POSTED IN Covid-19, Endring av politikken

Lockdown fører til økt dødelighet.

Forsinket diagnostisering gir flere kreftdødsfall.

0

Lockdown og hysteri vil forårsake at 10–20 000 fleire døyr av kreft berre i Storbritannia

Men dei legane som har løna si frå det offentlege, naut godt av betydeleg redusert arbeidsmengd i 18 månadar, så det er ikkje berre gale.

Av Allison Pearson  den 24. september, 2021

Sjølv i desse surrealistiske tidene finst det framleis ting som er heilt utrulege. Ein allmennpraktiserande lege sende meg ein e-post i går kveld for å seie at han hadde snakka med ei hostande kvinne på telefonen. Ho ønska å bestille time så snart som mogleg for å få sjekka ein gjenstridig smerte som hadde bekymra ho. Ho hadde tatt ein hurtigtest, og den var negativ. Legen skulle vere borte frå jobben i dag, så han bad resepsjonisten på kirurgen om å gi kvinna time hos ein kollega. «Sorry, doktor X vil ikkje treffe nokon som har hoste,» kom det til svar.

«Korleis skal legar unngå å treffe folk med hoste om vinteren?» spør legen. «Det er galskap! Det gjer meg eitrande forbanna.»

Førre veke stadfesta ministrane at infeksjonsdødsraten til Covid no er på berre 0,096 prosent. Panikkpandemien bør sanneleg vere over. Det er ei fantastisk nyheit. Eldre og meir sårbare folk kan fylle opp immuniteten sin med ein tilleggsvaksine dei neste månadane, medan alle andre kan gjenoppta liva sine. Legane bør gjenoppta konsultasjonane med pasientane, ansikt til ansikt, noko Royal College of General Practitioners har prøvd å hevde at dei har gjort heile tida, når vi alle veit at dét rett og slett ikkje er sant.

woman in white crew neck t-shirt sitting on gray sofa
Hostende pasienter er til fare for legene nå.

Så gjenstridig har yrkesgruppa vore, så motstandsdyktige overfor folks motløyse og kampanjar i aviser som denne, så utan medynk med pasientar som har lide, og til og med døydd, i mangel på legetime, at statsministeren sjølv måtte sette sine krefter inn. Ein talsmann for Downing Street nr. 10 sa at alle pasientar har rett på å møte legen ansikt til ansikt. Ein kan allereie høyre «Stakkars meg!»-klagene frå British Medical Association.

Vi har utan tvil blitt eit engsteleg folk, sansen vår for proporsjonar har gått av hengslene som eit kompass i Bermuda-triangelet, redslane våre får dagleg nytt drivstoff av ei kringkasting som festar grådig på kvart eit fnugg av dårlege nyhende medan dei ignorerer det store biletet.

Ta til dømes dei skandalereportasjen over helga som talte om at nokre av dei profesjonelle dansarane på Strictly skapte problem då dei nekta å vaksinere seg. Som vi no veit, kan hans eller hennar dobbeltstukne kollegaar framleis få viruset og føre det vidare. Men likevel held vi på det fordervelege skodespelet, der vi latar som at slike folk er spedalske som må frysast ut. Dei einaste vi, med viss rett, kunne kalle uansvarlege, er dei som nektar å ta stikket sjølv om dei er i ei høgrisikogruppe, og dermed risikerer alvorleg sjukdom og sjukehusinnlegging. [Det er deira val å ta].

I mellomtida blir konsekvensane av koronamanien vår skarpare avteikna for kvar dag som går. Ein rapport frå University College London seier at pandemien sannsynlegvis har kosta 10 000 kreftpasientar livet. Ein mangel på naudhenvisningar frå allmennlegar sidan den første nedstenginga er ein hovudfaktor. Forskarane hevdar at tenesteforsøminga sannsynlegvis har resultert i 40 000 forseinka diagnosar. Vi ser allereie dei katastrofale verknadane av forseinkingane. Ein radiograf fortel meg om ei stemning av depresjon og hjelpeløyse i onkologi-avdelinga hennar. «Under normale forhold ville vi ha scanna folk og funne kreft i stadium 1 og 2, for så å rekommandere eit behandlingsopplegg. No ser vi folk som kjem inn med kreft i stadium 4, og det er ikkje mykje som kan gjerast, bortsett ifrå smertelindring. Mange er yngre folk. Det er fortvilande.»

man in white button up shirt holding black tablet computer
Det er svært viktig for behandlingen at kreft diagnostiseres så fort som mulig.

Yngre folk som Jessica Brady. Som 27 år gamal, vakker kvinne med utdanning frå York University byrja ho sist sommar å klage på magesmerter. Trass i at pandemien stort sett var under kontroll då, så vart Jessica gjentatte gongar nekta å treffe ein lege. Utan ei fysisk undersøking eller testing fekk ho via videosamtale på datamaskin diagnosen nyreinfeksjon og resept på antibiotika. Då symptoma hennar forverra seg, fekk Jess, som hadde problem med å navigere i dei byzantiske konsultasjonsprosedyrane, meir antibiotika, steoridar og ein inhalator av fire ulike allmennpraktiserande legar.

Mor hennar, Andrea Brady, fortalde House of Commons sin Helse- og sosialomsorgskomite sist veke at fleire legar ikkje greidde å sette saman bitane i puslespelet før fem månadar seinare. På den tida hadde kreften rasa gjennom kroppen på den unge kvinna som ein skogbrann. Jessica fekk ikkje treffe ein lege ansikt til ansikt før ho til slutt bombarderte det lokale legekontoret med meir enn 20 telefonoppringingar. Då traff ho ein lege som sa ho trengde gastroskopi. Viss den prosedyren hadde skjedd nokre månadar tidlegare, så kunne kreften hennar ha vore halden under kontroll.

«Jess var ein veldig snill og søt person,» minnast mor hennar, «men ho gav den treige reaksjonen til legekontoret skulda for den deine diagnosen… Ho trengde eit møte med lege ansikt til ansikt veldig tidleg, med folk som tok notatar.» Sjølv etter å ha treft ein lege personleg, var det ikkje før ho søkte seg til det private helsevesenet at ha til slutt fekk diagnosen kreft stadium 4 i lungene, beina, ryggmargen og leveren. Tre veker seinare var Jessica Brady død.

dr. Richard Roope

Som respons på Jessica-saka, fortalde dr. Richard Roope, klinisk rådgivar ved Royal College of General Practitioners til parlamentarikarane:

«I allmennpraksis talar vi om lærerike hendingar, og dette er mora til alle lærerike hendingar… vi er der for å hjelpe pasientane våre og la dei få tilgang til den beste behandlinga og diagnosen til rett tid, og eg trur vi kan gjere ting betre enn det som skjedde. Og eg trur den fortellinga vi har høyrt på ein måte er ein manifestasjon av etterspurnad som overgår tilbodet. At alle legar kunne ha gjort meir om vi hadde hatt meir tid, og viss det hadde vore fleire legar så kunne vi ha brukt meir tid på kvar pasient.»

For ein moralsk bankerott, skamlaust ansvarsfråskrivande respons! Korleis vågar dr. Roope og the Royal College skildre døden til ei vidunderleg, ung kvinne som «mora til alle lærerike hendingar». Andrea Brady, den einaste mora av betydning her, veit utmerkt godt at hennar kjære barn mista livet altfor tidleg fordi dei allmennpraktiserande legane tura fram med eit virtuelt prioriteringssystem (Virtual Triage) – som Matt Hancock (helseminister 2018-21) med stor iver fekk masseimplementert i det britiske helsevesenet – som feila i å plukke opp nøkkelsymptom. Det er ikkje, slik dr. Roope skamlaust hevda, eit spørsmål om «etterspurnad som overgår tilbodet». Det er eit spørsmål om allmennpraktiserande legar som før pandemien traff 80 prosent av pasientane sine ansikt til ansikt og no berre 57 prosent. Dei set eigen komfort og tryggleik over helsa til ei dyrebar, ung kvinne.

Altfor mange allmennpraktiserande legar er delaktige i eit pandemisk fenomen som har blitt kalla ERM, Elite Risk Minimisation (risikominimering for elitane). Medan distriktssjukepleiarar, ambulansepersonell, apotekarar, fysioterapeutar og sjukepleiarar i primærhelsetenestene har kjempa på som det stakkars infanteriet, og aldri unngår å treffe pasientar personleg, så har offisersklassen føretrekt å halde trygg avstand. Det er ei haldning som, slik helseminister Sajid Javid sa, var forståeleg ved starten av nedstenginga, då vi hadde med eit ukjent virus å gjere, men som no er totalt uforsvarleg.

Rart korleis private allmennpraktiserande legar greidde å tilby eit rekordhøgt tal ansikt-til-ansikt-konsultasjonar, er det ikkje? Spire, som tar seg betalt 90 pund for ein 30 minutts legetime [mellom 1030 og 1115 norske kroner, ifølge valutakursen under pandemien, mrk.], rapporterer om ein auke på 81 prosent av «sjølv-betalande pasientar» sidan 2019. Ein kan ikkje lytte på eit hjarte over telefonen, som ein privatlege uttrykte det, og å lytte på menneskehjartet er i det store og heile det legevitskapen brukte å handle om. Dessutan virkar ein hundrelapp (‘tusenlapp’) som eit kupp om det plukkar opp kreften din tidleg.

Antallet raske konsultasjoner og andre tiltak for raske intervensjoner har gått ned under Covid-19 tiltakene. Resultatet er forsinkete diagnoser og flere dødsfall.

Eg har blitt fortalt at situasjonen kan vere endå verre enn det University College London føresa. Professor Gordon Wishart, ein av dei leiande kreftspesialistane i Storbritannia, tenker 10 000 ekstra dødsfall er eit veldig lågt estimat. «Eg trur det vil bli nærare 25 000 dødsfall i løpet av dei neste fem åra,» seier han. Professor Wishart viser til artikkelen publisert i Lancet Oncology i fjor. «Forseinka diagnosar i NHS England [National Health Service] vil sannsynlegvis gi ein auke på 10 prosent i talet på døde av kreft i lunger, tarm og bryst over dei komande fem åra. Men vi hadde så endå ein lockdown [der fleire pasientar ikkje har treft legen], og det er framleis forseinkingar i tilgangen til NHS sine screening-tenester og andre kreft-tenester.»

La det synke inn. Manglande tilgang til personleg møte med legen, kopla med ein frykt for å stå fram og legge byrder på NHS, kan vere skuldig i at 25 000 menn, kvinner og barn døyr unødvendig av kreft. Til dette kan du plusse på titals tusen framtidige døde av slag, diabetes og hjartesvikt. Tilbake ved starten av pandemien sa eg at nedstengingane ville kunne ende opp med å ta livet av fleire enn Covid. Eg skulle ønske eg hadde tatt feil.

Fører Koronatiltakene til at flere dør enn de som reddes?

Scenen er no sett for eit slag mellom legane sine fagforeiningar på den eine sida og pasientar og regjeringa på den andre. Vil allmennlegane halde fram med å ignorere brevet frå NHS England, framskaffa av ein Telegraph-kampanje, som ba dei garantere at dei hadde tilbod om ansikt til ansikt-konsultasjonar? Når no Covid-risken minskar for den vaksinerte majoriteten av befolkningen, vil allmennlegane insistere på at dei må vere «trygge», når det betyr at dei tviheld på telefon- og online-konsultasjonar som heilt tydeleg er mindre trygt for dei sjuke som er avhengige av dei?

Eg er einig i at vi treng tusentals fleire allmennpraktiserande legar om vi skal kome på same nivå som andre land. Legane sine lister burde vere mykje kortare for å garantere god omsorgsstandard. Folk hadde vore djupt sympatisk innstilte til saka deira, men tilliten forblør for desse folka som vi ein gong hadde så stor respekt for. Eit alvorleg tilfelle av risikominimering for elitane har ført til eit tap av kjensler i omsorgsyrket som i aukande grad verkar ha omsorg berre for seg sjølv. Ein allmennpraktiserande lege som erklærer at dei ikkje vil treffe ein pasient med hoste, har mista av syne kva det betyr å vere lege. For Guds skuld, skaff deg ein boks med snytepapir og nokre Strepsilar. Legar, gjer dykk sjølve friske!

Kjelde: The Telegraph

Nokolunde fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Mick Haupt



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 121 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Atomdrevne ubåter til Australia vil ha atombomber.

USA går for ny atomopprustning i Asia.

Previous Post

Hva kan det skyldes?

Økende dødstall i Storbritannia.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.