POSTED IN Krig-fred, Midt-Østen

Jemen truer ikke bare skipsfarten i Rødehavet.

De avkler også USA for sin militære troverdighet.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

USAs marine er ikkje budd på nokon langtrekt krig med Jemen

19. desember 2023 av Larry Johnson

Det ser ut til at USA, saman med 9 allierte – Storbritannia, Italia, Bahrain, Canada, Frankrike, Nederland, Noreg, Seychellane og Spania – er i ferd med å vikle seg inn i ei ny Midtausten-hengemyr når ein internasjonal armada no samlar seg i dei internasjonale farvatna rundt Jemen. Oppdrag? Stoppe Jemen sine truslar mot cargoskip og oljetankarar som er på veg mot Israel.

Vesle Jemen har overraska Vesten med sine standhaftige og heftige angrep på skip som prøver å frakte containerar og drivstoff til Israel. Ja, dette er eit brot på Folkeretten, og Vesten er i sin fulle rett til å prøve å stanse det. På papiret ser det ut som om Jemen er både undertalige og seriøst dårlegare væpna. Ein sikker tapar? Ver ikkje for sikker på dét. U.S. Navy, som utgjer størstedelen av flåten som seglar mot Jemen, har nokre reelle sårbarheiter som vil avgrense handlingsrommet deira.

Aegis Missile Defense System

Før eg forklarer risikoen, må ein forstå at marineflåten til USA no er konfigurert som ein “Forward-Based Navy”* som ikkje er nokon “Expeditionary Navy”**. Anthony Cowden, analyserte dette spørsmålet i eit stykke for Center for International Maritime Security i september: REBALANCE THE FLEET TOWARD BEING A TRULY EXPEDITIONARY NAVY.

I dag 

har vi ein framover-basert marine, ikkje ein ekspedisjonær ein. Denne skilnaden er viktig om vi skal halde oss konkurransedyktige mot moderne truslar og vegleie styrkedesign.

På grunn av USAs unike geografiske posisjon, har marinen luksusen med å forsvare nasjonens interesser “over there.” Sidan Andre verdskrig utvikla og dreiv dei ein marine som var i stand til å projisere makt utanlands; å gjenoppbygge sin kampstyrke medan dei enno var til sjøs eller i det minste langt unna nasjonale kystlinjer; og kontinuerleg oppretthalde nærleik til konkurrentar. 

Denne ekspedisjonære karakteren minimerte flåten si avhengigheit av landbasert og heimebasert infrastruktur under operasjonar; den let flåten vere meir logistisk sjølvforsynt til sjøs.

Men 

mot slutten av Den kalde krigen byrja USAs marine å redusere si ekspedisjonære evne, og vart meir avhengig av allierte og venlege basar. Ei viktig utvikling var subtil, men betydningsfull: det vertikale oppskytningssystemet (VLS) til flåtens primære anti-luft, anti-ubåt og land-angrepsvåpen. Sjølv om det var eit svært kapabelt system, så var det problematisk å gjenlade VLS ute på havet, og det vart snart gitt opp. Medan eit hangarskip kan forsynast med nye våpen når dei er til havs, kan krigsskip det ikkje, noko som avgrensar dei framskotne operasjonane til angrepsgrupper av hangarskip, då dei lyt ta hyppige turar tilbake til fastlandsinfrastruktur. Marinen ser på problemet med gjenlading av VLS til havs, og den innsatsen bør styrkast.

Det neste steget marinen tok bort ifrå ein ekspedisjonær kapasitet, kom på 1990-talet, då dei trekte tilbake dei fleste av marinens depotskip og hjelpefarty (AS), alle reparasjonsskipa (AR) og destroyer-hjelpeskipa (AD), og gjekk bort ifrå Sailor-manned Shore Intermediate Maintenance Centers (SIMA). Ikkje berre eliminerte dette evna til å drive mellomliggande vedlikehald “over there”, men det øydela også progresjonen til lærling-til-svenn-til-meisterteknikarane som ein gong gjorde marineseglarane i US Navy til ein av dei fremste vedlikehaldsressurssane i den militære verda. Kampsøk og -berging, heving av skip og reparasjon av kampskadar er andre område der U.S. Navy ikkje lenger har tilstrekkeleg kapasitet til å halde ut [lange] ekspedisjonære operasjonar.

Kva så? Kvar av destroyerane til USA ber med seg  estimert 90 missil (kanskje nokre få fleire). Det primære oppdraget deira er å forsvare USA sine luftfartyberande hangarskip. Kva skjer når Jemen fyrer av 100 dronar/rakettar/missil mot eit hangarskip? Destroyeren, eller fleire destroyerar vil fyre av sine missil for å slå ned trusselen. Flott. Mission accomplished! Berre eitt lite problem, som skildra i sitatet over: U.S. Navy har kvitta seg med skipsvedlikehaldarane, altså dei fartya som kunne forsyne destroyarane med nye missil til å erstatte dei oppbrukte. For å lade på nytt, må destroyeren segle til næraste venlege hamn der USA har lagra missil til resupply.

Skjønar du? Viss destroyeren lyt segle av stad, lyt hangarskipet følge etter. Det kan ikkje berre ligge ute i havet utan forsvarsskjoldet sitt av skip. Kor lenge ein av USA sine flåtar maktar å bli på éin stad i ei kampsone som t.d. Jemen, er ein funksjon av kor mange missil jemenittane fyrer av mot dei US-amerikanske skipa.

Men problema stoppar ikkje dér. Kvart av Aegis-missila kostar, som eg har nemnd i eit tidlegare innlegg, minst $500 000 dollar. Ein pensjonert tenestemann i forsvarsdepartementet fortalde meg i dag at den faktiske kostnaden er $2 millionar dollar. Viss Jemen vel å bruke drone-svermar til å mette rommet rundt eit hangarskip, så vil USA fyre av svært dyre missil for å øydelegge relativt billige dronar. Dette bringer på bane endå ei kritisk svakheit: USA har berre ei avgrensa forsyning av desse luftvernsmissila, og dei har ikkje den industrielle kapasiteten til å raskt produsere nye til å erstatte underskotet.

Byrjar det å demre no? U.S. Navy kan kome i ein posisjon der dei lyt segle bort før dei har fullført jobben med å eliminere drone/missil-trusselem frå Jemen. Korleis trur du det vil ta seg ut for resten av verda? Den mektige supermakta som måtte trekke seg tilbake for nye våpenforsyningar, fordi dei ikkje greidde å halde gåande intense kampoperasjonar! Dette er ikkje hemmelegstempla informasjon. Det er publisert over heile Internett. Om eg kan finne ut av det, så er eg sikker på at USA sine motstandarar – ikkje minst Jemen – også forstår at dei har ein metode for å gi USA ei skikkeleg blodig nase i form av skadd prestige.

Kva skjer dersom Jemen greier å senke eitt eller to av skipa til U.S. Navy? Då har driten verkeleg råka vifta. USA har ikkje noka magisk forsyning av missil gøymd unna til å takle ein slik situasjon. Skipa ville måtte segle vekk for å fylle opp våpenlagera etter å ha plukka opp dei overlevande frå søkkte skip.

På toppen av alt dette er det problemet med å finne dei mobile missil-plattformane i Jemen. Hugsar du problema som USA hadde i Irak i 1991, då dei prøvde å finne og øydelegge utskytingssystema til SCUD-missila? Sjølv om ISR-systema er betre i dag, finst det framleis ingen garanti for at dei skal greie å lokalisere og øydelegge tidsnok. Jemenittane har over 8 års erfaring med å takle US-amerikansk ISR og US-amerikanske droneangrep. Den 9. november skaut jemenittane ned ein drone av typen MQ-9 Reaper. Den smårollingen kostar litt over $30 millionar dollar.

Her kjem konklusjonen. Flåten til USA, saman med artilleriet, kan gjere ein del skade på Jemen, men vil sannsynlegvis ikkje kunne oppnå ein avgjerande siger. Jemen kan for sin del på føre litt alvorleg skade på nokre av skipa – kanskje til og med søkke eitt eller to – og med dét score ein moralsk siger som vil nøre opp under tvilen om sjøstridsevna til USA. Kanskje dette forklarer korfor USA har vert så seine med å respondere på angrepa frå Jemen.

ChatGPT-svar og avklaringer:

* En ‘forward-based navy’ refererer vanligvis til en marineflåte som har sin hovedvekt av styrker plassert i strategiske eller fremoverliggende posisjoner rundt om i verden. Dette konseptet fokuserer på å plassere skip, baser eller militære ressurser i nærheten av potensielle konfliktområder eller viktige geopolitiske områder for å kunne reagere raskt på trusler, utfordringer eller hendelser.

Denne tilnærmingen er vanligvis assosiert med stormakter eller land med globale interesser, og det innebærer ofte et nettverk av militære baser, allianser eller avtaler som tillater hurtig respons i tilfelle av konflikt eller behov for å opprettholde geopolitisk innflytelse. Det muliggjør også større tilstedeværelse og overvåkning i ulike regioner for å opprettholde sikkerhet og trygghet. (ChatGPT-svar)

** En «Expeditionary Navy» refererer til en marinemakt som er spesielt designet og organisert for å kunne utføre ekspedisjoner og operasjoner i fjerne områder eller over lange avstander. Denne typen marineforsvar er rettet mot å kunne respondere raskt og effektivt på internasjonale trusler, krisesituasjoner eller utfordringer.

En ekspedisjonsmarine er vanligvis fleksibel og har evnen til å utplassere styrker, skip, og ressurser i ulike deler av verden for å støtte militære operasjoner, humanitære oppdrag eller for å demonstrere tilstedeværelse og støtte allierte. Den fokuserer på hurtighet, mobilitet og evnen til å tilpasse seg skiftende situasjoner.

I praksis kan en ekspedisjonsmarine bestå av skip med lang rekkevidde, transportfartøyer, amfibiske styrker og støtteenheter som kan utføre oppdrag i ulike miljøer, fra kystområder til fjerne havområder, og kan raskt settes inn der behovet oppstår. (ChatGPT-svar)

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Thomas Fields

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Nok et eksempel på at Vesten er på siste reis som enerådende verdensmakt. Det er selvsagt derfor de satser alt på en ny multiglobal verdensregjering. Før den vestlige økonomien kollapser. Dette er vestens siste sjanse, og de har særdeles dårlig tid.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Tidligere vaksiner: svært få døde.

Nå: svært mange døde etter covid-vaksiner.

Previous Post

De som stjeler fra andre har vi navn på.

Lavrov: Tyske myndigheter er tyver.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.