POSTED IN Iran, Israel, Midt-Østen

Midt-Østen våkner opp til en ny realitet:

Israel kan ikke stoppe Irans hypersoniske missiler.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Dei hypersoniske missila til Iran avskrekkar via terror, seier Scott Ritter

av Alfredo Jalife-Rahme

Trass i Israels propaganda-kampanje for å overtyde media i Vesten om at responsen til Iran ikkje forårsaka nokon skade, stig no sanninga fram. Teheran ønska ikkje å angripe israelsk sivilbefolkning; dei ville teste forsvarsverka til IDF. For første gong brukte dei hypersoniske missil som verken Israels allierte eller landets eigne armé kunne uskadeleggjere.

Den forventa gjengjeldsaksjonen frå Iran vart varsla 72 timar på førehand, og til og med kalibrert, ifølge Financial Times, av frykt for at oljeprisane skulle fyke i veret.

Larry Johnson, ein tidlegare CIA-agent, merka seg at trass i at Vesten briska seg med at Iran hadde mislykkast – songen til Vestens lakeiar med sine multimedium som stort sett er kontrollerte av «Israel-lobbyen» – gjennomførte Iran nøyaktig det dei hadde planlagt å gjere i Israel, og demonstrerte ein utmerkt sofistikert kapasitet med bruk av manøvrerbare stridshovud [1].

Israels mest populære avis, Yediot Aharonot, slakta Israels strategiske fiasko, medan The Washington Times kritiserte Biden-administrasjonens manglande evne til å avskrekke og «hindre konflikt mellom Iran og Israel [2].

Hayman Tamir, direktør for den israelske tankesmia Institute for National Security Studies (INSS), sa at Iran greidde å påføre Israel skade utan at USA engasjerte seg i eit motsangrep – noko statsminister Netanyahu ville ha ønska [3].

Ilya Tsukanov frå Sputnik – ein mediekanal frå Russland, som saman med Kina er ei av to supermakter med omsyn til hypersoniske missil – rapporterer at iranske multimedium har stadfesta bruken av udetekterbare hypersoniske missil.

Nevatim flybase

Den iranske kanalen PressTV viste, støtta av video, at alle dei hypersoniske missila som var brukt, råka nøyaktig der dei skulle: nemleg den særs viktige strategiske flybasen i Nevatim, der F-35-flya er, og den i Ramon, som er plassert veldig nær det hemmelege atomkraftverket i Dimona [4].

Vidare hevdar PressTV at Iran er blant eitt av få land som har teknologien som skal til for å produsere hypersoniske missil som kan flyge utruleg raskt og råke måla sine med høg presisjon [5].

Ifølge andre iranske kjelder, råka Irans hypersoniske missil (Fattah 2) ein hemmeleg Mossad-militærbase på dei syriske Golan-høgdene – som tilhøyrer Syria og vart annektert av Israel – som skal ha kosta 44 (sic) spionar livet. Og at dei til og med råka eit Mossad-bygg i Tel Aviv.

Utanfor propagandakrigen som er dominert av «Israelslobbyen» i Vesten, som hyllar Israels styrke – støtta av USA, Storbritannia, Frankrike og til og med Jordan – for at dei øydela 99% (sic) av Irans flåte av dronar/kryssarmissil/ballistiske missil, hevdar eks-etterretningsoffiseren i US Marine Scott Ritter – som avslørte Baby Bush sitt tøv om Saddam Hussein’s ikkje-eksisterande masseøydeleggingsvåpen – at «Iran har reetablert avskrekking» (eng. deterrence, frå lat. deterrere, å fråråde ved hjelp av terror) for å heretter halde Israel og USA i sjakk, medan Israel trudde dei kunne starte eit angrep på Iran utan å måtte ta konsekvensane av det. Dette har no blitt oppnådd, sjølv om Iran med hensikt valde å ikkje ty til overdriven vald med dødeleg utgang [6]. Det var ei avskrekkingsmelding, ikkje eit angrep!

Den vidkjende militæranalytikaren Andrey Martyanov [7] forklarte at Israel var ein papirtiger i møte med den enorme strategiske triumfen til Iran, som no er hovudleiaren for verdas 1,8 milliardar muslimar. Men eg vil likevel dempe det litt ned, fordi Iran ikkje har atomvåpen – sjølv om Israel støtt påstår det motsette – medan Israel har meir enn 300 hemmelege atombomber på lager i Dimona (ifølge eks-president Carter).
 
Den 14. april vakna Midtausten opp til ein ny geopolitisk faktor, med eit Iran som avfyrte ni hypersoniske missil dei hadde halde hemmeleg, samtidig som dei enno ikkje har tatt i bruk heile sitt teknologisk avanserte arsenal.

Iran held i reserve sitt eigentlege, økonomiske, våpen: stenginga av Hormuz-sundet, som kan forårsake ei global krise ved å utløyse ein ukontrollerbar auke i oljeprisane.

Medan Israel tygg på mantraet «auge for auge, tann for tann», fryktar oberst Douglas McGregor at statsminister Netanyahu vil fyre av sine atombomber mot Iran [8].

Alfredo Jalife-Rahme

Omsett av Monica Sortland

[1] «Despite Western Insistence that Iran Failed, Iran Did What It Planned to Do in Israel«, Larry Johnson, A son of the new American revolution, April 15, 2024.

[2] «Failed deterrence : Iran attack on Israel a second failure of Biden administration to stop conflict«, Bill Gertz, The Washington Times, April 16, 2024.

[3] «’Israel’ failed to stop Iran from attacking : INSS«, Al-Mayadeen, April 14, 2024.

[4] «Press TV exclusive : All hypersonic missiles used in Iran’s strikes against Israel hit targets«, Press TV, April 15, 2024.

[5] «¿Cómo Responderá Israel ? ¿Usará sus Clandestinas 300 Bombas Nucleares?«, Alfredo Jalife, YouTube, 16 de abril de 2024.

[6] «Scott Ritter : Iran’s Retaliatory Attack ’Reestablished Deterrence’ to Hold Israel, US in Check«, Svetlana Ekimenko, Sputnik, April 14, 2024.

[7] «Broken Arrow«, SmoothieX12, YouTube, April 16, 2024.

[8] «Col. Douglas Macgregor : Will Israel Go Nuclear?», Judge Napolitano, YouTube, April 17, 2024.

Forsidebilde: Jeffrey F Lin

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Hvis Hormuz ble stengt ville vel den norske krona styrket seg veldig uansett hva «regjeringen» fant på av «mottiltak. Så stasmedister Judas Gahl Røre jobber nok på spreng for å forhindre dette. Norske kroner skal fortsette ned i søla som shit-coin er det bestemt.

    Svar
  • Israels nasjonale sikkerhetsminister Itamar Ben-Gvir kommenterte rapporter om at Israel har gått tom for fengselsplass for sine rundt 10.000 palestinske fanger ved å si at løsningen var å ta noen av dem ut og henrette dem for å få mer plass. En bedre løsning ville være å frigjøre flertallet av de fangene, som sitter arrestert uten dom. Slik fengsling av mennesker uten dom anses å være uakseptabelt i de fleste siviliserte land.
    Ben Gvir er også ansvarlig for israelsk politi og grensepoliti. Tilbake i februar sa han at israelske styrker burde være i stand til å skyte palestinske kvinner og barn i Gaza som kommer for nær grensen. «Vi kan ikke ha det sånn at kvinner og barn kommer nær grensen. Alle som kommer i nærheten må få en kule i hodet» sa han.

    Israel’s Ben Gvir Calls for Executing Palestinians to Make More Room in Prisons – News From Antiwar.com

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Finsk klimaundersøkelse:

Nesten ingen bevis for menneskeskapte klimaendringer.

Forrige innlegg

Polens president:

Vi må få atomvåpen for å stanse Russland.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.