POSTED IN Norge

Kriselova:

Skal den få oss inn i EU?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Kva vil regjeringa Solberg bruke utvida fullmakter til?

av Gunnar Sortland

Fleire juristar har vore på banen i det siste og åtvara mot å gi regjeringa unntakslover. Mange av dei har kalla det fullstendig galskap. Mange har og peika på at allereie eksisterande lover er meir enn gode nok til å handskast med korona-situasjonen.

Eg kjenner heller ikkje til at andre lands regjeringar har bedt om slike fullmakter. Så det kan tenkjast at det ligg ein annan agenda bak kriselova.

I skrivande stund, 22. mars, har kun 7 personar døydd av viruset her til lands. Når vi veit at det døyr ca 1000 personar kvart år av andre influensavirus, må ein lure på kvifor alle desse strenge tiltaka som avgrensar fridommen åt folk er sette i verk.

Her marsjerer kinesere på geledd.

Her får ein ein heil nasjon til å gå i takt, og den som bryt påboda kan straffast med harde bøter og sågar fengselsstraff. Hyttefolket er blitt truga med Heimevernet.

Er det Agenda 2030 som skal gjennomførast med hard hand? Rasering av norsk jordbruk og utbygging av vindindustri i stor stil. Dette er det norske folket sterkt imot, då det gir multimilliardærane store fordelar på bekostning av folk flest.

Men den våte draumen til politikarane og delar av næringslivet, å få Noreg inn i EU, er vanskeleg å få til med normale prosessar. Når oljefondet skrumpar faretrugande fort inn – frå 10 000 milliardar kroner til 8 000 – og krona søkk som ein stein, er det svært mykje enklare å gjere eit hastevedtak om at Noreg må inn i EU før landet vert lagt økonomisk aude. Dette trur eg er formålet med kriselova, for ei ny folkeavstemning er utelukka for Solberg (og sikkert toppane i AP og FrP), då folk røystar med hjartet og ikkje skjønar dei økonomiske konsekvensane, i følge Erna.

Folket kan vanskeleg organisere motstand mot dette, då politiske møte vil vere uråd å gjennomføre grunna koronavirustiltaka som set grenser for kor mange som kan kome saman.

Eg tippar at før året er omme, så er Noreg fullverdig medlem av EU.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Bruk av anonymiserte lokasjonsdata fra mobiltelefoner er høyaktuelt i arbeidet med å takle spredning av koronaviruset. Sporing og analyse av folks bevegelsesmønstre åpner for bedre forståelse av hvordan smitten sprer seg, å forutse spredning, samt innsikt om folk praktiserer sosial distansering.

    Mobildata blir per i dag likevel ikke brukt til å spore reell spredning av koronaviruset, så vidt han vet.
    Fordi da må du ha identifisert smitte på individnivå og lenket det opp til simkortet ditt. Den muligheten finnes selvfølgelig, men vi gjør ikke det i dag.
    – Ja da. Vi kan se hvor mange som er der til forskjellige tider, hvor de kom fra og hvor de reiste videre. Det er dette som er kult med teknologien vår. Vi ser både hvor de kom fra og hvor de dro videre etterpå » ! !
    https://www.digi.no/artikler/slik-vil-de-spore-mobiltelefonene-vare-under-korona-krisa/488305?key=PuvfwWbm

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Cuba:

En stormakt innen helse. Hjepetitak i mange land, nå også Italia.

Forrige innlegg

Ron Paul i USAs kongress:

Er Korona-trusselen en stor bløff?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.