POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Lekkete data fra New Zeeland og USA viser:

Vaksinen var virkelig farlig.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Data from USA og NZ viser at COVID-vaksinane utan tvil har tatt livet av millionar

No er dei endeleg her: US Medicare og New Zealands helsedepartement sine data, som viser vaksineringstidspunkt og dødsdato (leverte av varslarar). Det finst ikkje tvil lenger: vaksinane er utrygge, og dei har tatt livet av omlag 1 person per 1000 dosar i snitt.

Av STEVE KIRSCH 1. DES. 2023

Oppsummering av det vi fann

Vi har analysert vaksine/dødsdata frå New Zealands offisielle medisinske database, levert av ein varslar i New Zealands helsedepartement, med standard tidsserie-kohort-analyse. Resultata var konsistente sjølv etter endring av alle fire uavhengige nøkkelvariablar (observasjonstidsvindauge, tal dagar etter vaksinetaking, alder og dosenummer). Den einaste måten det kan skje på, er viss covid-vaksinane signifikant har auka mortaliteten (dødeligheten, red.) for dei på 60 år og eldre, presis same aldersgruppe som vaksinen skulle hjelpe. Alle fem kausalitetskriteria til Bradford Hill er oppfylte. Utifrå desse dataa kan vi nøyaktig estimere at mRNA-vaksinane generelt førte til prematur død for meir enn 1 person per 1000 dosar i gjennomsnitt for alle dosane.

Dette estimatet blir støtta av covid-død-data frå Medicare i USA, leverte av ein annan varslar. Dataa frå Medicare var sjokkerande: talet på menneske som døydde, steig monotont for dei som fekk stikket i 2021 eller 2022. Varslaren min i USAs helsedepartement, HHS hadde aldri sett noko liknande nokon gong. Det var ei rett, stigande linje gjennom 365 dagar etter at dosen var gitt. Med ein trygg vaksine ville vi ha sett ein nedgang i dødsfalla med mellom 4 og 5% eit år etter stikket. Covid-vaksinane hadde ein auke i mortaliteten på 26%, ein netto-differanse på 30%. Dette gjer at Covid-vaksinane rivaliserer med hjartelidingar om å vere største dødsårsak for dei eldre.

COVID-vaksinane er dei dødelegaste vaksinane vi nokon gong har sett, med kring 13 millionar døde globalt.

Forsiktigheitsprinsippet innan medisin krev at ein vaksine som fører til ein så stor netto auke i total dødelegheit (tal døde uansett dødsårsak), straks skal tilbakekallast globalt med mindre det fins ei meir sannsynleg forklaring basert på desse «gyldige» dataa. Ingen har kome med ei betre forklaring som passar med alle dataa. Faktisk ønsker ingen på den andre sida ein gong å sjå desse dataa: FDA, CDC, Moderna og Pfizer har alle nekta å sjå på dei. Korleis kan dét vere ansvarleg? Det er forkasteleg.

Forskarar kunne ha oppdaga skadane frå desse vaksinane år tidlegare viss nokon blant verdas helsestyresmakter hadde frigitt samanliknelege data, som dei som er frigitt her. Det er forvirrande for oss korfor det medisinske miljøet, som er forplikta til å ikkje skade, ikkje insisterer på å få sjå registrerte data før dei rekommanderer bruk av nokon vaksine til sine pasientar. Det er registrerte data som er nøkkelen til å forstå om ein vaksine er trygg eller ikkje. Dette blir alltid halde skjult for folk.

Skjult frå innsyn?!?!

Kliniske resultat blir aldri betre av å halde folkehelsedata skjult frå offentleg innsyn. Likevel har alle helsemyndigheiter i verda halde desse kritiske sikkerheitsdataa skjulte frå innsyn.

Og så vidt vi veit, var det berre éin instans, Storbritannias statistisk sentralbyrå (UK ONS, Office of National Statistics), som i det heile tatt leverte det mest grunnleggande av data for eit avgrensa tidsspenn. Tidsrekke-analysane deira stadfestar den monotone auken i mortalitet etter kvart gitte stikk. Men medan ONS fekk velge storkvanta, kunne vi analysere data for kvar veke, slik at vi kunne sjå nøyaktig kva som skjedde. Det kan ikkje dei. Og ONS slutta å svare meg då eg bad om å få sjå databaseinformasjonen.

Andre helsestyresmakter har tydelegvis unnlate å analysere sine eigne data for å finne sikkerheits-signala som vi fann i overflod berre minutt etter å ha mottatt dataa. Etter at vi mottok dataa og analyserte dei, kontakta vi fleire helsestyresmakter i USA, i Florida, California, og hos CDC (Centers for Disease Control and Prevention, tilsvarande Folkehelseinstituttet) og FDA (Food and Drugs Administration, tilsvarande Legemiddelverket (og Mattilsynet)). Alle ignorerte førespørselen om å granske dataa eg hadde fått, og dei ville heller ikkje sjå på sine eigne data. Dette er første gong i historia at vaksine-dødsdata på individnivå (record-level data) har blitt gjort offentleg tilgjengeleg. Og vi veit korfor.

I tillegg viste innsynsførespørslar (v.h.a. FOIA-lova) til California Department of Public Health at dei aldri hadde analysert sine eigne data. Der var ingen dokument som viste at dei hadde sett etter sikkerheitssignal. Dei hadde berre rett og slett stolt på CDC, sjølv om CDC ikkje sit på desse dataa, så det er UMOGLEG for CDC å gjere ein skikkeleg sikkerheitsanalyse.

Sikkerheitssignala er avgrensa til dei over 60, rett og slett fordi det ikkje fanst nok data til å stadfeste noko konkret for folk under 60; dataa hadde for mykje støy, for vi fekk berre tilgang til 4 millionar av dei 12 millionane datapostar i New Zealand.

Men sidan vaksinen ikkje gir fordelar i det heile med omsyn til infeksjon, sjukehusinnlegging eller død, så finst det ingen grunn i verda til at nokon skal ta desse vaksinane. Sjå presentasjonen for detaljar.

I ei frisk verd ville ein straks ha sett vaksinane på vent og starta granskingar om korfor ingen helsestyresmakt i verda gjorde nokon grundig kohort-tidsrekke-analyse av dataa som kunne ha avdekka sikkerheitssignala svært tidleg under utrullinga. Er dei alle korrupte? Eller er dei alle inkompetente? Eller begge delar?

Kan Moderna overleve dette? Korfor skulle nokon kjøpe aksjane deira?

Desse resultata har implikasjonar for Moderna-aksjen, då fiaskoen til den underliggande teknologien deira sår alvorleg tvil om deira levedugleik som selskap. Sjølv om regjeringar held fram med å kjøpe produkta deira, viser brotet på offentleg tillit og selskapets uvilligheit til å sjå på dataa på individnivå at selskapet er meir interessert i å tene pengar enn å sikre kundens sikkerheit. Ei «hovudet-i-sanden»-tilnærming til sikkerheit er forkasteleg.

Pfizer er ikkje annleis. Begge selskapa fekk tilbod om å sjå på desse sikkerhetsdataa, men dei avslo. Det same gjorde FDA og CDC. Tilbodet blei gitt av ein respektert journalist i det medisinske nyheitsmiljøet, ikkje av meg.

Kva sa professor Norman Fenton om desse nye dataa?

Ingen bør ta mitt ord for dette. Dette er mine meiningar, baserte på undersøking av dataa.

Alle kan analysere desse dataa. Kom til dine eigne konklusjonar.

Til slutt, her er det den berømte britiske matematikaren professor Norman Fenton sa: «Dette stadfester det vi og såg i dei nyaste ONS-dataa. Uansett den potensielle usikkerheita om dei yngre aldersgruppene, er det no ingen tvil om at vaksinen aukar dødelegheitsraten blant eldre.»

Eg er einig. I aller høgste grad. Eg ville satsa livet mitt på det.

Yale-epidemiologen professor Harvey Risch hadde dette å seie:

«Eg syns du har lagt fram ei veldig sterk sak for at Covid-genetiske vaksinar er assosierte med betydeleg auka dødsratar i 6-12 månadar etter kvar dose. Dette er spesielt overbevisande blant personar over 65 år. Ekjenner ikkjtil nokre faktiske bevis for at den aukapost-vaksine-dødelegheita du har vist har ei anna årsak.«

Omsettinga av det han skreiv, er «vaksinane drep menneske», men forskarar får ikkje lov til å vere så direkte, så dei må kvalifisere alt dei seier.

Slik kom dagens “vitskapsfolk” fram til konklusjonane sine

Var ei masseskyting og alle døydde, så ville ein vitskapsperson ønska å ha ei kontrollgruppe og den fullstendige legejournalen til kvar person (inkludert ei liste over komorbiditets-sjukdommar), og deretter ville han ha gjort ein proporsjonell Cox-risikoanalyse, før han konkluderte med at skyttaren kunne vere årsaka til at alle desse folka døydde. Utan ei kontrollgruppe, ville ikkje vitskapspersonen greie å seie om skytinga faktisk forårsaka dødsfalla.

Ingen anerkjent kvalifiserte vil forsvare vaksinen som trygg

Eg tilbaud meg å delta i ein offentleg debatt med kven som helst som meiner eg tar feil. Til no har ingen vore villige til å gjere det, sjølv om professor Jovo Vogelstein tilbaud seg å prøve for å spele djevelens advokat.

Om du trur vi har tatt feil, har eg eit veddemål til $500K gåande med Saar Wilf i Israel. Eg skulle gjerne auke innsatsen i det veddemålet. Nokon som er interessert?

Enkelte folk vil berre aldri skjøne det

UPenn-professor Jeffrey Morris har hatt dataa ei stund. Han er ikkje einig i analysen vår (som forventa). Men då eg bad han forklare Medicare-dataa der mortaliteten monotont aukar kvar dag i 365 dagar på rad, sa han at han nekta å spekulere. Professor Morris er aldri i stand til å sjå ein vaksine som er usikker. Eg føreslo allslags usikkerheitshypotesar for han, og han sa at ingen av dei var overbevisande. Så i hovudet hans kan ein ikkje seie om ein vaksine er trygg eller ikkje, sjølv om dødsfalla stig til himmels etter at vaksinen er gitt, for der vil alltid vere ein forvirrande variabel som han vil finne. Og han vil alltid insistere på å få tilleggsdata som aldri er tilgjengelege, så han kan argumentere med at alle dataa, uansett kor sterke dei er, ikkje er bra nok.

Nesten halvparten av USA har alrereie funne ut at COVID-vaksinane ikkje er trygge; dei ønsker å saksøke legemiddelselskapa!

Heldigvis skjøner dei fleste det temmeleg raskt. Visste du at 42% av amerikanarane ville vere med på eit gruppesøksmål mot COVID-vax-produsentane dersom dei etter lova kunne det? Det er ein grad av kunde-misnøye verda aldri før har sett. Det var derfor eg shortaModerna-aksjen. Det er ikkje berekraftig forretning. Marknaden vil til slutt finne det ut.

Forsøka deira på å manipulere deg

Nokre vil prøve å overtyde deg om at dataa ikkje er fullstendige, og dermed forvirrande. Det er berre vås. Om det er ein trygg vaksine, kan du utelate 99% av vaksinedataa og likevel få det rette svaret. Dosar betyr ikkje noko; ein trygg vaksine er som ei innsprøyting av saltvatn: den forårsakar ingen skade.

Dei vil ikkje kome unna med tåpelege argument som det med meg. Det er derfor dei ikkje vil diskutere med meg.

*

Fritt omsett av Monica Sortland

Artikkelen er kraftig nedkorta. For presentasjon (der alle grafane/diagramma ligg), video, linkar til data, med meir, logg inn på Kirsch sin substack: https://kirschsubstack.com/p/data-from-us-medicare-and-the-new

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Tormod Wessel-Berg
    5 desember 2023 16:18

    Tragisk at ikke flere finner ut dette. Vaksinen virker som forventet av de som har satt i gang dette. Befolkningsreduksjon samtidig som de tjener masse penger, genialt. Håper sannheten kommer for en dag. Sannheten går treigt i Norge.

    Svar
  • Og propagandaen fortsetter: https://gemini.no/2023/11/derfor-skal-du-vaksinere-deg-selv-om-du-har-hatt-covid/
    I artikkelen sies det bl.a at infeksjonen som oppstår i kroppen ved korona og influensa, kan være skadelig. Det kan godt hende – men ifølge de ekte ekspertene, fører jo nettopp koronavaksinen til en utbredt betennelsesreaksjon i kroppen. Da er det neppe noen god ide å ta den. …

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Den nye formen for fascisme:

Regjeringer, storselskaper og kunstig intelligens (AI)?

Previous Post

Medier, krig og vinkling:

Klassekampen er en pro-israelsk avis.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.