Kortnytt veke 42, 2023. Meldingene er hentet fra Voltairenet.org sitt ukentlige nyhetsbrev.
Vestleg veto mot ei humanitær våpenkvile i Gaza
Det russiske utkastet bad om «umiddelbar, varig og fullt respektert humaniær våpenkvile» og «uhindra» humaniært tilgjenge til Gaza-stripa.
USAs permanente representant, Linda Thomas-Greenfield, stadfesta at ho hadde brukt vetoretten sin. Ho sa at det russiske utkastet til resolusjon hadde blitt presentert utan konsultasjon, og at det ikkje nemnde Hamas. Ho anklaga Russland for å gi ei terroristgruppe dekning.
Sidan Henry Dunant (jfr. Battle of Solferino stiftinga av International Red Cross), har humanitær lovgivning vore basert på strikt nøytralitet: ein skal aldri fordømme dei eine eller andre sida, heller ikkje om det har skjedd overgrep. USA sitt argument til forsvar for korleis dei røysta, er derfor meiningslaust.
FNs Sikkerheitsråd heldt eit møte bak lukka dører om situasjonen i Palestina. USA, Frankrike og Storbritannia opponerte mot eit russisk resolusjonsforslag som bad om ei humaniær våpenkvile. Japan røysta også imot.
Å hindre ei humanitær våpenkvile, på eit tidspunkt når alle veit at den israelske arméen vurderer å utføre etnisk utreinsing, er ein blankosjekk for å utføre masse-brotsverk.
Moskva og Beijing har tatt eit nøytralt standpunkt, uendra sidan 2003. Dei har nekta å fordømme både Hamas og Israel. Dei held seg utelukkande til folkeretten. Om denne skulle implementerast, ville det innebere stor offer for Israel, men ikkje for palestinarane. Det er derfor Vesten snakkar om «nøytralitet til fordel for Palestina».
WHO fordømmer Israels evakueringsordre
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har kraftig fordømt Israels gjentatte ordrar om å evakuere 22 sjukehus som behandlar 2000 pasientar i nord-Gaza.
«Liva til mange kritisk sjuke og skjøre pasientar er i fare. Folk under intensivbehandling eller i pustemaskin, folk på dialyse (blodreinsing), nyfødde i kuvøse, kvinner med graviditetskomplikasjonar og andre pasientgrupper står i overhengande fare for forverring eller døden dersom dei blir tvinga til å forlate fasilitetane og bli avskorne frå livreddande behandling under evakuasjon.»
EU-militærøving
EUs væpna styrkar simulerte ein militæroperasjon (LIVEX, ein del av MILEX23) med ei amfibiøs landing frå USA sin militærbase i Rota, Spania. Det er første gong EU-institusjonar agerer som operasjonelt hovudkvarter under militærøvingar. Høgrepresentant Josef Borrell r til stades saman med sjefen for EU Military Committee, general Robert Brieger, og Spanias forsvarssjef, general Teodoro E. Lopez Calderon.
25 luftfarty, 6 skip og 2800 menn deltok i øvinga, som inkluderte både infanteri, marine, luftvåpen, spesialoperasjonar og styrkar for krigføring i verdsrommet og det digitale rommet.
EU sine styrkar kan berre agere under NATOs kommando, og NATO har det fulle ansvaret for EUs forsvar. Hovudkvareret til EUs marinestyrke har vore på denne US-amerikanske militærbasen sidan 2019. Det er herifrå dei styrer «Operation Atalanta» mot piratane i Aden-golfen og utanfor kysten av Somalia.
Anti-arabiske pogromar på den okkuperte Vestbanken
Ifølge den israelske menneskerettsgruppa B’Tselem, har busettarar på Vestbanken drept 58 palestinarar sidan starten av Operasjon Al-Aqsa Flood.
Israel har i tillegg arrestert 524 palestinarar på Vestbanken, mistenkte for terrorisme. 330 av dei var mistenkte for å vere medlemmar av Hamas.
Arrestasjon av jødiske pasifistar i USA
Politiet som vaktar parlamentsbygget i Washington (Capitol Police) arresterte minst 500 personar, inkludert over 20 rabbiar (jødiske prestar), under ein protest som jødiske fredsaktivistar (Jewish Voice for Peace og IfNotNow) organiserte saman med representanten Rashida Tlaib (D-Michigan) på onsdag.
Dei ropte «Fri Palestina!», «Ikkje i vårt namn!» og «våpenkvile no!». AntiDefamation League (ADL) har kalla Jewish Voice for Peace ein «radikal anti-Israel og anti-Zionistisk» organisasjon.
Liten minoritet avviser israelsk krigspropaganda
15 medlemmar av Representanthuset i USA (14 Demokratar pluss Republikanaren Thomas Massie) nekta å støtte ein resolusjon som fordømmer Hamas for operasjon «Al-Aqsa Flood». Dei har oppdaga at skuldingane om valdtekt og avkapping av hovud på barn var krigspropaganda, og at det ikkje var sant at operasjonen utelukkande var organisert av Hamas, og ikkje Den sameinte palestinske resistansen.
Republikanarane vil sannsynlegvis også røyste imot hjelpepakken til Gaza og Vestbanken som president Biden kunngjorde dei hadde planar om å sende. Guvernør Ron DeSantis har i ein video på nettet sagt at pengane truleg ville gått til Hamas-terror, og bad Republikanarane støtte han og «opponere mot Bidens $100 millionars gåve til Hamas».
Informasjonskrig på X
Elon Musk, eigar av X (tidlegare Twitter) har avslutta kontrakten han hadde med det israelske selskapet ActiveFence, som hadde ansvaret med å avgjere kva slags kontoar som spreidde anti-israelsk informasjon.
Den isralske organisasjonen FakeReporter, stifta i 2020, jaktar på kontoar dei meiner er falske og som reproduserer informasjon som er fiendtlege mot Netanyahu-regjeringa. Dei spesialiserer seg på kamp mot nettverk dei trur er iranske.
Pentagon skal sikre USAs satellittar
USAs forsvarsdepartement (Pentagon) har sleppt ein rapport kalla Space Policy Review and Strategy on Protection of Satellites. Der er fokuset at Kina og Russland har oppretta romstyrkar. General B. Chance Saltzman har fått ansvaret med å gi 8600 soldatar frå U.S. Space Force oppgåva med å forsvare USAs satellittar, både sivile og militære.
Rapporten spesifiserer ikkje kva slags våpen som skal brukast, men eit hemmeleg vedlegg skildrar i detalj kva slags middel Russland og Kina har til rådvelde.
Omsett av Monica Sortland
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – nummer 57 – 20. October 2023
Kortnyhetene er et utvalg av flere, hentet fra et nyhetsbrev fra voltairenet.org som ligger bak en betalingsmur.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 751 ganger.