POSTED IN Diverse

Kortnyheter fra hele verden:

Ligger Kina foran USA i romteknologi? Kan Israel nå fengsle mindreårige?

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kortnytt veke 27.

Innlegget er hentet fra Voltairenet.org sitt nyhetsbrev som ligger bak en betalingsmur.

Kina er USA overlegen i romteknologi

The Mitchell Institute for Aerospace Studies har publisert ein rapport med tittelen Building U.S. Space Force Counterspace Capabilities: An Imperative for America’s Defense. Den seier at USAs luftforsvar er tydeleg utilrekkeleg.

«Kina har bygd eit offensivt rom-arsenal som inkluderer bakkeutskotne missil med kapasitet til å råke satellittar i alle omløpsbaner, satellittar med robot-armar som kan utmanøvrere og knuse andre satellittar, laserar og ’jammers’ som kan forstyrre eller skade satellittar, og cyber-våpen som kan kutte sambandet mellom satellittar og bakkestasjonar.

Ved å angripe USA sine romsystem, kan Kina redusere evna til det US-amerikanske militærets til å sjå, kommunisere, navigere, gi kommandoar og kontrollere styrkane sine.»

Opptøyar i Frankrike 

Frankrike opplevde ei veke med opptøyar etter dødsfallet til ein ung mann som vart drepen av ein polititenestemann. Det pågår etterforsking for å fastslå omstenda rundt denne tragedien. Uansett fungerte hendinga som ein utløysar for opptøyar i meir enn 300 byar. 

Det er registrert at den 6. juli vart 5 892 køyretøy påtent, 12 202 søppelkassar sette fyr på, 1 105 bygningar påtende, øydelagde eller plyndra, 269 angrep mot politistasjonar eller gendarmeri (militært organiserte politikorps), 5 800 forretningar plyndra, og 808 politibetjentar vart skadde. 3 486 personar vart tatt i varetekt. 

Skadane vert anslått til meir enn 1,6 milliardar euro. Ein 54 år gammal mann døydde i Guyana då han vart råka av eit tilfeldig skot avfyrt av ein opprørar, ifølge politiet. Nokre opprørarar angreip folkevalde representantar og sette 210 skular i brann. Det har ikkje skjedd før. Minst ein tredjedel av opprørarane var mindreårige. Dei viste stor standhaftigheit og angreip alle symbol på staten, samt forretningar. Gutane angreip bygningar og fekk tilslutning frå jenter for å plyndre dei. 

Politebetjenten som drepte den unge mannen vart varetektsfengsla. Det vart opna ein innsamlingsaksjon for å hjelpe familien hans. På berre nokre dagar samla det inn meir enn 1 million euro. 

President Emmanuel Macron har uttalt at regjeringa vurderer å kutte av tilgangen til sosiale medium dersom det bryt ut fleire opptøyar. Den anglosaksiske pressa samanliknar desse opptøyane med dei som følgde dødsfallet til George Floyd i USA. Dei projiserer amerikansk rasisme på Frankrike og trur dei ser den same valden i det franske politiet som i USA. I realiteten ser desse opptøyane ut til å vere ei konsekvens av samanbrotet til det nasjonale utdanningssystemet. Ungdommar som har merka seg den manglande interessa for denne institusjonen, angreip den. Det var som om ein generasjon prøvde å ta makta med tvang. 

EU tenker overta russiske frosne verdiar

EU planlegg eit lovforslag for konfiskering av dei russiske verdiane dei har frose. Berre Tyskland er imot det.

Sverige hindrar informasjonsspreiing om Ukrainas integrerte nasjonalistar

I ei psyops-avdeling underlagt svenske forsvarsdepartementet (Psyops-förbandet eller Militära underrättelse- och säkerhetstjensten(?)) har dei forsynt Ukraina med analysar og rådgivning heilt siden starten av Russlands SMO. Avdelinga seier dei har hjelpt til med å kjempe mot russisk desinformasjon. Men dei passar seg vel for å gi konkrete døme på denne feilinformasjonen. Dei verkar ha hjelpt til med å undertrykke informasjon om «dei integrerte nasjonalistane».

Tysklands visjon for det europeiske forsvaret

München Sikkerheitskonferanse har publisert ein rapport (Defense Sitters – Transforming European Militaries in Times of War) om europeisk fosvar, der dei argumenterer for oppretting av ein sams våpenmarknad i EU. Det handlar om å arbeide under «den amerikanske paraplyen», og ikkje om å organisere eit uavhengig forsvar. Prosjektet minner stygt om første fase av European Defense Community på 1950-talet. 

Opning av kontor for å etterforske russiske forbrytelsar i Ukraina 

Det internasjonale senteret for straffeforfølgelse av forbrytelsen aggresjon mot Ukraina (International Centre for the Prosecution of the Crime of Aggression against Ukraine, ICPA) har opna dørene sine i Haag, Nederland. Det samlar påtalemakt frå Kiev, EU, USA og Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Det er berre eit etterforskningskontor, ikkje ein domstol. Kva lov som kan bli brukt når ein domstol blir etablert, er framleis ukjent. 

Britisk rettssystem held fram med å blokkere Venezuelas gull

Nå stjeler denne banken åpenlyst.

Appellretten i London, London Court of Appeal, har avvist ein anke frå Sentralbanken i Venezuela, som framleis ikkje har tilgang til dei venezuelanske gullreservane på nesten 2 milliardar dollar som er deponert hos Bank of England og har vore blokkerte sidan 2018. 

Ein dom frå Høgsterett den 29. juli 2022 stadfesta at dette gullet ikkje lenger tilhøyrde Sentralbanken i Venezuela, men i staden var eigedommen til bankmenn utnemnde av Juan Guaido. På det tidspunktet anerkjente ikkje den britiske regjeringa Nicolás Maduro som president i Venezuela, men i staden motstandaren hans, Juan Guaido. Men no anerkjenner dei ikkje lenger Guaido. Appellretten meinte at utnemningane gjort av «president» Guaidó ikkje hadde noko med saka å gjere.

Gullet var deponert i England som garanti for Venezuelas olje under transport. Blokkaden hindrar Caracas i å fortsette å handle med sin olje. 

Dommar forbyr føderale styresmakter i USA å be sosiale nettverk sensurere argument eller meiningar

Dommar Terry Doughty har kome med ei avgjerd i ei sak mot ca 30 høgare tenestemenn (ved FDA, CDC, NHI m.fl.) som var anmelde av statsadvokatane for Louisiana og Missouri. Han forbaud dei føderale styresmaktene å samarbeide med sosiale medium om etablering av «protected speech». 

Døme på sensur i avgjerda inkluderer meiningsytringar om anti-Covid-tiltak og munnbindbruk, teoriar om opphavet til viruset, vaksinekrav, integriteten til 2020-presidentvalet, president Joe Biden sin politikk, og sonen hans, Hunter Biden sin laptop. 

Talskvinne for Det kvite hus, Karine Jean-Pierre kommenterte: «Vi vil halde fram med å promotere ansvarlege tiltak … for å sikre at vi vernar om folkehelsa, for å garantere tryggleik og sikkerheit.» Avisa New York Times klaga på at avgjerda kunne «legge band på forsøk på å kjempe mot desinformasjon».

Mordforsøk på guvernøren av Krim

Ukraina organiserte eit mordforsøk på Krim-guvernøren, Sergei Aksionov. Til å utføre det, brukte dei ein russiske statsborgar som dei hadde trent opp i bruk av eksplosiv.

Krim var ukrainsk frå 1991 til 2014. Innbyggarane der vart russarar då Krim, etter folkerøysting, søkte om å slutte seg til Den russiske føderasjonen, og vart godtatt.

Joe Biden og oppseiinga av Ukrainas riksadvokat

Ein etterforskar fekk tak i ein e-post om planlegging frå Det nasjonale arkivet, som vart sendt frå assistenten til visepresident Joe Biden den 26. mai 2016. E-posten opplyste at herr Biden skulle ha ein telefonsamtale med den ukrainske presidenten Petro Porosjenko. Av ein eller annan grunn vart denne e-posten sendt til visepresidentens son, Hunter Biden.

Hunter Biden.

To månadar seinare vart Ukrainas riksadvokat Viktor Shokin sparka. Under ein debatt ved Rådet for utenrikssaker, skrytte Joe Biden av at han hadde fått til denne oppseiinga ved å true president Porosjenko med at dersom han ikkje samarbeidde, så ville ikkje [USA] betale dei milliardane dollar som var lova til landet hans. 

Riksadvokat Shokin etterforska aktivitetane til Burisma Holdings, der Hunter Biden var direktør. Joe Biden har alltid benekta at han visste om sonen sine aktivitetar.

Prosjektet ‘Making Putin pay’ 

Tidlegare sjakkmeister Garry Kasparov, president for Renew Democracy Initiative, lanserte i april prosjektet ‘Å få Putin til å betale’. Han ba advokatfirmaet Kaplan Hecker & Fink LLP om å oppdatere planen sin for å legge beslag på russiske verdiar i Vesten [og bruke dei til å «gjenoppbygge og støtte det vidare forsvaret av Ukraina»]. Dette arbeidet vart presentert på konferansen for gjenoppbygginga av Ukraina som fann stad i London.

Renew Democracy Initiative og Kaplan Hecker & Fink LLP var allereie involverte i forsøket på å stille president Donald Trump for riksrett fordi han hadde bede Ukraina om å etterforske dei ulovlege aktivitetane til Burisma Holding og Hunter Biden. 

Knesset autoriserer fengsling av mindreårige

Den israelske nasjonalforsamlinga, Knesset, godkjende med 44 røyster mot 28 å legalisere fengselsstraff for mindreårige i alderen 12 til 14 år som har vore involverte i «terroristiske» handlingar som har forårsaka minst eitt drap.

Militæroperasjonen mot resistansen i Jenin på Vestbreidda – den største på 20 år – kravde 1 israelsk og 12 palestinske menneskeliv. 3000 vart sende på flukt, og det var store øydeleggingar på vegar og hus.

Utanriksministrane til Australia, Canada og Storbritannia har i ei felleserklæring fordømd valden til israelske busettarar mot palestinarar, og uttrykt bekymring over bygginga av over 5700 nye busetnadar på Vestbreidda.

Qatar torturerer fransk/algerisk lobbyist

I Frankrike vart det gjennomført ei ransaking av kontoret til eks-justisminister og -borgarmeister Rachida Dati, og kontora til advokatane Francis Szpiner, Renaud Semerdjian og Olivier Pardo. Politiet leita etter dokoument om kidnappinga av lobbyisten Tayeb Benabderrahmane i Qatar, torturen han vart utsett for og papira han vart tvinga til å skrive under på. Tayeb Benabderrahmane skal ha sete på bevis for Qatars korrupsjon rundt fotball-VM i 2022.

Verdikonservativ avgjerd frå USAs høgsterett

Høgsteretten i USA erklærte (den 29. juni) praksisen med positiv særbehandling (kvotering) i opptaksprogramma til enkelte universitet som grunnlovsstridig. Retten slo fast at ein kristen web designer hadde rett til å nekte å lage ekteskapssider for likekjønna par, trass i lover mot diskriminering. Til slutt blokkerte høgsteretten Biden-administrasjonens plan om å kansellere delar av gjelda til låg-inntektsstudentar.

Oppheving av parlamentarisk immunitet for katalanske separatistar stadfesta 

Domstolen Court of Justice i Luxembourg har avvist førespurnaden frå dei tre spanske medlemmane av EU-parlamentet, Carles Puigdemont, Antoni Comin og Clara Ponsati, som søkte om å få oppheva unntaket for parlamentarisk immunitet. Men i staden for å innrømme nederlaget, har dei tre katalanske separatistane kunngjort at dei ankar avgjerda.

Viktor Orban kallar EU-prosjektet mislykka

Viktor Orban

Den 29. juni klaga Ungarns statsminister Viktor Orban på at EU har bede medlemsstatane om milliardar av euro ekstra, inkludert 50 til Ukraina, medan dei nektar å fortelle kva det tidlegare budsjettet har blitt brukt på.

Han anklaga Kommisjonen for å ha slått EU bankerott. «EU vart oppretta av to grunnar. Den første er fred, og no rasar det ein krig her. Den andre er velstand, men i dag gir økonomien større og større grunn til uro,» konkluderte han. 

Spania overtar presidentskapet i EUs ministerråd

Den 1. juli overtok Spania det roterande 6-månaders presidentskapet i EUs ministerråd. Spanias statsminister Pedro Sanchez førebur seg på å flytte ut av Moncloa-palasset (statsministerbustaden i Madrid) etter neste parlamentsval, den 23. juli.

Spania har annonsert at dei plasserer ’støtte til Ukraina’ på toppen av prioritetslista si. Deretter kjem utvikling av handelsrelasjonar med Latin-Amerika generelt, og spesielt Mercosur. At høgre-koalisjonen sannsynlegvis vil vinne det spanske valet, vil nok ikkje endre denne agendaen.

Eskalering av fiendskapen mellom USA og Kina

USA, Japan og Nederland har forbode noko eksport for å strype leveransane av avanserte halvleiarar til Kina. Til gjengjeld har Kina innført eksportrestriksjonar på gallium og germanium, to sjeldne metall som blir brukt i komponentar til elektroniske kretsar. I følge Wall Street Journal vurderer Biden-administrasjonen å eskalere. Dei skal ha planar om å avgrense kinesiske selskap sin tilgang til US-amerikanske sky-tenester som brukar avanserte AI-chips.

Iran blir fullverdig medlem av SCO

Online-møtet til Shanghai Cooperation Organization, halde i New Delhi, tok offisielt inn Iran som fullverdig medlem.

Bolivia aukar utvinninga av litium 

Litium i Bolivia

Det kinesiske selskapet Citic Guoan og det russiske Uranium One (verdsette til €532 millionar), to halvleiar-selskap, vil saman med Bolivias offentlege selskap Yacimientos de Litio Bolivianos (for €857 millionar) bygge to verk til å produsere 100 000 tonn litium-karbonat per år, frå 2025 av. 

Britiske sikkerheitstenester organiserte i 2019 styrtinga av Evo Morales for å tileigne seg Bolivia sitt litium, men kupp-regjeringa varte ikkje lenge.

Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°48 – 7 July 2023 

Telegram:

USA slår ned på alle som uttrykker alternative meiningar om den spesielle militæroperasjonen i Ukraina, seier ein russisk menneskerettsaktivist, Alexander Ionov, til Sputnik

Folk i USA i dag manglar legale eller passande middel til å kjempe informasjonsslaget for sunn fornuft om Ukraina-spørsmålet, seier Ionov, og legg til at politiet i USA kjem på døra til folk som uttrykker andre synspunkt (enn det rådande), set hanjern på dei og tar dei med til politistasjonen. I nokre tilfelle blir dei trua med 10 år i fengsel.

Meningen til Maria Zakharova (4. juli)

Kiev-regimet sitt forsøk på å angripe eit område med sivil infrastruktur, inkludert ein flyplass, er terrorisme. At Zelensky utfører desse angrepa med våpen som Vesten har levert eller kjøpt med pengar frå Vesten, gjer det til internasjonal terrorisme. 

Det internasjonale samfunnet må forstå at USA, Storbritannia og Frankrike – alle permanente medlemmar av FNs sikkerheitsråd – finansierer eit terrorist-regime.

Zelensky lyg om russiske intensjonar igjen

Renat Karchaa, rådgivaren til generaldirektøren for konsernet Rosenergoatom, fortalde at Kiev natt til 5. juli stengde av straumen til ZNPP, og at atomkraftverket no opererte med ei reservekraftlinje.

Laurdag 1. juli heldt Zelensky ein videofilma tale om forsvar av vest-Ukraina, med atomkraftverket Rivne NPP i bakgrunnen, fleire hundre kilometer unna fronten. Han skraut av å ha vore på møte med sikkerheitsdirektøren på verket. Under ein pressekonferanse same dag sette han fram påstandar om at Russland planla å overføre ZNPP til Ukraina og IAEA, og deretter «sprenge det frå avstand».

Donetsk under massivt skyts frå ukrainske troppar

Før krigen brøt ut i februar 2022 hadde ukrainske tyrker skutt granater og missiler inn i Donetsk siden 2014 og slik drept mer enn 14000 mennesker. Hvorfor våre medier forbigår dette i taushet kan en virkelig lure på.

Donetsk-distrikta Kuybyshevsky, Kirovsky, Petrovsky og Kievsky så vel som Makeyevka vart utsette for tungt skyts frå ukrainske væpna formasjonar. Bustadbygg vart skadde og sivile drepne.

Militær-instruktørar frå Nederland har allereie trent over 1200 ukrainske soldatar 

som ein del av Interflex-programmet, sa nederlandske topptenestemenn. Det er endå ei stadfesting av USA og NATOs direkte engasjement i konflikten i Ukraina.

CIA-personell i Ukraina 

CIA-personell har vore i Ukraina på fleire hemmelege oppdrag for å assistere Kiev i bruk av nye våpen og system, kunne eit US-amerikansk vekeblad melde om etter informasjon frå seiorar innan militæretterretninga.

«CIA er aktivt involvert i krigen utan å bryte Biden-administrasjon’ens løfte om at USAs militær ikkje vil vere direkte involvert i konflikten». – Newsweek 

Nokre hovudpunkt frå undersøkinga av CIA sitt arbeid i Ukraina:

▪️ CIA-personell er permanent stasjonerte i Ukraina, men aktivitetane deira er regulerte og antalet operatørar/agentar avgrensa.

▪️ Oppgåvene deira inkluderer arbeid med våpen, kommunikasjon med ukrainske spesialtenester og kontroll med at «situasjonen ikkje går utover visse grenser».

▪️ CIA har oppsyn med betydelege mengder av USA sin militære assistanse til Kiev som blir halde løynd.

▪️ Spesiatenesta arbeider ikkje berre med å hjelpe Ukraina (hovudsakleg med etterretning), men prøver også å finne ut av kva som er dei eigentlege planane til Zelensky og Putin.

Kjelde: Newsweek

📹 Over 340 pasientar var til stades på Makivka Hospital Nr. 2 (i Donetsk) då det den 4. juli vart bomba av Ukrainas væpna styrkar

Ingen vart alvorleg skadde, men pasientane vart overførte til andre medisinske fasilitetar.

📹 Russlands artillerimenn sleppte laus presisjonsstyrt Krasnopol-bombardement

mot Kiev-regimets posisjonar og desimerte ein ukrainsk kommandopost og utstyr i SMO-sona.

🇿🇼 BRICS tilbyr ’lovande ideologi’ for afrikanske nasjonar

Ein av hovudgrunnane til utviklingslanda si interesse for å slutte seg til BRICS-gruppa, ligg i politikken som organisasjonen fører med gjensidig respekt blant medlemmane, openheit og transparens i handel og på andre område, sa Monica Mutsvangwa, Zimbabwe sin minister for informasjon, publisitet og kringkasting i eit eksklusivt intervju med Sputnik Africa. «Så det er klart at samarbeid mellom land i BRICS verkeleg vil skape ein balansert global orden,» forklarte ho.

Ein afrikansk klima-forkjempar åtvarer om at president Bidens plan om å bekjempe global oppvarming ved å redusere solskin gjennom vermanipulasjon (geoengineering) kan få katastrofale følger.

Han føreslår å i staden vurdere andre alternativ, til dømes skogplanting og fjerning av karbondioksid for å unngå uføreseielege og skadelege effektar på økosystem, jordbruk og ver.

Ingen har enno høyrt frå Gonzalo Lira

Ver så snill og lytt til faren til den US-amerikanske statsborgaren Gonzalo Lira på George Galloway’s show, der han ber om at sonen må sleppe fri: https://youtu.be/zjv6HTpGzMU. Lira vart arrestert av Kiev-regimet den 6. mai for sitt frimodige snakk…

Twitter:

Det internasjonale atomenergibyrået (International Atomic Energy Agency, IAEA) annonserte at det ikkje vart funne spor av miner eller eksplosiv rundt det trua atomkraftverket i Saporosje (Zaporozhye) i Ukraina, ifølge det amerikanske pressebyrået UPI.

▪️IAEA reagerte på påstanden til ukrainsk militæretterretning om at Russland «fullførte førebuingar til eit terroristangrep» på det største atomkraftverket i Europa.

▪️IAEA sine granskarar inspiserte fasiliteten på fredag, og sa at dei så langt ikkje hadde funne nokre synlege teikn på verken miner eller andre eksplosiv.

Omsetting og utval: Monica Sortland

Forsidebilde: Nick Fewings



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 546 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • wasan Totland
    14 juli 2023 10:50

    Noen må legge press slik at Lira blir frigjort. Hvis han lever da?

    Svar
  • «EU planlegg eit lovforslag for konfiskering av dei russiske verdiane dei har frose.
    ….Venezuela, som framleis ikkje har tilgang til dei venezuelanske gullreservane på nesten 2 milliardar dollar som er deponert hos Bank of England og har vore blokkerte sidan 2018.»

    Og hvis vi tar med/husker Afghanistans statskasse, som denne angrepsmafian konfiskerte etter 20 års angreps- ødeleggelse av landet.
    Og stjelingen av Libyas gull etter Nato & Norge/Ap sin bombing av landet. Enorme gullverdier som Libya/Gadaffi skulle bruke som understøttelse for ny valuta for å frigjøre Afrika fra FED sin ødeleggende valutakontroll på det afrikanske kontinentet, gjennom mange tiårs røverier.

    Da ser vi hva slags tyvere & røverbande norske politikere er allierte med. Og hva slags mafia & angreps-organisasjon Nato er.
    Så dobbeltmoralske og løgnaktige så det holder.
    Ikke det minste rart at Russland ikke vil ha slike krapyler, med sin militærbase-oppbygging på dørstokken.

    «Før krigen brøt ut i februar 2022 hadde ukrainske tyrker skutt granater og missiler inn i Donetsk siden 2014 og slik drept mer enn 14000 mennesker. Hvorfor våre medier forbigår dette i taushet kan en virkelig lure på.»

    Og den underlige skapningen Annikken Huitfeldt /Ap går så/nå ut i media og fordømmer Russland for brudd på ‘folkeskikken’. ( Dvs. USA/EU sine røver- regler.)

    Norge.
    Hva har skjedd med Norge; ingen moral lengre – annet enn dobbeltmoral?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Video om en gutt som ønsker seg venner.

«Kjenner dere noe på 10-11 år som vil være venner med meg?»

Previous Post

USA planla at Ukraina skulle bli en hengemyr

Russland har forholdt seg korrekt til internasjonale protokoller

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.