POSTED IN Ukraina, Virkelighetsforståelse

Larry Johnson:

En australsk general tar prisen for politisk dumskap.

0
Print Friendly, PDF & Email

Det første spørsmålet en må stille når militære eksperter uttale om krig og fred er hvilket forhold de har til krigsindustrien. Finnes det bindinger av en eller annen sort. Og det er dette spørsmålet en må stille seg når ledende politikere er krigshissige, slik vi har sett med vår utenriksminister Anniken Huitfeldt. At vår vår utdanningsminister, Ola Borten Moe, også hadde økonomsike bindinger til våpenindustrien og dermed mer krig, det forteller bare at dette med krigsaksjer ikke er en enkelthendelse men noe som er utbredt hos vår politiske ledelse.

Hvis vi fortsatt tror at slike mennesker står fritt til å tenke hva de vil tar vi skammelig feil. De befinner seg i store felt med ulike bindinger og noen er viktigere enn andre – ikke minst de økonomiske. Det er slike forhold en må ha i bakhodet når en leser de utrolige uttalelsene til USA-generaler om krigen i Ukraina og i artikkelen fra denne pensjonerte australske generalen.

Hvilke økonomiske bindinger har slike folk til krigsindustrien? Og det gjelder også i Norge. Har våre militære eksperter økonomiske bindinger til krigsindustrien når de opptrer som sannhetsvitner for mer krig og ødeleggelse av Ukraina?

Knut Lindtner
Redaktør

NETT DÅ DU TRUDDE AT PENSJONERTE GENERALAR FRÅ USA VAR DEI STØRSTE BAJASANE, SÅ DUKKA DET OPP EIN AUSTRALSK PENSJONIST SOM TOK KAKA

31. august 2023 av Larry Johnson

L. Johnson, x-CIA-analytiker.

Det har vore hard konkurranse om kven som kan levere den tåpelegaste, mest røyndomsfjerne analysen om korleis krigen mellom Russland og Ukraina går, men den australske eks-generalmajoren Mick Ryan sitt siste stykke i Foreign Affairs kvalifiserer han til ein plass blant dei meir inkompetente lærde «ekspertane». Ver så snill og minn meg på.. kva var den siste krigen som vart vunnen av ein australsk general? Det er ein tragedie at ikkje Ryan audmjukt berre kunne innrømme at «Eg har aldri kjempa i ein slik krig som den i Ukraina, og eg manglar gode bevis som kunne ha støtta optimismen min.»

I staden for velge tittelen «Korleis svin kan flyge i hypersonisk fart», gjekk Ryan for Korleis Ukraina kan vinne ein lang krig. (Takk til ein av mine lesarar frå Australia, Gary, for å ha gjort meg obs på denne absuditeten.) Bevis for Micks spinkle grep om realitetane, presenterer han allereie i første avsnitt:

«Landet (Ukraina) sitt folk, etter å ha kjempa og vunne tre svære offensive kampanjar i 2022, brukar no ei blanding av gamalt sovjetisk og nytt Vestleg utstyr til å utkjempe ein kampanje i sør.»

Eg kunne ha forstått det om ein 24-åring med hovudfag i politisk vitskap som arbeider på Institutt for krigsstudiar hadde skrive noko så absurd, men Mick Ryan var generalmajor, for Guds skuld! Er han verkeleg så avstumpa? Tydelegvis. Han trur at når Ukraina ikkje har greidd å trenge gjennom sjølv den første linja av det russiske forsvaret, så er det berre ein ubetydeleg glipp, og at det har parallellar til Første og Andre verdskrig.

«Til samanlikning hadde dei allierte tapt kampen om Tyrkias austre halvøy, og slaget ved Verdun var enno ikkje starta 18 månadar inn i Første verdskrig. Og etter dei første 18 månadane av Andre verdskrig, var det meste av Europa okkupert av nazistane, Singapore var underlagt Japan, og USA kjempa på Bataan-halvøya på Filippinane.»

Slaget om Stalingrad ble utkjempet under andre verdenskrig, fra 23. august 1942 til 2. februar 1943, om dagens Volgograd i Sør-Russland. Kampen sto mellom Tysklands Wehrmacht (støttet av italienske, ungarske, rumenske og kroatiske styrker), og Den røde armé fra Sovjetunionen (støttet av de vestlige allierte, i hovedsak USA og Storbritannia). Med totale tap (døde, sårede, fanger, og sivile, for begge sider) på nær 2 millioner mennesker, er slaget et av de blodigste i historien. (Fra Wikipedia)

Hei Mick, har du høyrt om slaget ved Moskva eller Stalingrad? Kva med slaget ved Kursk? Desember 1942 stramma Russland løkka om nazistanes 6. armé ved Stalingrad — det var 12 månadar inn i Andre verdskrig [for Russland sin del, mrk.]. Og i månad 20 av den globale storbrannen triumferte sovjetarane over Tyskland ved Kursk (Putin markerte nyleg minnedagen for den sigeren for 80 år sidan). Det er typisk for mange uutdanna militærleiarar i Vesten, og det gjeld også Ryan: dei forstår ikkje den kritisk viktige rolla som Sovjetunionen spelte i påføringa av ruin og nederlag for Tyskland.

Ved starten av Andre verdskrig var militæret til USA verken trent eller utstyrt til å kjempe ein krig med kombinerte våpen på to frontar. Men dei hadde eit massivt industrielt grunnlag, rikeleg med menn til å fylle hæren, marineinfanteriet og krigsflåten, og dessutan var dei verna av to hav som let dei trene millionar av nytt personell utan frykt for angrep utanifrå. Det er ikkje Ukraina i dag. Det industrielle grunnlaget deira er ramponert, talet på menn i kampdyktig alder blir raskt utarma, og ukrainske militærbasar er sårbare for angrep frå russiske missil. Japan sitt angrep på Pearl Harbor, seier den japanske admiralen Yamamoto, vekte ein sovande gigant. Ukrainarane derimot lir av sømnmangel og manglar ly for kvile. Ein kan ikkje vekke eit lik.

Så kva er Magiske Mick si oppskrift for Ukrainas siger?

«Til dét lyt USA og NATO tydeleggjere at det eksplisitte målet deira er at Ukraina skal slå dei russiske styrkane i Ukraina – og å legge lok på Russlands globale narrativ. Deretter lyt dei forsyne Ukraina med standardisert utstyr og høgare individuell og kollektiv trening. Dei lyt gi Kyiv [Kiev, mrk.] meir mineryddingsutstyr og hjelpe dei med å utvikle nye taktikkar for å bryte gjennom det russiske forsvaret. Å gjere det på denne måten, er den beste måten å sikre at Ukrainas kamp for fridom endar med ein klar siger.»

Mick neglisjerte eitt ørlite problem – kor i all verda skal Ukraina finne trent personell til å bruke det utstyret og dei våpena? I 2021 låg folketalet i Ukraina på rundt 40 millionar. Estimata seier at talet no er 27 millionar. Det bryr meg ikkje kor mykje entusiasme dei ukrainske rekruttane har, eller kor sterkt dei ønskar det. God moral kompenserer for mangelen på kapable kroppar, trente menn til å fylle rekkene i raserte ukrainske brigadar. Ryan ignorerer sorglaust denne kritiske faktoren.

Ryan gjer eit nummer av absurde, sjølvmotseiande påstandar. Dette er ein av favorittane mine når det gjeld Ukrainas utsikter til siger:

«Og dei kjempar ikkje lenger mot Wagner-fangar, slik dei gjorde tidlegare på sommaren. Dei russiske troppane rundt Bakhmut [Artemovsk, mrk.] har høgare kvalitet, regulære styrkar, og utarminga av desse vil svekke Russlands framtidige offensiv-alternativ.»

La meg sjå om eg har forstått det rett. Den rufsete gjengen med Wagner-fangar gav Ukraina grisebank i Bakhmut. No står Ukraina overfor «regulære styrkar av høgare kvalitet», og dét betyr at Ukraina sine sjansar for siger er betre? Viss Ryan nokon gong tok eit kurs i kritisk tenkning, så tippar eg han strauk.

Den mest forbløffande av Ryans irrasjonelle utsegner er denne:

«Både ukrainarane og russarane har ressursane og viljen til ein langvarig krig.»

Eg antar Ryan brukar altfor mykje tid på å sjå på Ghost of Kiev-videoar og tru dei er sanne. Ukraina har ikkje ressursane til «ein langvarig krig».Ukraina er totalt, fullstendig avhengig av finansiell og militær hjelp frå Vesten. Utan den hjelpa ville ikkje Ukraina vart ein månad. Kva slags ressursa er det han snakkar om? Russland, derimot, er framleis land nummer ein i verda når det gjeld naturressursar. Dei har raskt mobilisert sin massive forsvarsindustri, som spyr ut jamne forsyningar av artillerigranatar, stridsvogner, droner, missil, køyrety osb. Mick Ryan er ikkje aleine om å tru på myten om at Russland er ein industriell svekling som rotar i søpla etter delar, tar computer-chips frå kasserte vaskemaskiner og kjøleskap.

Denne typen tenkning, om ein kan kalle det dét, er framleis rådande i dei fleste av tankesmiene og det militære etterretningsbyråkratiet i Washington. Det er farleg fordi det aukar sannsynet for at Biden og hans Nasjonale sikkerheits-team kan ta ei forhasta, stupid avgjerd og slynge USA og Europa ut i ein varmkrig med Russland. Vesten ter seg framleis som ein degenerert gambler som har tømt bankkontoen sin, lånar husets pengar til ublu renter og veddar på at han vil få ein Royal Flush. Det er forferdelege odds. Vi kan berre håpe og be om at leiarane i Vesten vaknar opp og innser at dei speler med ei taparhand.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Fra Kurskslaget under 2. verdenskrig

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Folkestyre?

Rettssak eller
politisk mobilisering mot ACER?

Forrige innlegg

Norsk demokrati:

Tror du virkelig at du er viktig ved valg?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.