POSTED IN Terrorisme, Ukraina

Kakhovka-demningen:

Propagandakanalen NRK har kunngjort at Russland stod bak.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vi vet ikke hvem som har gjort dette, men alt tyder på at det var Ukraina som stod bak. De har lenge truet å gjøre det. Nå er den lenge varslete offensiven knust etter et par dager hvor Ukraina hadde store tap. En trenger en avledning av oppmerksomheten. Hvorfor skal Russland utsette atomkraftverket de kontrollerer for stor fare? Det er Europas største.

Det meste peker på Ukraina, men vi var der ikke og vi så det ikke. Mer påfallende er det at NRK slår fast at det var Russland som stod bak. Men slik er det blitt: NRK er den kapitalistiske norske statens sitt propaganda-apparat. Den formidler ikke nøktern informasjon men Nato-propaganda. Så lenge mange nok tror på det går det bra, men vi merker at stadig flere begynner å stusse.

For å få folk til å stusse formidler vi annen annen informasjon her på derimot.no. Me det vi skriver er åpenbart lite populært i visse kretser. For å stoppe oss utsettes vi nå for sabotasje.

Men noen ganger blir NRK-formidlingen for dum.

Knut Lindtner
Redaktør

Øydelegginga av Kakhovka-demninga: kva du treng vite.

Moskva har anklaga Kiev for overlagt sabotasje som har sett tusentals lokale innbyggarar i fare.

Store øydeleggingar av Kakhovka hydroelektrike demning i Russlands Kherson-region har forårsaka flaum i svære landareal langs bankane av elva Dnepr og evakuering i stor skala. Moskva hevdar fasiliteten vart skadd i eit ukrainsk angrep, medan Kiev plasserer skulda på Russland.

Demninga vart bygd i 1956, er 30 meter høg og 3,2 kilometer lang, og inneheld rundt 18 kubikk-kilometer med vatn, omlag same volum som Great Salt Lake i USAs delstat Utah.

Kva skjedde?

Fra Novaya Kakhovka

Tysdags morgon sa Vladimir Leontyev, borgarmeisteren av Novaya Kakhovka, ein by i nærleiken av dammen, at delar av fasiliteten hadde blitt øydelagd av eit ukrainsk angrep, der det skal ha blitt brukt MLRS.

Vassnivået i området har stige med over ti meter og oversvømt byen. Dei lokale styresmaktene har starta evakuering av innbyggarane som bur langs elva. Rundt 300 bygg er forlatne.

Offentlege tenestemenn seier også at 14 nærliggande busetnader, med ei befolkning på 22 000, står i fare for å bli oversvømde. Kiev har vurdert at ca 80 byar ligg i faresona, og også dei har beordra evakuering frå dei byane dei okkuperer.

Leontyev seier vassnivået vil returnere til normalen innan 72 timar.

Kven har skulda?

Kreml-pressesekretær Dmitry Peskov hevdar hendinga «vart forårsaka av medviten ukrainsk sabotasje,» og åtvarer om «sørgelege følger» for titusentals lokale innbyggarar og økosystemet.

Han seier sabotasjen hadde som føremål å kutte vassforsyninga til den russiske Krim-halvøya, og legg til at angrepet ser ut til å ha vore knytt til dei ukrainske storskalaangrepa på Donbas-fronten nyleg, som vart forpurra av det russiske forsvaret.

Men Ukrainas president Vladimir Zelensky påstod dammen vart skadd i eit russisk «terroristangrep», medan topp-assistenten hans, Mikhail Podoliak, skulda på Moskva for å ha iscenesett «den største miljøkatastrofen i Europa på fleire tiår». Han trur hendinga var meint å stikke kjeppar i hjula på den opp-hypa ukrainske motoffensiven som Kiev har lova i fleire månadar.

Ukraina kutter strømmen til dette kjernekraftverket som er Europas største.

Fleire offisielle tenestemenn i Vesten har tatt Kiev si side. Europarådets president Charles Michel skreiv på Twitter at «øydelegginga av sivil infrastruktur kvalifiserer heilt klart som krigsbrotsverk,» og han kravde at ein skulle «stille Russland og proksyane deira til ansvar». [«Dette er ei uhyrleg handling … som viser brutaliteten i Russlands krig i Ukraina,» sa NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg, mrk.] 

Ingen risiko for atomkraftverket i Saporosje (Zaporozhye, Zaporizjzja)

Demningseksplosjonen utløyste bekymringar for situasjonen ved Russlands atomkraftverk i Saporosje, som også ligg ved Dnepr-elva og brukar elvevatn til å kjøle ned reaktorane.

Men FNs Internasjonale atomenergibyrå (IAEA), som er konstant til stades på fasiliteten, har forsikra om at det ikkje er nokon umiddelbar kjernefysisk sikkerheitsrisiko for verket, og at dei nøye overvakar situasjonen.

Likevel peika byråets direktør, Rafael Grossi, på «ein signifikant reduksjon i nivået i reservoaret som blir brukt til kjølevatn» for verket. Men han slo også fast at atomkraftverket har ei alternativ vasskjelde som er estimert til å vare i fleire månadar. Atomkraftverket i Saporosje, det største i Europa, kom under russisk kontroll i februar 2022. Sidan har Moskva og Kiev anklaga kvarandre for å bombe fasiliteten og risikere å utløyse ein kjernefysisk katastrofe. Saporosje-regionen vart ein del av Russland etter ei folkerøysting i september 2022, saman med Kherson-regionen og dei to Donbass-republikkane.

Innverknad på Krim

Sergey Aksyonov, guvernøren av den russiske halvøya, slår fast at sjølv om hendinga i Kakhovka-demninga ikkje vil forårsake flaum på Krim, så kan den føre til eit lågare nivå i Nord-Krim-kanalen, som er halvøyas hovudvasskjelde.

Men han understrekar at dei lokale vassreservoara er fylte til 80% av kapasiteten, og at «det er meir enn nok av drikkevatn» og det skal arbeidast med å minimere tapa.

Før:

©  vestovoi / Telegram

Etter:

©  vestovoi / Telegram

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

https://www.rt.com/russia/577570-kakhovka-dam-destruction-explainer/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Kjell Aasen
    8 juni 2023 7:37

    Nettopp hørt en kvinnelig ekspert uttale at det er i grunnen uvisst..hvem som står bak – Russland/Ukraina.
    Til slutt ender hun opp med – Russland.
    Dette i NRK.
    Hvor sannheten om eksperter avsløres.

    Svar
  • Propagandaen er så unison & massiv i media, og selvfølgelig ( «den objektive’ ) statskanalen Nrk, at det er mer latterlig enn skummelt.
    ( Og dette enten det gjelder klima, virus eller Ukraina/Russland.)

    Så kjøres det jo også kampanjer i skolen, fra de samme, for å lære elevene å være kritisk til medier.
    – Spesielt alternative medier som tvilsetter av propagandaen. ;-)

    Svar
  • Krigskunst krev av og til offer.
    Napoleon vart sur etter å ha inntatt Moskva, ridd til hest opp trappa og inn til tsaren sitt kontor og fann det tomt med ingen til å signere kapitulasjonerklæringen. Byen var tom for folk og mat, og satt delvis i brann. Etter kort tid sette franskmennene på heimveg.
    For å trygt krysse Dnepr-floden på veg mot Odessa må flaumfaren vere eliminert. Demningen sin grunnstruktur er intakt og kan vanskelig bli sprengt. Flodbølgen vaska vekk mange ukrainske militære angrepspunkt og ammunisjonlager på øyane. Sivile russiske ukrainske måtte ta tap, midlertidig. Russland kan med referanser skulde på Ukraina, men vinne militært. Smart krigspropaganda.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Overvåkning av egne innbyggere ikke bare i Norge.

I USA krenkes borgernes rett til privatliv massivt.

Forrige innlegg

I Japan kreves nå etterforskning:

Er det sprøytene som er farlige?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.