POSTED IN NATO, Ukraina

Krise i Tyskland og i Nato:

Det lekkete lydsporet avslører både britiske og USA-styrker i Ukraina.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Er NATO og Israel i ferd med å ta sjølvmord?

av Larry Johnson 3. mars, 2024

Det er eit legitimt spørsmål. Ikkje berre klikk-åte. Eg diskuterer desse spørsmåla med Nima. (Se video under):

La oss starte med panikken og furoren som rystar NATO. Fredagens publisering av den avlytta samtalen mellom fire tyske [Bundeswehr-]offiserar som diskuterte planar om å angripe Russland, har tend ein eldstorm i Europa, særleg i Tyskland. Ein av mine tyske kontaktar sende meg følgande melding:

Dette emnet gjekk viralt i Tyskland. Heile landet er rysta av desse lekkasjane. Scholz har fullstendig panikk … og Pistorius avviser alt plent … han påstår at ingen veit kor generalane var på det tidspunktet telefonsamtalen vart tatt opp.

Dette er openlyst løgn. Lydsporet avslører tydeleg at ein av dei var på tur i Singapore. Alle fire verka vere på hotellrom då samtalen vart spelt inn.

Scholz har panikk og skrik etter gransking, for i verste fall (for han) kan opposisjonen få han sparka ut med eit mistillitsvotum. I dette tilfellet ville dei fått nok stemmer til å få simpel majoritet frå hans eige parti (SPD) og dei andre koalisjonspartia.

Dette er den verste publisiteten Tyskland kunne ha fått, for no blir det tydeleg at vi har ei regjering som er villig til å øydelegge Tyskland for å gjere Washington til lags.

Biden og dei ny-konservative hatar ikkje berre russarane; dei hatar og tyskarane.

Eg vil verkeleg forvisse meg om at folket i USA får vite om dette komplottet. Om denne vitløysa held fram, vil Tyskland bli styrt av AFD med absolutt majoritet.

Eg vil at TCN skal bringe dette emnet til folket i USA og audmjuke den sittande tyske regjeringa framfor auga på heile helv* verda … og eg vil at TC skal avsløre kva Washington gjer med Tyskland.

Den avlytta samtalen gir ikkje rom for tvil om at fleire NATO-statar intervenerer direkte i Ukraina og utfører militære operasjonar mot Russland. Dette er å leike med elden. Her er nokre utvalde sitat frå transkripsjonen av samtalen:

Gerhartz: Bra. Vi må verifisere informasjonen. Som de allereie har høyrd, har forsvarsminister Pistorius tenkt å nøye overvege spørsmålet om å forsyne Ukraina med Taurus-missil. Vi har eit møte med han. Alt må diskuterast, slik at vi kan byrje arbeidet med denne saka. Så langt kan eg ikkje sjå at det er indikert noko starttidspunkt for desse leveransane.

Denne samtalen fann stad i veka rundt 20. februar. Dette er ei innrømming av at Tyskland vurderer å levere Taurus-missil. Med denne lekkasjen, viser det seg at den avgjerda vil bli granska særs nøye.

Gerhartz:.. [Når det til dømes gjeld overdragingsmetode:] Eg veit korleis britane gjer det. Dei transporterer dei alltid med Ridgback-panservogner. Dei har fleire folk på staden. Franskmennene gjer ikkje dét. Dei leverer Q7 [* sjå merknad] med SCALP til Ukraina.

General Gerhartz innrømmer at britane har militært personell til stades på bakken som assisterer ukrainarane i å utføre angrep på Russland. Whoops!

Gref: Dersom kanslaren seier at no skal vi levere [missil], så kjem det frå Bundeswehr: ‘Flott, men dei vil først vere klare til innsats om åtte månadar.’ For det andre kan vi ikkje korte ned på tida. For då kan det oppstå feilbruk; raketten kan falle ned på ein barnehage og det blir sivile offer. Her må ein finne balansepunktet.

Gref sitt bidrag til diskusjonen er ei innsprøyting av den harde realiteten at sjølv om det hadde blitt tatt ei avgjerd om å levere Taurus-missil den 1. mars, så ville det tatt åtte månadar før dei var klare for bruk, og at Tyskland må vere førebudd på å ta konsekvensane dersom desse missila skulle drepe russiske sivile.

Gref: Viss den føderale kanslaren tar avgjerda om å gjere det, så må ein forstå at berre produksjonen av skjefte vil ta seks månadar. For det tredje, teoretisk, spørsmålet om læring kan vere eit problem. Eg har allereie sagt at vi samarbeider med ein rakettprodusent. Dei lærer bort korleis ein skal vedlikehalde desse systema, og vi underviser i taktisk bruk. Det tar tre til fire månadar. Denne delen av treninga kan føregå i Tyskland.

Gref minner igjen kollegaane sine om at det er ei lang logistisk tidslinje involvert i produksjonen av «skjefte» og leveringa av fungerande system. Her er den harde sanninga – Ukraina har ikkje den luksusen at dei kan vente i seks månadar.

Fenske: La meg dvele litt ved problemet trening. Vi har allereie studert denne saka, og om vi har med personell å gjere som allereie har den adekvate opplæringa og vil ta opplæring parallelt, så vil det først ta rundt tre veker å studere teknikken, og først då kan dei byrje treninga direkte i luftstyrken, som vil vare i rundt fire veker. Altså er det mykje mindre enn 12 veker. Alt dette avhenger sjølvsagt av at staben har dei passande kvalifikasjonane, at opplæringa kan skje utan å ty til tolkar, og eit par ting til. Vi har allereie snakka med frk. Friedberger. Viss vi snakkar om bruk i kamp, så vil vi bli rådde til å støtte minst den første gruppa. Det er vanskeleg å planlegge; det tok ca eit år å trene staben vår, og no prøver vi å redusere denne tida til ti veker, og samtidig håpar vi at dei vil takle å køyre off-road i ein bil som er meint å bli brukt i «Formel 1».

Fenske kjem med same poenget som eg sjølv har gjort i mange tidlegare diskusjonar. NATO leverer sofistikerte, komplekse system til Ukraina, men dei systema er ikkje designa for bruk i det ulendte kampmiljøet til Ukraina. Viss ein skal køyre rundt i ørkenen i eit køyrety med fire hjul, så kan ein ikkje gjere det dersom bilen er ein Formel 1-racerbil.

Gerhartz: Vent litt. Eg forstår kva du snakkar om. Politikarane kan uroe seg over det direkte, lukka sambandet mellom Büchel og Ukraina, som kan tyde på ei direkte deltaking i den ukrainske konflikten. Men i dette tilfellet kan vi seie at utvekslinga av informasjon vil skje via MBDA, og vi vil sende ein – to av våre spesialistar til Shrobenhausen. Dette er sjølvsagt eit triks, men frå eit politisk synspunkt kan det sjå forskjellig ut. Viss informasjon blir utveksla via produsenten, så er ikkje det relatert til oss.

Gerhartz’ utsegner viser tydeleg at Tyskland vil prøve å kaste mørke over si direkte rolle i kampoppdraga mot russarane. Dei håpar å kome unna med plausibel nekting.

Gerhartz: Trur de vi kan håpe på at Ukraina vil klare å gjere alt sjølv? Det er jo ei kjend sak at det spring mange sivilkledde med amerikansk aksent rundt der borte. Så det er ganske mogleg at dei snart vil klare å bruke alt på eiga hand, eller? Dei har jo alle satellittbilda.

Gerhartz innrømmer at der er amerikanarar som opererer på bakken i med kamp-support i Ukraina. Dette passar saman med stykket som New York Times publiserte for ei veke sidan på måndag.

[Fenske: Det er viktig at vi planlegg alt heilt nøyaktig, så det ikkje går slik det gjorde med Storm Shadow. Vi må tenke på korleis vi kan fly rundt eller under radar-rekkevidda. Viss alt er godt førebudd, vil treninga bli meir effektiv. Og då kan vi kome tilbake til spørsmålet om antalet missil. Viss vi gir dei 50, vil dei bli oppbrukte veldig raskt.]

Gerhartz: Ja, presis, det vil ikkje endre krigsutfallet. Derfor vil vi ikkje overføre dei alle. Og slett ikkje samtidig. Kanskje 50 i første omgang – deretter, kanskje, blir det eit nytt parti med 50 missil. Dette er fullstendig klart, men alt dette er storpolitikk.

Der har du det – sjølv om Tyskland leverer missila, vil det ikkje endre på det faktum at Ukraina er på veg til å tape, og at ingen NATO-våpen vil endre på det utfallet. Eg trur framleis at russarane lekka denne overvakingsinfoen til RT for å avsløre NATOs nekting for at dei forsyner ukrainarane med bakkemannskap i Ukraina som assisterer i planlegging og utføring av angrep mot Russland. Sleppet av transkripsjonen/lydopptaket rett etter president Putin sine åtvaringar til Vesten under sin rikets tilstand-tale sist torsdag, er ei klar åtvaring om at Russland er førebudd på å eskalere dersom NATO held fram på denne måten.

Kva med Israel? Der er problemet enklare og farlegare. Israel er i ferd med å utplassere panserbrigadar til grensa til Libanon. Alt tyder på at Israel kjem til å starte eit angrep på Hizbollah. Eg trur det blir sjølvmord for Israel, for Hizbollah treng ikkje – slik Hamas gjorde – vise tilbakehald i motangrepa sine på grunn av ein million flyktningar rundt sine forsvarsverk. Hizbollah er væpna, rusta og trente til å gi Israel ei skikkeleg blodig nase, men Israel verkar innstilt på å gjennomføre denne operasjonen. Eg trur det er reine sjølvmordet.

Fritt omsett av Monica Sortland

[*] Merknad frå omsettar: Lydopptaket av telefonkonferansen mellom dei fire Bundeswehr-offiserane er – i tillegg til å vere på tysk – ofte utydeleg. Det er nok grunnen til at dei transkripsjonane som verserer på engelsk, ikkje alltid stemmer overeins. Særleg er det med franskmennene si rolle uklar. Versjonen der det hevdast at dei leverer SCALP-missil med Audi Q7 (denne) sirkulerer breitt (til dømes har det stått i Sunday Times), medan andre hevdar at Gerhartz ikkje seier Q7, men derimot QCen (engelsk uttale; kvalitetskontrollerer?). – Pravda EN meiner det er absurd å tru at ein SUV skal frakte eit missil som er like langt som bilen sjølv, og hevdar det ikkje er ‘Q7’ (Q sieben på tysk) som blir sagt, men i staden ‘kursieren’, bruke/legge kursen (om ei reiserute). Då blir det slik: «Franskmennene gjer det ikkje slik. Dei brukar EU–Ukraina-ruta til å frakte SCALP’en.»

Forsidebilde: NOAA

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    6 mars 2024 8:19

    Det er gledeleg at også ABCNyheter omtalar saka, med RT og andre kjelder.

    Støre kan slutta med å reklamera for tyske militære i aksjon i Noreg og ved norske olje-installaskonar. Tyske generalar viser at dei er like sugne på å tukta Russland militært i 2024 som dei var i 1930-åra.

    At England og Frankrike vert avslørt i same slengen, er som venta.

    Svar
  • Det er noe jeg stusser over i denne fortellingen;
    1. Denne generalen som er utdannet pilot er på et viktig flyshow i Singapore. Et flyshow av denne størrelse er det både sivile og militære med. Det inngåes ofte store kontrakter både sivilt og militært. Alle som utfører business passer på hva konkurrentene gjør. Hvis det er noen plass der det er intens overvåking, så er det på slike begivenheter.
    2. Her ringer generalen nesten på åpen linje fra et hotel rom i Singapore heim til Tyskland for å planlegge et rakettangrep mot en atommakt.
    3. General Gerhartz vet han kan være avlyttet. Han er ikke major, jeg mener kloss-major.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Det er forskjell på reaksjoner og på folk.

Navalnys død fører til reaksjoner. Mel-massakren forbigåes i stillhet.

Forrige innlegg

Elon Musk:

Hvorfor eksisterer Nato, egentlig?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.