Utarma uran:
Domstolar stadfester kreftrisiko som militæret nektar for
Domstolar rundt om i Europa har slått fast at utarma uran kan forårsake kreft blant soldatar. Men den britiske arméen insisterer på at det er trygt å forsyne Ukraina med det giftige tank-skytset.
DECLASSIFIED UK, 2. MAI, 2023
Over 300 italienske veteranar som utvikla kreft etter å ha blitt eksponert for utarma uran-ammunisjon har vunne rettssaker mot militæret i Italia. Nokre av sakene vart fremja av slektningar av avlidne. Dei siste åra har det kome fleire og fleire dommar der italienske domstolar har funne koplingar mellom kreft og militærteneste på Balkan, der slike våpen vart brukte.
Sjølv om Italia ikkje har utarma uran i sitt eige arsenal, vart italienske politi- og soldatstyrkar utplasserte i Bosnia og Kosovo , der dei allierte i NATO brukte den kontroversielle ammunisjonen på 1990-talet.
Utarma uran (Depleted uranium, DU) er eit kjemisk giftig og radioaktivt tungmetall som blir produsert av avfall frå atomkraftverk. Storbritannia brukar den til å lage panserbrytande stridsvogns‑granatar, som no blir leverte til Ukraina.

Det pågår ein vitskapeleg debatt om DUs langtidsrisiko for helse og miljø i post-konfliktsoner. Britiske ministrar insisterer på at risikoen er låg, og at det berre er «litt potensiell tungmetall-forureining lokalisert rundt nedslagsfeltet».
Men på Balkan og i Irak trur mange at DU har forårsaka kreft. Det synet vart delt av ein obdusent i England, som i 2009 gjorde eit rettsleg liksyn for avlidne Stuart Dyson, ein britisk armé-veteran.
Dyson vaska stridsvogner under Golf-krigen i 1991, og han utvikla sinare ein sjelden type kreft og døydde i 2008. Juryen ved den rettslege granskinga fann at det var «meir sannsynleg enn ikkje» at utarma uran hadde forårsaka dødsfallet hans.
Forsvarsdepartementet avviste dommen og nekta å betale enka etterlaten-pensjon for avlidne i/av militærteneste. Enka etter ein fransk gendarme, derimot, Captain Henri Friconneau som gjorde teneste i Kosovo, vart løyvd ein tenestepensjon då han seinare døydde av kreft.
Ein ankedomstol i Rennes fastslo i 2019 ved dom at Friconneau hadde døydd fordi han hadde blitt eksponert for DU-støv. Frankrikes innanriksdepartement aksepterte dommen og la namnet hans til på eit monument for falne under Kosovo-operasjonane.
Men i Roma
Men det er i Italia det høgaste talet på veteranar har fått kompensasjon. Ein familie mottok ei utbetaling på 1,3 millionar euro i 2015, etter at ankedomstolen i Roma fann «med utvetydig sikkerheit» ei kopling mellom eksponering for støv av utarma uran og kreft.
Avisa Il Fatto sa dommen gjekk lengre enn tidlegare dommar, ettersom den anerkjende ein årsakssamanheng utover berre sannsynsbalanse.
Ein seinare dom i 2018 som Declassified har sett, fann at retten ikkje kunne «utelate moglegheita for at ein soldat som tenestegjorde» på Balkan «ville ha blitt eksponert for genotoksiske forureinsande stoff, og såleis auka sjansen for sjukdom.»
Ein italiensk parlamentarisk kommisjon for saka fann «sjokkerande» nivå av eksponering blant italienske veteranar, og sa det hadde «hjelpt til med å så død og sjukdommar».
Førre månad rapporterte Euronews at 400 italienske soldatar som vart eksponerte for DU på Balkan hadde døydd av kreft, og 8000 andre leid av sjukdommen. Dei intervjua advokaten ved tvistemålssenteret, Angelo Tartaglia, som innstendig bad Storbritannia «tenke på risikoen og konsekvensane» av å forsyne Ukraina med DU-ammunisjon.
Tartaglia sa: «Det er sannsynleg at både ukrainsk og russisk militærpersonell vil bli sjuke, men det viktigaste er at forureininga forårsaka av militæraktivitet kan gjere irreversibel skade på miljøet, noko som betyr at også sivile vil vere i fare.»
«Panikk i Italia»
Utarma uran har vore eit kontroversielt emne i Italia heilt sidan soldatane returnerte frå Kosovo. Det vart diskutert i 2001 av kabinettet til Tony Blair, som meinte at «panikken i Italia … [var] prematur, sidan det ikkje hadde vore tid til at kreft kunne utvikle seg.»

Sjølv om Blair ønska å «framstå som sympatisk», var han også varsam med å sette på spel den spesielle relasjonen mellom Storbritannia og USA medan George W. Bush entra Det kvite hus.
Blairs kabinett tok ei avgjerd:
«Regjeringa bør handsame dette på ein nedtona, tilbaketrekt måte og unngå å skape inntrykk av å distansere seg frå USA – som var det landet som hadde brukt utarma uran i Kosovo – på akkurat det tidspunktet då ein ny administrasjon kom til makta i USA.»
Invasjonen av Irak i 2003 såg at dei britiske og US-amerikanske styrkane brukte ammunisjonen og utløyste brei uro. Storbritannias forsvarsdepartement anerkjende ei «moralsk plikt» til å hjelpe Irak med å rydde opp patronane etter krigen, og dei publiserte lokasjonane der DU var brukt.
Same tilnærminga blir ikkje følgd i Ukraina, der Storbritannia har levert tusentals tank-granatar, inkludert nokre laga av DU.
Minister for dei væpna styrkane, James Heappey, har fortald parlamentet: «Britisk-forsynte Challenger 2 tanks og ammunisjon av utarma uran som var lova til Ukraina, er no under kontrollen til Ukrainas væpna styrkar (Armed Forces of Ukraine, AFU). Forsvarsdepartementet overvakar ikkje lokasjonane der AFU fyrer av DU-rundar i Ukraina.»
Han la til: «Det er inga plikt for Storbritannia å assistere i opprydding av utarma-uran-rundar avfyrte frå Challenger 2 tanks av Ukrainas væpna styrkar.”
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 459 ganger.