Følg meg i tankegangen min no. Dette er ikkje komplisert. Russland har gjort ein førebels avtale med regjeringa i Sudan om å bygge ein base for den russiske marinen på Sudans kyst. Likevel påstår media at Moskva står bak kontra-kuppet til Rapid Security Force (RSF) no, som prøver å styrte regjeringa som hadde inngått ein avtale med Russland. Her er eit døme:
Den russiske leigesoldat-gruppa Wagner har supplert den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) i kampar mot den sudanske arméen, ifølge CNN.
OK. La oss sjå på nokre andre nøkkelfaktum dei skriv om:
Sudan har vore utan parlament sidan ein folkeleg oppstand tvinga fram den militære styrtinga av den lengesittande autokraten Omar al-Bashir i april 2019. Landet har vore i eit uføre av politisk kaos sidan eit militærkupp i oktober 2021 avspora den kortliva overgangen til demokrati.
11. februar 2023 — Sudans militærstyre tok ei avgjerd etter gjennomgang av ein avtale med Russland om å bygge ein marinebase på det afrikanske landets Raudehavskyst, sa to sudanske offisielle tenestemenn på laurdag. Dei sa at avtalen avventa opprettinga av ei sivil regjering og eit lovgivande organ til ratifisering før den trer i kraft.
Avtalen let Russland sette opp ein marinebase med opptil 300 russiske militærfolk, og samtidig ha opptil fire marineskip, inkludert atomdrivne, i den strategiske hamna Port Sudan ved Raudehavet. Basen ville sikre den russiske marinen nærvær i Raudehavet og Det indiske havet og spare skipa deira for lange reiser for å nå fram til området, ifølge Viktor Bondarev, den russiske eks-sjefen for luftstyrkane. Til gjengjeld skal Russland forsyne Sudan med våpen og militærutstyr. Avtalen skal vare i 25 år, automatisk utvida med 10 år i slengen dersom ingen av partane protesterer mot det.
22. februar 2022 — Gen. Mohammed Hamdan Dagalo, kommandant for dei mektige paramilitære Rapid Support Forces, hadde samtalar med russiske seniortenestemenn i Moskva.
Gen. Mohammed Hamdan Dagalo
Vladimir Putin og Russlands utanriksminister Lavrov er verken dumme eller sinnssjuke. Så korfor skulle dei støtte eit kupp for å styrte ei regjering som hadde gått med på å la Russland bygge ein marinebase i Sudan, i Raudehavet?
General Dagalo, som besøkte Moskva i februar, er tilfeldigvis også nestleiar for Sudans Suverene råd. Han representerte altså regjeringa i Sudan i Moskva, ikkje RSF (dvs. Rapid Support Force).
Dagalo, også kjend som Hemeti, sa ved dette høvet at det ikkje var noko problemå etablere ein russisk militærbase dersom det skulle gagne interessene til Sudan, utsegner som førte til fordømming frå USA. . . .
Godfrey fortalde Al-Tayar: «Alle land har ein suveren rett til å avgjere kva for andre land dei vil vere partnar med, men desse vala har konsekvensar, sjølvsagt.»
Ambassadøren la til at ein slik base i Raudehavet ville «føre til vidare isolasjon av Sudan i ei tid når dei fleste sudanarar ønsker å kome nærare det internasjonale samfunnet».
Ambassadør John Godfrey
Ambassadør Godfrey kom med klare truslar om dårlege «konsekvensar» for Sudan om dei samarbeidde med Russland. Kan det tenkast at ambassadør Godfrey eller CIAs stasjonssjef tilbaud RSF nokre elskverdige avtalar dersom RSF ville styrte den sittande sudanske regjeringa og legge på is planane for ein russisk base? Nei, det ville ha vore innblanding i andre lands interne forhold, og vi veit alle at USA er det siste landet som ønsker å fortelje andre land kva dei skal gjere og kven dei skal vere vener med. Eller..?
Eg blir slått av det høge talet på folk som jobbar på USA sin ambassade i Khartoum, som kan kome til å trenge berging — det offisielle talet er 70. Korfor så stort nærvær? Merk deg at USAs ambassade i Kiev har 71 personar, utanom det ekstra millitærpersonellet som er uttatt til særteneste i Ukraina. Sudan er ikkje nokon stor handelspartnar for USA. Kva gjer dei på, alle desse US-amerikanske diplomatane?
Kan det ha noko å gjere med borgarkrigen i Jemen? Det har vore breitt rapportert at Sudan stod på den jemenittiske regjeringa si side, mot dei Iran-støtta Houthi-rebellane. Ifølge CIA World Factbook:
Sudan gjekk med i den Saudi-leidde koalisjonen som intervenerte i Jemen i 2015, der dei skal ha stilt med så mange som 40 000 militærfolk under toppen av krigen i 2016-17, dei fleste av dei frå Rapid Support Forces; i 2021 hadde Sudan redusert storleiken på styrken til kring ein brigade (omlag 2-3000)
Dette reiser ei anna forklaring på korfor USA har så mange tilsette ved ambassaden sin i Khartoum. Leverte CIA kanskje paramilitær support, inkludert våpen og opptrening, til sudanarane som kriga i Jemen? Eg gjettar ’ja’. Eitt er sikkert: Sudan dykka ikkje ned i eigne reservar for ressursar til å trene og væpne troppane dei sende til Jemen.
Noko rart skjedde før det siste kuppforsøket i Sudan — Iran og Saudi-Arabia kom til forsoning under rettleiing frå Kina, og dei vart samde om å stoppe krigen i Jemen. Skal seie dét spolerte planane til dei etterretningsbyråkratane som var travelt opptekne med å skape trøbbel og kontrovers i Jemen!
Korfor skulle Russland ha noko ønske om å egge til kaos, ragnarok og død i Sudan samstundes som dei er opptatte med «den spesielle militæroperasjonen» i Ukraina og førebur seg på den oppblåste, oppskrytte ukrainske motoffensiven som skal ta Krim, og også prøver å utøve litt diplomatisk magi for å få Tyrkia og Syria til å nærme seg kvarandre? Det stemmer berre ikkje.
Kanskje, berre kanskje, bestemde dei rivaliserande partane i det sudanske militæret (altså RSF versus den regulære arméen) seg for, på eiga hand, at slutten på krigen i Jemen markerte ein sjanse til å ta kontrollen og bli ein viktig aktør i ein region der USAs makt og påverknad er på vikande front.
Tja, si det, W.T. i motsetning til dollar-hegemoniet hadde det både vært forunuftig, lurt, – og farlig.
Men dette område har jo stor interesse for de som vil ha , og alltid har villet ha, kontroll over Iran, Russland og nord/øst-Afrika. (Libya ikke glemt.) – Og generelt, ‘fattige’ Afrikas resurser.
Vi har valgt å være reklamefri, men det har en pris nå når nettavisen leses av stadig flere – også av noen med andre hensikter enn å skaffe seg informasjon. Vi er derfor avhengig av økonomiske tilskudd fra de av dere som setter pris på virksomheten vår. Mange bidrar allerede og det er vi svært glade for.
For de som vil støtte derimot.no økonomisk, men ikke bruker VIPPS kan evt. bidrag overføres til følgende kto. nr. 97224126437. VIPPS-kontonen ligger i rubrikken under.
2 kommentarer. Leave new
Er Sudan på vei inn i Bricks?
Tja, si det, W.T.
i motsetning til dollar-hegemoniet hadde det både vært forunuftig, lurt, – og farlig.
Men dette område har jo stor interesse for de som vil ha , og alltid har villet ha, kontroll over Iran, Russland og nord/øst-Afrika. (Libya ikke glemt.)
– Og generelt, ‘fattige’ Afrikas resurser.