Kortnytt veke 41, 3023 Meldingene er hentet fra Voltairenet.org sitt ukentlige nyhetsbrev.
Russland kan utfordre Ukrainas uavhengigheitserklæring
Ettersom Ukraina si erklæring av uavhengigheit den 4. august 1991 ikkje var basert på noka folkerøysting om sjølvråderett, og den braut Lov nr. 1409 av 3. april 1990 om prosedyre for løysing av spørsmål relatert til at ein føderal republikk trekk ut av SSSR, så kan Russland – som etterfølgar av SSSR – avskaffe Ukrainas sjølvstende, hevdar russiske historikarar. I så fall ville landet bli eit omstridd territorium og NATO ville ikkje lenger legalt kunne forsyne dei med våpen.
Pimping er ikkje eit brotsverk når det involverer president Bidens son
Kongress-kvinna Marjorie Taylor Greene (Rep., Georgia) viste under ein open komite-sesjon fotografi av Hunter Bidens krumspring. Justisdepartementet hadde ikkje svara på breva hennar av 25. juli og 8. september om saka. Ho argumenterte med at Jeffrey Epstein sin assistent Ghislaine Maxwell hadde blitt dømd til 20 år i fengsel for same brotsverka.
____________________________________________________________________________
Pimping er kontroll av prostituerte og å skaffe dem klienter.
____________________________________________________________________________
Tenestemann for skattemyndigheitene (IRS), Joseph Ziegler, hadde prøvd å spore opp dei prostituerte som Hunter Biden hadde tilsett, men av sine overordna blitt frårådd å halde fram.
Vi vil aldri få vite kven som beordra drapet på Fernando Villavicencio



Dei seks colombianarane som vart arresterte i samband med drapet på Ecuadors presidentkandidat, journalisten Fernando Villavicencio, vart sjølve myrda i fengselet. Det skjedde under eit fangeopprør.
Sittande president Guillermo Lasso annonserte på ein privat tur til New York at han ville kansellere turen sin til Korea og straks returnere heim.
Runde nummer to av valet skal haldast den 15. oktober. Fernando Villavicencios etterfølgar, journalisten Christian Zurita, vart eliminert i første runde.
Med 6800 innsette, er Coastal Penitentiary Rehabilitation Centre (Guayaquil) Ecuadors største fengsel. I 2021 førte samanstøytar mellom to gjengar til 123 døde, fleire av dei med avkappa hovud, og nokre vart visstnok til og med grilla og etne.
Angelsaksisk partnarskap for mineraltryggleik
USA sikrar forsyninga si av sjeldne metall. Dei var medstyrarar av eit møte i Minerals Security Partnership (MSP) i London. Målet var å sikre at angelsaksiske selskap kan utbytte sjeldne metall over heile verda.
Møtet vart styrt av USAs statssekretær for økonomisk vekst, energi og miljø, Jose W. Fernandez, og Storbritannias minister for næringsliv og handel, Nusrat Ghani.
USAs utanriksdepartment utvider informasjonskontrollen i Asia-Stillehavet
USAs utanriksdepartment utvider sitt Digital Communication Network (DCN) i Asia-Stillehavet. Dei stifta denne såkalt ikkje-statlege organisasjonen (NGO) i 2016 for å trene opp og koordinere internett-aktørar. I praksis er målet felles kamp mot informasjon som strir mot USAs dogmer.
Liz Allen (Under Secretary of State for Public Diplomacy and Public Affairs) skal opne ei avdeling av DCN i Australia.
Ingen felles Brorskap/Khomeinistisk generalstab
Dei siste månadane har Irans Revolusjonsgardekorps (IRGC) halde fleire koordineringsmøte i Beirut (Leibanon), der Hamas, Hizbollah og Islamsk Jihad deltok. Dei var leidde av kommandanten for al-Quds-grigadane, Ismail Qaani.



Eitt av dei, i mai 2023, vart gjort offentleg. Møtet samla Hassan Nasrallah (generalsekretær for Libanons Hezbollah), Saleh al Arouri (Hamas’ nr. 2) og Ziad al-Nakala (kommandant for Islamic Jihad).
Føremålet med desse møta var å dele feedback om angrep på israelsk territorium. Det var truleg under desse møta at dei palestinske deltakarane endra oppfatninga si av krig.
Men det er absurd å tru at gruppene som seier dei følger Imam Ruhollah Khomeini og dei som seier dei følger Hassan El-Banna (grunnleggaren av Det Muslimske Brorskapet) har blitt einige om å danne ein sams militær stab. Khomeini og El-Banna utvikla rivaliserande ideologiar som begge nyttar religion i politikken. Dei møttest og delte verda seg imellom: sjiittane er Khomeinistane si innverknadssone, sunniane Brorskapet si. Denne avtalen blir følgd til punkt og prikke av Irans Ayatollah Ali Khamenei.
Hizbollah kjempa mot Hamas under den syriske krigen. Deretter stifta dei fred med dei då Hamas innrømde at dei hadde tatt feil og sende ein utsending til Damaskus for å orsake. Begge gruppene deler målet om frigjering av Palestina, men ein fundamentalt forskjellig oppfatning av etikk skiller dei. Hizbollah slutta seg ikkje til Hamas sin operasjon mot Israel, men er forventa å gjere det når Tel Aviv startar krigføringa etter anti-opprørsprinsippa sine.
Syria ber Russland om hjelp til å rydde opp på grensa til Israel
Den syriske arabiske republikken har ingen intensjonar om å blande seg inn i konflikten mellom Det muslimske brorskapet og Israel. Dei har bede Russland sikre at ingen tar initiativ til noko anna. Det russiske militæret monitorerte rørslene til anti-Israel-grupperingar stasjonerte på Golan-grensa. Dei har forsikra om at ingen av dei er innanfor 140 kilometer frå grenselinja.
Syria og Russland skal ha mottatt godkjenning frå USA om å utrydde jihadistar frå Idlib
Medan verdas auge er retta mot Gaza, har syriske og russiske væpna styrkar starta ein gigantisk militæraksjon mot jihadistane som er samla i guvernatet Idlib. Luftstyrkane deira bomba rundt femti lokalitetar.
Under dei siste sju åra har Syria og Russland omgruppert utlandske heilagkrigarar i nordvestre Syria, i guvernatet Idlib. EU støtta desse med våpen og mat, medan Tyrkia forsvarte dei. Syria har bede sine statsborgarar flykte, og har ønska dei velkomne i Damaskus. Men framandkrigarane la aldri ned våpena. Det finst inga anna løysing enn å drepe dei.
USA skal ha avtalt med Russland å la israelarane massakrere Hamas på Gaza i byte mot å la syrarane gjere slutt på dei utlandske jihadistane i Idlib.
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°56 – 13 October 2023
*
Utdrag frå Telegram:
«GRUNNLAUSE PÅSTANDAR», seier Hamas-talsmann etter at Israels statsminister Netanyahus kontor hevda at Hamas hadde kappa av hovuda på barn i Kibbutz’en Kfar Aza (https://t.me/IntelRepublic/28988), sjølv om den israelske hæren før hadde trekt påstanden tilbake (https://t.me/IntelRepublic/29034).
Opphavet til historia om «40 halshogde barn» (https://t.me/IntelRepublic/29018) stammar frå den israelske reservisten David Ben Zion, leiar av Det regionale rådet på Vestbanken som før i år gjekk ut og oppfordra til utsletting av ein palestinsk landsby.



Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF) utførte eit bombeangrep frå lufta mot ein hovudveg på Gaza-stripa medan sivile vart evakuerte (dvs tvangsflytta, mrk). Det melder avisa Washington Post, etter at journalistane deira har granska video publisert på Internett.
Ifølge journalistane angreip Israel den 13. oktober vegen Salah ad-Din, som knyt saman sør-Gaza med nord. Videoopptak viser ifølge journalistane lika av sivile, inkludert små barn
Den israelske arméen har ikkje svart på avisas førespørsel om kommentar.
⚡️Hizbollah publiserte ei kunngjering som sa:
“Klokka 15:15 i dag, laurdag 14. okt -23, angreip grupper av Den islamske Resistansen dei zionistiske stillingane i dei okkuperte libanesiske Shebaa-gardane: Al-Radar, Ruwaisat Al-Alam, Al-Samaqa, Zibdin og Ramtha, med styrte missil og granatar som råka presist og direkte.”
Laurdag 15:20
⚡️Zionist-regimets artilleri-angrep råkar libanesiske heimar no [i det omstridde grenseområdet som begge sider gjer krav på, mrk.]
Egyptiske medium siterer ei egyptisk sikkerheitskjelde: Vi avviste at Rafah-grenseposten berre skulle kunne kryssast av utlendingar. Egypts standpunkt er klart: det er nødvendig å legge til rette for naudhjelp inn til Gaza-stripa.
Sky News Arabia rapporterer at Egypt har nekta amerikanske statsborgarar å evakuere over grensa med mindre det blir opna for at hjelp kan kome inn på Gaza-stripa.



ANGREP PÅ PRESSA: Den libanesiske Reuters-journalisten Issam Abdallah ligg livlaus og lemleista med ansiktet ned i jorda og beina sprengde bort etter brutale israelske angrep på medie-teamet sin presse-van (https://t.me/IntelRepublic/29171?single) på grensa til sør-Libanon.
Samtidig kunngjer Tel Aviv at dei vil innføre total internett-blackout på Gaza på laurdag – sannsynlegvis for å dekke over krigsbrotsverka som vil kome på den territoriale stripa.
Israel drep ikkje berre palestinske (https://t.me/IntelRepublic/4259) journalistar.
«I CAN’T FEEL MY LEGS. FUCK. FUCK» Reuters-kamera filmar skrekken når ISRAELSKE ANGREP DREP JOURNALIST og skadar tre andre etter å ha forvandla bilen deira til ei brennande kiste.
IDF (https://t.me/IntelRepublic/14005) sine internasjonalt forbodne fosfor-bomber spreidde også skrekk ikkje langt unna Israels grense til Sør-Libanon (https://t.me/IntelRepublic/29022).
Oppdatering: Den Qatariske nyheitskanalen Al Jazeera rapporterer også om at to av deira journalistar vart råka av israelsk bombing – Hizbollah kunngjer eit gjengjeldsangrep på fleire israelske militære stillingar nær Libanons grenser.
«Hamas bør handsamast slik IS vart handsama» – Netanyahu.
Det er heilt meiningslaust, Bibi.
IS fekk mat, klede, bilar og svære mengder våpen med USAID-leveransar, og vart deretter sende for å oppfylle eit «djupstat»-oppdrag – den gongen å styrte det irriterande Assad-regimet i Syria. (https://t.me/IntelRepublic/29120)
USA DOLKAR IRAN I RYGGEN når dei avtalte med Qatar å på nytt fryse 6 milliardar dollar (https://t.me/IntelRepublic/27892) av iranske pengar, sjølv om dei tidlegare har avtalt å la Teheran få tilgang til pengane etter ei fangeutveksling (https://t.me/IntelRepublic/27907).
Det finst INGEN bevis (https://t.me/IntelRepublic/29071) for Irans rolle i Hamas-angrepet (https://t.me/IntelRepublic/28843), men USA bryr seg ikkje.



Korfor skal ein bry seg med å gjere avtalar når USA berre ignorerer dei når dei vil …
Oppdatering: USAs utanriksminister Blinken seier USA «reserverer seg retten til» å fryse Irans verdipapir.
SJUKEHUS PÅ GRENSA TIL KOLLAPS på Gaza-stripa. Ein går lens for både sjukehussenger og tid for pasientar som er heldige nok til å kome seg ut av ruinhaugane, men trua av full svartlegging frå Israels massedødsdom med avsperring av elektrisitet og drivstofftilførsel som truar med å forvandle Gazas sjukehus til masselikhus.
Gazas helsedepartement seier Verdshelseorganisasjonen (WHO) sine krav om humanitære korridorar er umoglege – venta å falle for døve øyre.
Israel har utført angrep på 34 helseinstitusjonar på Gaza sidan førre laurdag (ei veke) med bombekampanjane som har mislykkast i å ta ut «Hamas»-måla.
Over heile verda påpgår det demonstrasjonar til støtte for det palestinske folket.
Den franske regjeringa har har gitt ordre til utplassering av opptil 7000 soldatar rundt om i landet etter masseprotestane.
Macron har bestemt at INGEN pro-Palestina-protestar skal tillatast, og han har sleppt laus politi med vasskanonar og tåregass på folkemengdene (https://t.me/IntelRepublic/20511).
Frankrikes innanriksminister går endå lengre. Han har gitt ordre om at alle utlandske statsborgarar som bryt dei nye reglane skal «systematisk DEPORTERAST».
Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa seier han står på på folket i Palestina si side. Det har også andre statsleiarar uttalt.
Dobbeltmoral: når EU-sjef VON DER «LYING» (https://t.me/IntelRepublic/16815) skulda Russland for «reine terror-gjerningar» når dei angreip ukrainsk energi-infrastruktur (https://t.me/IntelRepublic/23707) i fjor (video 00:20), men ikkje kjem med anna enn støtte til Tel Aviv når Israel innfører ein dødeleg blokkade (https://t.me/IntelRepublic/28935) på Gaza-stripa (00:44).
Ei humanitær KRISE (https://t.me/IntelRepublic/29117) utfaldar seg på Gaza-stripa, og FN kritiserer Israel for å halde folket på Gaza «under ulovleg blokkade i 16 år.»
Sundag: Anniken Huitfelt seier på nrk at det er Hamas som hindrar at humaniær hjelp kjem fram til folket på Gaza. I røynda er det Israel som nektar å opne Rafah-grenseovergangen:
LASTEBILAR HOPAR SEG OPP i ein organisert kork på grensa mellom Egypt og Israel medan Tel Aviv held fram med å totalt blokkere kryssing av al-Rafah-grensa, og hindrar livsviktig, livreddande naudhjelp frå donorar å kome inn på Gaza.
Gaza lir sidan Israels fullblokkade av alvorleg mangel på medisinsk utstyr, mat, vatn og andre nødvendige gode under det israelske bombardementet.
Talet på palestinarar drepne i israelske angrep på Gaza-stripa har passert 2600, seier det palestinske helsedepartementets kontor på Gaza-stripa.
Israelsk TV hevdar på si side at talet på døde israelske innbyggarar under eskaleringa av konflikten har auka til 1400. (https://t.me/sputnik_africa/9597)
Dei ukrainske angrepa held fram inne i Russland:
Mørke og ruinar er alt som er att av to familieheimar etter ukrainske droneangrep i grensebyen Belgorod, pre-krigs vest-Russland, tidleg laurdag morgon. Tre menneske drepne, inkludert eit lite barn, to til er på intensiven, opplyser guvernør Gladkov.
🔥 KJEM NOKON TIL Å GRANSKE DEI KANADISKE NAZISTANE? Over dei siste sju åra har styresmaktene i Canada allokert 2,2 millionar dollar til støttespelarar av ukrainske nazistar, seier den jødiske avisa Forward.
1,5 millionar dollar gjekk til Congress of Ukrainians of Canada, som hyllar nazi-avdelinga SS Galicja. Avisa The New Pathway (som forsvarer reisinga av monumentet til ære for Roman Shukhevych (https://t.me/IntelRepublic/11512?single) i Canada) fekk også ei løyving på 68 000 dollar. Mindre beløp gjekk til ungdomsleirar og kulturorganisasjonar.
Canada har eit stort samfunn av ukrainarar, heile 4% av befolkninga. Etter Andre verdskrig mottok dei også rundt 2000 SS Galicia-krigarar (https://t.me/IntelRepublic/28657?single).
Omsett av Monica Sortland
Kortnyhetene er et utvalg av flere, hentet fra et nyhetsbrev fra voltairenet.org som ligger bak en betalingsmur.
Redaksjonen har lagt ut bilder m/tekst
Forsidebilde: Fra Hebron Ralf Roletschek
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 869 ganger.