POSTED IN Psykologi, Virkelighetsforståelse

Krenking og krenkementalitet:

Offerrolla har blitt ein kult som vil du skal lide evig.

0
Print Friendly, PDF & Email

Eg veit, for eg braut meg laus frå taket den hadde på meg.

Av Sophia Narwitz

Sophia Narwitz er ein skribent og journalist frå USA. Ved sidan av arbeidet for RT, skriv ho primært for Colin Moriartys Side Quest, og ho driv sin eigen YouTube-kanal.

Offerkulturen er gjennomgåande. Frå gaming til politikk, ein endelaus syklus av såra kjensler har farga alt den rører ved. Men i eit samfunn der depresjon skyt i veret, er det på høg tid at vi ropar opp om eit tankesett som legg folk sine liv i ruinar.

Barndommen min, tenåra og mykje av 20-års-alderen var ikkje gode mot meg. Med ein oppvekst i ein brutal heim, der eg opplevde seksuelle, mentale og fysiske overgrep, berre for å så gå til skulen, der eg vart ubarmhjertig mobba, hamna eg ofte i eit mørkt rom. Legg til ei valdeleg valdtekt då eg var rundt 20, og det er unødvendig å seie at eg ikkje var eit lykkeleg individ.

Gjennom auga på mitt yngre sjølv, var offerrolla alt eg kjente til. Ei oppfatning som hadde støtte i alle mine erfaringar, med så mange ulike former for overgrep. Det var gjennom den linsa eg såg verda. Eg definerte meg sjølv ved min offer-status, og slik ønska eg óg å bli behandla.

Då eg var blitt 25, levde eg ikkje eit godt liv. Sjølvmordsforsøk var norma, og eg søkte desperat folk som ville forkjæle meg. Meistringsmekanismane mine var veike, og eg sokk stadig attende til eit veikare rom i hovudet, i sentrum for folk eg fylte livet mitt med, folk som behandla meg som ein baby. Aldri var det nokon som dytta meg framover for å bli sterkare, og eg kom i ein fase der eg alltid var oppskaka.

Eg utbroderer historia mi slik, fordi at gjennom all degginga, babybehandlinga og tryggheitstiltaka eg omgav meg med, så vart ikkje sinnet mitt, depresjonen og sjølvmordstendensane noko betre. Eg var framleis evig miserabel. Fann aldri eit bein å stå på, for eg hadde ikkje styrken til det. Eg stod fast i ein pøl av desperasjon, for eg nekta å lære meg korleis ein skal klatre. Slik er fellene i offer-kulturen.

Heldigvis for mi mentale helse, kom eg til slutt fram til at alt eg gjorde eigentleg var til skade for velværet mitt, og eg dytta meg sjølv i motsett retning. No, fleire år seinare, blir eg ikkje negativt påverka av vondskefulle ord på internett. Eg gjekk frå å vere redd for folkesamlingar til å springe inn i oppstandar for å ta bilete. Og eg endra meg frå ein inneslutta eremitt til ein velkjend figur på gaming-arenaen. Min krigerske og urostiftande personlegdom er provet på veksten min. Sjølvhat høyrer til fortida,. Det er derfor det er opprørande å sjå korleis samfunnet overgår seg sjølv når det skal fange menneske i eit nett av piggtråd, eit som held dei i konstant smerte.

Kor du enn vender deg, står det individ som tvingar deg inn i øydeleggande område i hjernen. Ord blir fingranska inn i gløymska som eit middel til å finne kreative nye måtar å bli fornærma på. Til dømes blir ‘blindsone’ rekna for ei fornærming mot handikappa fordi det på ein måte er respektlaust overfor dei som faktisk er blinde. Fobiar er rekna som ei tilgjengelegheit i speleverda, men no er titlar som inkluderer edderkoppar under press om fjerning eller endring slik at ingen blir skremde. På andre plassar i speleverda skrik journalistar opp om ‘kolonialisme’ i oppdikta titlar. Det er så gale at ikkje ein gong Mario er trygg. Trygg er heller ikkje vitsen; komikarar kjem gong på gong i skotlinja for å gjere jobben sin.

Over heile spekteret, enten det gjeld underhaldning, politikk, utdanning eller til og med byforordningar, er ingenting urørt av den bølga av korroderande tårer som fordunklar alt den rører ved. Men dei som må ta støyten av øydeleggingane er dei som har dukka under i kjølvatnet av den.

Sinne motvirker angst

Depresjonsraten har stige i fleire år, sjølvmord óg, særleg blant dei som vart fødde kring tusenårsskiftet. Naturlegvis har det meir enn éi årsak. Jobbstabilitet, gjeld, globale kriser og liknande spelar alle ei rolle, men vondt har blitt verre med ein kultur som dyrkar ein offermentalitet som nektar å la folk vekse.

Folk som allereie er sinte og triste anstrenger seg for å finne fleire grunnar til å bli opprørt, og sosialinfluensarar, politikarar og megakorporasjonar legg seg i selen for å bakke opp mentaliteten til dei som strevar etter å vere miserable. Det skapar ei feedback-sløyfe av liding når desse bitre sjelene finn glede i merksemda dei får, så dei kan halde fram med å mudre opp ting dei kan skrike fornærma opp om.

Det er ein giftig katastrofe av episke proporsjonar, og det burde skremme sinnsfriske personar når, takka vere dei sosiale media, stadig yngre folk blir dregne gjennom møkka. Borte er dei dagane då ein verdsette meistringsevner. Dei har blitt erstatta med trygge rom og spesialoppvartning. Er det noko du ikkje likar? Vel, grin og grin og rop om det til det blir endra med makt. Vi har latt ein generasjon av småungar med raseriutbrot få eit skin av kontroll, og vanlegvis elles er det slik at det verste ein kan gjere når barn får raseriutbrot, er å gi dei det dei vil ha kvar gong dei sinte tårene startar å fløyme.

Tenåringar og vaksne er ikkje lenger førebudde for den verkelege verda. Eksistens er ikkje alltid solskin og regnbogar, og katastrofar i ei eller anna form lurer alltid rundt neste hjørne, men det ser ut til at få lenger har mentaliteten til å takle livets strabasar. Endå verre blir det fordi mykje av denne mentale skaden er sjølvpåført. Offer-krigarar let ord og bilete manifestere seg i fysiske vesen, og no brukar dei desse som ammunisjon til å gong på gong skyte seg sjølve i hovudet. Og for kvar gong blir tilfriskning stadig vanskelegare.

Alt dette veit eg frå førstehands erfaring. Eg såg meg sjølv som ingenting anna enn eit offer, og eg nekta å la meg vekse og bli betre. I dét tankemønsteret kunne eg aldri ha blitt den skribenten eller offentlege figuren eg no er.

Heldigvis greip eg om stemma bak i hovudet som om eit tau, og drog meg sjølv opp, og no er livet mitt inne på eit flott spor; men når eg ser utover landskapet, kjenner eg meg som ein raritet. Offerkulturen spreier om seg som pesten, og zombiane den etterlet seg i dønningane utgjer ein trussel mot oss alle. Det kan høyrest ut som ei overdriving, men sjå til dømes på eskapist-hobbyane dine, ofte brukte av millionar som taklingsmetode. Allereie blir dataspel, film og rollespel-spel endra for å trøyste dei som jagar sin eigen hale i eit evinneleg ønske om å bli opprørt. Og etterkvart som stadig meir her i verda innrettar seg på denne linja, vil raseriet vekse i kjølvatnet.

Den brutale verkelegheita er at offerkulturen er ein giftpøl som druknar ikkje berre dei som med vilje set foten i den, men den dreg også under dei som aldri ville ha noko å gjere med den i første omgang. Til beste for oss alle er det på tide å dra ut proppen, om så ikkje av anna grunn enn at den mentale helsa til våre yngre generasjonar krev det.

Fritt omsett av Monica Sortland

Originalen finn de her: https://www.rt.com/op-ed/498040-victim-culture-abuse-suffering/

Forsidebilde: Anh Nguyen

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Iran-saken:

USA plasserer seg helt på sidelinjen.

Forrige innlegg

Gladnyhet fra Sverige:

Bare 15% av koronadødsfall skyldtes utelukkende koronaen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.