POSTED IN Helse

Kan det være mulig?

Under «pandemien» forsvant noen vanlige sykdommer som dukket opp igjen etterpå.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Seks sjukdommar som forsvann på mystisk vis under «pandemien»

S.D. Wells i Natural News skriv:

Der var ein grunn til at covid-19 PCR (polymerase-kjede-reaksjon)-testsett skapte millionar av «falske-positive» testresultat som sa at alle hadde Fauci-influensaen. Same om du hadde ein bakteriell infeksjon, eit eller anna virus, eller berre ei vanleg forkjøling, kunne du vedde på at kinainfluensa-settet slo ut «positivt» for plandemi-viruset mesteparten av tida. Dette var ein enorm faktor i å skape og halde ved like den totale panikken til ein falsk pandemi over heile kloden.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

I mellomtida forsvann kvar einaste sjukdom eller infeksjon som ikkje var covid-19 (om noko slikt fanst i det heile) på særs passande vis frå planeten i tre år. Ingen vart sjuke i det heile, med mindre det var eit nytt virus som kravde at alle heldt seg heime, praktiserte sosial avstand, gjekk med munnbleier, og ikkje minst fekk ein dødeleg injeksjon som skaper millionar av prion som forårsakar fryktelege helsekonsekvensar, inkludert døden.

Hoste, sår hals, hovudverk, svimmelheit, kvalme eller kuldegysningar? Då har du nok «Wuhan-viruset», akkurat som dei falske PCR-testane viser

I tre år var det slik at dersom du hosta eller naus offentleg, vart du handsama som ein spedalsk. Allergiar mot pollen og støv eksisterte ikkje lenger på grunn av plandemien. Kontaktsporing vart ein betydeleg prøvelse, der mobiltelefonar spora lokasjonen til alle som testa positivt for «covid», og lét alle andre menneske vete om dei var nær nokon som var sjuke og «smitteberande». Alle som døydde på sjukehus døydde «av» eller «med covid», men det verka som om ingen lenger døydde av naturlege årsaker, eller frå MRSA (superbasill-sjukehusinfeksjonar), eller bakterielle infeksjonar frå skitne instrument.

Covid-19 var eigentleg berre ein medieskapt sjukdom som, om det verkeleg eksisterer, ikkje er meir dødeleg enn sesonginfluensa – men for å setje i verk den full-skala plandemien, måtte alle andre sjukdommar forsvinne i nokre år, medan Wuhan-viruset tok over verda.

Abrakadabra – topp-seks-sjukdommane som passande forsvann under «covid-19»-bløffdemien

  1. Sesonginfluensa
  2. Streptokokkar
  3. Vanleg forkjøling (over 200 rhinovirus)
  4. Bronkitt
  5. MRSA (basillar som er resistente mot antibiotika)
  6. Lungebetennelse (pneumoni)

Jepp, folkens, massemedia, òg kjent som falske nyheiter, spreidde massive mengder feilinformasjon og desinformasjon om alle sjukdommane som knapt nok eksisterte under bløffdemien. Dei sokalla sjukdoms-«ekspertane» hevda om influensa at: «Førebyggjande tiltak sette i verk for å kjempe mot covid-19-pandemien, inkludert munnbind og sosial avstand, er sannsynlegvis hovudgrunnen til ein drastisk nedgang i influensatilfelle i USA».

Og sjølv om talet streptokokk-infeksjonar (gruppe A) hadde auka i USA frå 2010 til 2020, gjekk talet av slike infeksjonar på magisk vis ned med minst 25%, og det er ifølgje CDC-statistikk. Tilfeldig?

Sjølv tilfelle av vanleg forkjøling gjekk betydeleg ned under bløffdemien, spesielt i «tempererte klimasoner» og på grunn av «menneskeleg åtferd», i det NIH kom med vidare dekning. Likevel er munnbind (covid-19-masker) grobotn for bakteriar i munnen, halsen og lungene ved å fange varm, brukt luft og basillar i munnen heile dagen. Dette la til kaoset av symptom på alle slags sjukdommar, og som fekk alle til å ta ein «covid-test» (høgst dysfunksjonelle, falskt-positivt-partiske PCR-testar).

Det covid-industrielle komplekset innrømte til og med at der var ein massiv nedgang i lungebetennelse-relaterte diagnosar (inkludert bronkitt) under «pandemi-perioden», for so å hevde at dei auka under den «post-pandemiske perioden». Vart dette gjort for å pushe den falske pandemien med propaganda om mange fleire tilfelle enn der eigentleg eksisterte, og so pushe vaksinane igjen etter nyheitene kom om at vaksinane skader hjartet, tettar til karsystemet, forårsakar dysfunksjon i immunforsvaret, og var dødelege? Ser ut som meir «dekning» frå det alltid so korrupte Center for Disease Continuance (CDC) [«senter for framhald av sjukdom»].

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Gammel teknik. En omklassifierer symptomer så sykdommer synes å forsvinne ved innføring av vaksiner (eks polio). Nye sykdommer synes å oppstå grunnet omklassifiering, eks aids. Alt ble plutselig forklart med hiv. Hiv er aldri bevist å forårsake sykdom, og vil det heller ikke fordi det ikke er sant. Folk døde av behandlingen av en ikke ny sykdom. de ble behandlet med AZT, cellegift.

    Svar
  • Før «pandemien» døde ca 5000 mennesker ukentlig i Amerika av feilbehandling. Under «pandemien» var det 0. Da var det bare covid som var dødsårsak. Merkelig ?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Varer noe evig?

Hvordan er egentlig verden skrudd sammen?

Forrige innlegg

Universitetenes forfall

Kjerkols svulstige svada
pinlig for norske læresteder

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.