POSTED IN Diverse

Med andre briller:

Nyheter fra hele verden.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kortnytt frå fjerde veka i mai

Utval frå Voltaire, International Newsletter – N°42 – 26 May 2023

Kong Charles III fjerna arkivmateriale om den britiske kongefamilien

Den britiske kongefamilien har fjerna meir enn 500 mapper frå Nasjonalarkivet. Fram til no har dette vore hemmelegstempla, og ein fekk ikkje tilgang. No er dei borte.

Kongefamilien har til og med intervenert for å få øydelagt dokument som FBI sit på i USA. Historikarane manglar informasjon om privatliva til dei rojale sidan Dronning Victoria. Biografiar om medlemmar av kongefamilien er utelukkande baserte på presseartiklar og kommuniké frå slottet. 

Ein trur at Dronning Victoria gifta seg med tenaren sin, John Brown, i løynd; at Edward VIII abdiserte fordi han var nazist; at visekongen Lord Mountbatten var pedofil osb. Ingenting kan verifiserast. Kong Charles III er herren over løyndommar. 

G7- toppmøtet anti Russland og China 

G7-toppmøtet fann i år stad i Hiroshima. I tillegg til dei 7 stats- og regjeringssjefane i gruppa, var det invitert statsoverhovud fråIndia, Australia, Brasil, Sør-Korea, Vietnam, Indonesia, Cook Islands og Komorane. Den ukrainske presidenten slutta seg og til dei.

Kinas utanriksdepartement reagerte på G7s sluttkomuniké av 20. mai:

«Det er slutt på den tida når ei handfull land i Vesten med vilje kan blande seg inn i andre lands interne saker og manipulere forholda mellom land. Vi oppmodar innstendig G7-medlemmane til å følge med i utviklinga, ta tak i dei ulike problema dei har i sine eigne land, slutte å danne ekskluderande blokker, slutte å isolere og misbruke andre land, slutte å skape og fyre opp under blokkas konfrontasjonar, og gi seg inn på den rette vegen med dialog og samarbeid.»

Kina understrekar at G7, når dei vel å følge USA si linje for Taiwan, kastar tvil over etterkrigs-verdsordenen (Potsdam-konferansen i 1945 og FNs Generalforsamlings resolusjon 2758 i 1971). Dei erklærer at å akseptere ein verdsorden basert på dei skiftande reglane til Vesten, er heilt utelukka.

Russlands utanriksminister Sergei Lavrov kommenterte: «[G7-maktene] legg ikkje skjul på det faktum at Russlands eksistens som eit uavhengig senter ikkje er kompatibelt med Vestens mål om å oppnå verdsdominans.»

G7 er blitt stedet der USA gir ordrer

G7-toppmøtet enda opp med å handle om støtte til Ukraina og fordømming av Russland og Kina. Med dét fullførte G7 transformasjonen sin, som starta i 2014 med ekskluderinga av Russland frå G8. Denne gruppa handlar ikkje lenger om at likeverdige statsoverhovud møtest for økonomiske konsultasjonar, det har blitt ei samling der Vest-leiarane mottar ordrar frå sin overherre USA.

Russiske krigarar mot Russland

På ukrainsk territorium bomba Russland «Fridom for Russland»-legionen (Svobo-da Rossii), ei gruppe russiske dissidentar som står dei ukrainske integrerte nasjonalistane nær. Legionen hadde snike seg inn i Russland og sabotert fleire fasilitetar i Belgorod. Den franske avisa Le Figaro skreiv den 24. mai at det er ein heterogen legion utan nokon eigentleg ideologi, bortsett frå å få president Vladimir Putin styrta.

Armenia klar for å gi opp NagornoKarabakh 

Statsministeren av Armenia, Nikol Pashinyan, sa han var klar til å anerkjenne Nagorno-Karabakh som aserbajdsjansk territorium på vilkår av at Baku stoppa etnisk reinsing i regionen. 

Sidan 1994 har Jerevan sett på Nagorno-Karabakh som territoriet til Republikken Artsakh (ikkje anerkjent av FN). I 2018 vart president Serzh Sarkisian og dei pro-russiske generalane hans styrta i ein fargerevolusjon finansiert av George Soros. Den liberale journalisten Nikol Pashinyan kom til makta. Han vart slått i 2020 under krigen som Aserbajdsjan førte for å gjenopprette Nagorno-Karabakh. Nikol Pashinyan skal møte Aserbajdsjans president Ilham Aliyev den 25. mai i Moskva. Ifølge meiningsmålingar har Nikol Pashinyan no støtte av berre 13.9% av Armenarane. Protestar braut ut mot han overalt i Armenia og Artsakh.

Sør-Korea eksporterer ammunisjon til Ukraina

Ifølge avisa Wall Street Journal den 24. mai, eksporterte Sør-Korea hundretusentals patronar til USA, som så fraktar dei vidare til Ukraina. Forsvarsministeren nektar for det, men Seoul skjems litt. Det sør-koreanske parlamentet diskuterer no mogleg militærstøtte til Kiev.

Tyrkia førebur normalisering av forholdet til Syria

I Idlib styrer en Al-Qaida-avlegger. Det er der Norge har kanalisert all Syriabistand. Samtidig har Norge fulgt USA-sanksjonene overfor Syria der over 90% av befolkningen bor.

Tyrkias utanriksminister Mevlut Cavusoglu sa han hadde oppretta ein kommisjon til å førebu normalisering med Syria. Denne normaliseringa vart forseinka av det tyrkiske presidentvalet. Ein føresetnad er at den tyrkiske arméen blir trekt ut av syrisk territorium, og at dei islamske emirata som vart danna i Idlib-regionen fell.

Konkursar i gullsmedbransjen

Den indiske delstaten Gujarat brukte å tilverke 90% av rådiamantane i verda, men banksanksjonar mot Russland har tørka inn marknaden deira med 39%. Mangelen på råmaterialet er estimert til 800 millionar dollar årleg. Moskva, som produserer ein tredjedel av verdas diamantar, kan ikkje lenger eksportere dei på grunn av manglande kompatibilitet mellom indiske og russiske bankar.

Saudi-Arabia forhandlar om kjøp av kinesiske våpen

Ifølge Tactical Report, forhandlar Saudi-Arabia med China North Industries Group Corporation (Norinco) om kjøp av Sky Saker FX80 (UAV) droner, CR500 vertikal letting og landing (VTOL) droner, Cruise Dragon 5 og 10 sjølvmordsdroner og QG-17AE kortdistanse luftvernsystem (SHORAD). Vestens forbod mot kjøp av russiske og kinesiske våpen fungerer ikkje lenger.

NDB eit vern mot «sanksjonar»

Under besøket sitt til Kina, tok Russlands statsminister Mikhail Misjustin turen innom Den nye utviklingsbanken (New Development Bank, NDB), ein BRICS-organisasjon som no er leidd av Brasils tidlegare president, Dilma Rousseff. Han sa at banken har til hensikt «å forsvare BRICS-landa sine økonomiske og handelsmessige band mot påverknad og illegitime sanksjonar frå Vesten.»

Forhandlingane mellom Misjustin og Kinas president Xi Jinping dekka 79 felles-prosjekt til ein verdi av over 165 milliardar dollar. Dei held fram på vegen mot ei multipolar verd basert på Folkeretten, via bilaterale avtalar og styrking av internasjonale organisasjonar som FN, Shanghai Cooperation Organization (SCO), BRICS og G20.

Japan nærmar seg NATO-medlemskap 

Japans statsminister Fumio Kishida blir kanskje deltakar på neste NATO-toppmøte i Litauen i juli, slik han var i fjor i Spania. Japan jobbar for å få opna eit NATO-liaison-kontor i Tokyo.

Dementi

Dei fire russiske luftfartøya som vart øydelagde i Russland, vart ikkje øydelagde på bakken av fransk/britiske Scalp/Storm Shadow missil, men i lufta, truleg av norske NASAMS bakke-til-luft-missil.

Litt frå Telegram:

Tidlegare EU-parlamentsmedlem Florian Philippot reagerte emosjonelt på NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg si utsegn om at Ukraina før eller seinare vil bli medlem av alliansen.

Nato med Jens Stoltenberg i spissen er flinke å eskalere internasjonale branner. De snakke aldri om fred og avspenning.

«Desse galningane ønsker å heile tida helle bensin på bålet, koste kva det koste vil, for å støtte krigen og forårsake ein eksplosjon over heile verda,» sa Philippot.

Han bad og Paris stoppe NATO for verdsfredens skuld, og straks trekke seg frå alliansen.

@ukr_leaks_eng

Informasjon om det kraftige natteangrepet på Dnepropetrovsk-regionen er stadfesta.

Ifølge informasjonen som er mottatt, var angrepet retta mot togstasjonen Obvodnaya. Denne stasjonen er eit logistisk knutepunkt for Ukrainas væpna styrkar (AFU), nødvendig for overføring av våpen og utstyr i retning Kramatorsk, Slovyansk og Donetsk.

Førebels er det ikkje heilt klart kor stor øydelegginga har vore, men folk som bur der rapporterer om ei sjokkbølge som vart følt innanfor ein radius på mange kilometer.

[Tidlegare i veka angreip dei og ukrainske militærbasar med kryssarmissila Kh-101 og Kh-22, ballistiske missil og Geran-droner.]

https://t.me/+B6ixfOM5VkxhODQx

@Slavyangrad

Medvedev om sjansen for eit russisk førsteangrep med atomvåpen:

Gir de Ukraina atomvåpen som brukes mot oss får de våre tilbake i hodet.

«Europa har mista hovudet. USA agerer generelt utifrå sine eigne, pragmatiske interesser. Dei kjempar ikkje sjølve, dei profitterer. Dei prøver å utslette ein fiende sidan hundreår tilbake. Når det gjeld Europa, er det ei utruleg historie. Heile tida eldar dei opp under situasjonar med avgjerdene sine. No vil dei forsyne Kiev-regimet med flyvåpen. Vidare vil dei kanskje også gi dei atomvåpen.

Men då vil det bety at eit missil med kjernefysisk ladning vil kome til dei. Det fins irreversible reglar for krigføring. Om det kjem til atomvåpen, vil eit førsteslag bli nødvendig. Angelsaksarane fortår ikkje dette heilt, og trur det ikkje vil skje. Men det vil det, under gitte høve.»

#source (https://t.me/dimsmirnov175/48641

https://t.me/+B6ixfOM5VkxhODQx

@Slavyangrad

Join SLG 🔺 Intelligence Briefings, Strategy and Analysis, Expert Community

Situasjonsrapport den 23. mai

◾️ Dei siste 24 timane har dei russiske væpna styrkane råka ein av kommandopostane til den 24. mekaniserte brigaden og øydelagt to drivstofflager som Ukrainas væpna styrkar hadde i Folkerepublikken Donetsk, fortel ein representant for det russiske forsvarsdepartementet.

◾️ Antiterroroperasjonen i Belgorod-regionen er over, sa Gladkov. Ein mann, frå landsbyen Kozinka, er rapportert drepen under angrepet, og 13 vart skadde. Ei eldre kvinne døydde under evakuering.

◾️ Ukrainas president Vladimir Zelensky sa han hadde returnert frå ein utlandstur og besøkt ei krigssone. Ifølge pressetenesta hans har han besøkt områda Ugledar og Marinka i den Kiev-kontrollerte delen av Folkerepublikken Donetsk.

◾️ Trening av ukrainske pilotar på kampflyet F-16 har allereie starta i fleire land, og Ukraina vil snart motta flya, sa EUs sjef for utanrikspolitikk, Josep Borrell.

◾️ Dei fleste EU-landa har støtta ein auke i budsjettet til European Peace Fund med 3,5 milliardar euro. Av desse skal omlag halvparten gå til våpen til Ukraina, sa Borrel.

◾️ Ukraina vil ikkje greie å vinne konflikten med Russland, NATO er ikkje klar for å sende inn troppane sine der, og derfor må situasjonen løysast fredeleg så raskt som mogleg, sa Ungarns statsminister Viktor Orban.

◾️ Talet på fornuftige stemmer som argumenterer for ein slutt på fiendskapen i Ukraina, aukar jamt og trutt, sa Kinas utanriksminister Qin Gang under eit møte med sin hollandske motpart Wopke Hoekstra i Beijing.

@ukraine_watch

Russland og Nord-Korea har byrja opprette eit system for betaling i rublar

De-dollariseringen fortsetter.

Det fortalde Russlands ambassadør til DPRK, Alexander Matsegora, i eit intervju med RIA Novosti. Han understreka at mengda bilateral handel no er ekstremt lita, og ein-gongs-leveransar via Kina gjer lite frå eller til. Matsegora sa at hovudårsaka til denne situasjonen, er dei sørgelege konsekvensane av sanksjonane mot DPRK, som øydela betalingssystemet og gjorde det vanskeleg å levere varer sjøvegen. Men sjølv under slike forhold er det mogleg å auke handelen, ifølge diplomaten. Det viktigaste blir å skape eit forlikssystem i rublar, noko Moskva og Pyongyang no jobbar med.

#source (https://t.me/genshtab24/24212)

Pakistan: 33 pro-Imran Khan-dissidentar er overleverte til militærdomstolar

33 støttespelarar av Pakistans tidlegare statsminister Imran Khan har blitt førte i varetekt hos militæret og skal prøvast for retten i militære domstolar for påståtte angrep mot militæranlegg, kunne innanriksminister Rana Sanaullah avsløre på fredag.

Dei 33 anklaga utgjer ein del av ei større gruppe som har blitt arresterte fordi dei har tatt seg inn på sensitive militære anlegg og forårsaka skade der etter at Khan vart arrestert den 9. mai, ei hending son utløyste valdelege protestar over heile Pakistan.

Imran Khan, som standhaftig nektar for korrupsjonsskuldingane mot seg, vart lauslaten mot kausjon kort etter arrestasjonen.

George Floyd-obduksjon: «Overdose, ikkje livstruande skadar»

Medisinske ekspertar frå distriktet Hennepin (i Minneapolis, USA), konkluderte med at hovudårsaka til at George Floyd døydde, var narkotikaoverdose, og ikkje livstruande skadar, ifølge obduksjonsresultat publiserte på treårsdagen for dødsfallet hans i avisa New York Times.

Dei seier det vart funne restar av fentanyl, cannabinoidar, amfetamin og andre giftige narkotiske stoff i blodet til den afro-amerikanske mannen.

Politimannen Derek Chauvin heldt Floyd i bakken med press frå kneet sitt mot nakken hans til Floyd mista medvitet og seinare døydde, under arrestasjonen i mai 2020 [sannsynlegvis døydde han før han kom i ambulansen, under kneet til Chauvin. Vitnemål frå ambulansepersonal på staden, tyder på det: «På lekmannsspråk: han var død.», mrk.]. Det tende ei bølge av opprør, og Black Lives Matter-rørla oppstod. Chauvin vart dømd til 22 og eit halvt år i fengsel. (https://t.me/rtnews/42049)

Utval og omsetting frå engelsk: Monica Sortland

Forsidebilde: Dominic Bieri

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Trygve Horgen
    1 juni 2023 11:29

    Ntyttig informasjon for dem som vil holde seg oppdatert .

    Svar
  • Eric Kamov
    2 juni 2023 7:10

    Ikke bare leverer derimot.no ‘nyttig informasjon’, men rent faktisk KONTINUERLIGE oppdateringer og stadige bekreftelser på at vi alle ser ut til å være TVUNGET til å leve i et ‘globalt sinnsykehus’, og som tidligere påpekt – et galehus der de såkalte ‘vokterne’ [eller det ‘ansatte personalet’] er de som DEFINITIVT er mest sinns-forvirrede! – Det jeg sikter til her, er naturligvis den OVERVEIENDE del av planetens politisk ‘valgte’ representanter, så og si ALT av det som kalles offentlige media [her fremstår rottereiret på Marienlyst som et grellt eksempel!] og alle de som henter sitt levebrød fra disse!

     Og i kulissene – BAK de utallige nikkende fotsoldatene – som etter ‘beste’ evne – BEVISST forsøker å manipulere fram det som kort og godt betegnes som »Manufactured Consent» (eller ‘fabrikert sam-tykke’), står den globale finans, først og fremst et bankvesen som kun ‘lever’ av penger og maksimal profitt, i tillegg til fullstendig skruppelløse (gale?)multimilliardærer og globale selskaper.

    [Den ‘implementerte’ plandemien med alle dens entusiastiske agitatorer bør stå i friskt minne, i tillegg til alt det totalt absurde som i skrivende stund foregår på vårt eget kontinent, samt de truslene som klart fortoner seg fra utallige globale ‘hot spots’!]

    Det disse forårsaker globalt – av ødelagte menneskeliv og rasering av vårt felles planetære habitat kan det umulig settes noen slags ‘prislapp’ på, da det i realiteten handler om vår menneskelige eksistens, vår individuelle frihet, og planetens naturlige, økologiske balanse.

    Alt dette, handler i korthet om – HVA vi med vår kollektive, såkalte menneskelige »intelligens» eventuelt vil komme til å etterlate oss!…

    Svar
  • Kong Charles har mykje å skjule. Mordet på Lady Diana, mora til tronarvingen kunne ikkje blitt gjennomført utan hans godkjenning. «Unlawful Killing» er rettskraftig dom. Og videofilm.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Norske militæreksperter som tror Russland bløffer:

De er livsfarlige.

Forrige innlegg

Demokratene i USA er de mest aggressive:

Flere og farligere våpen til Ukraina!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.