POSTED IN Russland

Mikhail Gorbatsjov er død.

Var han overgangen til noe bedre?

1 kommentar

Katastroika

Av Hans Olav Brendberg

Mikhail Gorbatsjov har gått ut av tida. Gorbatsjov overtok eit stagnerande og korrupt system. Han etterlot seg ein katastrofe. Resultatet av Gorbatsjovs politikk var at brutto nasjonalprodukt fall med 40%, realløn i landet til det halve. I 1987 hadde Sovjetunionen 2,2 millionar fattige, dette talet hadde på midten av nittitalet auka til 66 millionar. Millionar døydde under katastroikaen, ein halv million kvinner vart selt til prostitusjon.

Gorbatsjov var sjølvsagt ikkje årsaka til dette åleine, han var eit produkt av den forstokkinga og inkompetansen som hadde fått veksa fritt i eit stagnert system. Men dei som trur at avslutninga på den kalde krigen var ei lukkeleg tid, og at Putin øydela noko som hadde krav på støtte og framtid, lever på ei løgn. Dagens krig i Europa er eit produkt av Gorbatsjovs periode – og dei feite løgnene som fekk veksa i denne perioden.

Den som tidleg mynta ut omgrepet «katastroika» var Alexander Zinovjev – ein russisk filosof og sosiolog som vart utvist frå Sovjetunionen i 1978.

Maxim Kantor skriv om Zinovjev:

«Zinovjev var dissident to gongar. Han var i opposisjon til det sosialistiske systemet – og til det som kom i staden. Han kritiserte Russland – og deretter vesten (….) Zinovjev sloss ikkje med sosialismen, men med vondskapen som er innebygd i sosiale system. Han sloss ikkje for vestleg sivilisasjon – men for humanisme. Han sloss ikkje for framsteget – men for sanninga. Meir presist: Han forsvarte konkret humanisme – og det i ei tid då abstrakt humanisme vart det offentlege passordet. Zinovjev avskydde abstraksjonane. Vil du gjera noko godt? Kom igjen – gjer det no. Zinovjev vil få ein plass i historia ved sida av Tjaadajev, Herzen, Tsjernysjevsky. Han stilte like store spørsmål som desse – og måtte tola den same smerten.»

Kosmonauten Juri Gagarin representerte et av høydepunktene til tidligere Sovjetunionen.

I denne smerten byrja eit nytt Russland å ta form. Tenkjande russarar forstod at det kollektive vest levde godt med russisk kaos, korrupsjon, avmakt og nihilisme. I oska etter Sovjetunionen byrja nye tankar spira – og dei fann næring i oska. Lev Gumiljov laga ei ny forståingsråme for den russiske kontinentalstaten – som peika tilbake til mellomkrigstidas eurasianisme. Alexander Panarin byrja pløyga dei same åkrane. Zinovjev byrja kritisera den vestlege globaliseringa. Alexander Dugin byrja sjå Russlands problem i lys av Heideggers filosofi – samstundes som han leita fram Halford Mackinders «Hjarteland»-teori. Alexander Solsjenitsyn gjekk tilhøvet mellom russar og jøde etter i saumane, i «200 år saman».

Denne fornyinga av russisk tenkjing er stort sett ukjent i vest. Sjølv ikkje nobelprisvinnar Solsjenitsyns bok om jødisk historie i Russland er gjeve ut i vest – avdi ho rører borti vestlege tabu. Det hjalp ikkje at den fremste historikaren på desse spørsmåla i vest – John Doyle Klier – gjekk god for at Solsjenitsyns bidrag var legitimt og interessant. Fleire av dei andre blir – ulest – fråsortert som «høgreekstreme».

Det kollektive vest har spunne seg inn i ei like falsk og bedøvande forteljing om Russland som det det gamle Sovjet hadde om seg sjølv.

Gorbatsjovs død kan tena som ei markering av slutten på denne perioden. Tretti år med russisk avmakt og armod fødde eit grenselaust og utagerande vest – som hevda at vestleg maktbruk kunne løysa alle problem. Øydeleggjinga av Irak, Libya og Syria er kanskje dei mest synlege resultata av denne perioden. Illusjonane om eit allmektig vest, og om endelaus globalisering, har nok nådd sitt logiske endepunkt med de nye stemplings- og sensursystemet – vestens splitternye «sensur og trakassering med eit menneskeleg andlet». Samanlikna med den totale isoleringa og innesperringa av Julian Assange utan lov og dom – år etter år – framstår Sakharovs eksil i Gorkij saman med kona som relativt humant.

RUEDA DE PRENSA CONJUNTA ENTRE CANCILLER RICARDO PATIÑO Y JULIAN ASSANGE (cropped).jpg
Behandligen av Julian Assange er kanskje et av bunnpunktene til det som omtales som den vestlige sivilisasjonen.

Etter katastroikaen hadde vi høve til ei politisk samling av Europa – gjennom Europaråd, OSSE, europeisk menneskerettsdomstol og vidt forgreina kontakt mellom Russland og landa lenger vest. Dette høvet er no forspilt for ein generasjon eller to. I staden dukkar eit nytt Russland opp i aust – eit Russland prega av tenkjing og diskusjonar som blir lite forstått. Og som det til ein viss grad er eit tankebrotsverk å forstå – du overlever ikkje i den liberale eliten som «Putinversteher». I staden for å forstå og tenkja, freistar vesten å gje perioden frå 1991 til 2022 evig liv med formaldehyd, organisert tankepoliti («Faktisk.no» m.m) og intenst konformitetspress.

Gorbatsjov kan kvila i fred – han har ikkje meir å tilføra. Vi går inn i nytt og uprøvd terreng. Det held ikkje å proklamera at du står på «dei godes» side. Vil du gjera noko godt – so gjer det. Heilt konkret. Og når vi no har skrota vår sjanse til å byggja fred og velstand i vår del av verda, er det på tide å stilla like store spørsmål som Tsjernysjevsky og Zinovjev.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 264 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Bakmennene i vesten hadde/ har våte drømmer om å splitte opp Russland, og hyllet derfor både Gorbatsjov og Jeltsin.

    ‘Etter røveriet og plyndringskampanjen under Jeltsin, ble de russiske oligarkene tøylet. Putin gjorde det klart for dem at han ikke ville overlate landet til dem for ytterligere plyndring og forarmelse av folket. Hvis det var opp til Vesten, kunne den russiske befolkningen godt ha råtnet bort, det hadde ikke brydd de vestlige elitene. Det faktum at Putin stoppet den vestlige røveri-kampanjen gjorde ham til en fiende av det transatlantiske elite-komplottet.
    Det vil de ikke tilgi ham. ‘
    midtifleisen.wordpress.com/2019/03/30/skygge-makten/

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Tucker Carlson i Fox News:

EU straffer Russland ved å la befolkningen sin fryse og sulte.

Previous Post

NATO-bombingen av Jugoslavia:

Mer kreft hos barn. Det ble brukt utarmet uran.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.