Michael Snyder: Slutten på den amerikanske draumen?
Noko er verkeleg gale. USA ser ut til å ha utvikla seg til ein nasjon av røvarar. Ein snakkar om ein naskepandemi (som dermed kjem på toppen av ein viss annan «pandemi»), og til og med tjuveri i industriell skala. Døme på denne høgt organiserte plyndringa er å sjå på ein video der ein røvarbande fryktlaust og openlyst stel mellom anna store mengder vaskemiddel frå ein butikk i Connecticut på høglys dag. Dei tilsette er hjelpelaust vitne til dette frekke ranet av deira eigen arbeidsplass, og kan visstnok risikere å få sparken om dei grip inn. Politiet er ingen stad å sjå. Dei har nok ikkje ressursar til å rykkje ut. Det er truleg «personalmangel» hjå lovas lange arm på grunn av Bidens urimelege og øydeleggjande vaksineplikt, der uvaksinerte blir sparka på ræv ut i arbeidsløyse og armod.
_____________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
_____________________________________________________________________
Fleire amerikanske delstatar har den siste tida endra lovene sine i favør av naskarar og andre tjuvar, og dette har i sin tur ført til ein enorm auke i organisert butikktjuveri. Altso kan kriminelle stele meir utan å bli dømt strenge fengselsstraffar.



Denne organiserte plyndringa kostar det amerikanske samfunnet meir enn 123 millionar dollar per dag, noko som tilsvarer over ein milliard norske kroner. Det er mildt sagt ein katastrofe for butikkeigarar i landet.
Som om ikkje skamlaust ran på høglys dag var nok, ser ein òg ein auke i tilfelle av sokalla «følgje-heim-ran». Der vel dei kriminelle seg ut høgt sårbare menneske, slik som gamle damer, for so å følgje etter dei heim til dei. I Las Vegas følgde kriminelle etter ei 82 år gammal dame heim. Der drap dei ho, parterte ho og gravde kroppsdelane ned i hennar eigen bakhage. Deretter flytta dei like godt inn i huset hennar og byrja å bruke pengane hennar.
I Seattle har sentrum visstnok blitt so farleg at offentleg tilsette i byen no blir eskortert av vektarar heim frå jobb.
For å leggje endå ein stein til børa, er militæret no meir opptekne av å vere «woke» enn å forsvare rikets tryggleik. Og det i eit land som er meir lovlaust og kriminelt enn nokosinne. Alle som styrer er besett av å vere politisk korrekte medan deira eige land går til hundane og hordar av menneske døyr som fluger av mRNA-injeksjonane, om dei då ikkje døyr av fentanyloverdosar. Det ser ut som sjølvaste slutten på den amerikanske draumen, og det verkar som om det ikkje berre er i USA at alt går til helvete. Statsleiarar lever i djup fornekting om stoda i eigne land, ser det ut som.
I Noreg ser ein for tida ein urovekkjande auke av alvorleg vald. I Oslo skjedde det nyleg åtte skyteepisodar på åtte veker. Den svært unge justisministeren feia det under teppet, og sa at Oslo var ein trygg by. Kanskje «trygg» i forhold til Seattle sentrum eller dei andre fentanyl-infiserte syndepølane i Statane…
Folketalet byrja å gå nedover allereie før massedødsfall av dei dødbringande sprøytene. Kanskje har det skjedd ei haldningsendring i sjølve menneskeheita i den vestlege verda, på grunn av fleire tiår med propaganda frå krefter som ikkje vil oss vel. Fleire og fleire unge byrjar å sjå på barn som noko ubeleilig, og vel heller karriere framfor å stifte familie. Dette har naturlegvis ein dramatisk effekt på fødselstalet i den vestlege verda. Folk har meir sex enn nokosinne, men prevensjon og liberale haldningar til abort gjer at det ikkje lenger er ein katastrofe for ei jente å bli gravid. Kanskje like greitt, ettersom usikre tider gjer det til ein risiko å få eigne ungar.
Denne risikoen ser ein no hjå dei som har eigne ungar. På grunn av idiotiske munnbindpåbod kan vi i verste fall få ein heil generasjon som er ute av stand til å lese ansiktsuttrykk. Om dei då lever so lenge…
Forsidebilde: Mike Petrucci
Knut Lindtner har til bilder m/tekst
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 547 ganger.