POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Katastrofetall om vaksinene fra USAs pleiehjem:

I USA gikk dødeligheten opp etter vaksineringen, ikke ned.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Data frå sjukeheimane i USA viser tydeleg at COVID-vaksinane gjorde ting mykje verre

CMS publiserer kvar veke nye rekordnivå for sjukeheimane. Når ein analyserer desse dataa på ulike måtar, blir konklusjonen alltid den same: vaksinane var ein katastrofe. Dei auka dødsraten for COVID.

STEVE KIRSCH

20. AUG. 2023

Du kan laste ned dataa om US-amerikanske sjukeheimar frå CMS (Centers for Medicare & Medicaid Services) her, ved å klikke på bildet (må gjøres i originalartikkel, red.). Viss dette hadde vore ei suksess-historie, så hadde du fått lese om det i The New York Times. Men CDC (Centers for Disease Control and Prevention) og mainstream-media er tause. Det seier alt du treng å vite. Og viss dei prøver å publisere ein feilaktig analyse for å forvirre deg, så vil det slå tilbake på dei sjølve og gjere det endå verre for dei.

Overblikk

Endelig har vi den «gyldne standard» sanninga frå grunndata som ingen kan diskutere, som viser at COVID-vaksinane var ein katastrofe for dei eldre, den same befolkningsgruppa dei var meinte å verne. 

Kjelda til desse dataa? Vekesvise rapportar om smitte og dødsfall frå over 15 000 pleieheimar i USA som var pålagde å rapportere tala sine til Medicare (også kjend som CMS). Det som gjer dette så viktig, er at omtrent 40% av COVID-dødsfalla skjedde på pleieheimar. Så data om smitte og dødsfall på pleieheimar er «den heilage gralen.» Det går ikkje an å få betre data enn dette. 

Vi gjorde ein analyse av dataa i til det tidsrommet der varianten samsvarte med vaksinen, og avgrensa til dei få månadane etter vaksineringa før immuniteten [ifølge produsenten og helsestyresmaktene] byrja å avta. Vi laga altså føresetnadane for at vaksinen skulle vere ein suksess. Vi gjorde alt mogleg for å finne dei sterkast moglege teikna på at vaksinen fungerte effektivt. Så om desse dataa er dårlege, så er alt over. Det er ingen stad å gøyme seg. 

Og dataa er dårlege. Verkeleg dårlege. Det ville vere vanskeleg å analysere desse dataa og vise at dei var ein suksess. CMS gjorde ein stor feil ved å offentleggjere data om COVID i amerikanske pleieheimar, der kven som helst som vil vite sanninga kan analysere dei. 

Dataopenheit betyr at sanninga er synleg for alle. Dette er verkeleg dårleg for forteljinga, narrativet. Så eg gjorde det som andre respektable«desinformasjonsspreiarar» ville gjort … Eg lasta ned dataa og analyserte dei. 

Eg analyserte dataa ved hjelp av tre ulike metodar (sjå Excel-reknearket mitt) som eg meinte ville vere rettferdige og objektive, og resultata var samstemde. Dersom vaksinane verkeleg fungerte, skulle dødsraten av COVID i månadane etter vaksineringa (etter ein venteperiode) ha stupt, men i staden auka den med 20%. 

I tillegg var ein analyse av eldreinstitusjonar i Irland heilt samstemt med det som analysen min fann: dødsratane på pleieheimar skaut i vêret rett etter at vaksinane vart rulla ut.

CMS-dataa viser at vaksinane var ein katastrofe for dei eldre på tre ulike måtar:

1. Kortvarig dødsrate på 25% eller meir: Folk døydde med ein gong (vår utheving) eller kort tid etter at vaksinen vart gitt. Til dømes døydde åtte personar på Annandale Care Center, Minnesota, same dagen som dei fekk vaksinen. Institusjonen hadde berre 60 senger, men på den tida var det berre 29 senger som var i bruk. Det er enormt. Dette gir ei dødsrate på 28% om alle fekk vaksinen same dagen, og endå høgare rate om ikkje alle fekk vaksinen. Dette er veldig farleg. Men ikkje alle institusjonar får same vaksineparti, så derfor kan dødsraten same dagen variere sterkt frå ein stad til ein annan. Merk: Annandale Healthcare Center vart omtalt i nyheitene og er ein mykje større institusjon, men det er ikkje den institusjonen eg nettopp omtalte. Ver forsiktig med faktasjekkinga her.

2. Opptil dobbelt så stor sannsynlegheit for å døy av COVID på kort sikt og auka risiko for å bli smitta av COVID også: Pasientane fekk eit svekka immunsystem (vår utheving) etter vaksineringa, så dei blei smitta av COVID og døydde i rekordhøge tal. Til dømes var det 90 tilfelle av COVID dei første tre vekene i januar 2021 på Apple Valley Village Health Care Center (AVV) i Minnesota, og minst 28 personar døydde som følgje av desse infeksjonane. Likevel var det berre 27 COVID-tilfelle i løpet av heile 2020, og ingen dødsfall frå COVID. På AVV gjekk dei frå null dødsfall på 27 COVID-tilfelle (før vaksineringa) til 28 dødsfall på 90 COVID-tilfelle berre tre veker etter at vaksinen vart gitt ved slutten av desember 2020. Same institusjon. Same COVID-variant. Kvifor var dødsrate ved COVID-infeksjon (IFR, infection fatality rate eller infeksjonsdødelighet) så drastisk forskjellig med same variant, same institusjon og same pasientkategori? Eg ønska å få vite svaret på dette, men alle på AVV nekta å returnere telefonsamtalane mine. Men vi ser dette på andre plassar og. Det einaste som gir noka meining er at det var vaksinen, for det passar med alle ratioane. Ingen andre hypotesar har blitt lagt fram. Den gode nyheita er at den auka IFR av COVID ser ut til å vere midlertidig, sidan IFR berre auka med 20% i månadane etter at vaksinene vart gitt.

3. Opptil 34% høgare risiko for dødsfall totalt sett i åra etter vaksinering: Vaksinane har permanent (eller i det minste langvarig) svekka immunsystemet til alle mottakarane (vår utheving), både unge og gamle, så dei døyr totalt sett oftare etter vaksineringa. I småkala kan ein sjå dette på til dømes dødsfalla ved Apple Valley (sjå delen om Apple Valley nedanfor). I større skala kan ein sjå dette i all overdødelegheita som blir rapportert, til dømes BBC-overskrifter om at Storbritannia har høgaste overdødelegheit på 50 år, eller i denne artikkelen som viser at folk i aldersgruppa 35-44 år no døyr med ein rate som er 34% høgare enn tidlegare. Dette er ei MASSIV endring. Korleis kan det ha seg at helsemyndigheitene ikkje forklarer årsaka til dette og rettar opp i det? Enkelt: Dei har ikkje lov til å skulde på vaksinane, så dette vil forbli eit mysterium for alltid. Og dei vil aldri offentleggjere vaksinasjonsstatusen til dei som døyr, fordi det ville vere ei krenking av personvernet. Men om du ikkje er vaksinert og døyr, har nyheitsmedia lov til å rapportere det. Har du merka deg at dei aldri seier «… og han var ikkje vaksinert».

Den einaste gode nyheita var at talet på COVID-infeksjonar gjekk ned, noko som førte til ein stor reduksjon i dødsfall frå COVID og ein stor nedgang i dødsfall av alle årsaker. Kunne dette ha vore forårsaka av at vaksinen reduserte risikoen for infeksjon? Ja, det er mogleg. Men vi har utmerka studiar, som til dømes Cleveland Clinic-studien, som viser det motsette: at vaksinen gjer deg meir sårbar for å få COVID. Og på pleieheimar, der vi kunne validere data frå ei innsidarkjelde, lærte vi at både COVID-ratane og IFR auka dramatisk rett etter vaksineringa; det kan ikkje avskrivast som «tilfeldige hendingar».

Så den mest sannsynlege hypotesen er at viruset rett og slett brende seg sjølv ut (og vi ser fram og tilbake-svinginga i ratane for COVID-tilfelle over tid, der vi faktisk opplevde høgare topper samanlikna med perioden før vaksinering, noko som er i tråd med studiar som til dømes Cleveland Clinic-studien, som viser at vaksinane forverra situasjonen).

 

Den største overraskinga for meg då eg såg igjennom dataa, var den store variasjonen i IFR mellom institusjonane, sjølv under same månad på året, til og med dei med høgt antal tilfelle (der ein ville forvente å sjå dei mest samstemde tala). Dette tyder på at vaksinepartia varierer eller at det skjer noko anna. Nokre vaksineparti gjer deg svært mottakeleg for å få COVID og/eller døy kort tid etter vaksinering, medan andre parti berre ikkje verkar.

Sjølv om variasjon i parti påverkar utfall negativt, ser det ikkje ut til at det fungerer den andre vegen, altså at nokre vaksineparti faktisk betrar utfalla. Eg høyrer berre negative historier. Når eg spør om konkrete namngitte institusjonar med suksesshistorie, høyrer eg berre stillheit.

Analysemetodar

Excel-reknearket mitt har to faner med tre ulike analysar:

1. Generell odds-ratio (OR) for død/levande

2. Endring i odds-ratio frå årsstart til no

3. Før vs. etter vaksine odds-ratio 

4. Endring i månadsvise verdiar for IFR

Dei viste alle saman at vaksinen var fullstendig mislykka. I perioden etter vaksineringa var ein rett og slett meir tilbøyeleg til å døy dersom ein fekk COVID.

Vaksinen øker dødelighets-graden og skulle vært forsynt med et farevarsel.

Analysen var fokusert på å vise at vaksinen gjorde deg meir tilbøyeleg til å døy av COVID. Med det same du viser dette, er alt over. Alle tre analysane var samstemde. Dei viste alle at IFR var omlag 20% høgare etter vaksinen. Eg rekna ut ein p-verdi for analyse nr. 3 [sannsynet for at ein ville fått slike dødstal på naturleg vis, altså at vaksinen ikkje forårsaka død(?), mrk.], og den var 3e-16 [altså 0,000 000 000 000 000 3, mrk.], så det er høgst usannsynleg at dette skjedde tilfeldig.

Men vaksinen i seg sjølv tok livet av mange menneske, noko som vart synleg gjennom same-dag-dødsraten på stadar som Annandale, der 8 personar døydde same dagen.

Den einaste gode nyheita var at talet på infeksjonar gjekk ned, noko som førte til at COVID-dødsfalla gjekk ned, som igjen resulterte i ein nedgang i dødsfall av alle årsaker. Men dette var meir truleg på grunn av at viruset brann ut seg sjølv gjennom flokkimmunitet for den noverande varianten enn noko vaksinen kunne ha gjort, sidan vaksinen ikkje gir vern mot infeksjon eller død; den gjer det motsette.

Generell odds-ratio

Dette finn du på fanen IFR i regnearket.

Eg reknar enkelt og greitt ut forholdet død/levande for perioden etter vaksineringa (jan. 2021 til og med mai 2021) og deler det på død/levande for perioden før vaksineringa (jun. 2020 til slutten av des. 2020) [Merknad frå omsettar: eg har justert litt på månadane her, så dei blir i samsvar med dei reknestykka han faktisk stilte opp (og med røynda).]. Eg kombinerte alle tala frå alle dei 15 000 pleieheimane utan utelatingar.

Om vaksinen fungerer, vil ratioen vere <1.

Om vaksinen ikkje gjer noko, vil ratioen vere 1 (under føresetnad av at same varianten er i omløp, noko som er sant for den avgrensa tidsramma eg brukte).

Om vaksinen gjer ting verre og aukar sannsynlegheita for å døy, vil ratioen vere >1.

ratioen var 1,75, noko som er ein katastrofe. Det er eit stort faresignal.

Dette set i praksis punktum for debatten, og vi treng ikkje gjere meir.

Oddsratioar for året så langt

Dersom dataene er korrumperte, kan dei samla tala bli mistenkelege. Så eg bestemte meg for å la tvilen kome vaksinen til gode og rekne ut ting for kvar lokasjon for seg.

Dette er ukonvensjonelt og vil vere litt merkeleg å forstå, men eg ønskte å sjå kva prosentandel av pleieheimane som betra seg etter vaksineutrullinga versus forverra seg.

Eg reknar ut oddsratioen for død/levande (døydde av COVID vs. vart infiserte av COVID) for to periodar:

1. Frå starten av data-registreringa 1/6/20 fram til vaksineutrullinga i veka som enda den 3/1/21

2. Frå starten av data-registreringa 1/6/20 til 4/4/21

Så tok eg ratioen 2 over 1 for å rekne ut ein oddsratio.

Dette er svært konservativt og gir vaksinen den beste sjansen til å fungere. Dette er fordi det er meir truleg at vi vil legge til infeksjonar framfor dødsfall. Så oddsen rekna ut i punkt 2 burde nesten alltid vere lågare sidan du vil legge til tala for dei som er i live oftare enn tala for dei som er døde.

Eg reknar ut ein enkel oddsratio for kvar institusjon. Dersom tala var >1, gjekk institusjonen dårlegare. Dersom tala var <1, forbetra institusjonen seg.

Dersom vaksinen fungerte som lova, skulle kvar einaste institusjon vist eit tal <1.

Det skjedde ikkje.

Halvparten av institusjonane vart betre, halvparten vart verre.

Men det som er viktigare, er å samanlikne institusjonane med dei meir ekstreme oddsratioane.

Til dømes, om vi hadde halvparten av verdiane under 0,5 og den andre halvparten mellom 1 og 2, då ville vaksinen vere ein suksess.

Du finn testane eg gjorde her:

Kolonne S i arkfana ’odd ratio analyses’

Kort sagt, langt fleire institusjonar forverra seg enn forbetra seg, og jo meir ekstremt avviket frå 1 var, desto større var skilnaden.

Tala i raudt er odds-ratioen. Poenget er at om ein pleieheim hadde ei betydeleg, målbar endring frå «normalt» etter at vaksinen kom ut, var oddsen over 4:1 for at endringa ville vere sterkt negativ heller enn positiv.

Kort sagt, vaksinen er igjen ein katastrofe.

Før/etter odds-ratioar

Dette er same analysen som i den føregåande delen, men dei to tidsperiodane overlappar ikkje, dvs. oddsen i 1. kvartal 2021 / oddsen i 2. halvår 2020

1. Frå starten av dataa 1/6/20 til vaksineutrullinga 3/1/21

2. Frå 3/1/21 til 4/4/21 (dette er endringa, så det overlappar ikkje)

Eg forventa ein mykje sterkare signal her, og det var det eg fekk.

OR var 1,75 for kvar endring frå 1:

Og det vart verre frå der av: jo sterkare avvik, desto meir sannsynleg var det at det ville vere i negativ retning. Til dømes, om OR for ein pleieheim var >5 eller < 0,2, var det 3,15 gonger meir sannsynleg at sjansen for å døy auka.

Kort sagt, med alt likt var det nesten dobbelt så sannsynleg å finne ein institusjon som hadde fått det verre enn betre.

Igjen, ein katastrofe for vaksinen: institusjonar var mykje meir tilbøyelege til å forverre seg.

IFR-analyse

For IFR-analysen, gjekk eg tilbake til å legge saman alle data. Så i staden for å telle talet på institusjonar der IFR vart betre eller verre, la eg berre saman alle tala for infeksjonar og for dødsfall og rekna ut oddsratioen etter/før.

Dette er enkelt å forstå.

Eg rekna ut total IFR for perioden før vaksinen.

Eg rekna ut total IFR for perioden etter vaksinen.

Det er alt.

Dersom vaksinen fungerte, skulle den nye IFR’en vere dramatisk lågare.

Nei. IFR auka. Er du overraska?

Dette betyr at om du får COVID rett etter at du har fått vaksinen, har du 1,6 gonger høgare sannsyn for å døy (rekna frå 0,278/0,171)

Eg sjekka også om denne skilnaden var statistisk signifikant ved å bruke ein Fischer Exact-test på (tilfelle minus dødsfall) vs dødsfall:

  • >>> analyze(511163, 90467, 21952, 6117, «IFR»)
  • Statistics for IFR 511163 90467 21952 6117
  • One-sided p-value 9.978816028816743e-189
  • Odds ratio= 1.5744658622418792
  • ConfidenceInterval(low=1.52889659236017, high=1.621221062478143)

Igjen, dette er svært statistisk signifikant (p-verdi på 1e-188) og det ser ut til at det er svært truleg at vaksinen aukar risikoen din for å døy med 50% eller meir [om du bur på sjukeheim i USA, mrk.].

Kort sagt, den gjer deg 1,6 gongar meir sannsynleg å døy, ikkje mindre sannsynleg som dei fortalde deg.

Det er det dataa seier.

Irsk studie stadfester same auka dødelege verknad

I Irland vart ulike institusjonar vaksinerte på ulike tidspunkt, og i kvar einaste tilfelle fauk talet på dødsfall til himmels under dei første 30 dagane etter at vaksinane vart gitt, akkurat som i USA. Her er dei samla, sjokkerande dataa: ein auke på 469% i dødsfall dei to månadene vaksinane vart rulla ut (og det er slik for kvar enkelt pleieheim individuelt, noko du vil sjå om du klikkar deg vidare til studien).

Andre anekdotar

Det er vanskeleg å finne positive anekdotar etter vaksineutrullinga.

Men det er lett å finne negative anekdotar.

Ein auke på 35% for dødsfall er enormt. Om vaksinane fungerte, korleis kan du forklare dette?

Eller korleis 33% av pasientane døydde av COVID rett etter at vaksinane vart rulla ut. Om vaksinen fungerte, er det berre ikkje mogleg, fordi: 1) dei vart alle vaksinerte, og 2) før-vaksine-IFR’en (infection-fatality rate) for folk i pleieheimar er omtrent 17%. Ein dødsrate på 33% på ein månad er ikkje noko som skjer tilfeldig.

Dei 22 personane ved Basingstoke døydde alle i januar 2021 av COVID, endå dei alle var vaksinerte. Dette er veldig likt AVV (Apple Valley Village Health Care Center), der det ikkje vart rapportert eitt einaste COVID-dødsfall til CMS før rett etter vaksinane vart gitt, og då auka IFR’en frå 0 til nesten 30%. Det er ein umogeleg overgang om ikkje vaksinane var årsaka.

Eg er ikkje den første til å legge merke til at etter vaksinane vart gitt, var det mange tilfelle der eit massivt antal vaksinerte personar døydde av COVID.

Sjekk ut denne artikkelen frå 25. februar 2021:

Apple Valley Village Health Care Center: Eit døme

Vaksinen kan føre til at antalet dødelege utfall blant dei vaksinerte blir høgt i fleire år. Dette såg vi i VAERS-dataa, der dødsfalla for alle andre vaksinar er samla nær tidspunktet for vaksinasjonen. Men for COVID-vaksinane held toppane fram i fleire år.

Du kan sjå denne effekten veldig klart i den «gyldne standarden» Medicare-dataen (henta frå HHS), der både toppane og dalane er høgare enn før. Den høge toppen var på 50 dødsfall og skjedde i januar 2021, rett etter at vaksinane vart rulla ut. Det var ein all-time høg for den institusjonen.

Den gjennomsnittlege månadsvise dødsraten for alle årsaker ved AVV:

2019: 8,2

2020: 13,6

2021: 20,5

2022: 20,1

2023: 20,4

Som du tydeleg kan sjå, er den problematiske nyheita: talet på dødsfall per månad vart ikkje nullstilt tilbake til grunnlinja.

Her er tala for dødsfall av alle årsaker sidan 2019:

COVID-dødsfalla er endå meir slåande. Nesten alle dødsfall skjedde i løpet av ein periode på 3 veker etter at COVID-vaksinen vart gitt. Dette diagrammet ville vore meir imponerande om x-aksen var i år i staden for månadar. Du ville sett denne store stolpen rett etter at vaksinen vart gitt. Det er for stort til å avvise som «ein anekdote», og vi veit frå ein innsidar at det var panikk på institusjonen etter at dei rulla ut vaksinane på grunn av alle dødsfalla.

Strafferettslege tiltalar

Til slutt, det bør rettast strafferettslege tiltalar mot AVV og andre pleieheimsfasilitetar der dei gav den andre dosen i primærserien etter å ha skjønt at den første dosen drep folk. Personalet ved pleieheimen har ei omsorgsplikt, og det var opplagt for personalet ved AVV at folk døydde i hopetal etter første dose. Til deira ære, var det ingen krav der om at nokon av personalet eller pasientane skulle ta vaksinen.

Likevel, sjølv etter at dei visste at vaksinen var dødeleg, tilbaud dei den andre dosen i primærserien til pasientane.

Dette er kriminell uaktsamheit, og folk må bli fengsla om ein skal unngå at dette held fram.

PREP-lova beskyttar berre mot sivilt ansvar. Denne framferda er kriminell. Desse folka er ikkje beskytta og må bli tiltalte.

Eg har planar om å melde frå til rette myndigheiter snart.

Det trengst berre éin strafferettsleg dom, og det vil endre alt. Kvar einaste føderale, statlege eller lokale regjeringsadvokat kan reise desse tiltalane. «Eg berre følgde ordre» fritar ikkje desse folka frå ansvar, og det gjer heller ikkje PREP-lova.

Sjølvsagt kan Kongressen rett og slett skrive ei lov som fritar alle for strafferettsleg ansvar òg. Trass alt ser det ut til at målet er å beskytte vaksinen, ikkje allmennheita.

Dette er stort: 40% av COVID-dødsfalla skjer i pleieheimar.

Den CMS-databasen for pleieheimar eg brukte her, er svært viktig fordi ein stor andel av COVID-dødsfalla skjedde i pleieheimar ved tidspunktet for vaksineutrullinga:

Kvar er analysen deira?

Om CMS-databasen for pleieheimar viser at vaksinane faktisk reduserte COVID-IFR’en, kvar er analysen deira av det? Eg fann ingen bevis for dette og såg på dataa på mange ulike måtar, inkludert svært ukonvensjonelle måtar.

Om vaksinen ikkje drep folk, korleis forklarar dei då dødsraten på 28% ved Annandale på same dag som vaksinen vart gitt?

Om eg tar feil, kvifor støttar ingen [det offisielle] narrativet ved å publisere analysen deira og få det medisinske fellesskapet til å samle seg rundt den. Eg ville ha likt det fordi det ville ha skapt eit enkelt angrepsmål for oss; ved å diskreditere analysen deira kunne vi fått heile korthuset til å ramle saman.

For meir informasjon

Dødsattestar bekreftar at Apple Valley Village Health Center opplevde ei massedøds-hending i januar 2021 – TrialSiteNews

Dei fekk dødsattestane og stadfesta at tala stemde overeins. Grafane er imponerande.

Dødsattestar bekreftar at Apple Valley Village Health Center opplevde ei massedøds-hending i januar 2021

Ashmedai substack som fekk tak i dødsattestane som passa saman med dataen eg fann.

Irske pleieheimsdata

Same hendinga skjedde i Irland: ein umiddelbar auke på 468% i dei to månadane då vaksinane vart rulla ut. Dette er umogeleg å forklare om det ikkje var vaksinane.

Twitter-tråd om Apple Valley (Ashmedai)

Mange diagram.

Mitt Twitter-innlegg

Samanfatta

Denne CMS-databasen er «gyldige sanningsdata». Det blir rett og slett ikkje betre enn denne datamengda: det er den største målgruppa, dataa er fullstendig rapportert på institusjonsnivå, og det finst over 1 million datarapportar, leverte på detaljnivå-basis. Dataa er ikkje perfekte, det er dei aldri, men denne datamengda er verkeleg «det aller beste ein kan få». Ein kan ikkje gjere det betre. Dette er det beste.

Og dette er òg den beste «i beste fall»-analysen der vaksinen skulle ha prestert optimalt, og COVID-IFR’en (infection-fatality rate) skulle ha sokke som ein stein. Her er grunnen: tidleg i 2021 var det i USA framleis den originale varianten som var utbreidd, så vaksinen match’a varianten. I staden for at IFR minka som dei lova, auka IFR dramatisk. Vaksinen var ein fullstendig flopp. Den gjorde det motsette. Ikkje berre kunne ein døy av sjølve vaksinen, men den auka og sannsynet for å få COVID, og den auka sannsynet for å døy av COVID. Kort sagt, den gjorde alt verre.

Det var ikkje ein einaste ting COVID-vaksinen gjorde som forbetra helseutfalla.

Det ser òg ut til å vere eit stort kvalitetsproblem med partia [batch, lot]. Ein del institusjonar hadde ein «umogeleg høg» dødsrate umiddelbart eller nesten umiddelbart, medan andre stadar rapporterte ’ikkje noko problem’. Du kan ikkje ha ein same-dag dødsrate på 25% på ein stad og ein same-dag dødsrate på 0% på ein annan stad om det ikkje er eit kvalitetsproblem med partia.

Pleieheimsfasilitetane som såg dei store dødsratane etter dose nummer 1, skulle aldri ha tilbydd nokon pasient dose nummer 2. Dei skulle haldast strafferettsleg ansvarlege for å ignorere plikta si om å beskytte pasientane.

Vil denne analysen endre nokon si åtferd? Nei, dei vil berre ignorere den slik dei alltid gjer, fordi dei ikkje kan svare. Det ville berre trekke offentleg merksemd til all skaden dei har påført.

Men eg syntest du skulle kjenne sanninga.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: little plant

https://kirschsubstack.com/p/us-nursing-home-data-shows-clearly



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 770 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Freeeedooom
    23 august 2023 8:34

    Kakistokrati. De fleste vestlige samfunn i dag er Kakistokrati:

    «Kakistokrati er en styreform hvor landet er styrt av de verste, minst kvalifiserte og mest skruppelløse innbyggerne.[1][2]

    Ordet er sammensatt av gresk kakistos (κάκιστος; verst) og kratos (κράτος; styre) og ordet ble først tatt i bruk av den engelske forfatteren Thomas Love Peacock i 1829. Begrepet har siden 1980-årene blitt tatt i bruk i særlig amerikansk politisk debatt fordi debattanter har hatt behov for ord for å kunne karakterisere sittende politikere som fullstendig udugelige og inkompetente.»
    Kilde: Wikipedia https://no.wikipedia.org/wiki/Kakistokrati

    Vårt samfunn styres av de mest ubrukelige, inkompetente, umoralske, korrupte, grådige ondskapsfulle jævler du kan tenke deg. Dette er mennesker som aldri burde fått lov til å styre en pølsebu engang, men som av en eller annen merkelig får lov til å styre hele land. Det er et helt absurd skue.

    Svar
  • Er du sikker på at det ikke er Kaski-stokrati. (Etter SV lederen). Hun er jo rimelig udugelig til alt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Er flåteøvelsen forløpet til krigen mot Kina?

Starter krigen i Sørkinahavet nå?

Previous Post

Verdensledende klimaforsker

Vi har ingen klimakrise

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.