POSTED IN Diverse

Med andre briller:

Kortnyheter som har en annen vri enn det vi er vant til.

0
Print Friendly, PDF & Email

Sverige strammar inn lovgivinga si mot PKK

«Å promotere, styrke eller støtte ein terroristorganisasjon» er no strafferettsleg forbode i Sverige. Den nye lova har til hensikt å sanksjonere PKK for å få Tyrkias godkjenning til svensk NATO-medlemskap.

Statsminister Ulf Kristersson publiserte ein artikkel i Financial Times der han gjentok at Sverige forpliktar seg til å kjmpe mot terrorisme. Justisminister Gunnar Strömmer lova på tyrkisk TV å forby PKK-flagg i partidemonstrasjonar. NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg var til stades under inaugurasjonen til president Erdogan, og bad igjen om Tyrkia godkjenning av svensk NATO-medlemskap. [Sveriges høgsterett har no godkjend første utlevering av ein PKK-tilhengar til Tyrkia. I tillegg har landet opna opp for at NATO-troppar kan utplasserast midlertidig på svensk jord, mrk.]

USA hevar igjen gjeldstaket

Kongressen har heva gjeldstaket som var på 31,4 billionar dollar – 120% av landets BNP og tilsvarande ei gjeld på 94 000 dollar per innbyggar, inkludert barna.

Etterretningssamfunnet i USA i harnisk 

Nokon har gitt seg ut for å vere ekspertar frå US National Security og sendt e-postar i deira namn til andre offentlege figurar. CIA hevdar gruppa Kimsuky kan stå bak kampanjen. Gruppa har band til hovudbyrået for rekognosering, ei underavdeling i dei nord-koreanske hemmelege tenestene.

USA driv med massiv krenking av eigne innbyggarars rett til privatliv

Den årvisse rapporten til byrået til direktøren for USAs National Intelligence, Avril Haines, om korleis etterretningssamfunnet i USA brukar lova om utlandsk overvaking, har kome ut for året 2021. Rapporten viser at det har førekome massive brot på US-amerikanarane sin rett til privatliv. Kvart etterretningsbyrå har moglegheit for å be internett-selskap om å gi dei tilgang til informasjon dei sit på om utanlandske eller innanlandske internett-brukarar som er mistenkte for lovbrot. Edward Snowden har vist at desse dataa inkluderer e-postar, video- og audio-chats, fotografi, filoverføringar, innloggingar, detaljar om kontoar på sosiale medium osv. Ifølge lova Foreign Intelligence Surveillance Act (FISA), er det ikkje berre statsanklagaren som kan autorisere slike søk, men også direktøren for Den nasjonale etterretninga. 

I 2021 gjorde CIA kring 4000 søk, medan FBI gjorde 3 394 053. Dei kan bruke dei innsamla dataa til anna føremål enn det som vart oppgitt som motiv i søknaden.

Folk i USA trur ting er ute av kontroll

Ifølge ei meiningsmåling utført av The Economist/YouGov, trur 71% av den vaksne befolkninga i USA at ting er ute av kontroll i landet deira. Berre 14% meiner ting er under kontroll. Dei resterande 15% har inga formeining om saka. 

Joe Biden laug om sonen Hunter sine forretningar 

Det er mange som stille spørsmål om pappa Joe og sønnen Hunter sine forretninger?

Avisa Daily Mail publiserte utdrag frå tekstmeldingar og lydopptak frå samtalar funne på datamaskina til Hunter Biden. Det er ei blanding av familie- og forretningssaker som stadfestar at Joe Biden visste (sjølv om han sjølv hevdar han ikkje visste) at sonen dreiv forretningar med eit kinesisk selskap med nære band til Kommunistpartiet.

FBI held tilbake informasjon om Biden-familien 

Ein FBI-delegasjon kom for å vise hemmelegstempla dokument til ein delegasjon frå Kongressens underkomité som granskar Biden-familien. Det var eit dossier med uverifiserte avsløringar frå ei anonym kjelde. FBI nekta å gi lovgivarane ein kopi av dokumenta. Underkomitéens formann, James Comer, bad om ei avrøysting den 8. juni om å anklage FBI-direktør Christopher A. Wray for forakt.

Washington overvakar seks vippestatar i sør 

Ifølge Foreign Policy, vil Russland og Kina greie å utfordre USA sin leiarskap berre dersom seks mellomstore statar svingar til deira side. Det gjeld Brasil, India, Indonesia, Saudi-Arabia, Sør-Africka og Tyrkia.

MI5 arresterer anerkjend gravejournalist

Seks agentar frå den britiske etterretningstenesta MI5 hanka inn journalisten Kit Klarenberg då han landa på Luton flyplass i London den 17. mai. På eit bakrom vart han utsett for eit fem timar langt avhøyr, og dei konfiskerte alle hans papir og notatar, datamaskiner, harddiskar og minnekort. I tillegg tok dei fingeravtrykk og DNA av han, og mange bilde.

Kit Klarenberg er ein britisk journalist som er busett i, og jobbar frå, Serbia. Han har arbeidd for nyheitsbyrået Sputnik, og jobbar no for nettstaden The Grayzone, som driv med undersøkande journalistikk. Den siste store avsløringa hans gjeld eit dokument som beviser uomtvisteleg at minst to av dei påståtte flykaprarane i 9/11-angrepa (på Tvillingtårna m.m. den 11. september 2001), Nawaf al-Hazmi og Khalid al-Mihdhar, var involverte med CIA. Dokumentet, datert 20. juli 2021, er det nyleg frisleppte vitnemålet frå Donald Canestraro, ein etterforskar ved Office of Military Commissions, som i juli 2016 starta etterforsking av ei mogleg innblanding frå CIA og saudi-arabisk etterretning i hendingane som førte til 9/11-angrepa.

Ifølge den offisielle versjonen av 9/11, skal Nawaf al-Hazmi og Khalid al-Mihdhar ha kapra flyet American Airlines Flight 77 og krasjlanda det i Pentagon; ein versjon som ikkje stemmer overeins med funna på åstaden. 

Kit Klarenberg avslørte også britiske planar om å bombe Kertsj-brua til Krim og Paul Masons band til Her Majesty’s secret service. Paul Mason er ein stjernejournalist for Channel 4 som skriv for The Spectator og Le Monde diplomatique. 

Belgia protesterer mot at automatgeværa deira blir brukte til å angripe Russland

Belgian SCAR (Special Operations Forces Combat Assault Rifle) vart brukte av legionen «Fridom for Russland» og «Russisk korps av frivillige» til angrepa på russisk territorium, i Belgorod-regionen. Nokre av desse frivillige i teneste under Ukrainas forsvarsdepartement er integrerte nasjonalistar eller nynazistar.

Belgias forsvarsminister Ludivine Dedonder og utanriksminister Hadja Lahbib kunngjorde at dei hadde bede den ukrainske regjeringa om ei klargjerande utgteiing. «Desse leveransane skal brukast av Ukrainas væpna styrkar til å forsvare sitt territorium og sitt folk frå russisk invasjon. Det er uttrykkeleg slått fast i dokumenta som følger kvar leveranse (…) Desse våpena er derfor ikkje tillatne for isolerte grupper som har ein intern russisk agenda.»

EU-parlamentet vil nekte Ungarn å overta presidentskapet i Det europeiske rådet i 2024

Ifølge EU-parlamentet ivaretar ikke Ungarns statsminister EUs verdier når han forsvarer Ungarn sine.

I ein resolusjon (P9_TA (2023)0216) seier EU-parlamentet at Viktor Orbán si regjering «underminerer dei grunnleggande verdiane til Unionen» og forverrar «situasjonen for grunnleggande rettar i Ungarn». Framfor alt stiller dei «spørsmål ved korleis Ungarn vil klare å halde presidentskapet [i Det europeiske rådet] på ein truverdig måte i [andre halvdel av] 2024» og ber Kommisjonen halde fram med å fryse pengane dei må betale Ungarn heilt til landet føyar seg.

EU etablerer patent-domstol 

EU, som har laga ei europeisk patent-lov som erstattar tidlegare nasjonale lover, har nett oppretta ein domstol som skal behandle patent-disputtar. Dommarane skal delegerast i kvart medlemsland, men koordinerast frå hovudkontoret i Paris. Anke-prosedyrar skal finne stad i Luxembourg. 

Brussel forbyr import av ukrainsk korn i 5 EU-statar

EU-kommisjonen har lagt ned forbod mot import av ukrainsk korn i Polen, Slovakia, Ungarn, Romania og Bulgaria. Kornet, som blir seld til låge prisar, truar lokale bønder med undergang.

Russlands Vitskapsakademi legg fram ny tolkning av global oppvarming

Det russiske vitenskapsakademiet legger frem en helt annen forståelse av fenomenet global oppvarming.

Den russiske føderasjonens Vitskapsakademi seier at «Hovudårsaka til lokale klimakatastrofar er dei aukande utsleppa av hydrogen-gass på grunn av dei vekslande gravitasjonskreftene til månen og sola, som forårsakar hol i ozonlaget. Den resulterande temperaturauken og kombinasjonen av ozon og hydrogen er hovudårsakene til skog- og steppe-brannar (…) Dette motseier konseptet til Montreal-protokollen, som har medført utsletting av heile under-industriar innan kjemisk industri, utan å påverke storleiken på ozonlagshola, som berre har auka. Vi publiserer Styrets avgjerd og presentasjonane av rapportane.»

Denne nye teorien motseier konklusjonane til IPCC, det mellomstatlege panelet for klimaendringar som FN oppretta i 1988 etter initiativ frå Storbritannias dåverande statsminister Margaret Thatcher for å støtte ho i konflikten med dei britiske gruvearbeidarane og fagforeiningane deira.

Rapporten skal presenterast under COP-28 i Dubai i desember.

Russiske leiarar sine iPhone-telefonar hacka av NSA

FSB anklaga USAs National Security Agency (NSA) for å ha hacka Apple-telefonane til topp-leiarar i Russland. Sjefen for nettsikkerheitsselskapeto Kaspersky, Eugene Kaspersky, fortalde at iPhone-telefonane til selskapets administratorar var kompromitterte. Det vart oppdaga spionvare som samlar inn lydopptak, bilde, lokasjonsdata med meir. Dette er første gong ein har stilt spørsmål ved Apples relasjonar til USAs hemmelege tenester.

Israel deltar i African Lion 2023

For første gong skal 12 israelske soldatar delta i militærøvinga African Lion, som no er på gang i Marokko. 18 land og 8000 soldatar er involverte i denne øvinga til US Africa Command (AfriCom), som har hovudkvarter i Tyskland.

Opposisjonspolitikar dømd til fengsel i Senegal

Dommen på to år i fengsel for politikaren Ousmane Sonko for «korrumpering av ungdom», har utløyst opptøyer i Casamance og Dakar, og ført til angrep på konsulata i Paris, Bordeaux, Milano og New York. Regjeringa har midlertidig stengd alle sine konsulat.

Valdtektsskuldingane mot Sonko er henlagt. Hans fransk/spanske advokat Juan Branco vart stoppa på grensa, og kunne ikkje assistere han under rettssaka.

Ousmane Sonko er forfattaren av Oil and Gas in Senegal: Chronicle of a Spoliation; ei bok der han anklagar president Macky Sall og gjengen hans for underslag i ojeforretningar. Han grunnla, og er president for, PASTEF (Senegals Patriotar – Partiet for arbeid, etikk og brorskap). Han er også borgarmeisteren i Ziguinchor og stilte som kandidat til presidentvalet i 2019, der han kom på tredje plass.

Israel – ingen coviddødsfall utan komorbiditet i aldersgruppa 18-49

Det israelske helsedepartermentet har hittil registrert over 12 500 døde av Covid19. Kvart tilfelle er granska, og journalane samla av departementet. Dei stadfester at 356 pasientar i alderen 18 til 49 år i landet har døydd av COVID-19, men at samtlege av desse, utan unntak, hadde underliggande sjukdommar.

Korleis skal ein få USAs okkupasjonsstyrkar ut av Syria?

Washington Post skriv, i ein artikkel basert på hemmelegstempla Pentagon-dokument som vart avslørte i Discord-lekkasjen, at medan Syria og Russland førebur lokale folkerevoltar mot USAs nærvær, trener Iran milits-menn som skal fange US-amerikanske soldatar. Vegminer kan gjennombore USAs stridsvogner.

Pentagon leverer HIMARS til sine kurdiske leigesoldatar i Syria

Kurdiske okkupasjons-styrker i Syria får HIMARS fra USA

Rakettutskytingssystemet HIMARS skal vere levert av Pentagon til Syrian Democratic Forces (SDF). Det gjeld grunnmodellen med rekkevidd på 80 kilometer, ikkje den forbetra modellen med rekkevidd på 300 kilometer. Pentagon har brukt dei til basen sin i Al-Tanf, på grensa til Jordan, sidan 2017. Dei har nett levert nokre til Ukraina.

Det er ikkje kjent om HIMARS’en i nord-Syria skal brukast direkte av kurdiske leigesoldatar eller under US-amerikansk leiing. Uansett utløyser HIMARS-nærværet eit spørsmål om den prinsipielle retten til Tyrkia, ifølge 1998-Adana-avtalen, til å entre Syrias territorium innanfor ei stripe på 40 kilometer. 

Marine-koalisjon i Golfen og Arabiahavet 

Admiral Shahram Irani, ein kurdisk sunni-muslim som er kommandant for den iranske marinen, kunngjorde at Saudi-Arabia, Dei foreinte arabiske emirata, Bahrain og Qatar (i tillegg til Oman, som allereie har signert ein avtale med Iran) vil danne ein marine-allianse til å erstatte USAs nærvær i Golfen. Alliansen kan seinare utvide seg til India og Pakistan og drive USA ut av Arabiahavet. Iran blir atter eit regionalt knutepunkt.

Nye unilaterale tvangstiltak frå USA mot Iran og Kina

USA har kunngjort unilaterale tvangstiltak (feilaktig kalla «sanksjonar») mot ei gruppe individ og selskap frå Iran, Kina og Hong Kong som skal ha tilknytning til den påståtte utviklinga av Irans ballistiske missilprogram. Teheran har kunngjort at dei har testa hypersoniske missil.

Afghanistan produserer nesten ikkje opium lenger

Etter Talibans øvste leiar Haibatullah Akhundzada si avgjerd om forbod i april 2022, har valmue-felta blitt nesten utrydda i Afghanistan. Eit slikt forbod vart innført av Taliban allereie i år 2000, men det kunne ikkje settast i kraft på grunn av den anglo-amerikanske invasjonen.

Etter den anglo-amerikanske invasjonen i 2001, vart Afghanistan ein av verdas største produsentar av narkotika, med over 80% av verdas opium og 95% av europeisk heroin. Snart førte narkobruken til massiv øydelegging blant afghanarane sjølve. I dag trur ein rundt 4 millionar afghanarar er avhengige av narkotika.

USA hevda dei kjempa mot desse avlingane, men dei florerte under okkupasjonstida. I realiteten frakta USAs forsvarsdepartement opium med fly til Europa via Kosovo, under USAs utanriksdepartements kontroll. Taliban har no sett ein stoppar for denne smuglinga.

Mislykka forsøk på fargerevolusjon i Kirgisistan

Kirgisistans hemmelege tenester, Statskomitéen for nasjonal sikkerheit (GKNB), melde om at dei hadde arrestert 30 personar som førebudde ein fargerevolusjon i landet med utlandske pengar. President Sadyr Japarovs Kirgisistan er på veg til ein nærare relasjon med Kina.

EPCs andre toppmøte

Det såkalla European Political Community (EPC) heldt sitt andre møte i Moldova, på grensa til Ukraina og den ikkje anerkjende staten Transnistria (den såkalla «moldoviske republikken Dnestr»). Alle europeiske statar deltok unntatt Russland og Kviterussland, som ikkje var inviterte, og Tyrkia som ikkje kom.

Under møtet kunngjorde Frankrike si nye haldning til utviding av EU. Paris er no for å raskt ta inn Ukraine og Moldova, og akselerere opptaket av Albania, Bosnia-Herzegovina, Nord-Makedonia, Montenegro, Serbia og sjølv Georgia og den ikkje anerkjende staten Kosovo. Idéen er å transformere EU til ein anti-russisk økonomisk og politisk allianse.

Thierry Meyssan den mest lesne geopolitikk-analytikaren på Internett 

Teamet til statistikar Juan C Diaz-Herrera ved det meksikanske Guadalajara-universitetet (Centro Universitario De Ciencias Sociales) har slått fast at Thierry Meyssan for andre år på rad i 2022 var den mest lesne geopolitiske analytikaren på Internett.

Utval frå Voltaire, International Newsletter – N°44 – 9 June 2023, redaktør Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland 

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Åpne konflikter i Nato.

USA truer Ungarn.

Forrige innlegg

Den mislykkete offensiven er et signal:

Det går mot slutten for Ukraina.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.