FAKTA UTE I FELTEN I UKRAINA TVINGAR FRAM EIT ENDRA MEDIENARRATIV



For ein forskjell eit par veker kan gjere. Hugsar du mima om «Russland tapar» eller til og med «Russland har tapt»? For nøyaktig ein månad sidan sa Storbritannias sjef for Forsvarsstaben:
Sjefen for Storbritannias væpna styrkar seier Russland tapar i Ukraina, i ei kort vurdering av krigsstatusen når Moskvas uprovoserte invasjon kryp fram imot 10-månadarsmerket.
«Russland tapar» og «den frie verda vinn,» sa admiral Sir Tony Radakin, Storbritannias sjef for Forsvarsstaben, på onsdag, under ein tale i tankesmia til Royal United Services Institute i London.
Det var då. No, etter at Soledar har falle og presset på Bakhmut aukar, byrjar einskilde journalistar å synge i ein litt annan tone. Gideon Rachman, som skriv i avisa Financial Times, innrømmer motstrebande at Russland ikkje tapar på slagmarka og at dei kanskje står på spranget til å ta over Kiev og styrte Zelinsky-regjeringa:
«Ikkje avskriv Russland» – det var åtvaringa mumla fram av ein europeisk diplomat med lang erfaring frå Moskva. Det er eit godt poeng. Vladimir Putins invasjon av Ukraina har gått veldig gale. Men Russland er enno eit kolossalt stort land med rikelege mengder ressursar og ei nådelaus, brutal regjering. Ukrainas etterretningstenester trur ei vidare innkalling av vernepliktige kan la Russland plassere ut ein armé på 2 millionar for ein fornya offensiv seinare i år. President Volodymyr Zelensky åtvara nyleg om at Moskva snart kan kome til å prøve å ta Kiev.
Men ikkje ein gong eit gjennombrot på slagmarka kan gi Russland ein varig siger. Tenk deg at Putin sine styrkar skulle oppnå eit slags vondarta mirakel, slå Ukraina og kaste ut Zelensky-regjeringa. Kva då? Sanninga er at eit såra og isolert Russland då ville ha fastna i ein tiårslang geriljakrig som ville få Afghanistan til å sjå ut som ein piknik. Okkupasjonsstyrkar eller ei kollaborasjonistisk regjering i Kiev ville ha vore konstant under angrep. Ein «siger» ville låse Russland i ein langsiktig katastrofe.
Ser ut som hr. Rachman har fått seg ein ny fantasi. Ukraina er det nye Afghanistan. Verkeleg? Han har nok ikkje sjekka kartet. For det første: det fins ingen svære fjell med endelause dalar strødd rundt i Ukraina. Der fins ingen regionale stammar eller etniske klanar med eige språk eller dialekt. (Der fins «klanar», men dét er kriminelle organisasjonar.) Ukrainarane si evne til å halde gåande ein geriljakrig, ignorerer Russlands erfaring i regionen Tsjetsjenia. Putin og Medvedev møtte ein formidabel islamsk opprørsstyrke og slo den. Russland kjenner kulturen og språket, skjønner du. Det blir ikkje som når ein russisk etterretningsagent prøver å infiltrere ein Hazara- eller Balutsj-stamme. Veldig vanskeleg å verke som ein innfødd. Det er ikkje tilfellet i Ukraina. Ukrainarar og russarar kjem frå den same etniske ætta.
Gideon Rachman er dessutan arrogant – han antar at Russlands manglande relasjonar med USA og Europa betyr at Moskva er isolert og aleine. Nokon må minne Rachman på at det finst nokre andre land i verda som ikkje er villige til å ignorere Russland, slike som Kina, India, Malaysia, Sør-Afrika, Egypt, Tyrkia og Brasil, berre for å nemne nokre få.
Eg trur russarane har oppdaga at dei kan leve utan Starbucks og MacDonalds, og dei tar ikkje skade av det. Det kan tvert imot vere slik at eit Russland utan Vestleg søppelmat kan ha eit sunnare folk.
Vesten er i desperasjonsmodus. Dei kastar møkk på veggen og håpar noko blir sittande. Heilt utan strategi. Avgjerda om å prøve å sende britiske og tyske stridsvogner til Ukraina er den siste indikatoren på at London, Berlin og Washington trykkar på panikk-knappen. Eg oppmodar deg til å sjå Brian Berletic si utmerkte utgreiing om denne nedstigninga til dumskap:
Russiske militærstyrkar, med Wagner-gruppa i front, har brote forsvarslinjene i Bakhmut, Soledar og Siversk. Sjølv om ukrainske troppar enno okkuperer Bakhmut og Siversk, mel russarane vidare og ser ut til å ha fullført ei taktisk kringsetting av Bakhmut. Det å ta Bakhmut og rydde busetningar sør for dei ukrainske styrkane, er eit kritisk steg for å sikre genuin tryggleik for Donetsk. Når Bakhmut fell, kan du vente eit oppsving for harme og tenners gnissel i London and Washington. Dei vil bli freista til å lansere meir deperate planar.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 063 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Svært god video, informativ og nøktern fremstilling. En kilde til «Slava Ukraina» tilhengere til å gå bananas slik de alltid gjør når sannheten blir fremstilt, og vestlig propaganda blir malt og knust til intet (litt som ukrainske styrker blir malt ned i den ukrainske jord i disse tider).
Men det finnes flere andre steder hvor det samtidig kan oppstå krig som trekker Russland inn i kamphandlinger.
Bla Georgia, Midt-Østen og Sentral-Asia for å nevne noen andre steder.
Men da begynner man å bevege verden hen i mot en verdenskrig.