Farm to Fork: Korleis EU og Davos-maktkabalen planleggjer å kontrollere landbruk
Av F.William Engdahl, 29.september 2021
Kvar gong vi høyrer ordet «berekraftig», burde vi klokeleg ta ein kritisk titt bak desse vellydande orda. I tilfellet med den globalistiske Agenda 2030 med sine 17 berekraftige mål innan 2030, den for å skape eit «berekraftig landbruk» vil, ved nærare undersøking, øydeleggje ein stor del av EUs landbruksproduksjon og vil drive allereie aukande globale matprisar endå høgare. EU-kommisjonen kallar deira Green Deal for mat den søte tittelen «Farm to Fork» («gard til gaffel»). Det er støtta av Klaus Schwabs allestadsverande World Economic Forum og deira Great Reset («store nullstilling»).



Hugs at berekraftig som definert av FN og Davos World Economic Forum tydar å oppnå null karbonutslepp innan 2050. Likevel er der ingen vitskapleg studie som uavhengig beviser at CO2 set planeten vår i fare ved å skape global oppvarming. Berre myriadar av tvilsame, sjenerøst pengestøtta datamodellar. Den harmlause gassen er livsviktig for alt menneske-, dyre- og planteliv. No pressar EU-kommisjonen ein ovanfrå-og-ned radikal agenda mot landbrukshjartet til verdas andre nest-viktigaste matprodusent som del av deira dårleg unnfanga EU Green Deal. Dersom den blir innført på den måten som er mest truleg, vil den forårsake ein drastisk reduksjon i innhausting, ein alvorleg reduksjon i kjøtprotein og, kanskje aller farlegast, ei overstyring av noverande EU-lover som regulerer nye genredigerte avlingar (engelsk: new gene-edited crops), eller GMO.2. Det vil få globale konsekvensar.
Farm to Fork…
I mai 2020 gav EU-kommisjonen ut sin Farm to Fork-strategi (direkte omsett «gard-til-gaffel-strategi»). Den offisielle Brüssel-retorikken får det til å høyrast ut som om eit mat-nirvana er på veg. Dei hevdar, «Farm to Fork-strategien ligg i hjartet til den europeiske Green Deal, som har som mål å gjere matsystem rettferdige, sunne og miljøvennlege». Wow, det høyrest supert ut.
Då kjem dei til den ekte agendaen: «Vi må re-designe matsystema våre som i dag står for nesten ein tredjedel av globale GHG (Green House Gas; drivhusgass)-utslepp, bruker store mengder naturlege ressursar, resulterer i tap av biologisk mangfald, og negative utfall på helse…» Dette er ein smart måte å demonisere bønder og vår matproduksjon som CO2-forbrytarar. Løysinga! «Nye teknologiar og vitskaplege oppdagingar, kombinert med aukande offentleg innsikt og krav om berekraftig mat, vil vere til nytte for alle aksjehaldarar.» Kva slags nye teknologiar vil bli forklart.
Korleis har uvalde byråkratar i Brüssel tenkt å «re-designe matsystema våre» for å eliminere ein tredjedel av globale drivhusgassutslepp innan 2050? Ved å tvinge bønder til å gå konkurs ved å krevje nye dyre bidrag til produksjon og radikale nye genetisk manipulerte, patenterte planter med ubevist tryggleik. Framfor alt planleggjer dei å oppheve det noverande de facto-forbodet mot genredigert plantedyrking. For dei som ikkje veit, er det den same ubeviste, risikable teknologien som er brukt i COVID-19-vaksinar til Pfizer og Moderna sine mRNA-genredigerte vaksinar, som bruker CRISPR.
EU-kommisjonær for landbruk, Janusz Wojciechowski, seier om den grøne Farm to Fork-agendaen, «Bønder vil måtte radikalt omforme deira produksjonsmetodar og gjere best mogleg nytte av teknologiske, digitale og rom-baserte løysingar for å bringe inn den nye landbruksovergangen». So dei planleggjer ei radikal omforming. Allereie dette høyrest faretrugande ut.
For å høgne andelen skadedyrgift-fritt organisk landbruk til 25% av EU-totalen og på same tid redusere kjemisk skadedyrgift-bruk med 30% innan 2030, høyrest flott ut for den uinformerte. Nett som påstandane til Monsanto og GMO-industrien at deira GMO-avlingar reduserer behovet for skadedyrgifter, er det ei løgn. EU bruker dette som agn for å introdusere eit radikalt skifte i noverande EU-reglar for å tillate godkjenning av genredigerte planter og dyr inn i landbruk. I deira dokument frå mai 2020 om Farm to Fork Green Deal, hevdar EU at kommisjonen «utfører ein studie som vil sjå på potensialet til nye genomteknikkar for å betre berekrafta innan matforsyningskjeden.» Dette betyr genredigering, CRISPR/Cas9-genetisk modifisering.
«Nye genomiske teknikkar»
I april i år gav EU-kommisjonen ut ein studie om Nye genomiske teknikkar (engelsk: New Genomic Techniques, NGT-ar). NGT-ar produserer genredigerte planter og til og med dyr. Rapporten hevdar av NGT-ar, «teknikkar for å endre genomet til ein organisme, har potensialet til å bidra til eit meir berekraftig matsystem som del av objektiva til den europeiske Green Deal og Farm to Fork-strategien». Rapporten ber om ein «offentleg debatt» for å endre dei strenge EU-lovene om godkjenning av GMO-avlingar som krev betydeleg testing og merking av GMO-avlingar.
Den lova frå 2001 har med suksess avgrensa bruk av GMO i EU i kontrast til USA, der uregulerte GMO-ar dominerer for nøkkelavlingar. I 2018 bestemte Den europeiske rettsdomstolen, EU-domstolen, at genredigerte avlingar burde vere gjenstand for dei same stringente reguleringane som fyrste-generasjons genetisk modifiserte (GMO) organismar. Nøkkelen til Davos og EU sin Farm to Fork-agenda er ein radikal reduksjon i plantegifter som blir erstatta av genredigerte avlingar som visstnok er i stand til å erstatte plantegifter.
EU-kommisjonen, i partnerskap med Bayer-Monsanto og andre i GMO-landbruksbusiness-lobbyen, arbeider hardt for å fjerne den rettsbestemte restriksjonen. Kommisjonær for helse og mattryggleik, Stella Kyriakides, seier om deira EU-studie frå april: «Studien vi publiserer i dag konkluderer at Nye genomiske teknikkar kan fremje berekrafta i landbruksproduksjon, i tråd med målsetjingane til vår Farm to Fork-strategi.» Nye genomiske teknikkar er eufemisme for genredigerte avlingar.



EU-visepresidenten som er ansvarleg for Green Deal, Franz Timmermans, har opent innrømt det forlokkande i å love store kutt i skadedyrgifter, og implisert at det vil kome frå å avskaffe restriksjonar på genredigering. Han fortalde på ein nyleg EU-Green Week-konferanse at EU har som mål å gje bønder verktøya til å ta i bruk presisjonslandbruk og å utnytte vitskaplege oppdagingar for å optimalisere såkorn: «Dette er korleis vi avgrensar vår avhengigheit av skadedyrgifter». Presisjonslandbruk og vitskaplege oppdagingar for å optimalisere såkorn er Brüssels ‘dobbeltsnakk’ for massiv introdusering av uregulert genredigering. Han held fram, «Å gå over til økologisk landbruk tydar ikkje at vi alle må gumle gras og bu i grotter, vi treng å bruke den siste teknologien for å få oss der.» Dette tydar genredigerande CRISPR.
Omsett til godt norsk, er sjølve kjernen i Farm to Fork den planlagte overstyringa av ECJs rettskraftige dom frå 2018 som tek CRISPR-genredigerande planter eller dyr under dei same strenge «føre-var-prinsipp»-reglane for GMO. Med ingen restriksjonar, vil genredigerande selskap som Bayer-Monsanto stå fritt til å innføre eksperimentelle og ubeviste genetisk endra planter og dyr i dietten vår med inga merking.
Slikt eit genredigeringsfritt regime eksisterer allereie i USA, der USDA og regulatorar tillèt CRISPR-genredigert soyaolje, soppar som ikkje blir brune, kveite med meir fiber, betre-produserande tomatar, raps som tolererer plantegifter og ris som ikkje absorberer jordsmonnforureining etterkvart som den gror. Genredigerte USA-prosjekt om fisk og dyr inkluderer slike tvilsame døme som kyr som berre får hannkalvar ved bruk av CRISPR; grisar som ikkje treng å kastrerast; hornlause mjølkekyr og vekstforsterka maller [ein fiskeart, oms.anm.] ved bruk av CRISPR for å utvikle maller med fleire muskelceller. Det gjev ein vatn i munnen…
CRISPR-risikoar høge, belønningar ikkje



Den største lobbyverksemda for å fjerne EU-reglar om genredigerte avlingar eller dyr kjem frå Bayer-Monsanto og dei andre GMO-landbruksverksemd-kjempene inkludert Syngenta, BASF og DowDupont’s Corteva. I november 2020 fortalde Liam Condon, presidenten i Bayer-Monsantos avdeling for avlingsvitskap på ein Bayer Future of Farming-konferanse, at Bayer driv «svært sterk» lobbyverksemd for å endre EU sine GMO-reglar for å gje unntak for genredigering. Condon sa, «[vi] fremjar svært kraftig at reglar burde halde følgje med teknologi og tillate denne teknologien å bli brukt, [ikkje berre] til nytte for europearar, men også til nytte for andre overalt i verda som vender seg til Europa for reguleringar.» Condon kallar genredigering og CRISPR-teknologi eit «fantastisk gjennombrot» som vil late landbruk bli meir berekraftig. Det han utelét var at å deregulere genredigerte avlingar vil late Bayer-Monsanto og andre store GMO-selskap å ta betalt frå bønder for deira patenterte «berekraftige» såkorn.
Genredigering av planter eller dyr eller langtifrå so risikofritt som ein hevdar. Teknologien er ikkje presis eller kontrollert i det heile, og har ofte uføresette utfall slik som uventa genetisk endring, sjølv den utilsikta tilsetjinga av framandt DNA frå andre artar, eller til og med heile framande genar inn i genomet til dei genredigerte organismane.
Dette er framleis ein ny eksperimentell teknologi. Deira forkjemparar slik som Bayer-Monsanto, hevdar at genredigering av planter er presis. Likevel viser undersøkingar at dette er langtfrå bevist. Dr. Allison K. Wilson i Bioscience Resource Project, hevdar, «plantegenredigeringsmetodar har også ein tendens til å introdusere UTs (engelsk: Unintended Traits (‘utilsikta trekk’) eller genetisk skade… nye bevis frå både dyr og planter indikerer at genredigering i seg sjølv kan resultere i utilsikta mutasjonar på eller nær målområdet. Desse inkluderer å setje inn vektor- bakterie- og anna overflødig DNA, og å utilsikta introdusere stor DNA-sletting og -omarrangering.»
Dette er ikkje berre mindre feil som ein kan ignorere. Wilson konkluderer, «planteredigeringsutfall er upresise og uføreseielege, og dette, avhengig av kombinasjonen av kva teknikkar som er brukt, kan gjere genrediering høgst mutagenisk [føre til stor risiko for mutasjonar i genmaterialet, oms.anm.]. Medan det i teorien ein dag kan bli mogleg å skape ei GM-avling som tilfredsstiller dei vidtdekkjande krava til berekraftig landbruk, ser det i praksis høgst usannsynleg ut at det nokosinne vil skje.»
Ifølgje ein analyse av EUs Farm to Fork-strategi gjort av Global Ag Media, «vil effekten av desse strategiane vere ein hittil usett reduksjon av EUs produksjonskapasitet og inntekta til bøndene deira. Alle sektorar viser nedgang i produksjon frå 5 til 15%, der husdyrsektoren er den som er hardast råka… Samstundes, kva enn scenarioet blir, viser produksjonsprisar ein nettoauke på rundt 10% med eit negativt utfall for dei fleste inntektene til bøndene.» EUs bondeunion, Copa-Cogeca, åtvarar at politikken vil resultere i ein hittil usett reduksjon i landbrukskapasitet. Men dette er det verkelege føremålet til «berekraftig landbruk».
Davos og EUs Farm to Fork
EUs radikale Fram to Fork-agenda finn sin gjenklang i Davos sitt World Economic Forum (WEF), som allereie i 2014 fremja det dei kalla «Å leggje til rette for handel: Frå gard til gaffel.» (engelsk: Enabling Trade: From Farm to Fork.) Ein WEF-rapport frå januar 2018 slår fast, «Genredigerande teknologi slik som CRISPR-Cas kan gje ein måte å oppnå forbetringar av fleire trekk ved å produsere eit stegskifte i produktivitet medan ein forbetrar motstand mot langvarig tørke og næringsinnhald i mat.» Dette vart gjort saman med McKinsey & Co som del av WEF Food Security and Agriculture Initiatives og deira Great Reset. WEFs forumpartnerar inkluderer Bayer, Syngenta og BASF. Ifølgje WEFs nettside, «WEF samla på deira årlege møte i Davos i januar 2020 leiarar frå industri og føretak med Executive Vice-President Frans Timmermans for å utforske korleis ein utløyser den europeiske Green Deal.» Bayers Liam Condon var også der, og likeeins var leiarane i Syngenta og BASF.
Dersom EUs landbrukssektor blir teken inn i det genredigerte GMO-regimet og får sin produksjon radikalt redusert som ein konsekvens, vil det føre til endå meir matmangel rundt om i verda. Dette er Davos-planen i lag med deira COVID-19-eugenikk Great Reset-agenda. Å kalle det Farm to Fork får det til å høyrast harmlaust ut. Det er det openbert ikkje.
F.William Engdahl er ein strategisk risikorådgjevar og føredragshaldar, han har ein grad i politikk frå Princeton University og er ein bestseljande forfattar innan olje og geopolitikk, eksklusivt for onlinetidsskriftet «New Eastern Outlook».
Oversatt av HFANoreg
http://www.williamengdahl.com/englishNEO29Sept2021.php
Forsidebilde: Heiko Janowski
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 684 ganger.
4 kommentarer. Leave new
Det er større grunn til å frykte at all matproduksjon overtas av svære «investeringsfond» som er smekkfulle av penger, mye mer enn de klarer å plassere. Dermed blir bøndene leilendinger og gårdene driftes av billige utlendinger på slavekontrakter uten velferdsordninger.
VED HJELP AV FN KAN STORKAPITALEN FÅ EIERSKAP OG FULL KONTROLL OVER VERDENS MATPRODUKSJON.
World Economic Forum (WEF), en interesseorganisasjon for flere tusen av de største og rikeste multinasjonale selskapene, ble slått sammen med Forente Nasjoner for et par år tilbake. Uten at det ble noen prosess av det over det i FNs generalforsamling, og uten at det ble en førsteside sak i hovedstrøms-pressen, det har bare blitt omtalt bare i notisform siden. De aller fleste av befolkningene i FNs medlemsland vet ikke engang om det.
WEF representerer også de store agrobusiness selskapene, som styrer og kontrollerer over 90% av verden kornhandel, de er ADM, Bunge, Cargill, COFCO International, Louis Dreyfus Company og Glencore agriculture. Nå kan en også legge til Gates Foundation, Gates er nå snart en av de største eiere av dyrket mark i USA, og propaganderer kraftig for genmodifisert matproduksjon.
Den globale storkapitalens mål er å få full kontroll over matproduksjon, distribusjon av mat, salg og pris. Der har drevet «Landgrabbing» som betyr oppkjøp av dyrkbar jord og drikkevannskilder i flere tiår, først i u-land, ofte ved at landene først har blitt lurt til å ta opp enorme lån i Verdensbanken (WB) og IMF, for eksempel til infrastruktur-prosjekter. Lån med betingelser som at utenlands kapital kan få få kjøpe dyrkbar jord.
Et eksempel er Ukraina i 2014, hvor WB tilbød Ukraina en milliard i lån med betingelse om at utenlandsk kapital får kjøpe matjord, og Ukrainas matjord er blant den beste jorden i verden for korndyrking. IMF tilbød Ukraina syv milliarder dollar i lån, mot at Monsanto (nå Bayer) fikk begynne med utplanting av GMO planter i Ukrainas jord. Betingelsene har ingen relevans for at Ukraina kan betale tilbake lånene. Dessverre gikk Ukraina med på begge deler, og med økonomisk kaos i Ukraina nå, er det tvilsomt om de kan betale lånene tilbake. WB og IMF er storkapitalens fremste instrumenter for globalisering.
EU-reglene tillater at utenlandsk kapital kan kjøpe dyrkbar mark i EU, og det har ført til at over 50 prosent av matjord i EU-land nå eies av bare 4 prosent av eierne, som er eiendomsselskaper og ikke bønder. Noe som massemedia ikke omtaler selvsagt, MSM eies av den samme storkapitalen.
Nå som WEF og FN er slått sammen, må alle toppmøter om om verdens matproduksjon betraktes med største skepsis, det er god grunn til å mistenke alle matvaredirektiver fra FN, som alle de 193 medlemslandene blir pålagt å gjennomføre, er diktert av storkapitalen for å få kontroll over verdens matproduksjon, forkledd som «matsikkerhet», «for å redde klimaet», og lignende.
Først skal den samme storkapitalens hovedstrømsmedia (MSM) skremme verdens befolkning til å tro på ting som for eksempel: «gassing fra buskap og metan fra risproduksjon fører til global oppvarming». Når befolkningene har blitt skremt nok, har FN/WEF som det heller skulle vært kalt, flertall i opinionen for å lansere matdirektiver som tar matproduksjonen fra mange millioner småbønder, og gir den til storkapitalen.
Det kan skje på denne måten: FN utformer direktiver til landene (diktert av WEF), som setter grenser for hvor mye CO2 som kan slippes ut per dekar jord. En grense for utslipp som vanskelig til umulig kan møtes av bønder med en dieseldrevet maskinpark, og det har over 99 prosent av verdens bønder. Dette tvinger millioner av småbønder til å måtte gi opp gårdsdriften, og jorden eksproprieres, selges, overtas og legges til storkapitalens enorme industribruk, som har kapital til elektrifisert maskinpark med elektriske traktorer, skurtreskere og vannpumper.
Her i Norge ser vi at for eksempel kystfiskerne med sine sjarker blir pålagt sertifiseringer av fiskeridirektoratet som blir så dyre at mange må legge opp, og fiskekvotene går fra kystfiskerne til fabrikktrålere eiet av utenlandsk kapital. Kapitalen har sine folk på plass i direktoratene, og land- ressursene tas fra folket og gis til storkapitalen av deres politikere.
Del 2. FNs matdirektiver kommer også til å pålegge bruk av GMO matplanter, «for mindre bruk av spøytemidler» i landbruket. Den egentlige grunnen er at GMO såkorn og frø for grønnsaker, frukt og bær er patenterte, og må kjøpes av den som eier patentet. Dette kan langt på vei gi agrobusiness-selskapene enerett på matproduksjon som er deres mål.
Gates propaganderer nå for at «vestens befolkning må slutte å spise kjøtt», etter å ha blitt en av USAs største jordeier. Han vil at folk nå skal spise genmodifisert mat fra hans jordeiendommer, og får all den spalteplass og taletid han ønsker for å si dette at den samme storkapitalens massemedia.
Dette kommer til å ødelegge livet på landsbygda for mange hundre millioner mennesker, siden landbruk beskjeftiger de fleste utenfor storbyene på verden kontinenter. 70 prosent av verdens mat produseres av småbønder, som bare bruker 1/4 av jordbruksarealet for dette. Bare en brøkdel av disse bøndene kan brukes på storkapitalens industribruk, for stordrift, datastyring og AI gjør at det ikke trengs så mye bemanning.
Dette er globalismens sanne ansikt. Monopolisering og sentralisering, akkumulering av kapital og eierskap av landressursene til kapitalen, og at profittdrevne storselskaper kontrollerer matproduksjon og drikkevann, og dermed pris. Mange hundre millioner mennesker tvinges fra landsbygdene til storbyene, hvor det ikke er noe for dem. Fattigdom for store deler av befolkningene er globalismens og den nyliberale markedsøkonomiens faste følgesvenn.
Globalistene vil ikke ha et landbruk som må ha subsidier og overføringer, derfor har globalistiske politikere her i Norge ført en distriktsfiendtlig politikk for å drive folk fra landsbygda. Med et stadig større antall nedlagte småbruk hvert år som resultat. Beredskapslagere for mat er nedlagt, det de kaller kriselagre for mat kan bare fø 30 000 mennesker i tre dager av en befolkning på 5,3 millioner. Selvforsynings-graden er bare 40%, og Norge må importere 60 prosent av maten fra 150 land.
For å få så høy selvforsyningsgrad som mulig, må all dyrkbar mark her i Norge må utnyttes og drives først og fremst av små og middelstore gårdsbruk eiet av bønder som leverer maten lokalt, opprettholder nasjonale matberedskapslagre, og selger eventuelt overskudd av mat til utlandet. Dette er det motsatte av globalisme, og sikrer Norge i internasjonale matvarekriser.
Dagens situasjon er utelukkende et resultat av politiske beslutninger av høyreregjeringer fra AP til Høyre. De har fulgt en global agenda for storkapitalen istedet for å gjøre det som er best for folk og land. At befolkningen har mat og drikkevann må være oppgave nummer en for en regjering. Det kan bare sikres ved at befolkningen stiller seg bak en regjering som setter eget land og folks interesser, fremfor den globale agendaen til herskerklassen av billionærer som Stortingets politikere tjener i dag.
Jeg er glad jeg ikke har barn.