POSTED IN Kupp/Fargerevolusjoner, Russland

Mens en i vest i noen timer gned seg i hendene forsvant opprøret som dugg for solen.

Opprøret som ikke var et opprør.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Det har vært mange kommentarer til det som i våre medier ble fremstilt som et opprør mot Putin i Russland. Siden det går svært dårlig for USA/Nato i Ukraina håpet en i vest at Wagner-gruppens sin revolt mot Putin kunne gi støtet til en politisk omveltning i Russland.

Det var over før det nesten var begynt, men NRK tygget drøv på dette i flere dager mens Frankrike, helt glemt av den norske statskanalen, stod i brann som følge av et virkelig folkelig opprør. NRK er ingen objektiv informasjons-formidler, men den herskende klassens viktigste verktøy til desinformasjon av befolkningen. Det fremgår helt tydelig av hvordan de dekker disse to begivenhetene.

Vi har hatt flere innlegg med ulike perspektiv og fortolkninger av det som skjedde da Wagner-gruppen satte kurs med en militær-kolonne mot Moskva. Jeg mener at alle de innleggene vi har presentert om denne historien er mer i tråd med en rimelig virkelighetsfortolkning enn det vår store medier kommer med. Men det er naturligvis opp til leserne å avgjøre.

Som vanlig er Thierry Meyssan sine betrakninger oppfriskende og til ettertanke med nye saksopplysninger som en ikke finner mange andre steder.

Knut Lindtner
Redaktør

Jevgeny Prigozhins opprør

av Thierry Meyssan

Jevgeny Prigozhin prøvde aldri å gjennomføre eit kupp mot Vladimir Putin, slik media i Vesten hevdar. Han ville presse Putin til å la han behalde dei ublu privilegia han hadde akkumulert sidan han danna det private militærselskapet sitt. Så kom han til sans og samling og returnerte til posten sin.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 27. JUNI 2023

Kan «kupp-forsøket» til Jevgeny Prigozhin reversere Ukrainas militære lagnad? Det var det NATO ønska. Dei hadde håpa på denne oppstanden, og gjekk til og med så langt at dei mobiliserte sine sovande agentar i Russland. Storbritannia og USA ønska å endeleg få til den oppdelinga av landet som dei sidan 1991 ikkje hadde greidd å gjennomføre [1].

Opprettinga av private militærselsakp (PMC’ar), inkludert Wagner-gruppa, var ein idé som president Vladimir Putin støtta for å teste nye kommandoformer før han valde ut dei beste til bruk i arméen sin. I løpet av nokre få år har desse selskapa testa ut mange ulike metodar, og ofte bevist høg grad av effektivitet. Tida var no inne til å fullføre omstruktureringa av den russiske arméen ved å løyse dei opp og integrere styrkane deira inn i den regulære arméen  [2]. President Putin hadde sett deadline til 1. juli. Førre månad sende difor forsvarsdepartementet ut kontraktsutkast til dei ulike private militærselskapa for å planlegge inkorporeringa. Men Wagner-gruppa nekta å respondere, og Jevgeny Prigozhin trappa opp fornærmingane sine mot ministeren og stabssjefen.

Det er viktig å forstå kva som skjer: Russlands danning av private militærselskap, er motstykket til det som USA gjorde under forsvarsminister Donald Rumsfeld, då dei auka bruken av PMC’ar i randsona til Pentagon. I starten fungerte det, men desse selskapa arbeidde også for CIA, og miksen av stilartar førte til ei rekke katastrofar. Medan dei jobba utelukkande for Pentagon, ytra leiarane deira seg offentleg, som t.d. Blackwater’s Erik Prince. Men dei kritiserte aldri forsvarsministeren eller stabssjefane.

Forresten er verken Blackwater sine US-amerikanske soldatar eller Wagner sine russiske soldatar leigesoldatar. Dei kjempar for landet sitt, og får betalt for å ta risiko ein ikkje kan forlange av vanlege soldatar. Leigesoldatar, derimot, krigar for pengar under framand makts kommando.

At sjefen for eit privat militærselskap publiserer inflammatoriske veideoar mot leiarar av den regulære arméen i to månadar, og dessutan midt oppe i ein militær operasjon, ville ikkje ha blitt tolerert i nokon stat. Likevel vart det det med Jevgeny Prigozhin i Russland. Korrespondentane vi intervjua under desse to månadane, hadde alle den oppfatninga at Kreml let han skråle for å fange merksemda til Vesten og halde skjult omorganiseringa av dei regulære troppane. Nokre byrja himle med auga då det i mars var snakk om at Prigozhin ville stille til val for å bli Ukrainas nye president: hadde svindlaren heilt mista gangsynet?

Vestlege etterretningstenester fokuserte på Jevgeny Prigozhin frå starten av militæroperasjonane iUkraina. Den 18. mars avslørte dei tusen dokument om aktivitetane hans [3]. Målet var å eksponere nettverket av selskap han hadde oppretta, for å gi kredibilitet til skuldingane om at Russland ikkje var ei anti-kolonial makt, sidan Wagner dreiv med plyndring i Afrika. Men til sjuande og sist viser desse dokumenta at Prigozhin er ein kjeltring, ikkje at han stel frå landa han samarbeider med.

Han deltok i jakta på korrupsjon innanfor dei russiske væpna styrkane, men dét hindra han ikkje i å utvikle korrupsjon utanfor dei væpna styrkane. Det er mogleg at Vesten, takka vere desse undersøkingane, har funne ein måte å manipulere han på; mannen som både er patriot og bevist svindlar, straffedømd i Sovjetunionen. Vi veit ikkje, og vil ikkje få vite før saka er over.

Likevel gav Jevgeny Prigozhin seg i kast med eit føretak som kan måle seg med dei til oligarkane i Jeltsin-perioden. Han hevdar at forsvarsministeren, tuvinaren Sergei Sjoigu, drog til Rostov-na-Donu for å overvake bombinga av Wagner sine troppar. Han anklaga han for å ha myrda fleire tusen av mennene hans. Til sist drog han frå fronten og kom til Rostov-na-Donu for å legge beslag på hovudkvarteret til dei regulære styrkane. Han kunngjorde at han marsjerte mot Moskva med sine 25 000 menn for å gjere opp rekneskap med forsvarsministeren og stabssjefen.

I sin siste video erklærer han: «Vi var klare for kompromiss med forsvarsdepartementet, å gi opp våpena våre, å finne ei løysing for korleis vi kunne halde fram med å forsvare landet (…) I dag angreip dei leirane våre med rakettar. Mange soldatar døydde. Vi vil bestemme korleis vi skal respondere på denne uhyrlegheita. Den neste runden er vår. Denne skapningen [forsvarsministeren] skal stoppast.»

Wagner hadde 25 000 menn til disposisjon, men ikkje berre på den ukrainske fronten. Mange var utstasjonerte i Asia og Afrika. Og sjølv om han har fly til rådvelde, er luftstyrken hans inadekvat samanlikna med den regulære arméen sin, og kolonna hans ville ha blitt bomba utan at han hadde greidd å forsvare den.

På mindre enn ein dag har alle autoritetane i Den russiske føderasjonen på ny sverga sin truskap til Kreml. President Vladimir Putin talte på tv. Han minna om presedensen i 1917, då Lenin trekte det tsaristiske Russland ut av Første verdskrig når landet var nær siger. Han oppfordra alle til å ta sitt ansvar og tene fedrelandet i staden for å legge ut på personlege eventyr.

Under talen sin heidra Vladimir Putin motet til soldatane i Wagner, og understreka at mange av dei hadde ofra livet for landet sitt. Han heldt dei ikkje ansvarlege for situasjonen, men bad dei om å ikkje følge leiaren sin imot staten og folket.

Presidenten avslutta sin korte tale til Nasjonen med erklæringa: «Vi skal redde det som er kjært og heilagt for oss. Vi skal meistre alle utfordringar, vi skal bli endå sterkare.»

Denne talen vart kringkasta gong på gong på russisk tv, og dramatiserte situasjonen.

Riksadvokaten til Den russiske føderasjonen opna ei etterforskning mot Prigozhin for å ha «organisert eit væpna opprør».

Dei ukrainske styresmaktene appellerte på sosiale medium til den kviterussiske opposisjonen om å utnytte den russiske ordensforstyrringa til å gjere oppstand og eliminere president Alexander Lukasjenko [4].

Dei russiske hemmelege tenestene, som hadde halde auge med alle protagonistane og halde ein låg profil frå starten av, fekk forrædarane som hadde kasta maska i Kviterussland og Russland arresterte in flagrante delicto. («På fersk gjerning», red.)

I løpet av dagen kontakta Kviterusslands president Alexander Lukashenko – som hadde blitt oppringt av sin russiske motpart – Jevgeny Prigozhin og overtalte han til å gi opp planane sine og returnere troppane sine til fronten. Vladimir Putin gav sitt ord på at rebellen ville respektere avtalen han hadde signert. Sistnemnde kunngjorde at han gav opp forsettet sitt om å styrte Shoïgu og Gerasimov.

End of story.

Første poeng: det var aldri eit forsøk på statskupp. Wagner hadde ikkje kapasitet til å ta Moskva, og Prigozhin har aldri angripe president Putin verbalt. Putin har ikkje fordømt noko slikt, men talte om «eit dolkestøt i ryggen» på russiske styrkar i Ukraina.

For det andre var det heller ikkje eit mytteri. Wagner rettar seg ikkje etter forsvarsministeren, men presidentskapet direkte. Hans einaste krav var å få forbli uavhengig av dei regulære styrkane. Om enn han var klar for å gi opp sin militære aktivitet, så klamrar han seg til dei relaterte forretningane som han har utvikla i alle operasjonsteatra der han er til stades. Som sagt, mannen er både patriot og kjeltring.

For det tredje: som president Putin seier, er dette «væpna opprør» og «post-forlating». Wagner-gruppa forlet postane sine på fronten, men ukrainarane våga ikkje, eller kunne ikkje, angripe den delen av fronten dei hadde forlate. For russarar er det ingenting som vekker så mykje forakt som det å forlate posten sin når ein forsvarer landet. Det var derfor Prigozhin dagen før hadde kringkasta ein video der han skamlaust hevda at Kiev ikkje hadde bomba Donbass dei føregåande åtte åra, tvert imot observasjonane til OSSE og FNs Sikkerheitsråd. Dessverre for han, tar ikkje russarane lett på at nokon trekk deira gode tru i tvil.

Her er ein til merknad på sin plass: i opprøret sitt mot president Putin, tok ikkje Prigozhin livet av nokon. Troppane hans entra Rostov-na-Donu utan å møte motstand. Regulære russiske styrkar angreip ikkje Wagner sitt hovudkvarter i Sankt Petersburg. Prigozhins menn marsjerte ikkje til Moskva. Forsvarsdepartementet har tilsynelatande ikkje skote noko missil mot Wagner sine soldatar. Statsadvokaten har henlagt opprørssaka. Dei militsmennene i Wagner som ikkje deltok i opprøret, vart straks integrerte inn i den regulære arméen. Tre avdelingar returnerte til fronten. Lagnaden til militsmenn som tok del i opprøret, vil handsamast kvar for seg.

Alt i alt har ikkje staten blitt svekka. Dei to vinnarane er Den russiske føderasjonen og Kviterussland (Belarus). Ikkje desto mindre rår det ei førestilling i det russiske folket om at heile affæren stort sett var iscenesett: vi var vitne til eit truande opprør som straks gjekk i oppløysing. Det einaste som var igjen av det, var spørsmålet om kvaliteten på den militære kommandoen – ein seigliva idé, trass i folkets tillit til den sjølvoppofrande anden til soldatane.

Ved slutten på denne merkelege episoden talte president Putin igjen på tv. Han heidra Wagner-krigarane og bad dei slutte seg til den regulære arméen, dei hemmelege tenestene eller andre sikkerheitsstyrkar. Han gav dei også valet å returnere heim eller å slutte seg til Prigojine i Belarus.

Allslags hypotesar sirkulerer på russiske sosiale nettverk. Den mest overraskande er at Wagner ikkje kunne gjere opprør og marsjere mot hovudstaden utan hjelp frå forsvarsdepartementet, som forsynte han med drivstoff.

I dei komande vekene bør vi bli vitne til den siste fasen av transformasjonen av den russiske hæren. Det er slettes ikkje sikkert at dei som støytte saman i går vil vise seg å vere motstandarar.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] “The Western strategy to dismantle the Russian Federation”, av Thierry Meyssan , Omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 17. august 2022.

[2] “The reorganization of the Russian armies”, av Thierry Meyssan , Omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 4. juni 2023.

[3] Dei kan konsulterast her.

[4] “Who wants to overthrow President Lukashenko?”, av Thierry Meyssan , Omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 1. september 2020.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Northern Light.
    3 juli 2023 16:31

    Den syriske presidentens kone Asma Assad: Nyliberalismen er den største trusselen mot verden.

    Den syriske presidentens kone Asma Assad besøkte Moskva denne uken. Hun sa til RT at samfunnene i øst er best forberedt til å motsette seg nyliberalismen, som for eksempel personifisert i Europa av Emmanuel Macron og i Canada av Justin Trudeau, begge Young Global Leaders fra World Economic Forum.

    Under sitt besøk i Russland dukket Syrias Førstedame Asma Assad opp på RT og snakket om kulturell utveksling, de nære båndene mellom Syria og Russland og utfordringene de to landene står overfor. Syria og Russland står begge overfor økende utenlandsk press, så vel som økonomiske blokader og forsøk på å «etablere kontroll over dem», sa Asma.

    Nyliberalismen.
    Neoliberalism (nyliberalisme) er definert som politikk for økonomisk liberalisering, som privatisering, deregulering, globalisering, frihandel, monetarisme, innstramminger og reduserte offentlige utgifter, og rettet mot å etablere og sentralisere den private kapitalistiske sektoren. Nyliberalismens «gudfar» var journalisten Charles Peters, som skrev boken «A Neoliberal’s Manifesto» i 1983.

    Verken den russiske føderasjonen eller regjeringen i Syria tror på nyliberalisme som en spesielt egnet ideologi. I stedet mener statene at konservative og tradisjonelle verdier bør stå i sentrum.

    Asma Assad:
    «En universell og stor utfordring for hele verden er trusselen fra nyliberalismen, som påtvinges alle folkeslag. Hovedformålet med den er selvfølgelig ikke bare å utviske nasjonal identitet, men også menneskelig identitet, så vel som patriotisme, tradisjoner og skikker».

    Tradisjonelle verdier.
    De tradisjonelle verdiene er bevart innen familien, som skal være bærebjelken i en: «dialog mellom unge mennesker over hele verden», mener Asma Assad. Dette gjelder spesielt for «våre østlige samfunn, fordi det er disse samfunnene som er direkte truet, og samtidig er mest kapable til å motstå dette angrepet på grunn av kulturen, moralen og verdiene de har,» la hun til.

    Asma Assad ble også spurt av RT om den siste utviklingen i Russland, for eksempel det kortvarige opprøret fra Wagner-gruppen, som skjedde kort tid før hennes besøk. Asma sa at hendelsen ikke påvirket hennes vilje til å besøke landet i det hele tatt.

    «Våre russiske venner støttet oss uten å nøle under krigen som pågikk i landet vårt. Derfor har vi også uten å nøle støttet dem, og vil fortsette å støtte våre venner i deres kamp, understreket hun.

    President Bashar al-Assad har i flere år forsøkt å få frem Syrias perspektiv og tilnærming via vestlige medier, uten å lykkes mer enn i noen få isolerte unntak. Russisk RT som nyhetskanal er blokkert i Sverige og EU.

    Den amerikanske alliansen som nå fører krig mot Russland via Ukraina, er den samme alliansen som har vært i krig mot Syria i mange år.

    Fra News Voice, publisert 3 juli 2023.
    Oversatt fra svensk og noe forkortet. Linker, kilder og relatere artikler i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: Neoliberalism – Syriska presidenthustrun pekar ut det största hotet mot världen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

De er billige fordi de er avgiftsfrie.

El-biler er ikke klima- og miljøvennlige.

Forrige innlegg

Erdogan vant valget.

Men til hvilken pris?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.