Inga global kveite-krise etter kornavtale-avslutninga
av F. William Engdahl



31. juli, 2023
Sidan Russland den 17. juli kunngjorde at dei ikkje kom til å fornye avtalen Black Sea Grain Initiative som dei forhandla fram med Tyrkia og Storbritannia, og som skulle tillate trygg passasje for ukrainsk korneksport frå Odessa og to andre hamner ved Svartehavet, har hovudstraumsmedia i Vesten påstått at det vil skape global svolt og galopperande matprisar. Eit ukrainsk angrep på den gigantiske brua som knyter fastlands-Russland til Krim-halvøya, nøye taima til avslutninga av korn-avtalen, provoserte fram eit massivt gjengjeldsangrep frå dei russiske styrkane som gjorde stor skade på hamner i Odessa og i nærleiken. Kva er eigentleg situasjonen for matforsyninga frå «Europas brødkorg», som Ukraina likar å bli kalla?
Den 19. juli kunne ein i Indian Express lese overskrifta «Utsikter til ‘hunger games‘ i verda når Kina hamstrar korn og Russland trekk seg frå avtale». Dei slår vidare fast at «ei hungerskrise kan vente verda til neste år fordi Russland har trekt seg frå ein stor matkorn-avtale med Ukraina, verknadar av matkorn-hamstringa til Kina, verdas største riskonsument, åtvarer ein analytikar.» LA Times hadde like alarmerande oppslag: «Russland pausar avtale som lar Ukraina eksportere korn, i eit angrep på den globale mat-tryggleiken». CNN, Yahoo og andre Vestlege medium hadde liknande alarmerande historier. Ingen av dei brydde seg med å gå i detalj om den noverande situasjonen. Den er langt mindre alarmerande enn det som blir påstått. Det kan kanskje bli kornmangel i verda snart, men det blir ikkje på grunn av noko Russland har gjort i Ukraina.
Den 19. juli, to dagar etter kanselleringa, skaut verdsprisane på futures-kontraktar på korn i veret med rundt 8%, då nyheita kom om at Russland no ville sjå på kvart skip som landa i Odessa eller andre hamner som moglege våpen-fraktarar og dermed mål for russiske missil. Vestlege medium har sidan hevda at Russland forårsakar potensiell svolt i verda når dei kansellerer den ukrainske korneksportavtalen. Kva er eigentleg sant?
Korfor Russland stoppa avtalen
Svartehavskornavtalen vart signert i juli 2022 etter skuldingar om at Russlands militæraksjonar i Ukraina skapte alvorlege korn-problem for afrikanske og andre fattige land. Russland gjekk med på, med FNs deltaking, ein avtale om at Russland skulle garantere fri passasje frå ukrainske kornhamner i Svartehavet, mot at Vesten letta på sanksjonane mot eksporten av russisk kveite og gjødsel, inkludert å oppheve SWIFT-forbodet for Russlands hovudstatsbank for korneksport. Russland, Ukraina, Tyrkia og FN vart samde den 22. juli 2022 om å tilby ein humanitær maritim korridor for skip som frakta mat og gjødsel frå Ukrainas Svartehavshamner. Den 18. mai, 2023, forlenga Russland avtalen i 60 dagar, fram til 17. juli.
Men det var eit stort problem. Vesten nekta å ta omsyn til den russiske parten i avtalen. Ifølge den russiske statskanalen Sputnik news: «Avtalen er ein integrert del av ein pakke-overeinskomst. Den andre delen – Russland/FN-memorandumet, designa for tre år – seier at russisk eksport av mat og gjødsel skal avblokkerast, at den russiske jordbruks-banken igjen skal knytast til [transaksjonssystemet] SWIFT, at forsyningane av agrikulturelt maskineri, reservedelar og tenester skal gjenopptakast, at ein skal gjenopprette ammoniakk-røyrleidninga Togliatti-Odessae (som Ukraina saboterte i juni), og ei rekke andre tiltak. Moskva seier denne delen av pakke-avtalen enno ikkje har blitt implementert.»



Den 17. juli, den dagen Russland sa dei ikkje ville fornye avtalen, starta Ukraina, med hjelp frå US-amerikansk og britisk etterretning, eit dødeleg angrep på den einaste brua som knyt Krim – der den russiske svartehavsflåten har sin hovudbase – til det russiske fastlandet. Ein ukrainsk sjødrone gjorde stor skade og drepte to sivile, med ein tredje i koma. Moskva starta dødelege reprimandardei neste nettene, med svære bombeangrep som øydela mykje av hamneinfrastrukturen til Odessa og andre Svartehavshamner i nærleiken.
Kornterminalar og hamneinfrastruktur i Ukraina var peikte ut som mål i dei russiske angrepa om natta den 18. og 19. juli, og det var gjort skade som det vil ta minst eit år å fullt ut reparere, ifølge Ukrainas departement for agrikultur og mat. Ein signifikant del av infrastrukturen til hamna i Tsjornomorsk vart slått ut, og 60 000 tonn korn vart også øydelagt. Korn-infrastrukturen til internasjonale og ukrainske handelsmenn og lasteskip som t.d. det luxemburgsk/ukrainske Kernel, Viterra, ein del av den gigantiske Sveits-baserte Glencore-gruppa, verdas største innan varehandel, og den franskeCMA CGM Group vart skadde.
Moskva seier også at ikkje berre nekta FN og Vesten å respektere Russland sin del av avtalen, men at Vesten i tillegg brukte dei beskytta skipa til å levere våpen frå NATO og andre til Ukraina for å mate krigen. Knappast ei humanitær gjerning.
Kveite til EU?
Medan Vesten hevda at den russiske blokkaden av skipstrafikk frå Odessa og andre ukrainske hamner skapte ein humanitær katastrofe i Afrika og andre fattige land, så hamna kveiten og også ukrainsk mais og solsikkeolje ikkje i fattige land i sør. I staden [hamna det i Europa], heilt til ein stor bonde-revolt i Polen, Bulgaria, Romania og andre EU-land tvang Brussel til å midlertidig forby import av det svært billige ukrainske kornet. Ifølge FN var det EU som naut best av kornavtalen: 38% av alt ukrainsk korn vart sendt til Europa, trass i at EU er ein nettoeksportør av kveite. 30% gjekk til Tyrkia og 24% til Kina. Berre 2% gjekk til nasjonar i det globale sør.
I april, konfrontert med ein svær bondeoppstand mot bølga av importert, billig, ukrainsk korn, introduserte Polen, Slovakia, Ungarn og Bulgaria eit temporært forbod mot ukrainske jordbruksprodukt, etter at dei ikkje fekk gjennomslag i Brussel for krava sine om eit generelt forbod og å la kornet gå til Afrika og andre statar [sic, Afrika er ikkje ein stat, mrk.], slik den opprinnelege avtalen var.
Nokre harde faktum frå USDA
Sjølv om det meste av statistikk frå USAs styresmakter i dag ikkje er mykje verdt, etter fleire tiår med politisk manipulasjon, så blir statistikken frå USAs jordbruksdepartement (USDA) om global kveiteproduksjon generelt rekna for å vere rimeleg nøyaktig; verdas korn-kartell litar på deira informasjon når dei bestemmer kornprisane. I USDA-rapporten, Grain: World Markets and Trade, frå den 12. juli, rett før den avbrotne fornyinga av Svartehavs-kornavtalen, kan ein lese at «Når slutten på handelsåret 2022/23 nærmar seg, har Russland konsolidert stillinga si som verdas største kveite-eksportør». Dei seier «Russland sin eksport er estimert til 45,5 millionar tonn i 2022/23. Den primære destinasjonen er Midtausten, nord-Afrika og sentral-Asia […] Russisk kveite-eksport vil ifølge prognosane nå ein nye rekord med 47,5 millionar tonn i 2023/24.»
USDA-rapporten held fram: «Ukrainas dyrka areal er signifikant redusert som resultat av krigen med Russland. Produksjonen i 2023/24 blir ifølge prognosane 17,5 millionar tonn, den minste avlinga på over eit tiår. Med kraftig reduserte forsyningar og uvisse kring framtida til Black Sea Grain Initiative, er prognosane for den ukrainske kveite-eksporten i 2023/24 lågare, på 10,5 millionar tonn, ned med over 40 prosent i forhold til førkrigsgjennomsnittet. Sjølv omBSGI hjelpte Ukraina å eksportere 16,8 millionar tonn kveite i 2022/23, vart 39 prosent av kveiten frakta utanfor kornkorridoren (primært via land-transport til aust-Europa).”
Om vi så trekk frå dei 6,6 millionane tonn kveite som gjekk til EU over fastlandsruter, så får vi at ca 10,2 millionar tonn ukrainsk kveite no ikkje er tilgjengeleg for verdsmarknaden via Svartehavet. Men det tilsvarer nesten presis det volumet av ukrainsk kveite som overfløymde dei lokale marknadane i EU det siste året.
Russland lovar korn til Afrika
Den 27. juli, på det andre årvisse Russland/Afrika-toppmøtet i St. Petersburg, lova Russlands president Putin at Russland skulle forsyne nokre utvalde afrikanske land med gratis korn: «Vi vil vere klare til å forsyne Burkina Faso, Zimbabwe, Mali, Somalia, Den sentral-afrikanske republikken og Eritrea med 25-50 000 tonn gratis korn kvar gjennom dei neste 3-4 månadane.»
NATO og hovudstraumsmedia i Vesten manipulerer eit einsidig narrativ for å legge skulda på Russland for noko som deira eigne korrupte gjerningar har framskaffa. Den russiske suspensjonen av kornavtalen, som Russland har sagt seg villig til å gjenopne dersom det kjem garantiar for at dei russiske vilkåra blir respekterte, skapar ikkje nokon global katastofe. Det som er langt farlegare for verda, er dei medvitne tiltaka til EU og Biden-administrasjonen for å innføre alvorlege kutt i verdas gjødselsproduksjon under den såkalla Grøne null-karbon-agendaen deira.
Omsett av Monica Sortland
http://www.williamengdahl.com/gr31July2023.php
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 27 ganger.