POSTED IN Krig-fred, NATO

Larry Johnson:

USA tviholder på ubrukelige våpensystemer.

5 kommentarer

Det tidligere CIA-analytiker, Larry Johnson, poengterer i denne artikkelen har Andrei Martyanov fremholdt i mange år. Jeg har vært klar over dette lenge og ikke minst etter at jeg leste de tre bøkene til Martyanov: «Loosing military supermacy», «The (real) Revolution in military affairs» og «Disintegration». Også andre som Voltairnet.org har påpekt at vesten av ulike grunner er i ferd med å havne på etterskudd når det gjelder våpenteknologi, men forståelsen av situasjonen både hos politikere og militære har ikke vært på høyden, for å si det mildt. Noen militære innad i Nato må ha skjønt dette, men de har ikke sluppet til.

At befolkningen forøvrig ikke forstår hva som er i ferd med å skje er naturligvis ikke overraskende, tvert imot. Den er flasket opp med Hollywood-versjonen av virkeligheten: «Smarte amerikanere og dumme russere.»

Carrier Strike Group – Wikipedia
Disse er i ferd med å miste sin betydning på grunn av de nye hypersoniske missilene til Russland.

For at verden skal oppfattes korrekt må en sjøl erfare den i praksis. Det er ikke nok å lese om den i bøker. Og det er det vi nå får oppleve i Ukraina-krigen. For befolkningen i Ukraina er det som skjer en katastrofe naturligvis. Men for hele Nato-alliansen er dette en fryktelig form for voksenopplæring. Krigen viser nå for hele verden den våpentekniske overlegenheten til Russland. Missil-systemene deres er i ferd med å overflødiggjøre USAs militære ryggrad, hagarskipsgruppene og flyvåpenet.

Den vestlige befolkningen flaskefores fortsatt av mediene med eventyrfortellinger om Nato styrke, vestens overlegenhet og konfliktene i Kreml som vil føre til at Putin faller. Men krigen i Ukraina viser at dette er langt fra realitetene. Vesten befolkning står overfor en brå oppvåkning.

Knut Lindtner
Redaktør.

Krigen i Ukraina har eksponert svakheita til det amerikanske militæret

Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Eg ville ha elska å kunne ta æra for dei følgjande orda, men dei høyrer til ein ny venn. Ein no pensjonert journalist som hadde ein eksemplarisk karriere. Han nådde ut til meg nyleg og uttrykte at han sette pris på det eg skreiv og oppmuntra meg om å halde fram med det. Du kjenner deg audmjuk når ei legende tek seg tid til å fortelje deg at du gjer ein god jobb.

Eg vil ikkje avsløre namnet hans i denne omgang (med mindre han gjev meg løyve til å avsløre identiteten hans). Men han treffer midt i blinken i sin analyse av kva som har skjedd med det amerikanske militæret. Medan amerikanske politikarar held fram med å insistere, som den vonde dronninga i Snøkvit som stirar inn i den magiske spegelen, at USA er det vakraste av dei alle, er sanninga noko heilt anna:

«1800-tals Storbritannia gjekk nesten hundre år etter Waterloo utan ein større krig (bortsett frå Krim). Militæret deira vart ekspedisjonsstyrke utstasjonert i kortvarige krigar mot ymse Fuzzy Wuzzie [omtrentleg omsetjing «hottentott-krigarar»; oms.an.] utan fyrsteklasses våpen eller til og med god taktisk disiplin. Snarare som USA sidan Vietnam.

Det som Trump kalla «forever wars» [«evigheitskrigar»] (og eg kallar krigar av rein og skjer imperialisme), etter Sovjetunionens fall flytta Pentagon planlegging og operasjonar over til det som hadde vore stebarnet til Forsvarsdepartementet i årevis – ‘spesialoperasjonar’. Spesialoperasjonskommandoen (òg kjent som SOCOM [Special Operations Command]) vart unnfanga og slagdoktrinen vart dominert av Rangers, spesialstyrkar, SEALS, osb og vårt militære arsenal krympa tilsvarande for å støtte lette operasjonar med luftkontroll og total dominans av slagmarka. Krig via XVIII luftborne korps.

Utplassering av våpen i felten vart ein tapt kunstart. Sjølv det å følgje med på luftforsvaret si bukkhopping av russarane og kinesarane, som vi ser et opp Ukraina og NATO sine støttevåpen, vart for mykje bryderi. No eksponerer Russland papirtigeren til USA og NATO si militærmakt når dei «demilitariserer» oss so vel som Ukraina. Vår respons på den enorme nye utfordringa til beregrupper og gammaldagse bemanna bombefly er det idiotiske B21. Vi blir kvelte av fortidige legender, ein arrogant antakelse av framhaldande etterkrigshegemoni, og vi glir mot det å bli ei annanrangs makt.

B21

Den amerikansk staben som planla støtteoperasjonen for Ukraina, kven dei enn er, burde bli skotne. Vi sendte dei feil våpen (i mangel av dei riktige) og sat på sidelinja medan dei gjekk gjennom all lagerhus-støttematerialet vi hadde som ein full tenåring. No kan vi ikkje lenger støtte dei. Og dei balanserer på kanten av nederlag.

Nest etter Napoleon er russarane dei beste artillerimennene i verda. Denne krigen kom alltid til å dreie seg om artilleri til sjuande og sist. Og vi sendte dei via luftleveranse ein elementær M777 haubits for spesialoperasjonar som ikkje var tøff nok for jobben, og som lett vart sett ut av spel på grunn av overdriven bruk, for so å gå tom for ammunisjon.

Vi burde ha sett alt dette kome. Vi skreid ikkje berre fram på arrogant maner utan skikkeleg studium, vi visste at vi var i ein industriell krig og det var eit spel vi ikkje kunne spele lenger. Dette var ein militær katastrofe frå byrjinga. Kvar ein planleggjar med respekt for seg sjølv ville fråråde det. Det ser ut som om Forsvarsdepartementet er skremde no og kjem til å motstå Biden-administrasjonen sitt neocon-press for å «eskalere». Mumlinga om Krim indikerer at administrasjonen byrjar å tenkje på sluttspelet.»

Napoleon satte sin lit til artilleriet.

Eg har hatt æra av å jobbe med det amerikanske militæret sine spesialoperasjonsstyrkar i 37 år. Desse einingane har nokre fabelaktige evner i å utføre gisselredning og raid. Det som gjer dei «spesielle» er utvalsprosessen som dei ymse einingane gjer for å finne kvalifiserte menn (og somme kvinner) til å utføre oppdraga. Trass ferdigheitene og intelligensen deira, kan ikkje desse einingane snu slagets gang i ein krig mot likeverdige. Dei har ikkje magiske evner til å motstå konstant bombardering frå artilleri. Dei kan vere i stand til å halde ut prøvelsane betre enn ein vanleg soldat i hæren eller i marinen, men når dei blir konfrontert av ein fiende som kommanderer lufta og dominerer med artilleri og skjold, er dei i like stor fare for å bli drepne eller såra som den gjennomsnittlege soldat.

Eg trur vi er vitne til slutten på USA sine dagar som verdas politimann. Det amerikanske militæret er ein dyr ekspedisjonsstyrke. Å sende troppar og utstyr til utlandet for å føre krig er eit dyrt føretak. Ikkje berre når det gjeld tapte liv, men det krev, som vi har sett i Afghanistan og Irak, milliardar av dollar som blir brende opp på slagmarker utan å oppnå noko betydeleg politisk utfall som styrkar tryggleiken til USA.

Vi er vitne til ein ny fase i denne realiteten i Ukraina. Amerikanske våpen på slagmarka på Donbas endrar ikkje spelet. Krigen i Ukraina har eksponert svakheita til den logistiske evna til både USA og NATO-medlemmene. Vi har nådd eit punkt der USA sine forsvarsleverandørar berre kan produsere 20 000 artillerigranatar per månad medan Russland fyrer av like mange på éin dag og er i stand til å halde fram med å forsyne troppane sine.

Besettelsen til USA i å produsere svinedyre kamp- og bombefly er sjølvdestruktiv. Vi har nådd punktet i historia der bemanna stridsfly ikkje lenger er levedyktige i luftforsvarssystema som Russland og Kina har sett i verk. Teknologi har brakt oss til det punktet der eit presisjonsstyrt missil kan gjere jobben til eit bombefly eller eit kampfly for berre ein brøkdel av pengane som krevst for å sende ut og vedlikehalde eit bemanna fly.

Det amerikanske militæret forverrar feilen som den amerikanske hæren gjorde då dei gjekk inn i Andre verdskrig:

«Det siste åtaket gjort på hesteryggen av den amerikanske hæren fann stad i 1942, då USA kjempa mot den japanske hæren i Filippinane. Etter det vart kavaleriet erstatta av stridsvogner.»

Tenk på det ein augneblink. Fyrste verdskrig og nyskapingane stridsvogna og maskingeværet gjorde kavaleriet irrelevant for moderne krigføring. Likevel insisterte den amerikanske hæren på å halde på den evna sjølv om den var strategisk og taktisk ubrukeleg. Det amerikanske militæret i dag gjer ein liknande feil – altso at dei tviheld på historiske forsvarssystem som har blitt gjort overflødige av teknologi.

Forsidebilde: Jackson Simmer



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 965 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Henning Nielsen
    13 desember 2022 10:41

    Ja, hvis man ønsker å publisere tvilsom informasjon, så vær så god. At forfatteren trekker frem en kavaleriavdeling på Filippinene i ww2 er bare patetisk, hvis han da tror den amerikanske hæren ikke benyttet stridsvogner i 1942. Han har kanskje aldri hørt om M2 Light Tank-vognen som ble bygget allerede fra 1935, eller de mange mislykkede forsøkene til den amerikanske hæren på 1920-tallet på å utvikle egne gode stridsvogner. Det klarte de til gangs med Medium Tank M3 Lee/ Grant og den mer kjente M4 Sherman, sammen med den lette stridsvognen M3 Stuart. Alle produsert i stort antall og i bruk på slagmarken i 1942 (Nord-Afrika).

    Firbente soldater var ikke å kimse av, heller. I det italienske felttoget i 1943 oppdaget de vestallierte at deres tank-tunge armeer var lite effektive i det fjellendte terrenget i Italia. Det var det franske armekorpset med sine avdelinger særlig fra Marokko som klarte å bryte opp de tyske linjene, ved å bruke esler og muldyr til transport, der ingen lastebil eller stridsvogn kunne nå frem. Italia ble støvsugd for disse pakkdyrene og det ble til og med opprettet egne esel-driver skoler i regi av hæren. Så kan man kalle det primitivt om man vil, men de vant.

    Og Putins årlige tale på denne tiden av året er avlyst, sies det. Det er vel fordi han vinner ustanselig, det.

    Bilde av en M3 Lee i 1942:
    https://tanks-encyclopedia.com/ww2/US/photos/M3_Medium_Fort_Knox_June_1942.jpg

    Svar
    • Gratulerer, du klarte å skrive 1369 tegn og legge ved en lenke uten å komme med et eneste argument mot det artikkelforfatter skriver. Nei det er ikke et argument å kalle det «patetisk». Men den lille historie-oppsummeringen din var litt interessant, viser at det er ikke hva våpen du har men hvordan du bruker det som har noe å si. For eksempel det å komme med hangarskipgrupper mot hypersoniske raketter fungerer dårlig. Russland har også bevist at artilleri fortsatt er kongen på slagmarken, det kverner opp nazistene i Ukraina dag ut og dag inn.

      Svar
  • «Eg trur vi er vitne til slutten på USA sine dagar som verdas politimann. Det amerikanske militæret er ein dyr ekspedisjonsstyrke. Å sende troppar og utstyr til utlandet for å føre krig er eit dyrt føretak. Ikkje berre når det gjeld tapte liv, men det krev, som vi har sett i Afghanistan og Irak, milliardar av dollar som blir brende opp på slagmarker utan å oppnå noko betydeleg politisk utfall som styrkar tryggleiken til USA.»

    Ikke noe rart at Trump måtte bort:

    ‘Våre tropper skal hjem, slår Trump fast.– Det burde ikke være USAs oppgave å erstatte regimer rundt om i verden. Det er dette president Trump erkjente om Irak, at det var den største utenrikspolitiske katastrofen de siste tiårene, …. ‘
    aftenposten.no/verden/i/L0bzmR/Trump-Tyrkia-lover-a-utradere-IS

    ‘Presidenten ville ha 5,7 milliarder doller fra miltitærbudsjettet , men får om lag 1,4 milliarder dollar i stedet. …. til muren som skal hindre ULOVELIG innvandring fra Mexico.’
    dagbladet.no/nyheter/trump-vil-erklaere-unntakstilstand-for-a-bygge-mur-mot-mexico/70770890

    Og norsk media har flittig propagandert Putin som løgner.
    Om løgneren Stoltenberg er det stille.:

    ‘På den årlige sikkerhetskonferansen i München på fredag, gjentok Stoltenberg det sedvanlige oppramsingen av store løgner om Russland — der han helt feilaktig anklaget Russlands lederskap for Trump-regimets uttrekning fra INF-avtalen.
    Det hele dreier seg om å ‘ta av silkehanskene;’ de krigskåte gruppene i USA ønsker ingen begrensinger i utviklingen av våpen, de ønsker kjernefysiske kort- og mellomdistanseraketter utplassert nær grensene mot Russland, Kina og Iran — et enormt farlig våpenkappløp framover, som (naturligvis) øker risikoen for kjernefysisk krig.
    Etter Sovjetunionens kollaps, har USA gjentatte ganger brutt bestemmelsene i INF-avtalen, ved å fortsette med forbudte tester, i tillegg til å øke produksjonen og bruken av ubemannede offensive droner, som faller inn under INFs definisjon av mellomdistanse bakkebaserte krysserraketter. ‘
    midtifleisen.wordpress.com/2019/02/20/natos-stoltenberg-en-pr-talsmann-for-usas-imperium/

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    14 desember 2022 13:09

    Engelsk avis stadfester det alle veit: engelske krigarar deltek i Ukraina:

    https://www.thetimes.co.uk/article/royal-marines-deployed-on-high-risk-covert-operations-in-ukraine-r7b50gv3p

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Er retten til å bruke hijab en kvinnesak?

Er det ikke retten til ikke å bruke hijab som er viktig?

Previous Post

Elon Musk om smittevern-generalen i USA

Fauci løy og folk døde. Saksøk han!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.