POSTED IN Asia, Endring av politikken

Konfliktene vokser i Asia.

Partene skylder på hverandre.

0
Print Friendly, PDF & Email

Den 20. Shangri-La-dialogen

Den 20. Dialogen på Shangri-La Hotel i Singapore, på initiativ frå International Institute for Strategic Studies (IISS) i London, sanka ihop alle som tel av militære leiarar frå Asia/Stillehavs-regionen.

USAs forsvarsminister, general Lloyd Austin, og hans kinesiske motpart, general Li Shangfu, tok kvarandre høfleg i handa ved ankomsten, trass i tvangstiltaka (feilaktig kalla «sanksjonar») som USA har lagt på kinesarane. Ein av talarane sa at det i den komande duellen ikkje ville ha noko å seie om USA eller Kina skulle vinne; det viktige var å sjå kven av dei to som kunne overbevise publikum.

IISS har levert sin 2023-rapport, som gir Kina det fulle og heile ansvaret for spenningane, fordi dei stiller spørsmål ved den regionale ordenen. Kinesiske offisielle tenestemenn har peika på at det var amerikanarane som forstyrra den internasjonale etterkrigsordenen då dei utfordra eitt-Kina-politikken som stammar frå Potsdam-avtalen (1945) og FNs Generalforsamlings resolusjon 2758 (1971).

General Li Shangfu

For første gong i historia vart Shangri-La Dialogue scene for ein diplomatisk konfrontasjon.

• Australias statsminister Anthony Albanese leverte første innspel. Han understreka at eit samanbrot i dialogen mellom Washington og Beijing kunne få katastrofale konsekvensar for verda.

• USAs forsvarsminister, general Lloyd Austin leverte ein tale med tittelen «U.S. Leadership in the Indo-Pacific Region.» (US-amerikansk leiarskap i indo-stillehavsregionen). Han la vekt på dei mange regionale samarbeida og viljen til alle om å skape ei fredeleg verd.

• Indonesias forsvarsminister Prabowo Subianto presenterte sitt lands fredsplan for å ende den ukrainske konflikten. Den ber om våpenkvile, at begge partar trekk sine militære styrkar tilbake 15 kilometer frå kontaktlinja, utplassering av fredsbevarande FN-styrkar i den demilitariserte sona mellom dei, og FN-overvaka folkerøystingar i dei omstridde områda. Den indonesiske planen vart fordømd av Kiev, medan Russland avstod frå å reagere.

• Indias viserådgivar for den nasjonale sikkerheita, Vikram Misri, kom med ei avklaring: Sjølv om India kjøper våpen frå Russland og ikkje fordømmer det dei gjer i Ukraina, så er ikkje dei to landa militære allierte. India fordømmer militæralliansar fordi dei vil halde på uavhengigheita si. Dette er meininga med ikkje-allianse-politikken som statsminister Jawaharlal Nehru la fram i Bandung i 1955.

• Japans forsvarsminister Yasukazu Hamada la vekt på at gjenvæpninga av landet hans var i samsvar med Folkeretten. Deretter fordømde han unilaterale forsøk på å endre status quo med makt. Han refererte til Kina si utplassering av styrkar rundt dei folketomme SenkakuDiaoyu-øyene som USA gav til Japan i 1972, men som er gjort krav på av både Japan, Kina og Taiwan. 

• Kinas forsvarsminister, general Li Shangfu, stilte spørsmål ved kven som forstyrra freden i regionen. Han presenterte fire grunnreglar: (1) gjensidig respekt må stå over overherredøme; (2) Folkeretten (ikkje Vestens reglar) bør fortrenge jungellova; (3) gjensidig tillit og konsultasjon løyser problem og (4) vi treng fleksibilitet, openheit og inkludering. Alt dette er ting som blir umoglege med danning av militæralliansar. Han avslutta med å be alle delta i dette kollektive arbeidet i mellomstatlege forum.

• General Li Shangfu forklarte også tydeleg kva som er Kinas standpunkt i forholt til Taiwan. Beijing vil halde fast ved sin doktrine om ei fredeleg gjenforeining av dei to delane av Kina, men dersom ein tredje part skulle prøve å separere øya frå sitt moderland, så vil det kinesiske militæret straks intervenere. «Vi vil ikkje frykte nokon opponent, og vil resolutt trygge vår nasjonale suverenitet og territorielle integritet, same kva det vil koste,» sa han.

Voltaire, International Newsletter – N°44 – 9 June 2023, leiaren

Omsett av Monica Sortland 



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 249 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nato bestemmer når det skal skje.

Prinsipper er til for å brytes.

Previous Post

Moralposering, på ordre fra Kiev

Sjokoladeboikott – her kan alle delta

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.