POSTED IN Endring av politikken, Frankrike

Macron har nettopp avsatt seg selv og den 5. republikken.

Hva som nå følger er en dyp krise.

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Frankrike blokkert i 4 år

av Thierry Meyssan

Krisa som Frankrike går gjennom no er ikkje berre nok ein episode i eit evig turbulent land. Det er ei djup krise for regimet som berre kan løysast med starten av eit nytt samfunn. Landet vil stå i ei fastlåsing i fleire år før det tar fatt på ein full transformasjon, ein revolusjon som vil vare i minst ein generasjon.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 25. MARS 2023

President Emmanuel Macron har nett medvite øydelagt sin konstitusjonelle autoritet

I mange veker har den eine enorme demonstrasjonen følgd den andre i Frankrike. Det er tomt for drivstoff på bensinstasjonane i mange område, og hundretals tonn søppel hopar seg opp i sentrum av store byar.

President Emmanuel Macron har greidd å innføre ein pensjonsreform. Teksten hans løyser ingen problem, men skapar mykje urettferd. Til dømes vil folk som byrja arbeide som 16-åringar ikkje kunne gå av med pensjon før dei har jobba fleire år enn dei som starta å jobbe då dei var 18. I eit land som elskar likheit for lova, burde ikkje denne teksten ha gått igjennom.

President Macron har medvite skapt ein fastlåst situasjon der ingen har nokon mogleg utgang. Regjeringa hans har i halvtanna år tatt imot alle fagforeiningane for å avvise alle deira framlegg til løysing. Han gjekk på massedemostrasjonar rundt om i landet, og særleg i mellomstore byar, utan å reagere. Så manipulerte han og venstrekoalisjonen NUPES timeplanen, slik at parlamentsmedlemmar ikkje kunne røyste på denne teksten ved første gjennomlesing, og til slutt misbrukte han ein unntaksparagraf i grunnlova til å presse teksten igjennom ved andre gjennomlesing.

Élisabeth Borne er en fransk ingeniør og politiker. Hun ble 16. mai 2022 utnevnt som Frankrikes statsminister. Hun var direktør for Paris’ trafikkselskap fra 2015 til 2017. (Fra Wikipedia)

For å få jobben gjort, bad han statsministeren, Elisabeth Borne, halde regjeringa overta parlamentets ansvar, ved bruk av grunnlovsparagraf 49-3. Denne paragrafen var av grunnlovsfedrene tiltenkt spesifikke krisesituasjonar som ikkje har noko med den noverande situasjonen å gjere. Utan tvil ville verken Charles De Gaulle eller Michel Debré ha aktivert den under slike omstende.

Ved slutten av avrøystinga mangla mistillitsforslaget berre 9 av 577 røyster til å få kasta regjeringa. Teksten, som aldri vart lagt fram til avrøysting i parlamentet, vart automatisk sett på som «vedtatt».

Dette kuppet føyer seg inn i ei lang rekke diktat som spenner frå tiltaka for undertrykking av «Dei gule vestane»-rørsla til innesperring av den friske befolkninga under Covid-19-epidemien, gjennom ei rekke dekret og misbruk av paragraf 49-3 (11 gongar på eitt og eit halvt år). Sjølv dei franskmennene som overtydde seg sjølve om at dei temporære innskrenkingane av fridommane deira var rettferdiggjorte, meiner no at nok er nok.

No er landet delt i to. På den eine sida ein liten tredel av befolkninga opplever ingen problem og vil at Emmanuel Macron skal la systemet halde fram med å arbeide til deira fordel. På den andre sida er dei over to tredelane som ikkje lenger berre er fiendtlege, men no også deler eit hat. Denne utviklinga av kollektive emosjonar og samhaldet det genererer, er noko nytt.

Etter sitt eige syn har presidenten vunne, sidan lova hans blir sett på som «vedtatt». Men i praksis tapte han, sidan han samla i hop alle fagforbunda og det som tel av populære politiske parti i felles front mot seg. Berre parliamentmedlemmar frå hans eige parti, Renaissance (ex-La République en Marche), støtta han, pluss nokre få andre som hevda å vere frå det tidlegare Gaullist-partiet, Les Républicains. 8-9 av 10 franskmenn er imot lovteksten, og er no overtydde om at den utøvande makta ikkje har noko med dei å gjere.

Republikken, i ordets rette forstand, er eit regime som set allmenninteressene over alt anna. Då presidenten splitta landet i slikt omfang, forrådde han det. Demokrati er ein type institusjon som gir folket røyst. Han forrådde også dette. Situasjonen er no blokkert, og landet har blitt uregjerleg. Ingen fleire viktige avgjerder kan takast i månadane, eller til og med åra, som kjem.

Berre ei kursendring til fordel for folket kan fjerne blokkeringa av dei demokratiske institusjonane. Grunnlova til Den femte republikken tilbyr fleire løysingar. Presidenten kan løyse opp parlamentet og utlyse parlamentsval. Men då ville partiet hans visseleg bli pulverisert. Han kunne også utlyse ei folkerøysting, men han ville utan tvil ha tapt også denne. Derfor kjem han ikkje til å gjere anna enn å stenge seg inne i Élysée-palasset for å feste.

Dette gjelder til alle tider og over alt.

Pensjonsreformen markerer det feilslåtte i Macron-metoden: presidenten lova å stille seg over skillet mellom høgre og venstre, men han viste berre at han ikkje kunne gjere verken den eine eller andre sida nøgde.

Kommentatorane undrar seg over korfor Emmanuel Macron frivillig plasserte seg i denne fella. Kva var han ute etter? Det finst ikkje noko politisk svar på desse spørsmåla. Kanskje eit økonomisk svar: han vil forskottere finansierte pensjonar ved å sabotere etterbetalt pensjon. Kanskje eit psykologisk svar: han er likegyldig overfor andres lagnad og likar å sjokkere dei (under hans første val merka eg meg den sosiopatiske åtferda hans). Om vi følger denne hypotesen, vil han ikkje finne pusterom før han har fullstendig miskreditert grunnlova frå 1958 og oppnådd visse om at han vil bli den siste presidenten av Den femte republikken.

Det politiske sjølvmordet til Emmanuel Macron og begjæret hans etter å sjå landet kollapse med han, maskerer ei veldig djup krise. Det er ikkje tilfeldig at franskmennene fleire gongar på rad har vald inn ein amerikansk agent som sjef for landet: Nicolas Sarkozy, som øydela Frankrikes uavhengigheit og braut resultatet av folkerøystinga om den europeiske grunnlova ved å vedta same tekst via parlamentariske kanalar; deretter ein småborgar, François Hollande, som gjorde republikkens presidentskap om til vaudeville; og til sist ein investeringsbankmann som har gjort Elysée-palasset om til ein mottakshall for cocktail-selskap for amerikanske multi-milliardærar. Fire gongar (dei gjenvalde Emmanuel Macron) tok franskmennene ansvaret for denne nedstigninga til helvete. Dei var overbeviste om at landet deira ikkje trengte ein stor personlegdom, berre små reformar som skulle reparerast.

No må dei slite med mat- og energiinflasjon på 20 til 30%. I meir enn halvparten av landet finst det ikkje lenger tilgjengeleg lege, og sjukehusa stenger naudetatane sine. Framfor alt merkar alle at ingenting går som det skal: utdanningsgraden har kollapsa dramatisk, politiet greier ikkje lenger å halde orden, rettsvesenet manglar middel til å gjere noko før det har gått to år, hæren er ute av stand til å respondere på høgintensitetskrig. Problema er så mange at ein ikkje veit kor ein skal ta fatt.

Franskmennene byrjar innsjå at offentlege tenester ikkje kan reparerast med bøting og småflikking, men lyt omskapast heilt i tråd med dei nye realitetane: digitaliseringa av produksjonsmidla og globaliseringa av handelen. Somme seier krisa starta i 2007, då parlamentet stemde over ein tekst som hadde blitt forkasta i ei folkerøysting; eller, ifølge andre, i 2005, med opprøra i dei parisiske forstadane; viss det ikkje var i 1990, med Frankrikes deltaking i USA sin krig i Golfen. Uansett finn ikkje landet seg i det den politiske klassen har blitt, og endå mindre i politikken den fører.

Emmanuel Macron, som vart vald på løftet om modernisering av landet, framstår i dag som den som blokkerer ein slik tranformasjon, som hindrar framveksten av eit nytt samfunn.

Franske Afrika-kolonier, men det var for lenge siden. De gamle koloniene frigjør seg nå fra restene av franske bindinger.

Franskmennene, som i 1789 tok initiativet til å styrte det gamle regimet og skape eit nytt og moderne samfunn, håpar å ta eit nytt initiativ til å skape ei ny verd. Dei er vagt klare over at Afrika er i ferd med å frigjere seg frå dominansen til den franske regjeringa, og at Russland og Kina samstundes reorganiserer dei internasjonale relasjonane, men dei er svært lite informerte om desse emna.

Det er veldig overraskande å observere tørsten deira etter eit nytt paradigme og frykta deira for å bli slynga ut i ein valdeleg revolusjon. For å løyse denne krisa, hadde det vore nok at den politiske klassen deira lytta til dei, slik kong Ludvig XVI gjorde heilt i starten av revolusjonen. Men vi er vitne til ein dialog mellom dauve. Under alle forhandlingane om pensjonsreformen innrømde ikkje regjeringa noko som helst til fagforeiningane. På den andre sida har regjeringa mangedobla endringsforslaga med parlamentarikarane, og forvandla dialogen med folket til ein intern debatt i den politiske klassen. Denne haldninga har lukka alle dører til fredeleg utgang.

Franskmennene har allereie merka tomrommet i «dei store debattane» og andre «medborgarmøte». President Macron har allereie brukt dette. Franskmennene deltok, men forslaga deira forsvann i ein byråkratisk labyrint. Derfor vil det ikkje vere mogleg å gjenta denne sjarmoffensiven.

I månadane og åra som kjem, kan ingenting endrast. Regjeringa vil ikkje lenger klare å få parlamentet til å vedta ein tekst, og uansett vil ikkje tenestemennene lenger lyde. Dei vil legge problematiske dokument i botnen av store bunkar og bere rundt på dei. Franskmennene vil ikkje lenger kunne protestere utan å bli råka av brutal undertrykking, slik ein allereie har sett i tilfellet med Dei gule vestane.

Europavalet i 2024 og lokalvala i 2026 blir ein sjanse til å isolere Élysée-verten litt til før han går av i 2027. Sjølvsagt med mindre han innrømmer at den einaste måten å få landet til å fungere igjen, er at Macron går av.

Kjelde
The Alt World

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • At politikken domineres av psykopater er ikke noe nytt. Nå for tiden bryr de seg ikke engang med å skjule det. Snarere ser vi demonstrative, hoverende maktdemonstrasjoner mot folket. Politiet har også en del psykopater, så det er glade dager for sånne som liker å misbruke sin makt.
    Flere av WEFs utsendte medarbeidere utmerker seg sosiopatisk ved vellystig å la folket vite hvor maktesløse de er og at de gjør med oss som de vil uansett om det forårsaker lidelse og død.
    For Macron, Ardern, Baerbock & co sin del må vi gjerne vansmekte. Det forsterker deres selvforherligelse at de er priviligerte i palasset og høyt hevet over det der med likhet for loven. Herskesyke er vanlig. Ernas sleipe smil avslørte henne da hun sa til hyttefolket: «Vi kan spore dere».
    Ekte vare i sprøytene til almuen, kun saltløsning til GAVIs medarbeider, Erna Solberg. Ikke la deg lure av innestemmen og den fleskete innpakningen. Hun vet hva hun gjør.

    Svar
    • Usedvanlig klar-skrevet, spesielt om psykopatene fra WEF (vi har våre egne landsmordere, som er trygt i lomma på de samme globalistiske kjeltringene)…..

      (?) Hvorfor kommer hvert ord med sTOR forbokstav?????????

      Svar
    • Herlig skrevet, e! Nei, de skjuler ikke lenger at de er fullblods psykopater og det sleske onde og ikke minst FEITE smilet til heksa fra Bergen, er noe jeg husker med både kvalme og raseri selv også.

      Jeg lurer på som deg også Petter, hvorfor det kommer stor bokstav ved hvert ord som skrives!?

      Svar
  • «Dei er vagt klare over at Afrika er i ferd med å frigjere seg frå dominansen til den franske regjeringa, »

    😉

    ‘Macron hadde reist til Afrika for å lansere Frankrikes nye Afrika-politikk. Håpet var å kunne starte med ganske blanke ark.
    Frankrike har lenge blitt skulda for at dei aldri gav ordentleg slepp på det frankofone Afrika. At dei styrer i kulissane, og framleis utnyttar Afrikas naturressursar for eiga vinning.
    «Arrogante» og «nykolonialistiske» er ord som er brukt om Frankrike. Og denne kritikken har blitt ekstra skarp dei siste åra. Og det er det nok gode grunnar til.’
    nrk.no/urix/afrika_-vestleg-dobbeltmoral-og-russisk-propaganda-1.16341910

    Svar
  • Northern Light.
    27 mars 2023 14:33

     «På den eine sida ein liten tredel av befolkninga opplever ingen problem og vil at Emmanuel Macron skal la systemet halde fram med å arbeide til deira fordel. På den andre sida er dei over to tredelane som ikkje lenger berre er fiendtlege, men no også deler eit hat».

    Vanligvis så forstås uttrykket 2/3 samfunn med at regimet sørger for at 2/3 av befolkningen er fornøyd, så regimet kan herje med den 1/3 av befolkningen som er arbeidende fattige, og utenfor arbeidslivet på offentlige ordninger, på grunn av alder eller andre årsaker.

    De 2/3 som myndighetene sørger har det bra, blir for de flestes del likegyldige, og vil ikke gripe inn. Hovedstrømpressen som styrer befolkningen sammen med regimet, unnlater å rapportere om elendigheten til de som er en utgiftspost for storkapitalen, og regimene kan fortsette å skuffe pengene oppover i systemet til den økonomiske eliten uten at hele folket protesterer.

    I Frankrike er det annerledes, her lider nå 2/3 av befolkningen under politikken til Macron, palass-vert og den globale storkapitalens mann. Men folket nøyer seg med å gjøre opprør med demonstrasjoner, som regimet tydeligvis kan leve med. Men i 1789 var det flere enn 2/3 som led under aristokratiets tyranni, og folket fant i raseri til slutt frem høygaflene og øksene, og marsjerte mot Paris. Må 4/5 av franskmennene lide før de gjør som sine forfedre i 1789, og gjør væpnet opprør som soldatene slutter seg til, og styrter dagens aristokrati, som er marionetter for den globale storkapitalen?

    Det blir mye å gjøre for et folk som har blitt ført bak lyset av regimer og massemedia i mange tiår. EU-lover har tillatt at utenlandsk kapital har fått kjøpe fransk jordbruksland, og presse ut småbønder. Denne matjorden må gis tilbake til franske bønder, som må få nok jord og få nok betalt så det franske kulturlandskapet kan gjenopprettes, med bønder som leverer maten lokalt til små tettsteder og byer på den franske landsbygda. Og bøndene skal ikke betale mer for innsatsfaktorene diesel, strøm, gjødsel og såkorn enn produksjonspris. De leverer mat til folket.

    Arbeiderklassen må få lønninger som de kan leve av, og infrastrukturen må bli folkets eiendom, så folket ikke skal behøve å betale mer for strøm, vann, avløp og renovasjon enn det det koster å produsere og drifte det. Prisen på drivstoff skal ikke koste mer enn produksjonskostnad og en rimelig avanse. Spekulasjon i boligpriser må bringes til opphør, boligprising og boligutbygging må få en sosial profil. Utdanningssystemet må gjøres gratis for alle, for en maksimal sosial mobilitet, og privatiseringen av det og helsevesenet må stoppes.

    Etter det franske folket har gjort deres forfedre fra 1798 stolte ved å avsette den globale storkapitalens regime, med politikere som representerer det franske folk og lands interesser, melder de Frankrike ut av EU. Folket får tilbake suverenitet og selvråderett over landets ressurser, og stenger den internasjonale finanskapitalen ute ved å gjenopprette Francen. Frankrike går ut av NATO, og oppretter et egen forsvar, ikke det som i dag som er integrert i USAs krigsmaskin.

    Det vil bli svært hyggelig når det franske folket har tatt landet sitt tilbake fra globalistene. Jeg ser frem til å kunne bestille en ferie i Paris igjen. Et Paris som vil se ut som på postkort, et Paris og land med lov og orden gjenopprettet, så en kan sykle mellom fantastiske Louvre, Musée d’Orsay, Sainte-Chapelle, spasere i Montmartre, ta en båttur på Seinen, besøke Champagne. Nyte Frankrikes gastronomiske spesialiteter tilberedt med ingredienser fra den franske landsbygda. nå eiet av franske bønder, ikke av globale agrobusiness-selskaper.

    Måtte den nye franske revolusjonen også smitte over på andre europeiske land, så Europa bryter med Wall Street bankkartellet, og oppretter normale forbindelser med Russland. En europeisk revolusjon som reverserer globalismen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Var den så ufarlig som de sa?

Mange får Tinnitus, svimmelhet, øresmerter, hørselsproblemer og døvhet etter covid-vaksinering.

Forrige innlegg

«Covid-vaksinen»

Sjokkerende kunnskaper etter innsynsbegjæring i Australia

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.