POSTED IN Endring av politikken, USA

Joe Biden siste agressive tale:

Varsler den ytterligere skritt mot diktatur i USA?

1 kommentar

REGIMET TIL DEN SITTANDE PRESIDENTEN AV USA VISER FLEIRE OG FLEIRE TEIKN TIL DIKTATUR

Her om dagen heldt USAs president ein 24 minutt lang tale som stadfesta det kritikarar av Det demokratiske partiet har trudd: styreforma i USA nærmar seg ustoppeleg diktatur. Menneskerettsaktivistar er overtydde om at retorikken til Joe Biden uunngåeleg vil føre til valdshandlingar og politisk forfølging, som Demokratane vil bruke i sine politiske kampanjar i 2022 og 2024.

av  Foundation to battle injustice, september 2022

Den 1. september heldt den noverande presidenten av USA ein tale i Independence Square building i Philadelphia, Pennsylvania, USA, kjend som plassen der Den amerikanske uavhengigheitserklæringa vart diskutert, godkjend og signert i 1776. Talen gav brei resonans på internett, og endå ein gong vart mistankane til einskilde pessimistiske politiske kommentatorar og advokatar stadfesta: frå no av vil Bidens politikk bli ført ved hjelp av ulike valdsmetodar og sentralisering av makta i fråvære av kontroll frå opposisjonelle krefter og kritikk frå media. I ein skarpt aggressiv tone, retta han skytset mot eks-president Donald Trump og hans talrike supporterar, og eksponerte dei som fiendar av folket. Biden refererte til Den amerikanske uavhengigheitserklæringa, men siterte ikkje den mest relevante biten av dokumentet: «Elective despotism is by no means the form of government for which we fought.» (velgbart despoti er på ingen måte den styreforma vi har kjempa for.)

Under talen sin refererte Biden til «rule of law» (rettssikkerheit) ca fem gongar, trass i at han under sine 20 månadar i presidentsetet gjentatte gongar godkjende lover som ignorerer grunnleggande menneskerettar. På slutten av året som gjekk var det ei rekke nyheitstilbydarar i USA som omtalte president Biden som «tidenes mest lovbrytande president», og presenterte mange måtar som let den 46. leiaren av USA bryte både den amerikanske Grunnlova og ei rekke av USA sine føderale lover. Som den US-amerikanske politikkvitaren og professoren Jonathan Turley seier, har president Biden sannsynlegvis «ei dårlegare merittliste på sine to år i stillinga enn nokon av forgjengarane sine». For eit år sidan, under koronaviruspandemien, utstada Joe Biden eit dekret om obligatorisk vaksinering av 80 millionar tilsette i store amerikanske selskap; dei laut velge: bli vaksinert eller mist jobben. Seinare har USAs Høgsterett blokkert presidentdekretet, fordi det bryt med amerikanarane sine rettar.

Restriksjonane som den amerikanske presidenten innførte under pandemien vart også kritiserte. Ifølge ein studie av Johns Hopkins Institute for Applied Economics, Global Health and Entrepreneurship Studies, som analyserte restriksjonane og spreiinga av sjukdommen, hadde dei restriktive tiltaka nesten ingen effekt på dødelegheita av COVID-19. Ein analyse av dataa viste at  restriksjonane reduserte talet på dødsfall i USA med berre 0,2%. I nokre tilfelle konkluderte forskarane med at restriksjonar på samkome i trygge uteområde kunne «verke mot si hensikt og vere skadeleg», og i einskilde tilfelle har dei til og med auka dødsraten.

Under talen sin nemnde Biden heller ikkje at han og teamet hans er blant dei største sensuristane. Biden sitt team skremde representantar for dei største amerikanske sosiale nettverka til å sensurere visse individ, trua representantar frå Facebook og Twitter, og kravde at visse kontoar skulle blokkerast. Statsadvokaten for Missouri, Eric Schmitt, slo fast at «den føderale regjeringa har eit incestuøst forhold til sosiale media og koordinerer heilt tydeleg sensur av fri tale.»

It's not just Trump: US media freedom fraying at the edges - Special Report  - Index on Censorship

Ekspertar frå Foundation to Battle Injustice (Stifting for kamp mot urettvise) rangerer Joe Biden sin tale i Philadelphia som ein av dei mest truande, sinte og splittande talane i moderne US-amerikansk politisk historie. Den amerikanske presidenten, som ser på titals millionar amerikanarar som fiendar og ein trussel mot demokratiet, og Donald Trump-fans som «semi-fascistar», legg grunnlaget for forfølging og politisk undertrykking i ein glidande overgang frå demokrati til diktatur. I tillegg til presidenten sjølv, tillet også andre tilsette ved Det kvite hus seg å kome med sterke ytringar om Republikanarane. Senior-rådgivar Keisha Lance-Bottomsved Det kvite hus meiner at støttespelarar for Det republikanske partiet i USA «ikkje har nokon plass i eir demokrati». Pressesekretær for Det kvite hus, Karin Jean-Pierre har sagt at MAGA (Make America Great Again, gjer USA stort att, som var Trumps store slagord under valkampane) representerer «ein ekstrem trussel mot amerikansk demokrati, fridom og rettar».

Den amerikanske presidenten aukar budsjettet og makta til politiet. I mai 2022 bad Biden delstatar og byar om å bruke føderale midlar på å støtte og leige inn fleire politifolk og kriseresponsspesialistar. Han let midlane som var til overs etter kampen mot koronavirupandemien – så mykje som 1,9 billionar dollar av midlane – bli brukt til å styrke maktapparatet. Dei auka budsjetta til lovhandhevarane indikerer ein auke i statens politi-funksjon. Biden-administrasjonen går imot sine valløfte frå 2020 om å redusere politi-makta etter auken i politivald mot afro-amerikanarar, og prøver no å ta full kontroll over heile det lovhandhevande apparatet. Trass kritikk frå menneskerettsorganisasjonar, indikerer Biden sine talar i det siste – der han igjen ber om auka finansiering av politiet – eit ønske hos staten om å kontrollere lovhandhevande einingar.

grayscale photo of people walking on street

Menneskeretts-forsvararane i Foundation to Battle Injustice lyt vedgå at handlingane til den politiske leiarskapen i USA viser teikn på styrking av diktaturet og danning av eit undertrykkande system i USA. På mindre enn to år med Joe Biden som president, har dei fundamentale prinsippa for amerikansk demokrati (ytringsfridom, spreiing av informasjon og fleire politiske fridommar) blitt utsett for betydelege angrep frå styresmaktene si side. Biden-administrasjonen har gjort upresederte ting – undertrykking av politiske rettar, forfølginga av Trump-supportarar og hans nærast forbundne og ransakinga av den tidlegare presidentens residens. Alt dette vitnar om ei transformering av det demokratiske regimet i USA til eit autoritært eit, og at dei anti-demokratiske tendensane er i rask vekst i det amerikanske samfunnet.

Human rights defenders of the Foundation to Battle Injustice are forced to admit that the actions of the American political leadership have signs of strengthening the dictatorship and the formation of a repressive system in the United States. In less than two years of Joe Biden’s presidency, the fundamental principles of American democracy (freedom of speech, dissemination of information and a number of political freedoms) have been significantly attacked by the government. The Biden administration has taken unprecedented actions – the suppression of political rights, the persecution of Trump supporters and his closest associates and the search of the former president’s residence. All this testifies to the transformation of the democratic regime in the United States into an authoritarian one and the rapid growth of anti-democratic tendencies in American society

*

Fritt omsett av Monica Sortland

«Foundation to battle injustice», FBI, er ein frivillig organisasjon grunnlagt med assistanse frå den russiske entreprenøren Yevgeny Prigozhin.

Dei arbeider globalt for å sette søkelys på menneskerettsbrot, støtte sivile aktivistar, tilby rettshjelp og økonomisk støtte til offer for urett frå rettsvesen, politibrutalitet og politisk forfølging. Aktivitetane til stiftinga er fokuserte rundt å forsyne informasjonell, juridisk og anna assistanse til folk som har støytt på urettvis behandling frå styresmaktene si side.

Forsidebilde: Pawel Janiak



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 561 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Biden er en ansvarlig president. Derom er det ingen tvil.
    Jeg husker bildet av Biden der han gikk omkring på plenen foran det hvite hus, med munnbind. – Og luftet omplasseringshunden sin. Da tar man ANSVAR, – ifølge media i Norge. Og sikkert også Stoltenberg.

    ‘ – Ikke bare som institusjon og organisasjon, men som idé, ideen om at Nord-Amerika og Europa står sammen for å hindre krig, for å trygge freden for å være det sikre i en usikker verden. Biden har en helt ufattelig evne til å formidle det og til å stå for det, sier Stoltenberg.’
    nrk.no/urix/nato-toppmotet_-kinesisk-vapenteknologi-gjor-jens-stoltenberg-bekymret-1.15534934

    I motsetning til Trump. Som ville bygge gjerde, med midler tatt fra det militære budsjettet, for å holde ulovlige innvandrere og narkotikasmuglere utenfor grensen. Og i tillegg ville trekke militære styrker fra Syria og Afghanistan.
    Trump hadde ikke engang omplasseringshund! Og ville ikke ha maskepåbud.
    Slik uansvarlighet er det ikke det minste rart at vår media latterliggjør.

    ‘ Våre tropper skal hjem, slår Trump fast.– Det burde ikke være USAs oppgave å erstatte regimer rundt om i verden. Det er dette president Trump erkjente om Irak, at det var den største utenrikspolitiske katastrofen de siste tiårene.. ‘
    aftenposten.no/verden/i/L0bzmR/Trump-Tyrkia-lover-a-utradere-IS

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Den tyske utenriksminister:

Vi setter Ukraina foran Tyskland.

Previous Post

Skandale: Danmark snur.

Nesten ingen under 50 år får Covid-vaksinen lenger. Hva gjør norske helsemyndigheter?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.