POSTED IN Helse, USA

Lovforslag i USA:

Cubas helsehjelp til fattige land skal defineres som menneskehandel.

0
Print Friendly, PDF & Email

Vi sender denne artikkelen i reprise for å illustrere hvilken meningsløs politikk USA fører overfor enkelte Latin-Amerikanske land. Den forteller at alt de ikke liker kan defineres som forkastelig, f.eks. helsehjelp. Og i sitt eget land, USA, må folk nå betale for kost og losji for å sitte i arresten. Den verden vi kjente er nå snudd på hodet.

Knut Lindtner

Lovforslag om å kalle Cubas internasjonale helsestønadsprogram for «menneskehandel»

av Raul Diego

Raul Diego jobbar i skribentstaben til MintPress og er uavhengig fotojournalist, researcher og dokumentarfilmskapar.

Med reint hykleri og manisk vondskap har dei Republikanske senatorane Marco Rubio, Rick Scott og Ted Cruz slått seg i hop om oppgåva å straffe utviklingsland som ønsker nytte seg av Cuba sitt aktivt deltakande humanitære arbeid.

I det som allereie har blitt ein parodi på eit skrumpande imperiums vane med å klamre seg til leivningane av sine feiltak frå kald-krigstida, har senator Marco Rubio (R-FL) og likesinna krigshungrige reaksjonære i USAs Senat, Rick Scott (R-FL) og Ted Cruz (R-TX) lagt fram eit lovforslag for Senatet som har til hensikt å underminere Cubas internasjonale helsestønadsprogram, som sender ut opplærte helsearbeidarar for å assistere i allmenne helsetenester og krisesituasjonar i meir enn 60 utviklingsland.

Lovforslaget vil, dersom det går igjennom, kreve at USAs utanriksdepartement skal publisere ei liste over nasjonar som inngår avtalar med kubanske styresmakter om medisinske tenester og sjå på det som ein medverkande faktor til å inkludere desse landa i den årlege rapporten sin Trafficking in Persons (TIP) Report (menneskehandel-rapporten); og med det opne døra for fleire økonomiske sanksjonar og andre tiltak mot landa på den lista.

Den panamerikanske helseorganisasjonen er en internasjonal organisasjon som arbeider for bedre folkehelse og levestandard i Amerika. Det ble grunnlagt i desember 1902. Wikipedia. Hovedkvarteret er i Washington.

Eit gruppesøksmål i 2019 mot Pan American Health Organization (PAHO) (med hovudkvarter i Washington DC), der saksøkarane var fire avhopparar blant dei 50 000 kubanske legane som deltok i programmet, hevda at «Mais Medicos»-programmet som den brasilianske regjeringa køyrde mellom 2013 og 2017 var eit «illegalt, arbeidstvangsføretak» som profitterte på dei kubanske helsearbeidarane i hemmeleg samforstand med Castro-regjeringa, som dei anklaga for å ta pengar dei hevda dei sjølve skulle hatt.

Søksmålet vart levert til domstolen Southern District Court avdeling Miami, Florida – ein bastion for anti-Castroisme og Republikansk tilfluktsstad, leidd av generasjonar med eksilkubanarar med rotfesta Kald-krigspolitikk. Ramona Matos Rodriguez, Tatiana Carballo Gomez, Fidel Cruz Rodriguez, og Russela Margarita Rivero Sarabia er saksøkarane som er nemnde med namn i rettsdokumenta, og som skuldar PAHO for menneskehandel og søker full kompensasjon i høve til det som organisasjonen skal ha betalt ut for tenestene deira.

Samanfallande med søksmålsinnleveringa den månaden (september) gjekk offentlege tenestemenn i USA ut og bad «nasjonar slutte å bruke Cubas helsearbeidarar» og kalla helseprogrammet for ei form for «moderne slaveri», etter kunngjeringane til Brazils president Jair Bolsonaro året før, den kvelden han tok presidentsetet, då skjellsorda hans forårsaka at Cuba trakk tilbake frå den sør-amerikanske nasjonen eit tusentals legar som hadde gitt sine tenester til landets mest marginaliserte lokalsamfunn.

Cubanske leger forlater Brasil

Den politiske disputten kan ha enda opp med å koste tusentals brasilianske liv, særleg sidan landet har blitt så hardt råka av Covid-19; det var i går registrert 1 million smitta og 50 000 dødsfall. Cubas styresmakter har utplassert over 1400 legar til å kjempe mot pandemien og har vore eit av dei lysaste håpa for verdas mest stemmelause nasjonar; medan USA rettar sine skyts, i form av skamferande sanksjonar, mot land som kjempar med Covid-19.

Toppen av hykleri

Cuba sitt system med gratis helsestell blir i stor grad finansiert av desse internasjonale helseassistanseprogramma, og gir livsviktig økonomisk stønad til helseforskningsprosjekt i den karibiske nasjonen, noko som har gitt fleire viktige gjennombrott over åra, og landet kan skryte av å ha blant verdas lågaste spedbarnsdødelegheitstal, trass i at dei i fleire tiår har vore offer for embargo som verdas mektigaste økonomi har utsett dei for.

«Kutt profitten til det kubanske regimet»-lova som senatorane Rubio, Scott og Cruz har føreslått, representerer endå eit forsøk på å sabotere Cubas historiske arbeid for sjølvråderett i eit politisk og økonomisk landskap som er dominert av rovdyrskapitalisme. Men det blir spesielt ekstremt når vi tenker på historia til ein av lovforslagsponsorane, tidlegare Florida-guvernør Rick Scott, som administrerte det største tilfellet av Medicare-svindel i USAs historie, då han slusa over 300 millionar dollar over til sin eigen personlege bankkonto.

Trump sin utvalde til å leie Republikanarane sin helsereform påberopte seg femte grunnlovstillegg ikkje mindre enn 75 gongar under vitneforklaringa si i år 2000 [femte grunnlovstillegg handlar om retten til å sleppe å inkriminere seg sjølv under vitneforklaringa, mrk.], sjølv til det enkle spørsmålet om han var «tilsett» eller ikkje. Scott oppnådde forlik med dei føderale styresmaktene før dei følgde opp med straffeskuldingar mot selskapet hans, Columbia/HCA, som til sist resulterte i ei bot på 1,7 milliardar dollar i ei domfelling som involerte investorar og legar som kjøpte eigardelar (representert ved talet på aksjar dei fekk eigarskap til, mrk.) i selskapet og eldre, svindla medborgarar som hadde sett sin lit til sine 380 sjukehus, 200 heimesjukepleiebyrå og 130 kirurgisenter.

Richard Lynn «Rick» Scott er en amerikansk forretningsmann og guvernør i Florida fra 2011 til 2019. Fra 2019 er han senator i USAs senat. Han tjenestegjorde i U.S. Navy før han gikk inn i forretningsverdenen. Han innehar både en grad i bedriftsøkonomi og i juss. Wikipedia

Scott slapp frå det stort sett uskadd, og vart seinare guvernør for Florida, då han trengde bort Republikanar-guvernør Jeb Bush og tok plassen hans i dette ‘transportbandet’ for erkekonservative, reaksjonære Kald-krigs-Republikanarar.

Slutten for dobbeltspelet

Skuldingane som Scott reiste mot Diaz-Canel-regjeringa for å rettferdiggjere det absurde lovforslaget er toppen av hykleri, mildt sagt. «Den ultimate Medicare-tjuven» hevdar at «Cuba brukar koronaviruspandemien til å profittere på bekostning av […] hardtarbeidande legar» og meiner at «alle land som ber om helseassistanse frå Cuba» hjelper og medverkar til menneskehandel.

Ted Cruz, for sin del, kanadiaren som er av kubansk avstamning, sleng seg med i hylekoret av tvetydigheit og projeksjon [psykologisk forsvarsmekanisme der ein tillegg andre sine eigne kjensler, motiv eller eigenskapar, mrk.] ved å måle eit bilete av Cubas genuine arbeid for å presentere eit alternativ til USAs overherredøme for verdas fattigaste nasjonar som «ein taktikk brukt av Raul Castro og Miguel Diaz-Canel for å utøve makt og fylle regjeringspengeskrin.»

Den same dynamikken som blir brukt i Cuba-embargoen, som USA har tvinga på Cuba og nasjonar som gjer forretningar med dei sidan tidleg på 1960-talet, er i spel med lovforslaget som no ligg til avstemning i Senatet. No som makta og påverknadskrafta til verdas einaste supermakt har byrja svekkast, og ein ser at kapitalismen totalt har mislykkast i å stette grunnleggande menneskelege behov som t.d. helsestell, blir den politiske opportunismen og det grove hykleriet i lovforslaga meir og meir openlys.

*

Global Research, 22. juni, 2020

MintPress News 19. juni, 2020

Fritt omsett av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

Originalartikkelen kan lesast (på engelsk) her: https://www.mintpressnews.com/marco-cruz-bill-cuba-medical-missions-human-trafficking-operation/268756/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ord kan brukes til så mangt.

Forvrenge virkeligheten.

Forrige innlegg

Kina månelander og bringer hjem en romsonde:

Den hadde med seg materiale fra baksiden av månen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.