POSTED IN Demokrati, Tyskland

Løser en krisen regjeringen har brakt landet i på denne måten?

I Tyskland vil en forby opposisjonspartier.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Tysk aviskommentator: Forbod mot AfD er ein av dei dummaste ideane nokosinne, men viser kor desperate regjeringa er

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Remix News rapporterer at den tyske regjeringa og NGO-ane deira no vurderer forbod mot partiet Alternative für Deutschland (AfD). Ein kommentator i den populære avisa Die Welt («verda») meiner dette er ein av dei dummaste ideane nokosinne, men viser at den sitjande tyske regjeringa er desperat. Nettstaden skriv (mi omsetjing):

«Medan Tyskland blir råka av deindustrialisering, straffar arbeidarklasse-bønder og står overfor ei veksande budsjettkrise, veks krav om å forby partiet Alternative für Deutschland (AfD) seg stadig sterkare ettersom partiet går til topps i opinionsundersøkingane.

Derimot er ideen so farleg at intellektuelle, politikarar og journalistar over heile det politiske spektrum åtvarar mot slik ei handling, som vil øydeleggje demokratiet for alltid i Tyskland. Ein kommentator, Harald Martenstein, som ofte skriv for avisa Die Welt, utan tvil den mest populære avisa i landet, har akkurat skildra det som ‘ein av dei dummaste ideane nokosinne’.

‘Deindustrialiseringa av Tyskland er undervegs, og dette har ingenting å gjere med globale trendar. Regjeringa ser på sine innbyggjarar som evige gjenstandar for tributt når det gjeld å restrukturere samfunnet. Og det veksande AfD skal stoppast ved å forby partiet – ein av dei dummaste ideane nokosinne,’ skriv Martenstein.

Er det denne typen politikere tyskerne står overfor og som de vil forby?

Seinare i artikkelen hans, med tittelen ‘Ein politisk elite kunne ikkje vist si forakt for befolkninga meir tydeleg’, argumenterer han at bekymringane til tyskarane knytt til klimaendring og innvandring er legitime, og likevel merkjer det politiske etablissementet, ut av ei kjensle av panikk, kvar ein opposisjon som ‘høgreekstrem’ og ‘ekstremistisk’.

‘Krav slik som dei for regulert innvandring eller for ein klimapolitikk som ikkje lèt landet lide økonomiske tap har ingenting å gjere med høgreorientert ekstremisme. Dei er viktige for mange.

Fordi lite eller ingenting skjer (rundt desse problema), ligg AfD på over 30% i aust og ikkje langt under der i vest. Løysinga til dette problemet burde no vere eit forbod mot AfD. Av alle dei politiske ideane eg har opplevd, og eg har levd ganske lenge, er denne ein av dei dummaste.’

Sjølve artikkelen har generert nesten 3500 kommentarar, som sjølv utifrå Die Welt sin målestokk er ei betydeleg mengd. Sjølve publikasjonen blir òg generelt sett på som pro-CDU (kristendemokratisk), og køyrer jamleg kritiske artiklar mot AfD. Likevel seier dei at eit forbod mot eit heilt politisk parti som ein av fire veljarar no seier dei vil stemme på, vil riste Tyskland som eit jordskjelv.

Martenstein rører ved ei rekkje kriser som den sitjande regjeringa no står overfor, inkludert dei nylege bondedemonstrasjonane.

(Sjå òg «Bondedemonstrasjonar fører den tyske regjeringa nærare kollaps», publisert 18. januar 2024.)

‘Det faktum at ein person ikkje enno lever på minimums-eksistensnivå gjer dei tydelegvis automatisk til eit legitimt bytte. Ja, ein kan alltids kutte i subsidiar. Dei er ikkje ein grunnleggjande rett. Det er vilkårlegheita, den ikkje-varsla, plutselege grafsinga i lommene deira som har gjort bøndene spesielt rasande. Der ligg ingen politisk konsept bak fjerninga av diesel-subsidiar, til dømes, ingen idé for framtida,’ skriv han.

For dei utanfor Tyskland oppstår spørsmålet om kvifor den venstreliberale regjeringa har valt seg ut bønder som mål. Svaret, særs tydeleg, er ei overraskande avgjerd av toppdomstolen i landet om at budsjettplanen deira er grunnlovsstridig. Etter rettsavgjerda hadde regjeringa plutseleg 60 milliardar euro [686 milliardar kroner] mindre i budsjettmidlar.

‘Den einaste grunnen for dette tiltaket er regjeringa sitt akuttbehov for pengar. Eit behov som har stige på grunn av eit grunnlovsstridig budsjett (…) på grunn av regjeringa sine feil som bønder no blir forventa å lide for. Der er altfor mange offentlege tenestemenn blant veljarane, og NGO-ar nær regjeringa er for nære regjeringa.’

Martenstein åtvarar deretter at tyske skattebetalarar blir flådde over heile linja, og skriv: ‘Staten ser ikkje lenger på seg sjølv som ein tenestetilbydar. I staden blir befolkninga sett på undersåttar som er evig gjenstandar for regjeringa sine planar om sosial restrukturering. Ei åtvaring til alle lommebøker: Pengane dykkar er ikkje dykkar eigne. De har berre pengar til dei på toppen treng dei til prosjekta sine.’

Han går deretter over til å kritisere det at regjeringa kallar demonstrantar ‘høgreorienterte ekstremistar eller rasistar’, som eit triks han seier har gått føre seg i årevis, men no misser makta til å overtale. Han sa òg at landbruksminister Cem Özdemir kjem med påstandar om at bøndene hadde ei høne å plukke med han fordi hans tyrkisk er absurd, men heile demonstrasjonen vart igangsett av konkrete budsjettkutt og hadde ingenting å gjere med Özdemir sin etniske bakgrunn.

Martenstein skriv i tillegg at medan sysselsetjinga er rekordhøg, består mykje av den av statlege tilsette, medan ryggrada til Tyskland, produksjon, har opplevd eit sysselsetjingsfall frå 8,4 millionar før koronaviruset til 8,1 millionar, med vesentlege kutt venta òg i 2024. Talet gründerar har òg falle dramatisk.

Når det gjeld å sjå på AfD-forbodet som ei løysing på alle desse problema, skriv Martenstein: ‘Der er ingen tydelegare måte for ein politisk elite å seie til befolkninga si: Til helvete med dykk alle og dykkar bekymringar og ønske. Forbodet kunne ikkje ha blitt lovleg innført før dette årets val likevel, men veljarane sin motstandsreaksjon kjem sannsynlegvis til å bli enorm.’»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Martenstein åtvarar deretter at tyske skattebetalarar blir flådde over heile linja, og skriv: ‘Staten ser ikkje lenger på seg sjølv som ein tenestetilbydar. I staden blir befolkninga sett på undersåttar som er evig gjenstandar for regjeringa sine planar om sosial restrukturering. Ei åtvaring til alle lommebøker: Pengane dykkar er ikkje dykkar eigne. De har berre pengar til dei på toppen treng dei til prosjekta sine.’»
    Akkurat som i Norge.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Mye rart vi ikke får vite:

Mislykket Macron-møte med pressen. Franske fremmedlegionærer i Ukraina.

Forrige innlegg

Militæranalytiker etter Davos-møtet:

Det vil ikke bli noen fredssamtaler. Det vil være russisk diktat.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.