POSTED IN Historie, Virkelighetsforståelse

Litt historierevisjon.

Warszawapakten – et redskap for Sovjets sikkerhet, ikke for ekspansjonisme.

0
Print Friendly, PDF & Email

Warszawapakta – propaganda og realitet

av HELMHOLTZ SMITH 

sonar21, 30. desember 2023

Warszawapakta, slik slik vi kjenner den i Vesten, vart oppretta i 1955 og inkluderte SSSR og ei rekke av nabolanda deira. Vesten beskreiv den som ein fiktiv traktat for land som var underlagt sovjetisk ekspansjonisme. Sovjetunionen beskreiv den som ein frivillig, broderleg union av sosialistar. Men begge er propaganda-utsegner og har lite å gjere med røynda.

Gløym snakket om «sosialistiske brør» og sjå på det frå eit sovjetisk etterkrigsperspektiv. Tyskland – angrip SSSR. Tsjekkoslovakia – den tsjekkiske halva var absorbert av nazi-Tyskland i 1939, og Slovakia -halvdelen var ein alliert av Tyskland, slik også  UngarnRomania og Bulgaria var. (Albania tel eigentleg ikkje, for dei var altfor uavhengige og opprørske under dei anti-stalinistiske Khrustsjov-åra, og melde seg ut i 1968, truleg til Moskvas letnad).

Vestlege land ser Polen som eit av dei store offera for krigen, men Moskva har eit anna syn. Då Russland kollapsa i 1917,  invaderte Polen – gjenskapt i Versailles – Ukraina og Kviterussland, og gjekk djupt inn i dei. Den raude armé slo tilbake, og innan sommaren 1920 hadde dei pressa polakkane ut og rykka fram nesten til Warszawa, der dei vart stoppa. Polen var det første landet som signerte ei ikkje-angrepspakt med Hitlers Tyskland. Polen tok ein bit av Tsjekkoslovakia i 1938. Og til slutt, under dei mislykka britisk-fransk-sovjetiske samtalane i 1939, nekta dei sovjetarane retten til å passere landet for å kome seg til Tyskland.

Ein britisk-fransk-sovjetisk allianse med avtalt tilgang gjennom Polen kunne ha endra Hitlers kalkulasjonar, trur du ikkje?

Jo nærmere historien kommer vår tid, desto mer er den farget av den og desto mer politisk blir den.

Dette manglar i USAs konvensjonelle historiebøker, og Polen blir presentert som eit uskuldig offer for eit Hitler-Stalin-angrep. Men intelligent etterretning må ta med i betraktninga korleis Moskva ser på Polen, og eg meiner at Moskva etter krigen såg på Polen som 1) ein tidlegare og potensiell framtidig fiende, 2) ein Hitler-kollaboratør og 3) eit hinder for den einaste sjansen til å stoppe han. Offer? Ikkje frå Moskvas perspektiv – meir som ein upåliteleg nabo som dei måtte få eit godt, solid grep om.

Når ein tar omsyn til alt dette, korleis ville Moskva sjå på dei landa dei tok kontroll over etter krigen og seinare samla i Warszawapakta? (Aust-) Tyskland – fiende. Polen – tidlegare fiende, upåliteleg; Tsjekkoslovakia – fiende (sorry, Tsjekkia – du er det einaste verkeleg uskuldige i alt dette); Ungarn – fiende: Romania – fiende; Bulgaria – fiende. Moskvas vri på Ismays vidkjende sitat ville vere «vi inne, NATO ute, dei nede».

Warsawa-pakten (1956-1991).

Dei kalla dei sosialistiske brør, men det dei eigentleg meinte var tidlegare fiendar som no er under vår strenge kontroll.

Og når det gjeld den Vestlege linja – at dette var uskuldige «fanga nasjonar» – å sjå dei som dét kravde myykje revisjon. Men sanninga varat tilpassa, og dei vart merka om som uskuldige offer for sovjetisk imperialisme.

Kva har det å gjere med i dag? Vel, no og då blir vi minna på kor mykje som vart halde skjult. Som til dømes ein ståande applaus for ein som kjempa under Andre verdskrig “for ukrainsk uavhengigheit mot russarane“. Mot polakkane og, seier dei. Og mykje meir der det kom frå. Og ikkje berre i Canada.

Oops. Det var eg ikkje meint å hugse.

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hva skjer i Norden?

Er Norden nå underlagt USA?

Previous Post

Tidligere marineoffiser i USA:

Hva er poenget med basene i Norge?

Russland vil aldri komme den veien.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.