Kortnyheter fra hele verden.
Utvalde nyhende frå veke 40, 2023
Disse nyhetene er hentet fra Voltairenet.org sitt ukentlige nyhetsbrev. De ligger bak en betalingsmur.
Robert Fico, som er imot Zelensky-regimet, vann det slovakiske parlamentsvalet
I strid med valdagsmålingar vart det slovakiske parlamentsvalet vunne av opposisjonen, med 13 parti som konkurrerte.
– Robert Ficos SMER-SD (Sosialdemokratisk, euroskeptisk) fekk 22,95% av røystene og 42 representantar av 150;
– Michal Šimečkas Sosialistparti (Sosialliberal, europofil) fekk 17,96% av røystene og 32 representantar;
– Peter Pellegrinis HLAS-SD (Sosialdemokratisk, europofil) fekk 14,70% av røystene og 27 representantar.



Fire andre parti kom inn i parlamentet, medan seks andre ikkje nådde den naudsynte 5% terskelen. Tidlegare president for regjeringa, Robert Fico (2006-10 og 2012-18), kom derfor sigerrik ut. Under kampanjen sin fordømde han EUs og NATOs støtte til Ukraina og minna om at sidan 2014 har Ukraina vore styrt av nazi-kuppmakarar.
Hendinga i Canadas underhus stadfesta hans synspunkt. Han fordømde også straumen av migranter gjennom landet og den hjelpa Brussel gir dei. Til slutt fordømde han kjønnsteori og likekjønna ekteskap.
Armenia bryt med Russland
Det armenske parlamentet har røysta for å bli med i Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Med det støttar dei arrestordren som er utferda mot den russiske presidenten Vladimir Putin og markerer eit brot med Moskva.
Under konflikten støtta ikkje vestlege land armenarane, fordi dette ville ha tvinga dei til å anerkjenne retten til Krim, Donbass og Novorossia til sjølvråderett. Russland for sin del støtta ikkje Armenia fordi Jerevan styrta den valde regjeringa til fordel for ein mann som var knytt til George Soros, og som ikkje er meir legitim i Russlands auge enn Petro Porosjenko og Volodymir Zelensky i Ukraina.
Den svarte filosofen Cornel West stiller til val som president



Den venstreorienterte filosofen Cornel West har kunngjort at han vil stille som presidentkandidat for Folkets parti i 2024. Han kan også få støtte frå Det grøne partiet. Som universitetsprofessor har han skrive mykje om situasjonen til afroamerikanarar og fattigdom. Han har hatt eit radioprogram, sunge rap-songar og vore konsulent for Matrix-filmane.
Han støtta valet av Barack Obama før han snudde og erklærte at Obama berre var ein slags «Republikansk Rockefeller i svart maske.» Han var den første som støtta streiken til United Auto Workers. Donald Trump og Joe Biden gjorde sinare det same.
Kandidaturet kjem i tillegg til Robert F. Kennedy Jr. sitt. Dersom han ikkje klarer å gjere det bra, vil Cornel West sitt kandidatur ta vekk røyster frå Joe Biden, som ikkje lenger kan håpe på å samle fleirtalet av røystene.
Russland simulerer atomkrig
Russland har gjennomført dei største øvingane i atomkrig i historia. Med tanke på at USA, pressa i Ukraina, kunne starte ein slik dødeleg krig, har det russiske forsvarsdepartementet simulert øydelegginga av halvparten av russiske anlegg og territorium.
Krise i rekruttering til den amerikanske hæren
Den amerikanske hæren er ikkje lenger i stand til å rekruttere. Nedgangen i talet på nye rekruttar truar heile funksjonsevna og ambisjonane deira. Visse faktorar kan ikkje hæren gjere noko med, som t.d. fedmeepidemien i den aktuelle aldersgruppa.



Hærens sekretær Christine Wormuth og hennar stabssjef general Randy George har kunngjort eit nytt program. Frå no av vil rekrutterarane ikkje lenger være infanterisoldatar, men i staden personar frå utanfor hæren som er spesialiserte i HR.
Iran protesterer mot truslane til Benjamin Netanyahu
Iran har lagt ned protest etter at Israels statsminister Benjamin Netanyahu igjen har trua Iran med kjernefysiske angrep under FNs Generalforsamlings 78. sesjon (S/2023/697). Teheran, som støttar planen om å gjere Midtausten til «atomvåpen-fri sone»,minner om at Israel er landet i regionen som har denne typen våpen.
Falske GPS-signals i luftfarten
12 passasjerfly i tyrkisk, aserbaidsjansk og iransk luftrom har mottatt falske GPS-signal. Det førte til at dei mista kontroll over, og avveik betydeleg frå, flygeruta. Kor signala kom ifrå, er ikkje kjent. Denne typen elektronisk krigføring greier ikkje hindre militære fly, som har meir sofistikerte GPS-system enn dei private. Men dei fleste dronar kan bli kapra.
Ukraina bad G7 om missil til å angripe Iran og Syria
Eit 47-siders dokument som Ukraina leverte til G7-medlemmar i august, med tittelen Barrage deaths: report on Shahed-136/131 UAV, ber om missil-destruksjon av drone-produserande verkstadar/fabrikkar i Iran, Russland og Syria. Ifølge dokumentet, som avisa the Guardian har fått i hende, blir komponentane til dei russiske dronane produserte i USA, Sveits, Nederland, Tyskland, Canada, Japan og Polen. G7 har ikkje respondert på førespørselen om missil som kan nå Iran og Syria fråm Ukraina.
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°55 – 6 October 2023
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Florian Klauer
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 715 ganger.