POSTED IN Media

Ligger skyhøyt over i seertall.

Tucker Carlson knuser det store mediene.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Tucker Carlson øydelegg dei tradisjonelle media

10. februar, 2024 av Larry Johnson

X-CIA-analytiker

Eg byrjar få dreisen på å lage videoar, men produksjonsverdien er framleis dårleg. Sorry. Uansett ser eg med avsky på angrepa på Tucker frå slike som Hillary Clinton, Jimmy Kimmel og heile MSNBC, men så innsåg eg at eg var vitne til profesjonell sjalusi på steroidar. Eg bestemde meg for å finne sjåartala til desse klovnane og samanlikne dei med talet på sjåarar som Tucker tiltrekte seg. Tala er sjokkerande. Tucker knuste dei. Alle saman.

Her er tala. Først telde eg opp sjåartala for hans Late Night Show.

Ifølge Nielsens rating, fekk spesielt Gutfeld! (https://www.foxnews.com/shows/gutfeld) flest sjåarar førre veke med 2 062 000, med CBSs The Late Show with Stephen Colbert rett bak med 1 984 000 sjåarar. Neste var ABCs Jimmy Kimmel Live! Med 1 625 000 sjåarar og NBCs The Tonight Show with Jimmy Fallon med 1 329 000. Fox News-programmet leia av Greg Gutfeld var også det mest sette programmet innan kabelnyheiter i aldersgruppa 25–54, med imponerande 302 000 sjåarar.

Så valde eg det mest sette programmet på dei tre største kabel-TV-nettverka:

Fox Five: 3071

CNN 733

MSNBC 1315

https://www.adweek.com/tvnewser/friday-feb-2-scoreboard-the-five-closes-out-the-week-as-fox-news-most-watched-show/

Til sist summerte eg opp tala for nyheitsprogramma til dei tre største TV-nettverka:

ABC

8 082 000

CBS 

4 997 000

NBC.

6 746 000

https://www.adweek.com/tvnewser/week-of-jan-29-evening-news-ratings-world-news-tonight-continues-to-top-rivals/

Totalen for alle desse programma til saman er rett under 32 millionar. Hugs på at tilbake i 1968 trekte Walter Cronkite gjennomsnittleg 27 millionar sjåarar berre til si sending. Samanlikn det med tala til Tucker: klokka 9:06 laurdag kveld (eastern standard time) er det 186 millionar visningar. Med andre ord trekk Tucker 6 gongar fleire sjåarar enn ABC, CBS, NBC, Fox News, CNN og MSNBC til saman. Og han bruker ikkje eitt øre på reklame for å trekke tilskodarar.

CNN sine tal er verkeleg patetiske. «Topp-programmet» deira trekte berre 733 000 sjåarar. Tucker slo det talet dei første 30 minutta av intervjuet sitt med Putin. Når ein stoppar opp og tenker på kor mange hundretals millionar dollar som medieselskapa med så få tilskodarar bruker, så må ein berre undrast: «kor lenge kan dette halde fram?»

Ein kan også samanlikne med Super Bowl-kampen mellom Chiefs og Eagles i 2023, som hadde 115 millionar tilskodarar. Tucker har slått den store hendinga med 70 millionar. Dette er eit tydeleg teikn på at dei tradisjonelle media ligg på sotteseng. Gratulerer, Tucker. Du slapp unna akkurat i tide.

Fritt omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/tucker-carlson-destroys-legacy-media/

Heile intervjuet kan sjåast her (før det blir sensurert vekk): https://www.youtube.com/watch?v=fOCWBhuDdDo

Forsidebilde: Deedee Geli

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Takk for det. La msm – det etablerte media dø stille hen. Verdiløst pjatt hele veien. Voksne mennesker sitter og prater tull, og leker idiotiske selskapsleker.? Fullstendig natta. De er ikke interessert i noe som helst, kun sin egen nsvle. De minner meg om orkesteret ombord i «Titanic». Det at folket våkner gjør kanskje at disse pedofile, psykopatene må erfare at ikke en jævla soldat er villig til å krige for dem. Da blir det fred! Men sålenge folk lar seg kjøpe holdes sirkuset i gang. Derfor lager de robot soldater som ikke har integritet, som de kan fjernstyre.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    13 februar 2024 18:23

    Gledelege tal, og heilt fortent!

    NRK held fram med si einøygde sjølvskading i Dagsnytt 18 i dag:

    NATO-«debatt» mellom Roarheim frå Forsvarets høyskole og ein forkledd NATO-oberstløytnant frå Senterpartiet i Dagsnytt 18 i kveld.

    Med innleiar Simen Ekern og programleiar Espen Aas vert summen at 4 av 2 deltakarar er NATO-folk.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    14 februar 2024 12:32

    Våpenagent J. Stoltenberg er godt nøgd med eigen innsats gjennom 10 år:

    «– I dag kan jeg kunngjøre våre ferske tall. Siden investeringsløftet ble gitt i 2014, har europeiske allierte og Canada lagt til mer enn 600 milliarder dollar for forsvar, sier Stoltenberg.» (Nettavisen 14.2.2024)

    Summen er berre eit tillegg til ordinære krigsløyvingar i ein del av NATO. 6000 milliardar kroner.

    Kva vert snittprisen per drepen ukrainar? Eg minner om NATO-lovnaden til Ukraina i 1999 om velstand og tryggleik.

    Svar
  • La mainstream-juntaen holde på . De er gull verd. De eksponerer nå så veldig tydelig hva globalistsvina og deres medløpere holder på med. Det er blitt ren underholdning. Jo lenger de holder på, jo flere motstandere og fiender får de på denne kloden. Snart kan de ikke stikke hode utenfor døra før de har en mobb etter seg. Ja, de er ikke så ofte ute blant folk, men det spiller ingen rolle når snart 8 milliarder mennesker er klar over problemet, hvilket vil si at det alltids er noen i nærheten…

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Sosialdemokratiets fall

Trondheim Ap kan ikke stanse Aps veg mot stupet.

Previous Post

Hemmelige planer finnes ikke for virkelighets-fornektere.

De blir like overrasket hver gang slike planer avsløres?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.