POSTED IN Israel, Krig-fred

Israel:

Oppblåst militært, men egentlig svak?

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vinn eller tapar Israel, eller er dei i ferd med å ta sjølvmord?

av Larry Johnson 8. april 2024

Svaret mitt? I ferd med å ta sjølvmord. Dette er ein video-tung artikkel. Eg startar med ein kort podcast eg sette ihop i dag medan eg testa Streamyard. Så er det min regelmessige måndags morgon-samtale med Judge. Den siste videoen er ein samtale med Patrick Henningsen. Patrick og eg møtte kvarandre for første gong i Moskva i desember, og deretter igjen i Moskva under Multi-polaritetskonferansen. Viss du køyrer til jobben eller til besøk hos svigersen, bør desse videoane halde deg frå å falle i sømn ved rattet.

Så tilbake til tittelen og spørsmålet – vinn eller tapar Israel? Eller er dei i ferd med å ta sjølvmord? Eg trur eigentleg det er ein kombinasjon av tap, følgd av galskapen å invadere Libanon og kaste seg over Hizbollah. Det er, etter mitt skjøn, eit sjølvmordstokt for Israel.

Israel tapar fordi dei, etter seks månadars kamp med slagside, ikkje har greidd å slå Hamas og fri gislane. Israel har bevist at dei er ganske gode på å drepe uvæpna kvinner, barn og eldre. Izzi’ane veit sanneleg korleis ein skal bombe sjukehus, helse-klinikkar, skular, kyrkjer, moskear, universitet og FNs flyktningsenter. I staden for å styrke myten om at Israel er David som kjempar mot den muslimske kolossen Goliat, har Israels militærkampanje vore ein uformilda PR-katastrofe. Tidlege påstandar om avkappa barnehovud og massevaldtekter viste seg å vere fabrikkerte av ein målmedviten israelsk psyop-kampanje. Folkeopinionen rundt om i verda ser på Israel som ein blodtørstig mordar. Ei tid kunne Israel lite på å ha ein majoritet av nasjonane i Vesten på si side. Den tida er over.

Eit av dei viktigaste analytiske punkta eg vektlegg i den korte videoen, og nemner i forbifarten under diskusjonen med Judge, er at etter seks månadar med kamp har Israel ikkje greidd å nedkjempe ein lett væpna Hama-geriljastyrke som manglar både luftforsvar, artilleri og stridsvogner. Heile Gaza har eit areal på 365 kvadratkilometer. Samanlikn det med Bakhmut i Ukraina. Bakhmut er på under 42 kvadratkilometer. Det tok Russland 10 månadar å nedkjempe ein tungt væpna ukrainsk fiende som hadde kraftige forsvarsverk og var støtta av NATO med våpen og etterretning. [Takk til Neil McLeod for korreksjon av feilen min om Gaza-arealet.]

Ein annan stor skilnad – Russland drap ikkje titusentals ukrainske sivile medan dei vann fram. Russland drap heller ikkje nesten 200 journalistar under den kampen. Heller ikkje utsletta dei over 224 bistands- og redningsarbeidarar. Israel, på den andre sida, gjorde alt det og meire til. Så neste gong du høyrer ein eller annan Vestleg militæranalytikar som rakkar ned på det russiske militæret og kallar det uskikka eller inkompetent, berre påpeik at Israels armé, som skulle vere så mektig, ikkje greidde å slå ein masse av uvæpna sivile og nokre få tusen Hamas-krigarar.

De smiler og set tøffe ut, men er det slik i virkeligheten?

Regjeringa til Netanyahu byrjar rakne i saumane. På den eine sida indikerer rapportar frå Gaza at nesten alle israelske brigadar har trekt seg tilbake frå Gaza — MISSION NOT ACCOMPLISHED (oppdrag ikkje fullført). Likevel insisterte Netanyahu så seint som i dag på at Israel skulle angripe Rafah, trass i gjentatte åtvaringar frå Biden-administrasjonen. I mellomtida trappar Israel opp luft- og artilleri-angrepa i nord, på grensa til Libanon. Israel verkar vere innstilt på halde lovnaden sin om å kaste Hizbollah ut av sør-Libanon og presse dei nord for elva Litani.

Det er berre eit ørlite problem – Hizbollah er ikkje i humør til samarbeid, og dei er fullt budde på direkte nærkamp med Israel. Ein kamp i Libanon vil ikkje likne noko av det den israelske okkupasjonsstyrken har opplevd i Gaza. Hizbollah vil ikkje bruke menneskelege skjold, slik Vestleg propaganda hevdar. Dei vil kjempe på gamlemåten, frå bunkerar og skyttargraver. Hizbollah har dessutan noko som Hamas ikkje har – langdistansemissil som kan råke presist inne i Israel. Eg håpar eg tar feil, men eg fryktar at Israel har bestemt seg for å starte angrepet i nord. Det er etter mi meining ei oppskrift på nasjonalt sjølvmord.

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «Tidlege påstandar om avkappa barnehovud og massevaldtekter viste seg å vere fabrikkerte av ein målmedviten israelsk psyop-kampanje.»

    Mange tror jo også på slike ville historier . ( Holocausthistorier om gassing & brent kjøtt ikke nevnt. )
    Og jøder har jo rett (plikt?) til å lyve overfor ikke-jøder. ( Goijm)
    Og mye stygt blir utført under ( en langvarig) krig, også voldtekter. Dette vet vi. Blant annet i Tyskland etter ‘de gode’ vant krigen.

    Men at Hamas i et blitz/hurtigangrep, der isralske militære kan slå tilbake nårsomhelst, så er det noen av Hamas-soldatene som voldtar litt rundomkring? 😉
    Så er det jo heller ikke noe bevis for slikt. (- Som det også viste seg at voldtekter & Viagrautdeling i Libya var oppkonstruert løgn, før jøden Stoltenberg bombet med våre ‘forsvars’-fly. )

    Men dette, med blant annet kroppskapping, er mer sannsynlig :
    Ukesvis (!) med bind for øynene, og bundet i kne , så føtter og hender måtte amputeres.:

    ‘ Mohammed fortel at han blei pågripen av Den israelske hæren då han evakuerte sørover på Gazastripa i november i fjor.
    Hendene blei bundne og han fekk bind for auga. Soldatane frakta han ut av Gazastripa, men han veit ikkje kvar. Lenge trudde han at han var i ein kibbutz.»
    https://www.nrk.no/urix/hevdar-palestinske-fangar-ma-amputere-etter-a-ha-sete-bakbundne-i-vekevis-1.16841576

    Svar
  • «Ein annan stor skilnad – Russland drap ikkje titusentals ukrainske sivile medan dei vann fram. Russland drap heller ikkje nesten 200 journalistar under den kampen. Heller ikkje utsletta dei over 224 bistands- og redningsarbeidarar.»

    – Og hvor mange ( hvorav flesteparten sivile) var det Norge/Stoltenberg/Nato drepte i Libya?
    Ca. 30 000 mennesker,- i et bombeangrep fra 10 000 fot over byer og tettsteder mot udenfinerte mål.
    ( Bombflygerne måtte sjøl finne mål fra 10 000 fot !)

    SÅ kan man ane hva slags oppstandelse/fordømmelse det hadde blitt fra norske politikere eller norsk media.
    – Hvis Russland hadde gjort noe av det samme som blir/ble gjort i Gaza eller i Libya.

    Nevnte noen dobbeltmoral. 😉

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Voldelig verdensanarki

Folkeretten — mindre verdt
enn forskriften om vinterdekk

Forrige innlegg

Ukraina-tretthet:

Kiev og vesten er lei av krig og hverandre.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.