POSTED IN Helse

Maskepi:

Maskene har ingen effekt men bidrar til angst og ønsket politikk.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Av Asgeir Bjørkedal

Nancy Pelosi vraltar inn i kongressen med sitt maskeringspåbod og med minst 8 fingrar planta midt i sjølve munnbindet som ho har bretta langt ned på haka.

Ein skulle nesten tru at ho gjer det for å illustrere feil bruk av maskene og korleis dei kan auke faren for smitte. Men som med 9 av 10 US-amerikanarar i feeden min er maskebruken hennar sannsynlegvis blitt opphøgd til eit magisk middel og politisk symbol, høgt heva over rasjonalitet og vitenskap.

Norske media masar i veg for å oppretthalde mest mogleg panikk rundt korona-epidemien og prøver som demokratane og redusere det til politikk. Dei prøver å lage eit bilde av krise i USA og suksess i Noreg, og må derfor prøve å dekke over at dei to landa har følgt ganske identisk panikk-politikk mot epidemien.

Masse kritikk mot Trump, men berre ros til dei demokratiske leiarane i austkyststatar som har stått for dei brutale nedstengingane som har resultert i dei desidert verste korona-resultata globalt, med dobbelt så høge dødstal som dei verste nedstengingslanda i Europa. Av politiske grunnar fokuserer våre media heller på statar med meir ordinær og moderat utvikling og prøver å blåse desse opp til store kriser.

Dei enkle realitetane passar ikkje inn i det politiske bildet: sjølv om USA består av 50 statar spreidd utover eit heilt kontinent og derfor har ein god del av epidemien framfor seg så er dei gjennom det verste av epidemien for lenge sidan. Ingen andre statar vil kome i nærleiken av katastrofane i austkyststatane. Hovedproblemet i lang tid framover er dei destruktive konsekvensane av dei brutale og irrasjonelle nedstengingane.

Asgeir Bjørkedal

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USA ruster ned i Europa.

Trekker ut 11900 soldater fra Tyskland.

Forrige innlegg

WHO engasjerer PR-firma.

Firmaet er fra før kjent som flinke til å lyge.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.