POSTED IN Overvåkning

Julian Assange ble overvåket da han var på Ecuadors ambassade.

Det var USAs myndigheter som stod bak.

0
Print Friendly, PDF & Email

WIKILEAKS

Tre beskytta vitne anklagar spansk eks-marinesoldat for spionasje mot Julian Assange

av José María Irujo

Tre personar som tidlegare har arbeidd for David Morales fortel ein dommar i Spania at selskapet hans gjorde opptak av cyberaktivisten og advokatane hans for CIA.

David Morales

Spanias Høgsterett, Audencia Nacional, strammar grepet om David Morales, sjefen for det spanske sikkerheitsselskapet UC Global S. L., som er under gransking for spionasje mot cyberaktivisten Julian Assange då han budde på Ecuadors ambassade i London. Tre personar som arbeidde for selskapet har vitna som beskytta vitne framfor høgsterettsdommar José de la Mata om at Morales, som tidlegare var soldat i den spanske marinen, skraut av samarbeidet. «Eg er ein leigesoldat, og eg prøver ikkje skjule det,» har han sagt til ein av dei.

To av vitna stadfestar det El Pais avslørte før den rettslege etterforskinga starta – at eigaren av UC Global S.L. i desember 2017 gav tilsette ordre om å skifte overvakingskameraa i ambassaden og erstatte dei med andre som kunne ta opp lyd og. Frå då av gjorde dei opptak av, og overvaka, samtalar mellom WikiLeaks-grunnleggaren og advokatane hans, og dessutan av alle andre som besøkte han.

Under møta med advokatane sine, førebudde Assange sitt forsvar mot utleveringskravet til USA. Den australske cyberaktivisten er av USA skulda for å stå bak 18 brotsverk i samband med lekking av klassifisert informasjon om hemmelege militære operasjonar i Afghanistan og Irak via varslar-nettsida WikiLeaks. Han risikerer ein dom på 175 år i fengsel.

I følge bevis som vitna har lagt fram – video, lydband og eit dusintal e-postar, nokre av dei tidlegare publiserte i El Pais – var spionasjeoperasjonen intens. På klare ordrar frå Morales fotograferte sikkerheitsteamet passa til alle dei som besøkte Assange, demonterte mobiltelefonane deira, lasta ned innhald frå iPadane deira, tok notatar og skreiv rapportar for kvart møte.

Mot Assange var alle midler, både lovlige og ulovlige, tillatt.

Morales leverte skriftlege retningslinjer for angrepsmåla og «høgprioritet»-profilar som måtte vere «under kontroll til alle tider» – særleg besøkande frå nord-Amerika og Russland, som sett i e-postar. Lista over Assange sine besøkande inkluderte ikkje russiske borgarar, men der fanst ein besøkande frå Serbia og ein annan frå Kviterussland. «Alt dette må handsamast som topphemmeleg for å avgrense distribusjonen av det,» skreiv eigaren av UC Global S.L. til ein av sine arbeidarar som han stolte på. Dei ecuadorianske diplomatane som arbeidde ved London-ambassaden vart også spionerte på, i følge bevisa som vitna har lagt fram.

Alle dei tre vitneutsegnene tok opp ting Morales hadde sagt til sine ‘mest-til-å-stole-på’-arbeidarar med omsyn samarbeidet han skal ha hatt med den US-amerikanske hemmelege tenesta: «Vi spelar i førstedivisjon», «Eg har gått over til den mørke sida», «Dei som har kontrollen, er dei amerikanske venane», «Den amerikanske klienten», «Dei amerikanske venane ber meg stadfeste», «Den nord-amerikanske vil skaffe oss ei stor mengd kontraktar verda over» og «US-amerikansk etterretning». Den maniske fokuseringa på russiske besøkande eller teikn på eit samband mellom Assange og Russland, viste seg også i fotografia som vart tatt av passvisuma til nokre av dei besøkande.

Her var en del av spionutstyret montert

Opptaka frå videokameraa installerte på ambassaden vart henta ut frå harddisken kvar 15. dag saman med andre opptak frå mikrofonar plasserte i brannslokkingsapparat, og leverte personleg til Morales på hovudkvarteret til UC Global, lokalisert i Jerez de la Frontera i sør-Spania. Det var alltid originalopptak, ikkje kopiar.

Morales reiste til USA ein eller to gongar i månaden, for å overlevere materialet til «amerikanarane», meiner ein. Ein mikrofon vart installert i plastdelen til eit brannslokkingsapparat nær møterommet der Assange møtte advokatane sine. Cyberaktivisten hadde plassert utstyr som skapte kvit støy i dette rommet, og aktiverte det kvar gong han trudde han vart spionert på. Han plasserte og ein på damedoen, der han iblant møtte advokatane sine.

UC Global S.L. vart hyrt inn av Ecuadors hemmelege teneste Senain for å yte sikkerheitstenester for ambassaden medan Rafael Correa var president for Ecuador. Men i følge dei tre vitna var det Morales som gav ordre om at Assange skulle spionerast på, og som oppretta fjernstyrte datamaskinserverar som samla inn informasjon illegalt, serverar ein hadde tilgang til frå USA.

Turar til Virginia og Las Vegas

Vitna sa dei kunne bevise at USA tok i bruk informasjonen. Ein studie av e-postane som Morales sende til fleire av sine tilsette viser at den tidlegare marinesoldaten reiste til Alexandria, ein by i Virginia i USA med kring 145 000 innbyggarar, den 1. og 2. mars 2017. IP-adressene til desse meldingane viser at dei kom frå same staden som utarbeidde utleveringskravet mot Assange.

Sheldon Adelson er en del av det jødiske nettverket i USA.

I følge vitna vart materialet om Assange overlevert til CIA av ein medlem av sikkerheitstenesta til magnaten Sheldon Adelson, eigaren av Casinoet og rekreasjonsselskapet Las Vegas Sands Corporation. Adelson er ven med president Trump og ein av hovuddonorane til Det republikanske partiet. Morales hadde ein avtale med Adelson om å styrke tryggleiken på båten hans når han segla i Middelhavet. Den som har hovudansvaret for Adelsons sikkerheit er ein prominent tidlegare CIA-sjef.

Morales sende sine arbeidarar ein e-post den 10. desember, 2017, og bad dei innskrenke Ecuador sin tilgang til serveren der informasjonen vart lagra, slik at dei ikkje ville oppdage at «den amerikanske klienten» hadde tilgang. IP-adressa til denne e-posten viser at den vart skriven i The Venetian, det viktigaste hotellet i Adelsons rekreasjonskjede i Las Vegas.

«Dei fortel meg at dersom ecuadorianarane skulle kome inn i fjernsystemet, bør vi ta omsyn til at det må vere programmert slik at dei ikkje har tilgang [til alle tenestene der, som t.d. kven som har flest innloggingar eller kven som er inne i systemet online] … det må sjå ut som om dei har tilgang,» stod det i e-posten. Desse tekniske spesifikasjonane vart sendt til dei tilsette i Jerez de la Frontera på engelsk.

Publisert i el Pais den 21. januar, 2020:https://english.elpais.com/elpais/2020/01/21/inenglish/1579611351_198492.html

For spesielt interesserte finst ein meir detaljert artikkel frå GrayZone her:https://thegrayzone.com/2020/05/14/american-sheldon-adelsons-us-spy-julian-assange/

Omsett frå engelsk til norsk av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Mediene gransker aldri seg selv.

Faktisk.no vil ikke faktasjekke sin viktigste eier.

Previous Post

Jan Bøhler:

Mot det humanitærpolitiske komplekset*

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.