POSTED IN Diverse

Med andre briller:

Kortnyheter fra hele verden.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kortnytt frå første veke av juni 2023i

COVID-19-pasientar tatt livet av med feilbehandling

Ein studie publisert i Journal of Clinical Investigation har tatt føre seg obduksjonar av pasientar som døydde av Covid-19 i Chicago, og fann at minst 40% av dei avlidne hadde sekundær lungebetennelse, og over 90% hadde lungebetennelse eller diffus alveolær skade. Observasjonane tyder på at ein stor del av Covid19-pasientane som døydde medan dei låg i respirator, ikkje døydde av Covid19, men av indusert lungebetennelse.

Tre udeklarerte US-amerikanske pengeløyvingar til Wuhan-laboratoriet 

Den frivillige organisasjonen Open the Books avslørte i 2021 at National Institutes of Health (NIH) hadde gitt $600 000 til EcoHealth Alliance for vidaresending til virusforskingslaboratoriet i Wuhan, Kina. Desse pengane vart brukte til risikabel ‘gains of function’- forskning på koronavirus frå flaggermus. Open the Books har identifisert tre fleire pengeoverføringar til Wuhan-laben: • $216 000 frå NIH, denne gongen via University of California, for forskning på transgene mus. • $1,1 millionar frå U.S. Agency for International Development (USAID), som del av ein «underavtale» med EcoHealth Alliance til å studere virus. • Eit unspesifisert NIH-tilskot via Cold Spring Harbor Laboratory til å utføre elektrosjokkeksperiment på mus.

Russisk arrestordre på USAs senator Lindsey Graham

Lindsey Graham

Det russiske innanriksdepartementet har skrive ut ein arrestordre på senator Linsey Graham (North Carolina). I ein video sleppt av regjeringspolitikarar i Ukraina, snakkar han med president Volodymyr Zelensky og seier at «russarane døyr» og at USA si støtte til Ukraina er «dei beste pengane vi nokon gong har brukt». I ein tweet kommenterte senator Graham: «Eg vil fortsette å stå med og for Ukrainas fridom heilt til alle russarar er utviste frå ukrainsk territorium … eg vil ha på meg arrestordren, utskriven av Putins korrupte og umoralske regjering, som ein æresmedalje.» 

Graham og John McCain deltok på Kairo-møtet den 4. februar 2011, der dei lanserte styrtinga av Libyas arabiske Jamahiriya. Dei var også til stades den 22. februar, 2011 i Libanon, der dei drog til Arsal for å etablere det som skulle bli baktroppsbasen til jihadistane når krigen mot Syria starta. Dei var saman igjen i 2016 med Ukrainas president Petro Poroshenko, då dei kontakta «dei integrerte nasjonalistane» i Azov-bataljonen for å fortelle dei at USA ville sende dei våpen til å slå Russland med.

USA og EU respekterer ikkje lenger eigedomsretten

Det EU og USA driver med kalles med et vanlig ord for «stjeling».

USA sende til Ukraina 5,4 milliardar dollar dei hadde tatt frå Russland under sine unilaterale tvangstiltak (feilaktig omtalte som «sanksjonar»). Pengane vart tatt frå kontoane til milliardæren Konstantin Malofeev (eigaren av mediegruppa Tsargrad). Fram til no har Vesten rettsleg skilt mellom «tatt» (eng. seized) og «konfiskert», i namnet til eigedomsrett. Dei kunne ikkje gi vidare til nokon annan det dei hadde tatt, berre det dei hadde konfiskert. EU har blokkert 200 milliardar euro av russiske offentlege middel som var plasserte i finansmeklarbyrået Euroclear. Belgia, som har Eurocleares hovudkontor, tok 650 millionar euro i renter på den blokkerte summen, og betalte halvparten av det til Ukraina. Allereie i 2012-13 braut EU mot eigedomsretten då dei utan juridisk grunnlag validerte konfiskeringa av alle kypriotiske bankinnskot over 100 000 euro. Dei stolne pengane vart brukte til å redde finansane til landa i euro-sona.

Tysk, dansk og svensk etterforskning av Nord Stream-sabotasjen halt ut 

Åtte månadar etter sabotasjen av dei russisk/tysk/fransk/nederlandske Nord Stream-gassrøyrleidningane, vart ambassadørane for Tyskland, Danmark og Sverige kalla inn på teppet til det russiske utanriksdepartementet som protesterte kraftig på den totale mangelen på resultat av dei nasjonale undersøkingane det er påstått at blir utført av autoritetane i desse landa. Landa nektar Russland å delta i etterforskinga, men dei har enno ikkje lagt fram nokre resultat.

Russland fortset forskinga si på USAs biologiske våpen-program

Det russiske forsvarsdepartementet held fram etterforskinga si av US-amerikanske militærbiologiske program. Etter at dei i august 2022 hevda at Covid-19 var eit «US-amerikansk biologisk våpen», utforskar dei no grunnane til å USAs militær har tatt ei svær mengd DNA-testar, inkludert frå ukrainske soldatar. Arbeidshypotesen er at det US-amerikanske militæret driv forskning på sjukdommar som kan invalidisere eller drepe spesifikke etniske grupper.

Den store majoriteten av biologar trur ikkje at denne typen sjukdom kan finnast, men forkning på området har blitt gjort av Sør-Afrika under apartheid-tida og Israel under namnet «Coast Project». Det vart gjort av president Pieter Botha sin personlege kardiolog Wouter Basson (kjend som «Doktor død»). Det var rundt hans hovudlaboratorium i Guinea at AIDS og Ebola først oppstod hos menneske. På den andre sida er det, ifølge Aspen Security Forum, mogleg å peike ut spesifikke sjukdommar i individ, basert på analyse av DNA’et deira.

General Karel Rekha førebur Tsjekkia på krig

Stabssjefen for Dei tsjekkiske væpna styrkane, general Karel Rekha, sa at det må gjerast førebuingar til ein høgintensiv krig mellom Russland og NATO. Ifølge Atlanterhavstraktatens artikkel 5, bør tsjekkiske troppar delta. 

Ytringsfridom: tautrekking mellom Twitter og Europakommisjonen 

Elon Musk, eigaren av det sosiale nettverket Twitter, provoserte fram raseri i Brussel då han annonserte at han trekte seg frå EUs retningslinjer for åtferd, Code of Practice. Frå den 25. juni vil EU-lova Digital Services Act (DSA) gjelde for 19 store internet-selskap (AliExpress, App Store, Bing, Booking.com, Facebook, Google Maps, Google Play, Google Search, Google Shopping, Instagram, LinkedIn, Marketplace, Pinterest, Snapchat, TikTok, Twitter, YouTube, Wikipedia og Zalando). Selskapa vil måtte rette seg etter lovene til medlemsstatane av EU om dei skal unngå bøter på oppimot 6% av salsinntektene. DSA handlar mest om reglar for konkurranse, men også om kamp mot «desinformasjon». Code of Practice er ikkje ein del av den nye lova. Det er ei frivillig forplikting.

Elon Musk er ikke populær i EU siden han ikke vil sensurere Twitter

EU sine medlemsstatar har ulike lover. Til dømes er blasfemi forbode i Austerrike og Finland, medan det å samanlikne ein politikar med Hitler er ulovleg i Frankrike. Twitter nektar, på prinsipielt grunnlag, å sensurere brukarane sine. I tillegg har Elon Musk gitt over halvparten av dei Twitter-tilsette sparken, noko som gjer det umogleg å følge opp alle meldingane som blir utveksla på nettverket. EUs Competition Commissioner Thierry Breton svara: «Twitter forlet EUs frivillige code of practice mot desinformasjon. Men plikter står ved lag. Du kan springe, men du kan ikkje gøyme deg.»

Biden-familien særbehandla

Prinsippet om upartiskheit ser ut til å ha blitt brote av både skattemyndigheiter (IRS), FBI og rettsvesenet når det gjeld Biden-saka.

IRS-inspektør Gary Shapley vitna bak lukka dører i ei House-komité-høyring i seks timar. Han gjentok under eid vitnemålet sitt om at alle skattegranskingane som starta etter alarm frå bankar om Biden-familien sine aktivitetar, vart stoppa utan grunngiving. I tillegg har to aktorar, utnemnde av Joe Biden, nekta å saksøke, trass i at bevisa hopar seg opp. Republikanarar i Huset held fram med å søke etter hundretals bankdokument relaterte til Biden-familien sine forretningsavtalar, som involverer Russland, Ukraina, Kina og andre statar.

Onkel Sam skal leie peruviansk politi 

Medan urinnvånarar og venstrevingsopposisjonen i Peru annonserer demonstrasjonar i juli, har USAs Kongress røysta for politisamarbeid med USAs militær. Slik kan Washington (1) penetrere dette landet med grense til Colombia og Bolivia, (2) støtte det illegitime presidentskapet til Dina Boluarte og (3) kontrollere landets naturressursar, inkludert litium.

Sidan kuppet som styrta president Pedro Castillo i desember 2022, har Peru has gjennomgått dødeleg ufred. USA blanda seg inn i sosiale konfliktar, særleg mellom urinnvånarar og etterkomarar av europeiske immigrantar, og utvida kontrollen sin over landet. For å rettferdiggjere denne maktbruken, endrar den US-amerikanske propagandaen på realitetane ved å anklage president Pedro Castillo for å ha prøvd å oppelde til eit «sjølv-kupp» (sic); eit idiotisk omgrep som maskerer eit genuint konstitusjonelt problem, det som handlar om relasjonen mellom utøvande og lovgivande makt.

Ifølge tysk etterretning blir ikkje Russland svekka

Russland er ikke svekket av sanksjoner og tap av inntekter fra North Stream.

Direktøren for Tysklands etterretningsteneste (BND), Bruno Kal, fortalde det føderale akademiet for sikkerheitspolitiet (BAKS) i Berlin at Russland ikkje viser teikn på svekking: «Vi ser ingen sprekker i Putins system. Kritikk mot krigen mot Ukraina er ordinær usemje, harmlaus for regimet. Russland er enno i stand til å drive krig i lange tider framover. Dei har framleis mykje av våpen og ammunisjon.» Kal refererte også til sabotasjen av Nord Stream-gassrøyrleidningane, stadfesta at etterforskning pågår, men nekta å diskutere moglegheita for ukrainsk skuld.

USA har spekulert på om Nord Stream-sabotasjen vart gjort av Ukraina. Denne versjonen har den fordelen at den fritar både Washington og Oslo for skuld. Men den skapar eit nytt problem: dersom Kiev har ansvaret, så er det ikkje berre ei krigshandling gjort av Ukraina mot Russland, men også mot Tyskland, Frankrike og Nederland.

Urolegheiter i Kosovo 

Det braut ut valdelege protestar i den serbisk-befolka Zvečan-regionen. Den ikkje anerkjente staten Kosovo prøvde å sette inn borgarmeistrar etter valet. Men desse var boikotta av folket; berre 3,5% røysta på dei i valet. Minst 52 serbarar vart skadde under samanstøytane. Ifølge Ungarns forsvarsminister, gjekk det også ut over fleire enn 20 ungarske KFOR-soldatar, med sju av dei alvorleg skadde. Ifølge Italias utanriksminister, Antonio Tajani, vart også 11 italienske soldatar skadde. Serbias president Aleksandar Vucic møtte ambassadørane i «Quint’en», Pristinas gudfedre (Tyskland, USA, Frankrike, Italia og Storbritannia). Kvelden før hadde han bede dei «snakke barnet sitt til fornuft» (dvs. kosovarane).

54 interessekonfliktar på to år i ECHR 

European Centre for Law and Justice (ECLJ), som i 2020 publiserte ein rapport om interessekonfliktar hos dommarar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen (EHCR) og George Soros sine organisasjonar, har nett publisert ein oppfølgingsrapport: The impartiality of the ECHR – Issues and Recommendations (EHCRs objektivitet – problem og rekommandasjonar). Den viser at ingenting eigentleg har endra seg, trass i skandalane som den førre rapporten fordømde. Sjølv om dei etiske reglane har blitt flikka på, så har ECLJ identifisert 54 interessekonfliktar på dei siste to åra.

Angrep på eit russisk skip i Svartehavet

Ivan Khours

Det russiske skipet Ivan Khours, som utførte vedlikehaldsoppgåver på gassrøyrleidningane Turkish Stream og Blue Stream, var i to og ein halv time under angrep frå dronar i Svartehavet den 25. mai. Skipet greidde å øydelegge dronane og returnere til hamna i Sevastopol trass skadar på skroget.

Washington truar afrikanske og latin-amerikanske statar, ifølge Lavrov 

Russlands utanriksminister Sergei Lavrov sa: «Nokre av venane mine i Afrika og Latin-Amerika klagar på at dei har fått nok av Vestens krav om at dei skal slutte seg til «sanksjonane» deira. Eg spurde dei kva slags tilbod dei hadde fått , i form av økonomiske og finansielle gjentenester. Med nedslåtte blikk fortel dei at dei i bytte har fått lovnadar om å sleppe å bli straffa.»

Den sentralafrikanske republikken ønsker russisk militærbase

Den sentralafrikanske republikkens ambassadør til Moskva, Léon Dodonou, gav eit intervju til Izvestia. Han avslørte at presidenten for Den sentralafrikanske republikken parlament, Simplice Mathieu Sarandj, under sitt besøk i oktober 2022, hadde bede Moskva installere ein militærbase i landet hans. Dette prosjektet, som er svært viktig for at Den sentralafrikanske republikken skal kunne fri seg frå fransk og US-amerikansk kolonialisme, kan snart sjå dagens lys.

Afrikansk straffedomstol på trappene?

Thabo Mbeki

Tidlegare president for Sør-Afrika, Thabo Mbeki, ønsker å opprette ein afrikansk straffedomstol. Han seier: «Dokumenta som etablerer ein afrikansk straffedomstol, må ratifiserast så snart som mogleg av landa på kontinentet, slik at dei kan ta sine eigne avgjerder om utskriving av arrestordrar, og ikkje treng følge Den internasjonale straffedomstolen.» Den afrikanske unionen vedtok i 2014 at ein slik domstol skulle opprettast, men så langt har det ikkje blitt følgd opp. Sør-Afrika skal vere vertsland for det neste BRICS-toppmøtet, og dei har fått ordre frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) om å arrestere Russlands president Vladimir Putin.

Korfor kinesarane føredrar sitt eige demokrati framfor Vestens system

Ved «Det andre internasjonale forumet for demokrati: felles humanistiske verdiar», der også propagandadepartementsjef og politbyråmedlem Li Shulei deltok, forklarte talarar korfor dei heller vil ha det kinesiske demokratiet enn Vestens: Kinesisk demokrati er utforma for alle sine innbyggarar, medan Vestlege demokrati berre gir makta til den rikaste eine prosenten. Kinesisk demokrati vel sine leiarar basert på resultata dei kan vise til, medan Vestlege demokrati vel dei utifrå kor flinke dei er til å drive valkamp. 

Mogleg at Covid19-viruset lekka frå Wuhan-lab

I ein BBC dokumenta kringkasta den 30. mai, avslørte den tidlegare direktøren for Kinas smittevernstilsyn, professor George Gao, at Beijing hadde utført si eiga etterforskning av ein mogleg lekkasje frå Wuhan-laboratoriet for virusforskning, men ikkje funne noko. Men, la han til, «Ein kan alltid mistenke. Det er vitskapeleg. Ikkje utelukk noko.»

George Gao deltok i øvinga den 18. oktober, 2019 i New York, organisert av Davos Forum saman med Johns Hopkins Center for Health Security og Bill & Melinda Gates Foundation, som simulerte ein global pandemi.

Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°43 – 2 June 2023

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Bud Helisson



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 597 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • i mellomtiden, hvor mange mennesker har dødd på grunn av vaksinen så langt? Her er Caprice LaDieu, som snakker om vaksineskader: blodpropper og plutselige dødsfall.
    Hun arbeidet som sykepleier i over 20 år og har følt seg tvunget til å dele hva hun har sett med seerne. https://rumble.com/v2oychk-caprice-ladieu-mortician-and-former-rn-blood-clots-vaccine-injury-died-sudd.html https://rumble.com/embed/v2mcx2a/?pub=nb29x

    Svar
  • Og i en artikkel i Nrk.nyheter, som stort sett handlet om hvor forbrytersk Trump er og hvor farlig det var at han hadde hemligstemplede dokumenter hjemme ( – som også Clinton og Biden. ) kom det også fram (dette viktigere) :

    ‘Det finst lydopptak av denne samtalen og han er gjeve att slik i tiltalen:
    Trump: Sjå kva eg fann. Dette er angrepsplanen til (namn på forsvarsrepresentant).
    Han sa han ønskt å angripe (Trump nemner eit land).
    Er det ikkje utruleg? Eg har ein stor bunke med papir, og dette dukka nettopp opp.
    Trump skal ifølge tiltalen også ha vist ein person frå ein av støttegruppene sine eitt gradert kart som viste militære operasjonar.’
    nrk.no/urix/trump-tiltalt-for-over-30-punkt-i-dokumentsaka-1.16440746

    Også i lys av hva Trump tidligere har sagt, er dette selvfølgelig farlig for det militærindustrielle komplekset:

    ‘Våre tropper skal hjem, slår Trump fast.– Det burde ikke være USAs oppgave å erstatte regimer rundt om i verden. Det er dette president Trump erkjente om Irak, at det var den største utenrikspolitiske katastrofen de siste tiårene…’
    aftenposten.no/verden/i/L0bzmR/Trump-Tyrkia-lover-a-utradere-IS

    Og :
    ‘ Vil du ha frihet, vær stolt av landet ditt. Hvis du vil ha demokrati, hold fast ved suvereniteten din. Vil du ha fred, elsk landet ditt, sier Trump. Fremtiden tilhører patrioter, ikke globalister. Fremtiden tilhører suverene, uavhengige nasjoner med ledere som beskytter deres borgeres interesser og respekterer sine naboer. ‘

    Og:

    ‘ Powells endrede signaler har kommet samtidig som han har vært under massivt press fra president Donald Trump. Trump har gjentatte ganger sagt han er «skuffet» over Powells renteøkninger.’
    e24.no/makro-og-politikk/rentemoete-den-amerikanske-sentralbank-fed/fed-sjefens-forvandlinger-fra-hauk-til-due-andre-gangen-han-snur-180-grader/24542461

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Faktaboks:

Korte fakta om ‘Faktisk.no’

Previous Post

Opphøyer seg til vitenskapelig dommer:

Faktisk.no vil korrigere Derimot.no i klimaspørsmålet

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.