POSTED IN Endring av politikken, USA

Konfliktene i USA:

Her er mange aktører og konfliktlinjer.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

General Flynn, QAnon og valet i USA

av Thierry Meyssan

Voltaire Network | Paris (Frankrike) | 1. desember 2020

Amnestiet som president Trump har gitt sin tidlegare rådgivar for nasjonal sikkerheit, general Michael Flynn, ser ut til å støtte QAnon, ei gruppe han verkar vere knytt til. På same måten som oppseiinga av Pentagon-leiarar ser ut til å følge general Flynns målsetningar.

Då Donald Trump oppsiktsvekkande nok benåda general Michael Flynn skapte han mykje hjernebry.

Rett nok blir den store soldaten rettsforfølgd for å ha loge for Russiagate-granskarane (og ikkje for andre brotsverk han skal ha gjort seg skuldig i). Han prøvde å beskytte sjefen sin frå rettsinstansane sine inngrep, og for dette blir han no takka av sistnemnde.

Men framfor alt fordi denne mannen har ein ekstraordinær CV. Som direktør for militæretterretning stilte han spørsmål ved Obama-administrasjonen si støtte til Al Qaida, ISIS og deira morselskap, Den muslimske brorskapen. Han kjempa for å stoppe krigen mot Syria og halde president Basjar al-Assad ved makta. Etter ein minneverdig konflikt, der han fekk støtte frå generalane Mattis og Kelly, vart han tvinga til å gå av.

Møte i USAs nasjonale sikkerhetsråd den 13. juni, 2013 i Det Hvite Huset. Det hemmelige muslimske brorskapets ambassadør, Youssef al-Qaradâwî, kunne ikke reise til Washington fordi hadde forbud å komme til USA. Han ble representert ved sin nestleder, sjeik Abdallah Bin Bayyah, (nummer to fra venstre med turban).

Han starta så ein karriere i privat sektor, i arbeid for Cambridge Analytica, det firmaet som analyserte svære datamengder frå internett-trafikken for å hjelpe til i valkampanjar for mange leiarfigurar, inkludert Ted Cruz og Donald Trump i USA. Så grunnla han, saman med sonen Michael Jr, eit lobbyistselskap som ml.a. hadde Tyrkia som klient. Han talte Tyrkias sak og bad om utlevering av Fetuhllah Gülen, anklaga for å ha oppelda til statskuppet i 2016. På den tida var ikkje president Recep Tayyip Erdogan enno nokon beskyttar av Den muslimske brorskapen, og han nølte med å skulle bli leiaren for tyrkisk nasjonalisme. Det var derfor ønskverdt å utlevere islamistleiaren som hadde implementert kuppet etter ordre frå CIA.

Til sist kom general Flynn nærare Donald Trump, og vart så involvert i hans kampanje mot Puritanarane at han vart sett på som mogleg visepresident, eller til og med forsvarsminister eller rådgivar for den nasjonale sikkerheita. Det var denne siste stillinga han hadde i 24 dagar frå inaugurasjonen (tiltredelsen) av president Trump og fram til han vart tvinga til å ta avskjed på grunn av Russiagate-granskinga.

Sidan den datoen har han halde ein låg profil og berre jobba med rettsforsvaret sitt.

General Flynn og president Trump

Av dette følger spørsmålet: kva gjorde denne meisterspionen så nær Donald Trump då?

Den 14. september i 2019 var han annonsert som talar, saman med George Papadopoulos, på ein «Soldiers of the Digital Age»-konferanse i Atlanta. Dette var den første offentlege manifestasjonen av QAnon-rørsla. Men i møte med interesse frå pressa avlyste han deltakinga si.

Konferansen var organisert av Richard Granville, grunnleggaren av søkemotoren Yippi. Men om akkurat QAnon er ingenting kjent. Berre at han [personen som kallar seg Q i diverse forum på internett, mrk.] med denne signaturen poserer som ein senior innan Forsvaret med grad Q sikkerheitsklarering og eit ønske om å forbli anonym. Han skal vere opphavet til breitt spreidde meldingar om gransking av ein pedofil ring innan den puritanske øvre middelklassen, i framhald av Pizzagate, som inkluderer mange i Hollywood og Det demokratiske partiet, inkludert Podesta-brørne.

John Podesta var stabssekretær ved Det kvite hus under president Bill Clinton og leiar for valkampen til Hillary Clinton. Midt under Russiagate anklaga han Voltaire Network for å vere ein Kreml-front, etter at Michael Flynn Jr. vidareformidla ein av artiklane mine som avslørte far hans sin plan om å reformere etterretninga i USA.

Før presidentvalet den 3. november kringkasta «Q» meldingar som åtvara om ein føreståande operasjon mot konspiratørar som ved hjelp av valjuks ville styre valutfallet. Sidan den gong har han avslørt ransakinga i Tyskland av lokala til Dominion-gruppa som var involvert i opptellinga av stemmesetlar i det US-amerikanske presidentvalet. Men sjølv om denne politi-intervensjonen tok plass, så er det ikkje mogleg å verifisere kven som gav ordre om den, heller ikkje korfor eller kva dei fann.

Donald Trumps personlege advokat, og tidlegare borgarmeister av New York City, Rudy Giuilani, har talt om mange former for rigging av valet: veljarregistrering, sjølve stemmeboksane, brevstemmer, automatisk stemmeopptelling, og overføringa av maskin-resultata. Det er her som Dominion si programvare kjem inn i biletet. Den ville telle færre stemmer for Trump og fleire for Biden, på grunnlag av ei proporsjonal tildeling. Ein trur det er brukt i fleire land til å rigge val, inkludert Venezuela.

President Hugo Chávez har ofte bede om valobservatørar frå Voltaire Network. Ein av dei hadde på førehand oppdaga og fordømt ei rigging av avstemninga. Landet brukte tellemaskiner som utsteda ei kvittering for kvar stemme. Dominion hadde på førehand etablert ei liste over stemmemaskinene som skulle kontrollerast ved å samanlikne dei elektroniske resultata med kvitteringane. Frå då av visste ein at dei andre maskinene kunne tuklast med utan risiko. Det var ikkje president Chávez som ønska å forfalske resultata, men selskapet Dominion på vegne av kven veit kven. Generalen som hadde organisert valet vart arrestert før valet for korrupsjon og høgforræderi.

General Flynns advokat, Sidney Powell, gjekk med i Rudy Giuilani sitt team på pressekonferansen. Som tidlegare føderal anklagar i North Carolina, har ho skapt seg eit rykte som tøff mot underverdenen og korrupsjon. Som advokat demonstrerte ho kor urett Flynn-granskinga var, og fekk den anullert. Ho har nett kunngjort, saman med Giuilani, at ho arbeidar med ein ny anklage mot Dominion om massiv svindel.

Sparkinga av fem av Pentagon sine toppleiarar ber general Flynns signatur: dei var alle involverte i støtta til Den hemmelege muslimske brorskapen og deira terroristorganisasjonar al-Qaida og ISIS.

Bløffar Donald Trump, eller tar han svindlarane på fersk gjerning? Om så, vil han kjempe mot dei eller forhandle med dei?

Omsett av
Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Takk for en fin artikkel.
    Det er mye kokelimonke , dessverre. Det ser håpløst ut. – Så vi gir oss ikke.
    Og media nevner de ikke i Norge.
    – Ikke fordi det er «konspirasjoner/spekulasjoner uten hold» , men fordi det er på den «gale» siden av ondskapens akse.
    Slik går no dagan. 😉

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USA spriker om Covid-19. Det er noe som ikke stemmer:

Florida har lave dødstall uten særlige restriksjoner.

Forrige innlegg

Tyskland stenger ned:

Moderne kraftverk først.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.