra» ligg open for alle å sjå.
Republikanarane vil sjølvsagt høglydd skulde på Biden for dette, sjølv om dei er nett like skuldige i å gape over for mykje som den andre sida er. Biden kan godt kome til å måtte ofre Blinken som den brikka som førte til at spelet vart tapt.
Uansett vil ingen av dei hjelpe han å bli gjenvald.
Det er forresten ikkje tilfeldig at Israel, på same dag som USA innrømde tap, vart banka av kjemparar frå den palestinske resistansen. Dette er eit anna av dei USA-sponsa globale problema som Kina er ivrig etter å løyse.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock
https://www.moonofalabama.org/2023/06/us-admits-defeat-in-war-on-russia-and-china.html#more
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 105 ganger.
5 kommentarer. Leave new
Kor mange i dagens storting arbeider for den imperialistiske Wolfowitz-doktrinen? Finst det éin som arbeider imot?
Det norske flyvåpenet er på Island. Heimevernet er i Kaukasus og i England. Hæren er i Litauen, Georgia og Irak. Og i Jordan? Og andre land? Marinen på havsens botn og i Sør-Kinahavet eller i Stillehavet. «Norsk» etterretning er amerikansk. Norsk territorium er overlate til USA utan motstand.
Norske militære planleggjarar og topp-offiserar fortener difor null tillit. Riv av dei stjerner og striper. Legg ned NRK som let dei få snakka og snakka utan å seia noko. Milliardane til militæret gjer Noreg meir utrygt.
Kvifor ikkje snu på Nato-frasen om den opne døra? Russland held døra open for Donbass og Krim.
Du vet det gamle ordtaket » De vår herre ikke ga hjerne, dem ga han vinkler å stjerne» Passer godt på Nato lobbyen i forsvaret både ute og hjemme.
Vil det være best for verdensfreden om man får en situasjon i Ukraina som ligner på forholdet mellom nord og sør Korea? Altså en frossen konflikt hvor ingen av partene (ennå) har vunnet..
Kunne du utdypet litt mer hva måtte dette ville vært til det beste?
For å feks unngå atomkrig.
Hva vil USA gjøre når hele verden forstår at USA tapte den konvensjonelle krigen i Ukraina (hvilket vil være et enormt prestisjetap for USA – «USA er jo bare en papirtiger» – dvs at USA er et land som andre land slik som NATO-landene ikke kan stole på vil redde dem ved en krig).
Da kan det være bedre at krigen i Ukraina inntil videre avsluttes med uavgjort resultat.