POSTED IN Militære/våpen/teknologi, USA

Larry Johnson:

Har spyttslikkeri ført han til den militære toppen i USAs væpnete styrker?

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Jau da, USA sin politiske elite er verkeleg så villfaren.

Av Larry Johnson

Larry Johnson er x-CIA-analytiker

Eg er glad eg har lesarar som bur utanfor USA sine grenser, og ikkje kan ta temperaturen på kroppen politikk. Det er eit av mine mål – altså forklare den samfunnsmessige galskapen som er breitt spreidd, særleg innan den etablerte politiske klassen. Eit illustrerande døme: den pensjonerte generalen David Petraeus.

David Patreaus har mye «salat» på brystet. Men hvordan står det til med «salaten» inne hodet hans. Har han deltatt i noen kriger eller er han en skrivebordsgeneral?

Han blir intervjua av Radio Free Europe/Radio Liberty og stadfestar, etter svara hans å dømme, at han enten er ein av dei dummaste mennene med fire stjerner på brystet, eller ein av dei intellektuelt uærlegaste. Kanskje begge delar.

La meg gi deg nokre av  lågpunkta frå intervjuet:

RFE/RL: Kor står vi no i Ukraina-krigen?

David Petraeus: Eg trur vi står nær enden på den russiske vinteroffensiven, som så langt ikkje har nådd måla sine, og som truleg vil kulminere utan å nå dei måla. Og sjølv om [russiske styrkar] til sist tar Bakhmut, så vil det ha kome til ein så høg pris at det vil ha vore ein uklok offensiv.

Og så ventar vi på den forventa ukrainske offensiven på seint i vår/førsommaren, som vil vise fram Vestlege stridsvogner, Vestlege infanterikampkøyretøy, artilleri og eit utval andre system, og den typen trening og avdelingsutvikling som for første gong i denne krigen vil la Ukraina oppnå kombinerte våpen-operasjonar – noko Russland ikkje har gjort, og noko ukrainarane gjorde, til ein viss grad, i Kharkiv-offensiven sist haust.

«Enden på den russiske vinteroffensiven»? David har tydelegvis ikkje skjønt at våren starta for ein månad sidan, og russarane viser ingen teikn til å ville trekke seg. Og kva var dei russiske måla? Eg har 1000 dollar til den som greier å vise meg ei liste over russiske mål for «vinteroffensiven». Dei einaste måla eg har sett i media, er demilitarisering, de-nazifisering og å få slutt på artilleriangrepa på Donbas. Og russarane har aldri spesifisert noka tidslinje. Med andre ord: Petraeus driv med stråmannsargumentasjon.

Så har vi tvangsførestillinga om Ukrainas nært føreståande motoffensiv. Eg veit ikkje om ein einaste vellykka militærkampanje nokon gong i historia som vart starta med gjentatte offentlege proklamasjonar om ein «nært føreståande motoffensiv». Den typen ubegripeleg brot med militærdoktrinen får tene som ei påminning om kor mislykka David Petraeus var som militærkommandant og som CIA-direktør.

Og kva med dei «Vestlege stridsvognene» som skal vende krigen? General David vil kanskje revurdere spådommane sine etter framsyninga av «evnene» til eit par ukrainske tank-førarar denne veka, på ein treningsbase i Polen: 

Ein Leopard 2A4 overført til Ukrainas væpna styrkar (AFU)køyrde under trening i Polen inn i ei anna stridsvogn og reiv av kanontårnet på den.

Whoops! Ei stridsvogn mindre til den offensiven.

Petraeus held fram:

Så det er der vi er. Vi fullførte eit år der Russlands tapte slaget om Kiev, tapte slaget om Kharkiv, tapte slaga om Sumy, Tsjernihiv og Kherson, og dei har ikkje oppnådd vintermåla sine. Og no vil [dei] bli møtte med ein vår- og sommaroffensiv frå nye ukrainske styrkar som er under opptrening og blir utrusta i Tyskland, Polen, Storbritannia og Ukraina, som eg trur vil oppnå det Ukraina set seg føre å gjere.

La oss ein augeblink ignorere at Russland gjorde taktiske retrettar og ikkje engasjerte seg i nokre av dei såkalla slaga som Petraeus ramsar opp. Han utelet den kjensgjerninga at Russland igjen og igjen har slått Ukraina i republikkane Lugansk og Donetsk og forårsaka massive tap for Ukraina i prosessen. Kva med Mariupol? Ikkje berre slo russarane godt forskansa ukrainske styrkar, men dei bygg no og opp att byen i raskt tempo.

RFE/RL: Kva trur du skulle vere målet for ein slik ukrainsk motoffensiv?

Petraeus: Eg trur det vil bli todelt. Eit vil vere å sikre at russarane ikkje greier å forsterke eller sende nye forsyningar til Krim via den søraustre delen av Ukraina — så å kutte den bakkekommunikasjonslinja dei skaffa seg med offensiven sin sist vår og sommar. Og deretter, det andre, å framkalle oppsmuldringa, kanskje til og med kollaps, av russiske styrkar i eit breitt område av sørlege Ukraina, etterkvart som dei frigjer meir av det ukrainske territoriet som russarane tok i fjor.

General Dave har tydelegvis ikkje tatt seg tida til å lese grundig igjennom dei lekka US-amerikanske militære debrifingsdokumenta som rapporterer om den fullstendige øydelegginga av Ukrainas luftvernsystem innan midten av mai. Han ignorerer også teikna på at dette stemmer, ettersom russarane trappar opp talet på enkelttokt med fly som leverer monster-glidebomber. Og så er det den kjensgjerninga at Russland dei siste åtte månadane har vore opptatte med å bygge opp sterke forsvarsstillingar, stappfulle med «dragetenner», minefelt og artilleri retta mot innfartsårer.

RFE/RL: La meg spørje deg nærare bestemt om Bakhmut. Leiaren forU.S. Joint Chiefs of General Staff, general Mark Milley, sa nyleg atukrainarane har gjort byen om til eit slaktehus av russarar, at dei får rundjuling der. Kan dette ha vore den ukrainske planen heile tida, å bruke såkalla flaskehalstaktikk og tynne ut i rekkene av russiske soldatar? 

Petraeus: Eg veit ikkje om det var heile tida, men det har tydelegvis blitt det over tid. I starten trur eg at sjølv ukrainarane vil ha observert at Bakhmut ikkje har noka reell, sann geografisk betydning; det er ikkje noko stort knutepunkt for tog eller vegar på den måten visse andre plassar er. Men eg trur dei etterkvart forstod verdien av å forsvare eit urbant område mot ein styrke som svært uprofesjonelt berre kasta soldatar inn i denne spesielle heksegryta og let desse soldatane – som general Milley uttrykte det – få bank. Tapa har vore slåande, medan vinsten berre har vore minimal og utruleg dyr. Og eg trur at med tida også president [Volodymyr] Zelenskiy klart byrja innsjå behovet for å ikkje gi russarane noko dei kunne framstille som ein siger eller som at russiske styrkar nådde måla dei sette for seg sjølve.

The Twilight Zone er en amerikansk science fiction-skrekkantologi-TV-serie… (Wikipedia)

Velkomen til twilight zone. Mine utlandske lesarar lyt forstå at Petraeus genuint trur på dette våset, sjølv om offisielle mediereportasjar tydeleg viser at Russland ikkje lir massive tap og ikkje angrip i menneskebølger. Størstedelen av kampane blir gjort av Wagner-gruppa, og dei brukar taktikk som minimerer eigne tap medan dei gjer ukrainske stillingar om til likhus. No rapporterer til og med ukrainske kjelder om at dei ukrainske styrkane har blitt pressa ut av 90% av Bakhmut, og russarane øydelegg gladeleg avdelingar og utstyr som prøver å forsterke desse kringsette uki-soldatane. 

Toppen av forvirring hos general David blir avslørt i denne «analyse»-biten:

Men det ukrainarane vil gjere i den komande offensiven, det kjem til å bli heilt noko anna. Det vil bli kombinerte våpenoperasjonar, noko russarane aldri greidde, ikkje ein gong i starten, trass i at dei hadde hatt månadar med utplassering i Belarus (Kviterussland) og i Russland på Ukrainas grenser, då dei kunne ha trent for denne typen oppgåver. Det er ein slåande tabbe, etter mitt syn. Viss du hadde gitt meg, som kommandant, månadar på å trene til ein invasjon, så trur eg eg ville ha gjort ein god del betre jobb.

Eg har to ord til general Dave — Irak, Afghanistan. Kva slags store sigrar vann han i dei to teatra? Svaret er ingen. Og han var ikkje konfrontert med skyttergravsstyrkar med artilleri og HIMARS, og tanks, og han greidde ikkje å slå geriljastyrkar væpna med rifler og ein og annan bombekastar. Han har aldri hatt kommando i nokon kamp mot styrkar som brukar kombinerte våpen. Dette er berre nok eit døme på hans arroganse og manglande evne til kritisk tenkning.

Eg er ikkje sjokkert over grunnheita og ignoransen til Petraeus. Det var dei kvalitetane som let han tene seg fire stjerner via sin dyktige praksis innan kunstarten spyttsleikeri. Og eg reknar med at somme av protesjéane hans, som er utrusta med same grad inkompetanse, sit i kommandoposisjonar klare for å føre US-amerikanske styrkar ut i katastrofen.

Eg trur ikkje at Petraeus er engasjert i nokon psy-op designa for å lulle russarane inn i sjølvtilfredsheit. Men russiske militæranalytikarar må vel klø seg i hovuda over general Dave sine komplette feilframstillingar av kva som har skjedd i Ukraina sidan februar 2022 og spørje seg «Er dei amerikanske generalane verkeleg så dumme?» Eg veit ikkje om det gjeld alle USAs generalar, men når det gjeld David Petraeus, er svaret eit ljomande JA!

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    21 april 2023 20:28

    Eitt av argumenta mot å senda norske våpen til Kiev-styret er at me har ein lang tradisjon i Noreg for å ikkje senda våpen til område i krig. Standpunktet mot våpensending er rett. Argumentet er ubrukeleg:

    I Noreg har me ein lang tradisjon for våpensending, men vanlegvis hjelper me angriparen med våpen, slik me gjorde i Libya og Afghanistan til dømes. Elles har me oftast avgrensa oss til verbal og humanitær støtte.

    Etter norsk tradisjon skulle me difor eigentleg ha sendt våpen til Russland etter 24.2.2022.

    Svar
    • Ja, T.S.
      Men norsk tradisjon, blant politikere og media, ser ut til å være ( ha blitt) løgn og forvridd tullball.
      Det kunne bare vært latterlig.
      – Hvis det også ikke hadde vært så trist.

      ‘Sprer falske nyheter om Stoltenberg: – Viktig å selge inn Nato som hovedfiende.
      Onsdag gikk en statseid russisk kanal hardt ut mot Nato-sjef Jens Stoltenberg. Stoltenberg ble blant annet kalt en antirussisk hauk.
      – De forsøker å gi et bilde av at Jens Stoltenberg er «svak». Dette er desinformasjon som den russiske stat gir sin egen befolkning og den ukrainske befolkningen som følger med på russiske sendinger, ‘
      nrk.no/urix/sprer-falske-nyheter-om-stoltenberg_-_-viktig-a-selge-inn-nato-som-hovedfiende-1.16381306

      At det går an, både for norsk media og Stoltenberg, å være så lite selvransakende og ha så lite selvinnsikt! Og så mye dobbeltmoral!
      For vi har vel ikke fått dusinvis av artikler i det siste i Nrk. og media generelt i Norge, om Putins svakhet, galskap, manglende støtte, og ‘Hitler-likhet’ ? 😉

      Svar
      • Torfinn Slettebø
        23 april 2023 11:06

        Bra at du ristar litt i NRK. Når Nato-mediet NRK gjer seg til domar i spørsmålet om falske nyhende, lever me i endetidene.

        Kampanjen NRK køyrer i desse dagar mot russisk etterretning i Noreg og Norden, kunne like godt vore laga i Nato-hovudkvarteret.

        Når me har lagt landet vårt ope for USA si etterretning, flystyrkar og spesialsoldatar, bed me samstundes om auka russisk etterretning. Det ser ut til å vera uforståeleg for norske nato-journalistar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Uavgjort i Ukraina?

Eller tømmer landet resten av kreftene i et desperat motangrep?

Forrige innlegg

Alle skal mene det samme som oss

Avvikende meninger må stoppes

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.