POSTED IN Israel, Krig-fred

Israelske soldater fikk panikk:

Skjøt og drepte mange av sine egen innbyggere.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Israelsk tankskyttar avslører ordre om å skyte vilkårleg mot kibbutz

 WYATT REED og MAX BLUMENTHAL· 27. NOVEMBER, 2023

Nye avsløringar aukar mengda bevis som viser at mange av israelarane som døydde den 7. oktober vart drepna av det israelske militæret. Samtidig har den israelske regjeringa knebla fangane som er frigitte frå Gaza, for å hindre endå større skadar på det offisielle narrativet.

Førstehandsvitnemål frå innrømt uerfarne israelske stridsvognsoperatørar avslører ordrar om å opne eld mot israelske busetnader då palestinsk milits braut gjennom gjerda som omringa Gaza den 7. oktober.

Det israelske nyheitsnettverket N12 viser ein reportasje av eit heilkvinneleg tankkompani, der den 20 år gamle kapteinen — identifisert som ‘Karni’ — innrømmer at ho fekk ordre frå ein «panikkslagen» soldat om å opne eld mot heimar i kibbutzen Holit, enten der var sivile eller ikkje.

Ti israelarar vart drepne i Holit den 7. oktober; ingen barn var blant dei døde.

«Soldaten peikar og seier til meg ’skyt der — terroristane er der,’» fortel kapteinen i det nyleg publiserte opptaket, og nemner at då ho spurde «er det sivile der?», så svara landsmannen hennar berre «eg veit ikkje,» og gav ho ordren «berre skyt» ein tankrunde inn i bygga likevel. «Eg bestemde meg for å ikkje skyte,» minnest ho, for «dette er ein israelsk busetnad.» «Eg skaut mot eit hus med maskingeværet mitt,» i staden, seier ho.

Medan den israelske regjeringa og hæren deira av internasjonale propagandistar har gitt skulda til Hamas aleine for ei rekke grufulle drap den 7. oktober, saman med ikkje bekrefta påstandar om valdtekt, tortur og babyar som har fått kappa hovuda av seg, bidrar kommentarane i N12-reportasjen til den stadig aukande mengda bevis for at bombing frå israelske tanks hadde ansvaret for mange av dødsfalla i israelske kibbutzar. Ifølge dei intervjua soldatane drap dei også palestinske militsfolk ved å Knuse dei til døde» med stridsvogna si.

«Sjåføren min får auge på to terroristar på vegen og rapporterer det,» fortel kapteinen til N12-intervjuaren. Når «eg seier til ho at ho skal køyre over dei, køyrer ho berre over terroristane og køyrer vidare,» forklarer ho likegyldig.

Det kvinnelege tankkompaniet ser ut til å ha blitt trent opp i dei minst avanserte køyretya i Israels arsenal, og berre gitt grenseforsvarsoppgåver. I kaoset under Hamas-angrepet den 7. oktober vart dei tvinga til å bruke meir avanserte køyretøy, utstyrte med eit  fjernkontrollert våpensystem (RCWS).

I N12-reportasjen innrømde brigadegeneral Raviv Mahmia at det var ei «svært kompleks» oppgåve å ta opp kampen mot ei gruppe militante i Kibbutz Holit, som dei unge stridsvognoperatørane «på mange måtar … ikkje var trente til å kjempe mot».

«Dei skaut mot israelske nabolag og køyrde på opne vegar,» sa han.

Grayzone har avslørt at mange av lika som vart funne sør i Israel, i den såkalla «Gaza-konvolutten» (innanfor 7 km frå grensa til nord-Gaza, rakettrekkevidd, mrk.), så brende at dei var ugjenkjennelege, sannsynlegvis var offer for det israelske militæret — noko nye innrømmingar ser ut til å stadfeste.

Den 26. november siterte Grayzone augevitneskildringar for å dokumentere korleis ein israelsk tank opna eld mot ein heim i Kibbutz Be’eri den 7. oktober og drap 12 israelske ikkje-stridande, inkludert Liel Hetzroni — eit av poster-barna i Tel Aviv sin internasjonaleanti-Hamas-propagandakampanje.

Bevis for dødsfall på grunn av «friendly fire» [drepne av sine eigne, mrk.] den 7. oktober, fekk vi og med avsløringa til Haaretz  om at israelske angrepshelikopter sannsynlegvis drap mange av dei som var på Nova, festivalen for elektronisk musikk, og at Hamas ikkje var klare over at festivalen fann stad der på det tidspunktet.

Knebling av frisleppte israelske gislar for å redde narrativet

Avsløringar om at israelske troppar fekk ordre om å opne eld vilkårleg mot israelske busetnader kjem medan landets sikkerheitstenester gjer desperate forsøk på å kontrollere narrativet om Gaza-krigen.

Etter ei midlertidig våpenkvile som starta den 24. november, der fleire dusin av dei jødiske tilfangetatte vart sleppte fri frå Gaza, avslørte Israels Channel 12 at styresmaktene i Tel Aviv har innført nye reglar som krev at dei frigitte israelarane skal overvakast nøye når dei gir intervju.

Dei som er lauslatne frå Hamas’ varetekt «forventast å bli nært overvaka, og dei vil få instruksar om kva dei kan fortelle til media, og kva dei ikkje kan seie,» forklarte reportasjen.

På publiseringstidspunktet hadde ingen av dei nyleg lauslatne israelarane snakka offentleg med nokon mediekanal. Eks-fangane dukkar sjeldnare og sjeldnare opp i israelsk medium sidan lauslatinga av 85 år gamle Yochaved Lifshitz, som fekk heftig kritikk for å ha utveksla handtrykk med ein av Hamasvaktarane sine og fortalt at dei «behandla oss venleg.»

Nylege kommentarar frå ein slektning av ei anna israelsk kvinne som vart sleppt fri den 24. november, Ruth Munder, ser ut til å stadfeste den utsegna.

Familiemedlemmen sa om israelarens tid på Gaza: «Heldigvis hadde dei ingen ubehagelege opplevingar under fangenskapet; dei vart handsama humant».

«Tvert imot det vi hadde frykta, kom ikkje [Munder] borti dei skrekkelege historiene vi hadde førestilt oss,» og fangevaktarane «skadde dei ikkje,» fortalde familiemedlemmen til Israels Jerusalem Post.

Søstera til ein thailandsk arbeidar som vart tatt som gissel på Gaza, fortalde likeeins til  internasjonale medium at bror hennar hadde blitt «tatt svært godt hand om,» og «verka nøgd» då han vart sleppt.

Ein gjest på Israels Channel 13 News erkjende at «det er viktig å nemne at mange anklaga [den israelske eks-fangen] Yochaved Lifschitz [for illojalitet], men ho slo fast akkurat desse tinga. Ho vart utsett for dårleg bendling og vart sagt å ha forårsaka betydeleg medie-skade, anklaga for å lyge på grunn av at mannen hennar framleis sat i fangenskap, at Hamas hadde påverka ho, hjernevaska ho før ho vart sleppt fri. Men kvart einaste ord ho sa, var sant, og desse folka seier det same.»

Då ho forlet Gaza, gav den israelske fangen Danielle Aloni eit brev til sine fangetakarar i Hamas og takka dei for «den unaturlege humanismen som de viste meg og dottera mi, Emilia. De var som foreldre for ho, inviterte ho inn på rommet dykkar kvar gong ho ville.»

Ho avslutta med å uttrykke takksemd for den vennlege veremåten deira «trass i den vanskelege situasjonen de hadde å takle. Og dei vanskelege tapa som råka dykk her i Gaza. Eg skulle ønske at vi i denne verda kunne vere venner.»

Under tida si i fangenskap, dukka Aloni opp i ein video der ho kritiserte Netanyahu for at han ikkje greidde å forhandle om lauslating av ho og medfangane.

Den israelske regjeringa vil truleg hevde at Aloni hadde blitt tvinga til å skrive brevet under ekstremt press, men dei har enno ikkje late ho snakke offentleg om erfaringa si i Gaza.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Skjermdump fra artikkelen i The Greyzone

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Woke militæret i aksjon…totalt ubrukelig. IDF ble presset av equality og HBTCQ (el. lign.) industrien til å bli «likestilt». Det gikk til helvete. Alle militærmakter i verden (vesten) som har lagt seg på magen for woke og HBTCQA (el. lign) industrien å innført galskapen, er fullstendig fucked mht. til sitt formål, krige å forsvare sitt land. Man kan lure på om det ligger en kalkulert ondsinnet strategi fra korrupte nasjonale landsvikere i regjering og parlamenter som følger sine «masters voice» i de økonomiske, politiske, militære/medisin-industrielle kompleksene i løgn -og skurkestaten som ble opprettet i 1776 kalt USA.

    Svar
  • Northern Light.
    1 desember 2023 19:54

    Perverst: Israelsk musikkvideo med barn som synger en sang om å «utslette alle» i Gaza.

    Av Ramon Tomey.
    En musikkvideo med en gruppe jødiske barn som sang om å «utslette alle» på Gazastripen gikk nylig viralt på sosiale medier.

    Den israelske allmennkringkasteren Kan 11, publiserte opprinnelig sangen og den tilhørende musikkvideoen, før den senere ble slettet på grunn av negative tilbakemeldinger. Sangen med tittelen «Friendship Song 2023» ble skrevet av Shulamit Stolero og Ofer Rosenbaum, og produsert av sistnevntes Rosenbaum Communications. Til tross for den positive tittelen, viser sangens tekst at det ikke handler om vennskap i det hele tatt – det fremgår av de første linjene.

    «Høstnatten faller over stranden i Gaza. Fly bomber; ødeleggelse, ødeleggelse», sa sangens to første linjer. Den lovet også at «om et år vil det ikke være noe der», og «i løpet av et år vil Israel utslette alle» – linjer som tydelig fremmer folkemordet på Gaza-folket. Sangens siste linje advarte illevarslende: «Vi vil vise verden hvordan vi i dag ødelegger vår fiende».

    «De søte ansiktene til barna røper ikke at tekstene handler om å gjøre folkemord», skrev Electronic Intifada-medgründer Ali Abunimah. «Noen uttrykte bekymring for at det ville hjelpe «Hamas propaganda», mens andre oppriktig avskyr videoens forherligelse av vold og folkemord».

    Han fortalte også om en reklametavlekampanje fra 2020 med Rosenbaum som kjørte i byen Tel Aviv. Reklametavlen viste Ismail Haniyeh fra Hamas, og Mahmoud Abbas fra den palestinske nasjonale myndigheten knelende på bakken og bind for øynene. «Fred får en bare når fienden er beseiret», sto det i plakatens bildetekst.

    Abuminah bemerket at 2020-kampanjen ble bestilt av Israeli Victory Project (IVP), som var knyttet til The Middle East Forum (amerikansk konservativ tenketank), ledet av utenrikspolitisk kommentator Daniel Pipes. IVP fremmer for tiden den etniske rensingen av Gazastripen, la han til.

    Abuminah bemerket til slutt at «oppfordring til folkemord er en forbrytelse», og at «å bruke barn for å fremme et budskap om folkemord er perverst».

    Mange i Israel fra myndigheter og sivile sier de vil gjøre folkemord mot befolkningen i Gaza.
    Chris Menahan fra Information Liberation bemerket: «Dette er den typen galskap du produserer når det ledende prinsippet for krigen din er et eldgammelt bibelsk bud om å ‘ødelegge Amalek'». Kommentaren refererte til en tidligere uttalelse fra Israels statsminister Benjamin Netanyahu, som siterte den første boken til profeten Samuel.

    «Du må huske hva Amalek har gjort mot deg, sier vår hellige bibel (the Hebrew Bible)», sa Netanyahu da han kunngjorde Israels invasjon av Gazastripen. Han siterte deretter et vers (Samuel 15:3) som sa: «Gå nå, angrip amalekittene og ødelegg alt som tilhører dem. Ikke spar dem; drep menn og kvinner, barn og spedbarn, storfe og sauer, kameler og esler».

    Den israelske finansministeren Bezalel Smotrich gjentok også denne bibelske oppfordringen til folkemord, denne gangen i et innlegg 16 november på X-plattformen. Han begynte innlegget med å sende ut kondolanser til familiene til Nathaniel Harosh og Yossi Hershkovich, to reservister fra Israel Defense Force (IDF) drept av Hamas.

    «Beskjeden til familiene er utvetydig: Vi vil ikke stoppe før Amalek er endelig ødelagt», skrev Smotrich. «De som betalte den høyeste prisen krever av oss at prisen ikke skal være forgjeves».

    Til og med Ezra Yachin, den eldste IDF(Israeli Defence Force)-reservisten, ber om en utslettelse av palestinerne i Gaza. «Fullfør det og ikke la noen stå igjen. Slett minnet om dem. Slett dem, deres familier, mødre og barn», sa han. «Disse dyrene kan ikke leve lenger».

    Fra Natural News, publisert 30 november 2023.
    Oversatt fra engelsk. Linker og musikkvideoen med engelsk tekst i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: TWISTED: Israeli kids sing a song about “annihilating everyone” in Gaza.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

De baltiske statene boikotter OSSE fordi Russland deltar. Da skjønner de ingenting.

Det blir ingen alleuropeisk sikkerhet uten Russland.

Forrige innlegg

Bare et nytt forsøk på å tappe statskassa?

Nye håpløse «grønne» prosjekter.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.