Sjukehus og andre helseføretak i New York blir overvelda av ulovlege innvandrarar
Vår ivrige skribent Ethan Huff i Natural News rapporterer at helseomsorgssystemet i New York er i ferd med å kollapse på grunn av dei fleire tusentals ulovlege innvandrarane som strøymer inn i landet frå grensa mot Mexico. Det blir meldt at sjukehus og legesenter i heile byen blir fullstendig overvelda av hordar av det Huff kallar «menneskelege grashopper». Med det meiner han den bibelske plaga der grashopper dukka opp og fortærte alle avlingar. Nett som destruktive grashoppesvermar kastar desse seg over helseføretaka for å bli behandla.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
I 2022 åleine hadde helseføretak i fem New York-bydelar nesten 30 000 konsultasjonar av «papirlause» menneske (undocumented people på engelsk), altso folk som oppheld seg ulovleg i USA. Dette er ifølgje data frå New York City Health + Hospitals, som styrer offentlege sjukehus og klinikkar i byen. I same periode vart det fødd rundt 300 babyar til innvandrarmødrer, dei fleste på sjukehuset Bellevue på Manhattan. 25% av alle innvandrarkonsultasjonar har funne stad på nemnde sjukehus sidan invasjonen byrja.
Medan det jo er ein god ting at innvandrarar – ulovlege eller lovlege – får helsehjelp, går dette på kostnad av dei som faktisk har amerikansk statsborgarskap. Det kan sjå ut som helsetenestene prioriterer «dei stakkars innvandrarane» medan innfødde blir regelrett ignorert. Amerikanske borgarar melder om at dei må vente i fleire månader for å kome til time hjå ein lege for å få utreia og behandla helseproblem. Ventelistene skal visstnok vere lange som eit vondt år. Ikkje-innvandrarar blir sendt vidare til andre legar i andre helseføretak.
Det er ikkje berre helsesystemet som kneler under vekta til den veldige innstrøyminga av papirlause. Heile systemet, ifølgje skribent Jazz Shaw i Hot Air, er fullstendig overvelda av dei fleire titals tusen ulovlege innvandrarane som nærast invaderer byen. Dette gjeld bustader, mat, kle og ikkje minst helsetenester – innvandrarane syg alle desse ressursane ut av byen.



Dei som betaler rekninga for alt dette, er skattebetalarane. Få har nemleg hjarte til å seie nei til innvandrarane fordi dei fleste amerikanarar er hjelpsame og omtenksame og ønskjer berre å hjelpe sine medmenneske – òg når dei sjølv blir alvorleg skadelidande, og til og med når det set deira eigne liv og helse i djup fare. Shaw meiner dette for lengst har bikka over i det latterlege. Som han skriv (mi omsetjing):
«Nokon må vekse fram ei ryggrad og gjere jobben som Joe Biden nektar å gjere. Det store fleirtalet av desse migrantane har ikkje rett på asyl og regjeringa veit det.»
Dette har Shaw heilt rett i – heile greia er Biden si skuld sidan han – eller hjelparane/pleiarane hans – er den som styrer landet. Ingenting blir gjort for å stoppe denne invasjonen, og til slutt vil New York og heile resten av USA kollapse. Kanskje er det det som er poenget, for som ein lesar skriv:
«Dette er basert på utskiftingsideologi, som har som mål å øydeleggje den rådande vestlege (kristenpåverka) ideologien til USA […].»
Amerikanarar skal bli framande i sitt eige land, som Biden nyleg skrytte over. Amerikanarar skal, i likskap med nordmenn, få kulturen sin «berika» anten dei vil eller ikkje.
Foto: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 186 ganger.