Disse kort-nyhetene fra hele verden er hentet fra Voltairenet.org sitt nyhetsbrev nr. 39. Nyhetsbrevet er bak en betalingsmur.
Sverige vedtar streng anti-terrorisme-lov
Sverige har vedtatt ei mykje strengare anti-terrorismelov enn den dei før hadde. Den forbyr samrøre med terroristorganisasjonar, å finansiere, trene på, rekruttere eller ope oppfordre til «terrorisme eller spesielt alvorleg kriminalitet», så vel som å reise nokon plass med hensikt å slutte seg til ei slik gruppe.
Dei som vert dømde for deltaking i eller å støtte ein ekstremistorganisasjon, risikerer 4 år i fengsel. Straffa kan aukast til 8 år dersom brotsverket blir vurdert som alvorleg. Lova lar ein person identifisert som leiar av ein terroristorganisasjon bli dømd til livstid i fengsel, noko som i Sverige i praksis betyr minst 20 til 25 år.
På denne måten håpar Stockholm å tilfredsstille Tyrkia, som kjempar mot PKK og rørsla til Fethullah Gülen, og såleis få Ankara til å heve vetoet sitt mot svensk NATO-medlemskap.
Avsløringar: Shimon Peres støtta diktatur i Liberia
Ifølge avisa Haaretz har nyleg avgraderte dokument vist at Shimon Peres ikkje berre organiserte støtte til apartheid i Sør-Afrika, men også støtta det autoritære regimet til William Tubman diktaturet til Samuel Doe i Liberia.
Tilgjengelege dokument viser også at Tel Aviv var klar over at hjelpa medførte forfølging av Liberias tidlegare president, Ellen Johnson Sirleaf som vann Nobels fredspris i 2011. Desse operasjonane, som strekte seg frå å yte liberiske diplomatar tenester, til direkte militær støtte, var organiserte for å sikre Liberias støtte i FN. Dei vart utførte i illegitimt, permanent samarbeid med CIA.
Sudan-konflikten gagnar al-Qaida
Konflikten som US-amerikanske straussianarar har organisert mellom Khartoum-hæren til general Abdel Fattah Abdelrahman al-Burhan og Darfur-hæren til «General» Mohamed Hamdan Dogolo (alias «Hemeidti»), er til nytte for AlQaida, som framleis fins i landet. Situasjonen gjer at Egypt bør intervenere straks dersom dei vil unngå at terroristnettverket bygger seg opp att der i landet.
Tyskland kjøper F-35-fly til nesten fire gongar prisen

Regjeringa til Olaf Scholz kjøpte 35 F35 til $237 millionar per fly. I tillegg til det faktum at desse flya ikkje lever opp til spesifikasjonskrava, og at Pentagon har bestemt seg for å erstatte dei med gamle F-16-fly i sitt eige militær, så har det store salet seinka prisen sidan juli 2022 til $62 millionar per stykk. Overprisen er meint å få Tyskland til å betale for USA sine utlegg.
Drone-angrep på oljelager i Russland
Dronar angreip eit olje-depot i Russland, i Sevastopol-hamna på Krim, og forårsaka ein gigantisk brann.
Dei ukrainske styresmaktene som stammar frå Maidan-kuppet (som NATO kallar «den ærverdige revolusjonen») ser på Krim som ukrainske territorium okkupert av Russland. Historikarar har eit anna syn: Fem dagar etter kuppet mot Mikhail Gorbatsjov i 1991 erklærte Krim seg uavhengige. Då Sovjetunionen oppløyste seg, var difor Krim allereie ein fri og suveren stat, sjølv om dei hadde ønske om å slutte seg til Russland. Men etter å ha betalt lønene til offentleg tilsette i over eit år, bestemde presidenten av Den russiske føderasjonen Boris Jeltsin på eiga hand å gi det opp og overlate halvøya til Ukraina. Under Maidan-kuppet i 2014 mot Ukrainas president Viktor Janukovitsj, bestemde Krim seg for å ta tilbake uavhengigheita si og slutte seg til Russland, noko sistnemnde til sist godtok.
Tyrkia eliminerer IS-kalif

President Recep Tayyip Erdogan kunngjorde den 30. april at spesialstyrkane hans hadde eliminert IS-kalifen Abu al-Hussein al-Husseini alQurashi nær Afrin kvelden før. Han var organisasjonens femte kalif. Merkeleg nok har ikkje leiarane i Vesten reagert på denne kunngjeringa. IS blir presentert som ein anti-Vestleg organisasjon. Men sigrane deira i Irak og Syria var organiserte, finansierte og væpna av Pentagon frå NATO-basen i Izmir. Planen var å opprette ein sunni-stat med eitt bein i Irak og eitt i Syria, ifølge avsløringane til Robin Wright.
Iran beslaglegg endå ein oljetankar
Den iranske marinen har beslaglagt oljetankskipet Advantage Sweet i Omanbukta. Skipet, som er registrert på Marshall-øyene, var på veg til USA då det kolliderte med eit iransk skip og drap to personar. USA sa aksjonen var «imot internasjonal lov», utan å utdjupe noko nærare. EU lanserte ei sjuande bølge med sanksjonar mot Iran, som responderte med å sanksjonere europeiske figurar.
Palestinsk fange døyr etter villa forsøming

Palestinaren Khodr Adnan døydde i eit israelsk fengsel etter å ha vore i sveltestreik sidan 5. februar. Dødsfallet hans ser ut til å ha skjedd på grunn av dårlege tilhøve i fengselet. Sidan Itamar Ben-Gvir vart minister for den nasjonale sikkerheita, har det blitt gitt instruksar til vaktene om å bryte ned viljen til dei internerte. Utetid og dusjetid vart avkorta. Dei sanitære fasilitetane blir dårleg vaska osv. Khodr Adnan hadde blitt plassert på isolat i ei lita celle utan vindauge. Vaktene åt framfor han under sveltestreiken. Han hadde ikkje tilgang til lege.
Knesset debatterer Israels budsjett
Knesset suspendete forhandlingane om rettsreformen for å prioritere budsjett-avrøystinga. Dersom det ikkje blir vedtatt før den 29. mai, vil folkeforsamlinga bli oppløyst automatisk, ifølge lova.
Israelske drusarar på grensa til opprør
Det israelske drusar-samfunnet, som til no har vore perfekt integrerte, sjølv innan sikkerheitsstyrkane og IDF, er i ferd med å eksplodere. Dei reagerte med raseri på lovforslaget frå Jewish Force om å proklamere sionisme som «rettleiande verdi» for Israels politikk, noko som ville bety at jødiske samfunn vart føretrekte over drusiske, muslimske og kristne. Fleire drusar-leiarar, inkludert brigadegeneral Amal Asad, har hevda at «dersom denne lova blir vedtatt slik den no er, vil det vere jamgodt med å ope erklære Israel som ein rasistisk stat som offisielt diskriminerer mellom jødar og ikkje-jødar.»
Netanyahu-regjeringa vil ikkje ha kvinner i høgare stillingar i administrasjonen
Koalisjonsregjeringa i Israel sparka 9 kvinnelege, sentrale departementsdirektørar. Alle har ikkje blitt erstatta enno, men dei første utvalde etterfølgarane er alle menn.
Hamas pressar Gaza med avgifter
I juli 2020 introduserte Hamas tollavgifter på 24 produkt importert til og eksportert frå Gaza, og forårsaka svært høg inflasjon: prisane på morsmjølkerstatning auka til det firedoble og flaskevatn med 15 gongar.
Kjøpmenn anka avgjerda i Hamas-retten, som suspenderte den. I mars 2023 kunngjorde Hamas nye avgifter på fiskeeksport og fruktimport. Etter to veker med streikar kansellerte Hamas fruktavgifta, men beheldt fiskeavgifta. I frykt for at Hamas skal gjeninnføre juli-avgiftene retroaktivt, nektar dei fleste butikkane å selge dei omstridde varene. Talet på tilgjengeleg flaskevatn er halvert.
UAE over til den russisk-kinesiske sida

Folketallet er i meget sterk vekst, fra 2,86 millioner innbyggere i 1999 til 5,07 millioner i 2009,[3] og majoriteten er arbeidsinnvandrere fra India, Pakistan, Filippinene og andre land i Asia. Økonomisk er landets inntekter svært avhengig av olje, men handel og finansmarkeder er også viktige inntektskilder.
De første 150 årene, inntil 1971, gikk landet under navnet Traktatkysten. (Wikipedia)
USA er svært bekymra over skiftet til Dei foreinte arabiske emirata (UAE). Dei har tatt opp att bygginga av ein kinesisk militærfasilitet i landet, og eksporterer strategisk utstyr til Russland, t.d. USA-produserte halvleiarar (semiconductors, brukt i elektronisk utstyr). UAE har alltid vore klinka klare når det gjeld USAs imperialisme. Men dei underkasta seg den då USA tvinga dei til å stenge tankesmia til Den arabiske liga, og då CIA drap prins sjeik Ahmed bin Zayed alNahyan i Marokko i 2010 fordi han i løynd hadde støtta den palestinske resistansen økonomisk. Dei byrja distansere seg frå Washington då USA, som var meint å forsvare dei, let jemenittiske droner krysse Kongedømet Saudi-Arabia og angripe UAE seint i januar 2022.
Kina/Komorane-venskap

Den kinesiske ambassadøren på Komorane rosa det synlege resultatet av samarbeidet mellom dei to landa: kinesiske selskap bygger ein stadion, hovudkvarteret til parlamentet, det nasjonale radio- og tv-senteret og Kina-Komorane Venskapshospital. I tillegg har Kina sendt 15 grupper medisinsk personell til å behandle titusentals pasientar. Alt dette bør sjåast i perspektiv med forverringa i relasjonane mellom Komorane og Frankrike på grunn av Frankrikes okkupasjon av den komoriske øya Mayotte.
Andrij Melnyk interessert i kinesisk fredsforslag?
I eit intervju med avisa Berliner Morgenpost sa Ukrainas viseutanriksminister og tidlegare ambassadør til Tyskland Andrij Melnyk: «Kinesarane pleier sjølvsagt sine eigne interesser. Men eg trur at ei rettvis og fredeleg løysing og ein slutt på fiendskapet er meir i Beijings interesse enn dette fæle og endelause jordskjelvet for heile verdsordenen. Sjølvsagt kan det kinesiske synet på dette vere forskjellig frå vårt. For Kiev er det eit nødvendig vilkår at alle russiske troppar trekk seg ut av dei okkuperte territoria. Djevelen skjuler seg i detaljane, så vi gler oss til å sjå kva Kinas spesialutsending vil bringe, når han no snart kjem hit.»
Andrij Melnyk er ein «integrert nasjonalist». Då han var ambassadør i Berlin, reiste hyllinga hans av nazisten Stepan Bandera og fornektinga av massakrane på jødar indignation. Han erklærte nyleg på ukrainsk tv at hjelpa frå Vesten må aukast til det tidoble, opp til 1% av BNP, for å oppnå betydelege resultat mot Russland.
Partiet Colorado framleis ved makta i Paraguay
Den førtifire år gamle økonomen Santiago Peña vann enkelt presidentvalet i Paraguay, med nær 43% av røystene, samanlikna med 27,5% for sentrum/venstre-rivalen Efrain Alegre og nær 23% for anti-etablissement-kandidaten Payo Cubas. Ifølge meiningsmålingane låg Santiago Peña og Efrain Alegre jamt gjennom heile valkampen, men det at Payo Cubas dukka opp i siste augeblink, gjorde at venstresida vart splitta, til fordel for den eine kandidaten på høgresida.

Med ei tidlegare høg stilling i Det internasjonale pengefondet (IMF), er Santiago Peña eks-president Horacio Cartes’ mann. Hr. Cartes har nett blitt sanksjonert av USA, offisielt for korrupsjon, men i realiteten for banda han har til libanesiske Hizbollah. I tillegg til presidentvalet har Colorado Party vunne 15 av landets 17 guvernement og fleirtal i begge kamra til nasjonalkongressen, så vel som departmentsråda.
President Santiago Peña har annonsert at han vil flytte den paraguayanske ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem og pleie diplomatiske relasjonar med Taiwan. Men mange observatørar trur at Santiago Peña ikkje har koplingar til Taiwan, slik faren til førre presidenten, Mario Abdo Benítez, hadde (eks-medlem av Chiang Kaishek og Stepan Banderas World AntiCommunist League). Som pragmatikar kan han kome til å vende seg mot Kina og få Paraguay ut av posisjonen sin som den einaste Mercosur-medlemmen som ikkje anerkjenner Folkerepublikken Kina. [Mercosur er den søramerikanske fellesmarknaden, ei handelsblokk danna i 1991/1994 som består av landa Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay].
London støtta Juan Guaidós ransforsøk
Declassified UK avslørte at British Foreign Office har brukt £80 697 til å hjelpe Juan Guaidó sine advokatar i hans forsøk på å stele 2 milliardar dollar frå den venezuelanske statskassa som var deponerte i Bank of England.
Marskalk Haftar intervenerer i Sudan frå Libya
Feltmarskalk Khalifa Haftar, som kontrollerer austre Libya, hjelper det private, russiske militærselskapet Wagner med logistikken gjennom ørkenen for å forsyne troppane til «General» Mohamed Hamdan Dogolo (alias «Hemeidti») i Sudan.
Polsk stabssjef spår nederlag for Ukraina
Ifølge Do Rzecy, har den polske stabssjefen general Rajmund Andrzejczak fortald til Det nasjonale sikkerheitsbyrået at krig framfor alt er ei økonomisk sak, framfor ei militær. Utifrå dette synspunktet er moglegheitene mykje større for Russland enn for Ukraina. Kiev vil derfor sannsynlegvis tape. Han åtvara om situasjonen i Polen, der lagera av våpen smeltar som snø i sola.
Voltaire, International Newsletter – N°39 – 5 May 2023
Nytt frå Telegram, eit avkorta utval:
Drone-angrep på Kreml (3/5-23)
Moskva ser på angrepet som «ei planlagt terroristangrep og eit forsøk på å ta livet av presidenten for den russiske føderasjonen […] Den russiske sida har retten til å gjere gjengjeld». Borgarmeisteren i Moskva, Sergey Sobyanin kunngjorde eit forbod mot å flyge med droner i hovudstaden. Eit unntak blir gjort for utstyr «brukt av statsautoritetar».
Utlandsk journalist arrestert i Ukraina

Gonzalo Lira, ein chilenar med US-amerikansk statsborgarskap som har budd i Kharkov i mange år og rapportert frå krigen som har pågått sidan 2014, har blitt arrestert av SBU, Ukrainas sikkerheitsteneste. I presseerklæringa si seier SBU at dei har «arrestert ein utlandsk bloggar i Kharkov som nekta for Rashistane sine brotsverk og fornærma ukrainske forsvararar». Lira er mistenkt for brot på Ukrainas straffelovs paragraf 2 og 3 og 436-2 (produksjon og distribusjon av materiell som rettferdiggjer det væpna angrepet til Den russiske føderasjonen på Ukraina).
Lira er sett i forvaring medan dei granskar bevis frå beslaglagte telefonar og ei datamaskin.
Gonzalo Lira har tusentals følgarar på YouTube, Telegram, Twitter. I ein av dei siste tweet’ane sine set han søkelys på nokre av regimets politiske fangar og føreser si eiga fengsling:
«Gonzalo Lira
@GonzaloLira1968
For sanninga om Zelensky-regimet, gjer eit Google-søk på desse namna:
Vlodymyr Struk, Denis Kireev, Mikhail & Aleksander Kononovich, Nestor Shufrych, Yan Taksyur, Dmitri Djangirov, Elena Berezhnaya
Igjen: Om du ikkje har høyrd frå meg innan 12 timar eller meir, sett namnet mitt på denne lista.
G. Lira
I serien sin, The Roundtable på YouTube, inviterer Lira diverse politiske ekspertar til timelange diskusjonar som går i djubden på ulike emne. No i april streama han til dømes ein to og ein halv times debatt med Tarik Cyril Amar og den norske professoren Glenn Diesen.
Brian Berletic kommenterer arrestasjonen:
«Viss USA, EU og stallen deira av falske menneskerettsorganisasjonar forheld seg tause om dette, blir dei medverkande, samtidig som dei underminerer sin felles «regel-baserte internasjonale orden».
Bilen til russisk politisk skribent-aktivist sprengd
Bilen til den Ifølge RIA Novosti, vart han skadd, medan sjåføren av bilen døydde.
RT (https://t.me/rtnews)
USA planlegg å «forbetre» armensk journalisme

USS ambassadør i Jerevan, Christina Quinn, stadfesta at US-amerikanske organisasjonar vil intensivere arbeidet sitt med armenske NGO’ar i mediesfæren, ved å allokere meir enn 17,3 millionar dollar til å «forbetre journalistiske standardar» i Armenia.
Utvekslingsprogrammet inneheld både arbeid med profesjonelle journalistar og samarbeid mellom US-amerikanske og armenske universitet for å «styrke informasjonsfeltet til Armenia og opprette eit gunstig miljø for uavhengig informasjonsflyt».
Av dei $17,3 millionane vil USAID levere $15 millionar, og dei resterande $2,3 millionane skal leverast av den US-amerikanske ambassadens Public Diplomacy Department
RT (https://t.me/rtnews)
«USA sel Taiwan 400 Harpoon anti-skipsmissil medan spenningane mellom USA og Kina aukar» (https://t.me/brianlovethailand)
Utval og omsetting: Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 979 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Billström,sveriges utenriksminister har nå funnet ut at «sverige ikke har sett alvorlig nok på Erdogan (tyrkias påstander).Billström har nå funnet ut at,jovisst driver grupperinger på med kriminelle virksomheter for å samle inn penger som igjen går til å bedrive terrorvirksomhet mot Tyrkia I Sverige
Når det gjelder Sudan,Har noen,noen gang,innen alt media undersökt hvilke internasjonale selskaper som har etablert seg i Sudan.Har ALT media noen oversikt ?.
Rart er det at selskapet Ericsson står under tiltale for å ha finansiert og utrustet Al Quaida over flere år og at massesöksmål venter i rettsystemet
Lundin Oil er tiltalt for folkemord i Sudan
11 000 familier i Brasil går til massesöksmål mot de internasjonale selskapene som har plyndret og utbyttet landet.Det gjemmer seg mye fint folk bak disse selskapene.Hvem kan de väre ?.
Norsk humanitär bistand,hva er det ?.Er norsk humanitär bistand det samme som finansiering/bestikkelser mm til fordel for globalistene ?.
Det er liksom som at alt media i norden aldri nevner sine egne lands globalister og Oligarker,f.eks Wallenberg og hans familie som står for 40 prosent av sveriges nasjonalprodukt.
Å väre mainstream alt media,er det det samme som at man tilhörer hovedströmsmedia med en Twist ?.
Hvem tjente på flyktningekrisen ?.Banken helt sikkert
Hva tenker swebbere og vegtam,er om det ?.
Jury Lina og Swebbtv har funnet ut at russland taper krigen.