POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Larry Johnson:

En ukrainsk motoffensiv vil bli en katastrofe for Ukraina.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ukraina sin lovde motoffensiv er dømt til dundrande nederlag

Av Larry Johnson, henta frå Sonar21.som. Omsett av og henta frå saksyndig.

Larry Johnson er x-CIA-analytiker

For kvar dag som går blir den ukrainske hæren maltraktert og desimert i Bakhmut. For å bruke ein kinometafor, er dette eit frampeik mot den komande attraksjonen, der Ukraina står overfor intenst press for å lansere ein motoffensiv som vil drive russarane ut av Ukraina. Det kjem ikkje til å skje, folkens.

Ta ein titt på denne videoen. Ja, det er berre éi isolert, anekdotisk forteljing om slaktinga i Bakhmut, men den er sannferdig og målar eit nifst bilete av den desperate tilstanden til ukrainske styrkar i det slaget.

Sjølv om Ukraina er i stand til å hoste opp soldatar og køyretøy som går forbi noko av det russarane har installert ved frontlinjene i Donbass (ein tvilsam antakelse), manglar dei framleis artilleriet, luftstøtta, logistikk og ammunisjon til å stå imot slikt eit åtak.

Korleis veit eg dette? Svært enkelt. Berre sjå på korleis Ukraina for tida gjer det i Bakhmut, Ugledar og Avdevka. I kvart tilfelle trekkjer ukrainske styrkar seg tilbake, om enn sakte, heller enn å kjempe mot den russiske offensiven. Dette biletet (henta frå liveuamap.com, ei pro-ukrainsk nettside) viser den uhyggjelege situasjonen som dei ukrainske soldatane konfronterer.

Ukraina, som i teorien burde ha ein fordel i å kjempe frå defensive posisjonar, har mislykkast i å stanse den langsame, men jamne avanseringa av russiske soldatar langs heile kontaktlinja. I staden for å gå til åtak og øydeleggje russiske kommunikasjonslinjer som forsyner dei russiske styrkane, fyrer Ukraina av artilleri og HIMARS-missil mot sivile mål. Desse åtaka gjer ingenting for å svekkje den taktiske og strategiske situasjonen til Russland.

Dei sju blå sirklane på kartet viser stader der flyalarmar om luftåtak lyder 25.april. Dette tydar at russarane treffer desse stadene med fastvenge-fly som leverer 500 kilo glidebomber og eksplosiv-lasta dronar. Effekten er øydeleggjande for ukrainarane på mottakssida.

Desse åtaka bekreftar òg vurderinga som er å finne i eit av dei lekne dokumenta frå amerikansk etterretning at Ukraina sitt luftforsvarssystem (ADS) har blitt øydelagt, og at Ukraina manglar eit lagdelt ADS til å forsvare seg mot russiske åtak. Russiske militærkjelder hevdar at dei påfører eit snitt på 500 døde på dei ukrainske troppane. Med andre ord har ukrainarane dei siste 60 dagane lidd minst 30 000 drepne langs den 950 kilometer lange fronten. Ukraina har ikkje eit ubegrensa forråd av soldatar.

Inga mengd godsnakk i Washington eller i hovudstadene til andre NATO-land endrar den dystre taktiske situasjonen som konfronterer Ukraina. Dersom du ser på endringane på liveuamap i løpet av dei siste seks månadene, er det Russland, ikkje Ukraina, som nådelaust og ustanseleg går til åtak langs heile kontaktlinja. Russland utfører ein brutal utmattingskrig og Ukraina sender viljug uerstattelege styrkar inn i øydeleggingsgapet. Korleis skal Ukraina kunne setje i stand ein truverdig motoffensiv utan tilstrekkjeleg luftstøtte, med eit utmatta luftforsvarssystem, ein svekt stridsvognstyrke, mangel på artilleri og missil som ikkje raskt kan erstattast, og eit kaotisk logistikksystem som ikkje greier å halde frontlinjetroppar fullt ut forsynt med ammunisjon, drivstoff og mat?

Det Ukraina har å sjå fram til blir gjort endå dystrare av innsjåinga av at Russland, i løpet av dei siste seks månadene, har bygt lagdelte forsvarssystem langs sannsynlege åtakskorridorar, intensivert bruken sin av fast-venge luftåtak på ukrainske mobiliseringsposisjonar, og halde massive opptrena reservar vekke frå frontlinjene. Russland oppfører seg ikkje som eit nummer 1-frø med altfor stor sjølvtillit i NCAA basketballturneringa. Den russiske generalstaben innser at dei er i ein eksistensiell kamp mot NATO, og tek ikkje del i ei altfor tidleg feiring av siger. Russland er førebudd på ein langdryg affære. Det er derimot ikkje Ukraina.

Leiarane i Kiev oppfører seg som bederva narkomane, totalt avhengige av godviljen til Vesten, som sender dei pengar og våpen. Men der er eit problem. USA og NATO har tømt sine lager av våpen og ammunisjon og har ikkje den industrielle basen på plass for å raskt produsere erstatningar. Ukrainsk tru på siger er ikkje noka erstatning for ein fullforsynt og trena hær. Mangel på forsyningar og rårekruttar med minimal grunnleggjande trening er ei oppskrift på katastrofe.

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 031 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    29 april 2023 9:21

    Skulle Vesten likevel ha forhandla oppriktig med Russland før 24.02.2022?

    Vel, Nato-utviding er viktigare enn liv og helse for ukainarar.

    Svar
  • Ukraina har mot alles forventing holdt stand og til og med tatt tilbake et stort område. MEN for at Ukraina faktisk skal vinne og driver Russerne ut av de okkuperte områdene inkludert Krim så må de har MYE mer våpen og støtte enn de har fått hittil. De vil kansje til og med trenge direkte støtte med soltater i tilleg til mye mer utstyr for å faktisk kunne vinne denne krigen, ellers ender det opp i bare evig krig som hverken Russland eller Ukraina kan «vinne»…

    Men jeg fryktet at det er NETTOP evig krig de som har makten i verden ønsker, de vill ikke at Ukraina skal vinne, de ønsker bare at krigen skal vare evig om mulig og svekke Russland mest mulig. Kort sagt Ukraina blir ofret for å ramme Russland…

    Svar
    • Mener du i fullt alvor at Krim, med en befolkning av godt over 90% russere, og resten tartarer, som var en del av Russland helt til en kommunistisk diktator i Sovjetsamveldet, født i Ukraina, i 1953 lovet å gi Krim til Ukraina dersom det ukrainske kommunistpartiet ville stemme på ham i valget av ny diktator etter Stalins død, skal leveres tilbake til Ukraina, noe som vil være totalt mot befolkningens vilje?

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Statens Legemiddelverk har gitt opp. Klarer ikke følge opp rapporterte bivirkninger.

20% av alle akuttinnleggelser skyldes bivirkninger

Previous Post

MSM åpner nå forsiktig opp:

NBC blant andre advarer om alvorlige bivirkninger av «vaksinen»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.