POSTED IN Diverse

Kortnyheter fra hele verden.

Ingenting vil være som før.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Disse kortnyhetene er slike som de store mediene med få unntak ikke videreformidler til sine lesere og seere. Men det betyr ikke at de ikke er viktige av den grunn. Kanskje tvert imot. De bidrar til å gi et mer fullstendig bilde av det som skjer i verden nå. Og nå skjer det mye. USAs hegemoni faller fra hverandre og katalysator er krigen i Ukraina som utvikler seg i en helt annen retning enn det en hadde forestilt seg på forhånd (RAND-dokumentet).

Russland faller ikke sammen som følge av sanksjonene, tvert imot har den russiske ledelsen åpenbart forberedt seg på at dette ville skje. Det er Nato-området som sliter mest som følge av fraværet på russisk energi som Nato-land nekter seg selv. Denne energien omdirigeres nå til Asia med langt høyere priser, en fordel for Russland (og for Norge).

Alliansen Kina/Russland vokser også frem med sine nye samarbeidsorganisasjoner (BRICS, SCO etc.) som alvorlige utfordrere til den falmende alliansen bak USA. Verden går inn i en metamorfose og ingen vet hva som vil utvikle seg som følge av de dyptgripende endringene som nå skjer. Vi lever i en brytningstid.

Knut Lindtner
Redaktør

USA må revurdere sin militære bruk av rommet

Commander of space operations general B. Chance Saltzman sa på sidelinja under Sikkerheitskonferansen i München at USA lyt revurdere sine investeringar i rommet. Kina har utvikla anti-satellitt- missil, bakkebaserte energivåpen og kapasitet til å avskjere robotiske satellittar som går i bane rundt jorda. Kinas krigsfokus er på angrep mot rekognosering, kommunikasjon, navigasjon og tidleg-varslande satellittar, slik at ein kan gjere fienden både «blind» og «døv».

Biden-administrajonen på München Sikkerheitskonferanse

Kamala Devi Harris er USAs visepresident fra 20. januar 2021. Hun var senator fra California fra 3. januar 2017 til 18. januar 2021. (Wikipedia)

Biden-administrasjonen var overveldande representert med sine topp-tenestemenn på München Sikkerheitskonferanse. Dei snakka alle i svært skarpe ordelag mot president Vladimir Putin. Vise-president Kamala Harris kom med skuldingar om krigsbrotverk, systematiske angrep på sivile, mord, tortur, valdtekt, deportasjon og andre uhyrlegheiter i det ho kalla Russlands uprovoserte krig.

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg vedgjekk at krigen i Ukraina starta i 2014, noko som undergrev Harris’ skuldingar om at krigen var «uprovosert».

Ecuadors president skulda for tilknytning til kartell

Bankmann og medlem av Opus Dei, Ecuadors president Guillermo Lasso, leid eit sviande nederlag i folkerøystinga den 5. februar. Alle dei 8 forslaga hans (som mellom anna handla om utlevering av ecuadorianske fangar til andre land og å redusere talet på parlamentarikarar) fekk «nei».

Avisa La Posta avslørte at etterretningstenestene hadde skrive ein 145-siders rapport om presidenten og svigerbror hans sine relasjonar til albansk mafia. Avisa har levert kopiar av rapporten til parlamentet, som allereie har ei gransking på gang om Encuentro-saka, eit korrupsjonsnettverk i administrasjonen.

Stay-behind : Danmarks tidlegare forsvarsminister sett under tiltale

Claus Hjorth Frederiksen

Danmarks tidlegare forsvarsminister Claus Hjorth Frederiksen, som i 2020 avslørte at han hadde autorisert danske etterretningstenester til å spionere på norske, svenske, tyske og franske leiarar på vegner av USAs National Security Agency (NSA) i 1992, vart den 14. januar i år tiltalt for å ha avslørt statshemmelegheiter. Denne siste forgreininga av USAs og Storbritannias Stay behind-nettverk, viser at dei aldri slutta å spionere på sine NATO-allierte. Ansvaret for operasjonane har skifta frå den eine til den andre ettersom skandalane har utfolda seg.

Men Claus Hjorth Frederiksen er no parlamentsmedlem, og det danske parlamentet har nekta å gi avkall på hans parlamentariske immunitet.

Tsjekkia forsyner den ukrainske arméen

Den tsjekkiske republikken skal levere hundre Toyota terrengbilar utstyrt med to rasktskytande maskingevær som kan skyte ned droner. Det er Nederland som skal betale for desse våpena som skal til Ukraina.

Noreg og krigen

Etterretningstenestas årsrapport åtvarer om utplassering av russiske skip i Austersjøen som er utstyrte med taktiske atomvåpen. Noreg, som ifølge Seymour Hersh aktivts deltok i sabotasjen av Nord Stream-gassrøyrleidningane, har så langt hatt store fordelar av krigen i Ukraina. På 2 år har dei firedobla verdien sin på gass- og oljeeksport (til nesten 166 milliardar euro i 2022, samanlikna med 37 millardar euro i 2020).

Vesten går tom for ammo

Lagrene tømmes

Ifølge NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg, brukar Ukraina i dag mange gongar meir ammunisjon enn det heile forsvarsindustrien til NATO greier å produsere. Ukroboronprom har kunngjort at dei vil starte å produsere 120mm granatar. I sin Rikets tilstand-tale sa Russlands president Vladimir Putin at ammunisjonsforsyning var eit problem også for det russiske militæret. Han kunngjorde ein plan for å raskt auke produksjonen. 

President Zelensky snakkar om sitt potensielle nederlag i Donbas

I eit intervju med Corriere Della Sera sa president Volodymyr Zelensky at viss dei ukrainske tapa skulle halde fram med å stige, så kunne dei måtte overgi Bakhmut. Det er ei heilomvending i forhold til alt han før har sagt om å gjenerobre Donbas.

Pfizer-dokument om Israels medverknad

Under Pfizer-saka kom ein advokat for det farmasøytiske selskapet til å nemne eksistensen av eit vedlegg til kontrakten Israels Helsedepartement signerte, som stilte krav om strengt hemmeleghald. Ein saksøkar kravde å få innsyn i dokumentet. Dokumentet, som endå er under granskning, verkar bevise at laboratoriet brukte det israelske folket som forsøksrotter.

Tidlegare allierte av Benjamin Netanyahu protesterer mot hans nye politikk

Tidlegare Likud-justisminister og visestatsminister under Netanyahu, Dan Meridor, heldt ein tale under hovudprotestane utanfor Knesset den 20. februar. Han sa: «Kven skulle trudd at vi ville måtte forsvare demokratiet i Israel, men det er under angrep!»

Yoram Cohen

Tidlegare direktør for Mossad, Tamir Pardo, utvald av Benjamin Netanyahustane. I eit intervju med radiokanalen Kan, skulda han statsministeren for å reformere rettsvesenet berre for å kunne personleg sleppe unna (rettsforfølginga som er i gang). I tillegg skulda han visse element av den regjerande koalisjonen for å ville bygge «ein rasistisk og forferdeleg stat som ikkje kan overleve».

Tidlegare Shin Bet-direktør Yoram Cohen, også utvald av Benjamin Netanyahu, sa i ein høgrevingsdemonstrasjon :

«Den føreslåtte reformen vil endre den politiske styre-strukturen i Israel, sidan den utøvande greina – leia av statsministeren – vil få uavgrensa makt. Balansen som er nødvendig for eit demokratisk samfunn, vil forsvinne. Kvar medborgar må bli påverka av ein slik situasjon, uavhengig av politisk ståstad. Reformen i sin noverande tilstand, brutalt påtvinga og utvikla utan forhandlingar med alle nasjonens komponentar, kan føre til katastrofe.»

Spørsmål rundt jordskjelvet i Tyrkia og Syria

Ifølge Damaskus’ Institutt for Seismologi, har det aldri før vore observert noko som heilt liknar dei blå lynglimta som vart sett i Tyrkia og nord-Syria rett før jordskjelvet. Denne observasjonen forsterkar hypotesen om at dette jordskjelvet ikkje var naturleg, men menneskeskapt. 

Etter Sovjetunionens eksperiment på å skape små jordskjelv for å forhindre større, og USAs eksperiment på å skape stormar, så vart det signert ein avrustningsavtale mellom dei to landa i 1976: Konvensjon om forbod mot militær eller anna fiendtleg bruk av teknikkar for miljømodifisering. Avtalen er sidan signert og ratifisert av 48 andre statar. Då Sovjetunionen vart oppløyst, vart dei sovjetiske vitskapsfolka i Pamir-prosjektet overtatt av USAs HAARP-prosjekt (High frequency active auroral research program). 

5 – Voltaire, International Newsletter – N°29 – 24 February 2023

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Edward Howell



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 372 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    28 februar 2023 20:33

    Gode greier. Men noko er som før. «Ekspertar» satsar tungt på at folk er idiotar:

    – Ekspert: Putin driver en farlig demonisering av Vesten i sin propaganda. (ABC Nyheter 28.2.)

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Krigsmotstanden i Europa vokser.

Demonstrasjoner over hele Europa.

Previous Post

Sanksjoner som våpen

Det Hvite Hus trodde «økonomiske atomvåpen» ville få slutt på Russland’s krigføring

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.