Artiklene er hentet fra Voltairenet.org sitt ukentlige nyhetsbrev. Det ligger bak en betalingsmur.
Kortnytt frå veke 28
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°49 – 14 July 2023
Rheinmetall skal produsere ammunisjon i Ukraina
Tyske Rheinmetall vil opne ammunisjonsfabrikk i Ukraina i august. I tillegg skal det reparerast Fuchs panserkøyretøy og ein skal trene opp ukrainske arbeidarar. Tyskland er Ukrainas nest største våpenleverandør, etter USA.
Polen blir Europas største makt innan konvensjonelle våpen?



I ein tale den 20. mars 2023 på det tyske universitetet i Heidelberg, sa Polens statsminister Mateusz Morawiecki:
«Europa er ved eit historisk vendepunkt. Vi lyt skake opp status quo’et i Brussel og arrestere dei som ønsker seg ein superstat driven av ein smal elite. Berre nasjonalstatar kan forsvare nasjonar – deira kultur, deira samfunn, deira økonomi, deira militære tryggleik. Alternativa er illusoriske og utopiske.»
Omfanget av Polens gjenopprustning no er større enn nokon gong. Arméen deira er i ferd med å bli den mektigaste i vest- og sentral-Europa, framfor Tyskland, Storbritannia og Frankrike sine arméar. Dei har svære mengder splitter nytt utstyr.
Innan 2025 er Polen venta å bruke 4% av sitt BNP på forsvar, den høgaste prosenten i Europa, der dei fleste slit med å nå 2%-målet. 11 000 US-amerikanske soldatar er i dag stasjonerte i Polen.
Christine Anderson har levert inn ein klage mot YouTube
Tyske AfD-MEP Christine Anderson leverte inn ein klage mot YouTube etter at plattforma sensurerte to av hennar videoar for «medisinsk feilinformasjon» og nekta å forklare kva denne formuleringa betydde. Begge videoane var frå offentlege sesjonar i det europeiske parlamentets særkomité om Covid-19. YouTube la til slutt videoane tilbake på nett, men MEP-en opprettheldt klagen sin.
Framtida til SCO, BRICS og EEU
Ved det virtuelle toppmøtet i Shanghai Cooperation Organization (SCO) i New Delhi, føreslo den kviterussiske presidenten Alexander Lukashenko, byggande på sin suksess med å mekle med Wagner-sjefen Jevgeny Prigozhin, ei samanslåing av SCO, BRICS og Eurasian Economic Union (EEU). Hans motto var ingenting mindre enn å gløyme Vesten og foreine det globale sør. Den nye organisasjonen vil ha ein felles valuta i løpet av dei komande åra, den som blir utvikla av Russland for EEU.
31 statar har allereie offisielt søkt om medlemskap i BRICS. Til slutt kan den nye organisasjonen samle alle statar som støttar internasjonal lov (og ikkje vestlege reglar) og erstatte Dei foreinte nasjonar.
Joe Biden og klimaendringar
I nærvær av Sultan Ahmed al-Jaber (president for COP28), Alastair Borthwick (direktør for Bank of America), Anil Wadhwani (direktør for Prudential plc), Larry Fink (direktør for BlackRock), Oliver Bäte (direktør for Allianz), John Neal (direktør for Lloyds of London), Alison Rose (direktør for NatWest Group) og Tony O. Elumelu (direktør for United Bank of Africa), bekrefta president Joe Biden, hans spesialutsending for klima John Kerry og Kong Charles III si forplikting til å «kjempe» mot klimaendringar.
Ideen om at vi kan «kjempe» mot (og ikkje tilpasse oss) global oppvarming antar at den er menneskeskapt (som IPCC hevdar) og ikkje naturleg (som er påvist av Russlands Vitskapsakademi). https://youtu.be/rZE2dUMWo9M
Mark Rutte går av og forlet politikken
Den nederlandske statsministeren Mark Rutte har levert sin avskjedssøknad til kong Willem-Alexander. Målet hans var å kalle inn til tidlege parlamentsval i håp om å vinne dei før Peasant Citizen Movement (BBB) tar form og vinn. Men samanslutninga av venstrepartia og høgresida (som har fått merkelappen ytterleggåande høgre av hovudstraumsmedia) fråtatt han fleirtalet og hindra han i å styre igjen.
Turbulent mellon USA og Russland i Syria
Ifølge det russiske militæret i Syria braut dronane til International Coalition konfliktunngåingsprotokollane 9 gongar denne veka ved å fly over eit lukka område.
EU tilset amerikansk Apple- og Amazon-lobbyist
Margrethe Vestager frå Danmark, Europakommisjonær for konkurranse, har utnemnt US-amerikanske Fiona Scott Morton til konkurranseøkonomisjef for EUs hovuddirektorat for konkurranse, der ho angiveleg skal bekjempe monopolpraksis. Margrethe Vestager ventar på si utnemning til direktør for Den europeiske investeringsbanken. Hun vil derfor ikkje måtte møte konsekvensane av denne utnemninga.
Fiona Scott Morton er ein verdskjend ekspert på anglo-saksisk konkurranselov. Ho leiar det anerkjende Thurman Arnold Project ved Yale University. Hun har jobba for USAs justisminister, kongressen og Det hvite hus. Ho vil ha tilsyn med EU-etterforskningar av bruken av konkurranselovene på Alphabet/Google, Apple, Meta Platforms og Microsoft, samt profilerte fusjonar som Amazons oppkjøp av iRobot og Figmas av Adobe.
Ifølge American Prospect er Fiona Scott Morton både USAs ekspert på konkurranselov og hemmeleg betalt rådgivar for Apple og Amazon for å utvide deira monopol. Dei vitskapelege publikasjonane hennar var langt ifrå nøytrale; dei var tvert om alltid retta mot rivalane til hennar hemmelege arbeidsgivarar, spesielt Google. Fleire organisasjonar (Balanced Economy Project, Corporate Europe Observatory, European Digital SME Alliance, Irish Council for Civil Liberties, LobbyControl og Open Markets Institute Europe) har uttrykt bekymring over ein åpenberr interessekonflikt.
UAE set i gang etterforskning av Muslim Brotherhood i Europa



Ifølge den franske nyheitssida Mediapart har selskapet Alp Services med base i Genève, på vegner av Dei foreinte arabiske emirata, gjennomført ein studie av organisasjonar og personar knytte til Muslim Brotherhood og Qatar. Muslim Brotherhood er ein politisk organisasjon som er hemmeleg kontrollert av britisk etterretning og finansiert av Qatar, der nesten alle leiarane for islamske terroristorganisasjoner, frå Osama bin Laden til Kalif Abu Bakr al-Baghdadi, var medlemmar (sjå Before Our Very Eyes). Mange europeiske politikarar støttar dei utan å kjenne deira tilknytning.
Tyrkisk journalist arrestert
Det tyrkiske rettsvesenet har arrestert journalisten Merdan Yanardag og anklagat han for å glorifisere terrorisme. Samtidig har Radio- og fjernsynsrådet (RTÜK) opna ei gransking av hans kanal, Télé1, og ilagt den ei bot tilsvarande 5% av kanalens månadlege annonseinntekter. Merdan Yanardag kritiserte regjeringa si handtering av den kurdiske saka.
Tyrkisk/ukrainsk våpenproduksjon
Presidenten av Ukraina, Volodymyr Zelensky, var på offisielt besøk til Tyrkia. Eit memorandum vart signert om utvikling og mogleg produksjon av robotvåpen, særleg ubemanna flygefartøy, dronar av ulike typar.
Shavkat Mirziyoyev gjenvald
Usbekistans president Shavkat Mirziyoyev vart gjenvald for nye 7 år med 87,05 % av røystene. Det vart ropt ut tidleg presidentval etter den nylege grunnlovsreformen.
Nyheitsbrevet Voltaire, international newsblir no publisert på seks språk: – Dutch, – Engelsk, – Fransk, – Italiensk, – Tysk, – Spansk.
*
Litt frå Telegram:
🇺🇸 FBI-direktør: Biden strafferettsleg granska pga Ukraina-muter
Statsadvokaten i Delaware, USA, dreiv ei etterforskning av Joe Biden for å ha tatt imot muter frå Ukraina, sa FBI-direktør Christopher Wray under ei høyring i Washington.
Så trekte han seg, då han skjønte han hadde sagt for mykje. Media i USA ignorerte, som venta, denne nyheita.
Estarar sluttar donere til Ukraina
«Snart vil donasjonane ta slutt, og vi vil måtte seie at det diverre ikkje vil kome meir frå Estland.» Estlands Raude Kross sa at innbyggarane i landet donerer mindre og mindre til organisasjonar som hjelper Ukraina.
«I fjor, frå første juni til starten av juli, vart det donert 36 tusen euro. I år var dette talet nede i ein sjettedel – berre 6 tusen euro har blitt donert. Det lovar ikkje bra for framtida,» sa organisasjonen.
Forsyningar av Storm Shadow og Brimstone missil til Kiev er trua
Den varsla streiken til arbeidarane ved det britiske forsvarsdepartementets lager, får avisa The Mirror til å slå alarm.
Meir enn 50 nøkkeltilsette ved fasiliteten i Skottland er misnøgde med storleiken på løna dei får. På måndag tenker dei erklære ein ny streik.
Forsvarsdepartementets har sett i verk krisetiltak, skriv avisa.
MH17 vart skoten ned av MIG – satellitt-foto



Den russiske kanalen 1TV hevdar dei har satellittbilde som viser neskytinga av Malaysian Airlines flight MH17 i Ukraina den 17. juli, 2014. (https://t.me/MH17thruth/28)
Sjokkerande nyhende! Høgsterett i Nederland har straffa ein dommar i Haag for å våge å – skrekk og gru – uttrykke eit alternativt syn på MH17-krasjet. Dommarens bror skreiv ei bok som beviste at flyet vart skote ned – ikkje av Russland, men av Ukraina! Og dommaren spreidde denne brennheite versjonen blant sine kollegaar i retten, som ifølge dei nederlandske inkvisitorane er eit brotsverk. Så dommaren fekk reprimande og vart overført frå strafferetten til ei lågare avdeling.
Slik er altså den frie, liberale, demokratiske verda. Gud forby at nokon skulle uttrykke alternative meiningar! Det blir straks straffa. — Vladimir Kornilov, delt av @ukraine_watch
[Flykrasjet er også aktuelt i nederlandske aviser no om dagen. Éin maskinomsett tekst seier: Høyesterett har gitt en irettesettelse til en strafferett ved lagmannsretten i Haag. Hun gjorde et forsøk på å undergrave straffesaken angående katastrofeflyging MH17. Undersøkende journalist Joris Polman sier hun spredte en konspirasjonsteori blant dommere og påtalemyndigheter involvert i saken.]Og til sist eit par viktige frå YouTube:
Det føregår granskingar av vaksinerelaterte skadar og -død. Her er eit vitnemål frå ein balsamerar i Ontario, Canada. Frå ei høyring.
Det har kome ein rapport som har granska samanhengen mellom innmelde biverknadar av Pfizer- «vaksinen» og varepartinummer (batch/lot). Forskarane bak rapporten fann at heile 71 prosent av dei innmelde biverknadane kom frå berre 4,2 prosent av varepartia, dei fleste utrullerte i starten av «vaksineringa». Dei fann dessutan at storleiken på varepartia varierte frå tre tusen til over åtte hundre tusen, og at nokre av dei største partia var blant dei 4,2 prosentane.
Utval og omsetting: Monica Sortland
Forsidebilde: Nadine Shaabana
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 542 ganger.
3 kommentarer. Leave new
Mc Gregors analyse av situasjonen i øst er værdt å høre. Her er link: https://youtu.be/mgens6DYPS8
Steigan.no går til kjeldene og gjev oss innsyn i korleis herrefolket ser på seg sjølv og si oppgåve i verda. Om du trur det er å samarbeida, tek du feil. USA seier rett ut at landet skal dominera:
https://api.army.mil/e2/c/downloads/2021/03/15/9944046e/regaining-arctic-dominance-us-army-in-the-arctic-19-january-2021-unclassified.pdf
«Det har kome ein rapport som har granska samanhengen mellom innmelde biverknadar av Pfizer- «vaksinen» og varepartinummer (batch/lot). Forskarane bak rapporten fann at heile 71 prosent av dei innmelde biverknadane kom frå berre 4,2 prosent av varepartia »
Utrolig. og INGEN granskning!
Men hva har vært ideen/hensikten bak dette?