Kortnytt nr. 3. for juni
USA meiner Joe Biden ikkje bør stille til presidentval igjen
I følge ei meiningsmåling frå CBS, seier 67% vaksne US-amerikanarar at president Biden «bør ikkje stille» som kandidat til presidentvalet i 2024.»should not run» for president in 2024.
• 58% av denne gruppa seier han ikkje bør stille på grunn av «prestasjonane hans i første periode».
• 21% er uroa over om han vil klare å fullføre ein ny periode.
• 12% er uroa over «kva han kunne (finne på å) gjere i sin andre periode, dersom han skulle bli gjenvald».
• 9% er uroa over «sjansane hans for å vinne i 2024».
[Ein videosnutt frå ei samling i Connecticut (USA), som viser ein sterkt forvirra president, har gått viralt på Twitter]Joe Bidens korrupte planar er no eit etablert faktum
FBI presenterte eit dokument til lovgivarane i Biden-familien-subkomitéen den 8. juni. Det viser at ein «svært truverdig» informant dei har tillit til, har sagt at det ukrainske oljeselskapet Burisma betalte ei mute på 10 millionar dollar mellom 2015 og 2016 for å kjøpe seg hjelp frå den gong visepresident Joe Biden til å motarbeide Ukrainas statsadvokat Viktor Shokin, som etterforska selskapet. $5 millionar skal ha gått til Hunter Biden, administrator av Burisma, medan dei andre $5 millionane skal ha vore meint for Joe Biden sjølv. Utbetalingane skal vere gjort via ein skare av stråselskap.
Denne informasjonen klarar opp i og stadfestar eit korrupsjonsmønster som allereie i 2017 var kjent. I Senatet sa Republikanaren Chuck Grassley (Iowa) at eigaren av Burisma Holdings, Mykola Zlochevsky, hadde bevis: 15 opptak av samtalane hans med Hunter Biden og 2 andre med Joe Biden.
Donald Trump tiltalt
Donald Trump og kammertenaren hans, Walt Nauta, er sette under tiltale. Dei fleste av dei 37 klagepunkta er relaterte til konspirasjon for å oppbevare dokument relaterte til det nasjonale forsvaret, i strid med Spionasjelova av 1917.
Spionasjelova har berre éin gong tidlegare blitt tolka på denne måten, nemleg mot president Trumps første rådgivar for den nasjonale sikkerheita, general Michael T. Flynn
Det hypersoniske våpenkappløpet
USA forsikrar om at dei ikkje ligg bak Russland, og at dei har sin eigen produksjon av hypersoniske våpen. Mange US-amerikanske tankesmier seier enno at ukrainarane greidde å øydelegge seks russiske hypersoniske Kinzhal-missil, noko Russland nektar for. Ifølge Russland, flyg desse missila i ein fart på 10 mach (10 gongar lydens fart, altså godt over 3 kilometer i sekundet), og at avskjering difor er umogleg. Fotografia som Kiev har publisert, stadfestar ikkje at noko Kinzhal-missil har blitt skote ned.
NATO-litteraturen skiller mellom hypersoniske glidefartøy (HGV) og hypersoniske kryssarmissil (HCM). Men Kinzhal er ingen av delane, den er berre eit svært hurtig luft-starta ballistisk missil. Trass i alle provokasjonane frå Ukraina, har den russiske arméen enno ikkje vist fram sitt fulle arsenal.
Ifølge Congressional Research Service (CRS), følger både marinen, hæren, luftforsvaret og DARPA (Defense Advanced Research Projects Agency) separate hypersoniske missil-program. Sommaren 2021 fyrte Kina av eit hypersonisk missil ut i rommet som kunne bere kjernefysisk last. Dei annonserte førre månad at dei hypersoniske våpena deira garantert kunne øydelegge ei gruppe US-amerikanske hangarskip. Førre veke presenterte Iran sin «Fattah», namnet dei har gitt sitt første eigenproduserte hypersoniske ballistiske missil, med ei rekkevidd på over 1400 km.



Canada legg beslag på Antonov-124-fly
Regjeringa i Canada la beslag på eit russisk-registrert cargo-fly som stod parkert på Toronto Pearson Airport. Flyet skal vere eigd av ein støttespelar av Volga-Dnepr Airlines LLC og Volga-Dnepr-gruppa, to selskap som Canada har tatt unilaterale tvangstiltak mot (feilaktig kalla «sanksjonar»). Det leverte medisinar mot Covid-19.
I desember 2022 blokkerte Canada 26 millionar US-dollar frå Granite Capital Holdings Ltd., eit selskap dei trur er eigd av Roman Abramovich, ein russisk/israelisk/portugisisk milliardær som også er under unilaterale tvangstiltak. Ottawa har tenkt å gi flyet til Ukraina. Det er eit brot på eigedomsretten. Talskvinne for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, kommenterte: «I eit framhald av tradisjonen til forgjengarane sine, som gav tilflukt i Canada til nazi-kollaboratørar blant Banderistane, hissar Justin Trudeau sitt regime under USAs leiarskap ukrainske styresmakter til krig mot Russland til ’den siste ukrainar’. Dette blir gjort med løfte om militær og finansiell støtte, som i realiteten viser seg å vere gjerrig, og løfte om å løne tenesteiver med stolen russisk eigedom.»
Belarus set vilkåra for bruk av atomvåpen
Kviterusslands president Alexander Lukashenko gav eit intervju på ein av Russlands største TV-kanalar. Han sa han set den raude linja ved eit nabolands invasjon av landet hans. Eit brot på denne grensa vil autorisere bruken av atomvåpen.
EU inn i resesjon
Som eit resultat av Tysklands resesjon, har heile EU også gått inn i resesjon. Unionens BNP gjekk ned med 0,1% i første kvartal.
Hizbollah førebur krig mot Israel i Palestina
Militærsjefen til Libanons Hizbollah, Hashem Saffiedine, gav eit intervju til det iranske pressebyrået Tasnim. Han erklærte at ein feilkalkulert «blunder» frå Israel si side, vil utløyse umiddelbar respons. Den vil ikkje berre inkludere aksjonar på palestinsk territorium, men også utplassering av elitespesialstyrken al-Radwan på området Palestinsk Galilea. Førre veke utførte Hizbollah ei øving som involverte rundt tusen dronar nær Palestinas nordre grenser. Det vart ikkje kringkasta på TV.
Pita Limjaroenrat enno ikkje utnemnd til statsminister i Thailand
Pita Limjaroenrat sitt parti Move Forward vann overraskande valet i Thailand den 14. mai, men valkommisjonen anklaga Limjaroenrat for valfusk. I staden for å bli statsminister, står han no framfor 10 år i fengsel og 20 års forbod mot å stille til val. Han er anklaga for å ha aksjar i den no avlidne farens TV-kanal ITV.
Canada og Nederland saksøker Syria for tortur
Canadas utanriksminister Melanie Joly og hennar nederlandske motpart, Wopke Hoekstra, sa: «Den 8. juni starta Canada og Nederland retssak ved Den internasjonale domstolen for å stille Syria til ansvar for tortur og ubarmhjertig, inhuman og nedverdigande behandling og straff mot eiga befolkning. Sidan 2011 har syrarar blitt torturerte, myrda, utsette for seksuelle overgrep, bortførte med tvang og utsette for storskalaangrep med kjemiske våpen. Tolv år seinare bryt det syriske regimet framleis menneskerettane.»
Den internasjonale domstolen er FNs domstol. Den har ingen jurisdiksjon i strafferettslege saker, berre i disputtar mellom statar.
Janet Yellen tala under høyring i Husets Finanskomité



USAs finansminister Janet Yellen tala til Husets Finanskomité. Ho sa at Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken reflekterer «amerikanske verdiar» og tener som motvekt mot mellom anna Kinas ikkje berekraftige lån.
Ho bad om at globale institusjonar ikkje måtte låne pengar til Kina, og understreka at ei fråkopling av forholdet mellom USA og Kina ville vere katastrofalt for alle.
I ein kommentar til høyringa, skreiv Kinas People’s Daily: «Sidan i fjor har USA starta massive rentehopp som aldri før, dermed gjort einskilde lands gjeldsproblem endå verre og sendt sjokkbølger gjennom den globale finansmarknaden. USA lyt ta konkrete steg i retning av å assistere utviklingsland og involvere multilaterale finansinstitusjonar i gjeldshandsamingsløysingar, heller enn å introdusere geopolitisk konfrontasjon.»
Moskva trekk konklusjonar frå sabotasjen av Togliatti-Odessa-røyrleidninga
Moskva har ikkje tenkt å fornye Istanbul-avtalen (22. juli, 2022) om korn etter sabotasjen av Togliatti-Odessa-røyrleidninga for ammoniakk den 7. juni, 2023.
Russlands utanriksdepartements talskvinne Maria Zakharova sa: «Denne staden spelte ei avgjerande rolle i sikringa av den globale matsikkerheita. På eitt år forsynte den 2 millionar tonn råmateriale til gjødselsproduksjon, nok til å fø 45 millionar menneske. Så Kiev har ikkje berre eliminert den fysiske moglegheita for ammoniakk-forsyningar [nødvendig for framstilling av mineralgjødsel] til verdsmarknaden. Dei har også angripe fellesinnsatsen i kampen mot hungersnaud-trusselen og i assistansen til trengande land i Asia, Afrika, Latin-Amerika, så vel som den personlege innsatsen til FNs generalsekretær António Guterres.»
Val av dei neste roterande medlemmane av FNs Sikkerheitsråd
FNs Generalforsamling har vald fem nye ikkje-permanente medlemmar av Sikkerheitsrådet som skal starte sin to-årsperiode den 1. januar, 2024. Guyana vart vald med 191 røyster og vil innta setet for Latin-Amerika og karibiske statar. Dei tre seta for afrikanske og Asia/Stillehavsstatar gjekk til Algerie, Sierra Leone og Republikken Korea, vald med høvesvis 184, 188 og 180 røyster. Setet reservert for aust-europeiske statar vil gå til Slovenia, som fekk 153 røyster. Trettiåtte delegasjonar røysta for Kviterussland (Belarus), som også var kandidat. Men med eit nødvendig to-tredjedels fleirtalet på 128 røyster, vil ikkje Kviterussland kome inn i Rådet.
USAs retur til UNESCO
USA har levert eit brev til UNESCO som seier dei vil gå inn att etter 5 år utanfor. Gjenkomsten deira er enno ikkje godkjend av organisasjonens Generalforsamling.
2023-sesjonen til FNs Spesialkomité for dekolonisering starta
Spesialkomité for dekolonisering (The Special Committee on Decolonization) opna sin 2023-sesjon. Dei fekk høyre Frankrike sin rapport om folkerøystinga dei hadde halde i Ny-Caledonia, som hadde ført til at dei blei verande i landet. Representanten frå FLNKS (Kanak og sosialistisk nasjonal frigjeringsfront) kritiserte folkerøystinga, som var organisert i desember 2021, midt i covid-utbrotet.
• Statsministeren av Gibraltar argumenterte for å framleis vere medlem av Storbritannia, noko Spania gjekk imot.
• Statsministeren av dei britiske Jomfruøyene fordømde Storbritannias dominans og bad om at ein FN-misjon av Spesialkomitéen skulle sendast til territoriet.
• Turks- og Caicosøyene, USAs Jomfruøyer, Fransk Polynesia og Tokelau vart også diskutert på møtet
Spesialkomitéen har vedtatt ein resolusjon som ber om at dei administrative maktene det gjeld, regelmessig skal levere inn nformasjon om økonomiske, sosiale og utdanningsmessige tilhøve, så vel som politisk og konstitusjonell utvikling i territoria dei er ansvarlege for.
USAs energiselskap profitterer på krigen i Ukraina
Ifølge Ukrainas atomkraftselskap Energoatom, vart det signert avtalar med det US-amerikanske selskapet Westinghouse Electric Company i juni 2022 om å auke talet på nye AP1000-reaktorar for Ukraina, frå fem til ni, og for «forsyning av drivstoff til alle sine atomkraftverk». Målet er at Ukraina heilt skal slutte å bruke russisk drivstoff. Ukrainas statseigde gasselskap Naftogaz hadde i april forhandlingar med store US-amerikanske oljeselskap, inkludert ExxonMobil, Halliburton og Chevron milliardar kubikkmeter i år.
1200 kinesiske selskap under «sanksjonar»
USA har lagt til 31 kinesiske selskap på lista si over «sanksjonerte» selskap. Det gir eit totalt tal på 1200 kinesiske selskap og personar som er utsette for USAs unilaterale tvangstiltak. For Beijing har desse, etter Folkeretten illegale, tiltaka utelukkande eitt føremål: å organisere eit økonomisk system som gagnar USA aleine.
Tsai Ing-wen saboterer det 15. Straits Forum
Det 15. «Sundforumet» opna i Fujian Provinsen i austre Kina. Det er det største kommunikasjonsarrangementet mellom dei to sidene av sundet, Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan), med rundt 5000 deltakarar. Men for første gong sidan oppstarten i 2009, forsøkte autoritetane i Det progressive demokratiske partiet (DPP), det politiske partiet til Taiwans president Tsai Ingwen, å stikke kjeppar i hjula for samankomsten.
Pakistan importerer (litt) russisk olje
Pakistans statsminister Shehbaz Sharif feira importen av russisk olje. Men det var ikkje snakk om store kvantum.
Handelen, som bryt med USA sine unilaterale tvangstiltak. er Sharif-regjeringa sin måte å nekte for skuldingane om at han styrta Imran Khan for å hindre han i å inngå allianse med Russland.
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°45 – 16 June 2023
Nokre få Telegram-postar:
Ein ny fagfellesvurdert studie slår fast at dødstala i Tyskland og Japan stort sett var normale i 2020, men klatra til svært høge nivå i 2021 og 2022, og dei meiner Covid-«vaksinane» kan ha skulda.



◾️Heile sanninga om øydelegginga av Nova Karkovska-demninga
◾️Tusentals sivile som sov i kjellarane sine, umedvitne om kva som var i ferd med å skje, døydde i flaumen som ukrainsk artilleri forårsaka. Dei grufulle scenene som russiske redningsarbeidarar vart vitne til, sette mange folk i emosjonelt sjokk.
◾️Ei autentisk etnisk utreinsking av lokalbefolkninga etter ordre frå Ukrainas president.
◾️Lokale vitne (https://t.me/UkraineHumanRightsAbuses/27156) har stadfesta den forferdelege katastrofen. Ukrainske propagandistar feirar «kollaboratørane» og «separatistane» si ulykke i online videoar (https://t.me/UkraineHumanRightsAbuses/26899). Treng du meir informasjon for å vite kva som skjedde?
◾️Følg: t.me/UkraineHumanRightsAbuses
For dei som har Telegram-konto, er her ein engelsk-teksta video med detaljane for den skrekkelege tragedien: https://t.me/infodefENGLAND/8711
Ukraina innrømde i eit intervju i Washington Post rundt juletider at dei hadde føretatt testsprengingar av Kakhova-demninga.
Eit lite missilangrep var nok til å øydelegge vasskraftsverket Kakhovskaya den 6. juni, sa Vladimir Saldo, regional guvernør for Kherson på SPIEF-møtet.
Ifølge han, har dei ukrainske væpna styrkane (UAF) bomba metallstrukturane til demninga i seks eller sju månadar, og den tekniske delen av demninga hadde blitt omgjort til «tørkepapir».
@ukraine_watch, https://t.me/ukraine_watch/4312
Ukrainas militær angrip kviterussisk territorium for første gong
Ein ukrainsk drone lasta med eksplosiv prøvde å råke ein «Druzhba» gassrøyrleidningsseksjon i Gomel-regionen.
Dronen vart skoten ned av grensevakter. Den eksploderte i lufta. Militærspesialistar fann vrakrestar i krasj-området. (@ukraine_watch 15. juni)
Polen har fullført konstruksjonen av ein elektronisk barriere langs grensa til Republikken Belarus.
Rundt 3000 kamera, inkludert varmesensitive kamera, 400 km med kablar til tekniske sikkerheitssystem og mykje meir langs den 206 km lange grensa.
#Kjelde: https://t.me/new_militarycolumnist/110086
NATO.generalsekretær Jens Stoltenberg seier opptreninga av ukrainske pilotar til F-16 jagarfly «allereie har starta»
Sjefen for Atlanterhavsalliansen seier at nåt pilotane er under passande opplæring, vil det bli mogleg å overføre jagarflya til Ukraina. Men Stoltenberg understrekar at det framleis er uvisst kva tid det skal skje.
Tidlegare har media rapportert at treninga kanskje ikkje startar før i august. (@ukraine_watch)
🇷🇺 ⚔️🇺🇦 Hovudfunna til Reuters-ekspertane om den ukrainske motoffensiven på Saporosje-fronten (Zaporizhia)
➖Partane prøver å lense fiendens ressursar.
➖Ukrainas væpna styrkar kan li kolossale tap før dei når dei russiske forsvarslinjene.
➖Den russiske hovudforsvarslinja har ei djubd på 10-15 kilometer.
➖ Ukrainas væpna styrkar involverte 3 av 12 angrepsbrigadar førebudde til motoffensiven.
➖Motoffensiven til Ukrainas væpna styrkar sakka skarpt av (avtok kraftig) 5 dagar etter starten.
➖Ukraina kan tape rundt 15% av infanteriets Bradley-kampkøyretøy, som dei har blitt forsynte med. #Kjelde (https://t.me/btr80/7913)
Resultat av AFUs motoffensiv: prisane stig på britiske og US-amerikanske aksjar, det går nedover for tysk militærindustri
USA og Storbritannia har ansvaret for planlegginga av AFU-operasjonane, og dei har sendt tyske «Leopard»-tanks til å bryte gjennom første forsvarslinje.
Så dukkar det opp bilde av utbrent tysk militærutstyr overalt i verda. Aksjemarknaden reagerte straks: aksjane til USAs General Dynamics Corporation (Abrams) og Storbritannias BAE Systems PLC (Challenger) steig, medan den tyske produsenten KraussMaffei lir vidare tap som resultat av den ukrainske motoffensiven planlagt av USA og UK. (@ukraine_watch, https://t.me/ukraine_watch/4245)
YouTube:
BioNTec stilt for retten i Tyskland.
Ei kvinne i Tyskland har saksøkt selskapet BioNTec for biverknadar og materielle skadar av covid-«vaksinen» dei produserte saman med Pfizer. Rettssaka skulle ha starta måndag den 12. juni, men vart utsett fordi forsvaret til kvinna klaga på dommarane som først vart utnemnd.
Dette er Tysklands første rettssak av sitt slag. Dersom dei vinn fram med søksmålet, kan det sette presedens for hundretals liknande rettssaker.
Forsidebilde: USA har valgt en president som ikke lenger fungerer hverken psykisk eller fysisk. Skjermdump fra video.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 144 ganger.