POSTED IN Ideologi, Virkelighetsforståelse

Israel skal ikke røres.

Når all kritikk mot sionisme defineres som antisemittisme.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Moderne frenologi

Av Hans Olav Brendberg

Idehistoria er full av dårleg tenkte, og dårleg definerte idear. Frenologien – læra om korleis våre mentale eigenskapar kunne lesast ut av formen på hovudskallen – er berre ein av mange slike.

Frenologi er en foreldet lære om hvordan sjelsegenskaper er plassert forskjellige steder i menneskehjernen og påvirker hjernens fysiske struktur, og hvordan dette kan avleses i den ytre formen på hodeskallen. Wikipedia

For folk som er innlært i pseudovitenskapar og liknande system, er dei medfølgjande ideane ein del av måten dei ser verda på. Og omgrepa dei nyttar blir oppfatta som meiningsfulle og råkande. Slik er det med alle trussystem – pinsevener opplever nådegåvene, dei driv ikkje skodespel.

Frenologane var ikkje heilt på jordet – det var heilt rett at ulike delar av hjernen hadde ulike oppgåver, ideen som låg i botn for den frenologiske systembyggjinga. Men tanken om at hovudskallen vart forma etter kva delar av hjernen som vart brukt var det mindre grunnlag for, og etter kvart fann ein ut at heile det omfattande teorigrunnlaget stod på eit fundament av uklår tenkjing.

«Antisemittisme» var eit omgrep som oppstod i andre halvdel av 1800-talet. Det oppstod avdi Tyskland vart sekularisert – religionen fekk mindre og mindre makt. Tidlegare hadde ingen hatt trong for slike omgrep for å forklara fiendskapen mellom kristne og jødiske samfunn – dei religiøse mytene i begge religionane gav fullgod forklaring på dei motsetningane som skilde kristne og jødar, og stod i vegen for normal, sosial kontakt. Denne kløfta gjorde det også mogleg med etnisk arbeidsdeling – jødane fekk tildelt øknomiske nisjer som kristne av ulike grunnar, ofte moralske, ikkje kunne ta.

Då religionens makt minka, forsvann likevel ikkje den etniske motsetninga, og kollisjonen mellom ulike idear om kva som var god moral. Sjølv om jødane fekk borgarrettar og forlot ghettoen, heldt friksjonen, fordomane og konfliktane fram. Den nye tida var ikkje eit jordisk paradis, men ein konfliktfyllt stad. Og på denne konfliktfyllte staden trudde ikkje folk lenger på dei gamle, religiøse mytene om kvifor jødar og kristne ofte hamna i konflikt. I staden vart dei gamle mytene erstatta av nye – vidløftige teoriar om sivilisasjon og rase, av det slaget Herbert Spencer formulerte. Den gamle, religionsbaserte kastemotsetninga vart omformulert som rasemotsetning. Omgrepet «antisemittisme» vart til i denne omformuleringa.

Amy Chua er professor i jus ved Yale Law School. Hennes spesialområde er internasjonale forretningstransaksjonen, jus og utvikling, etniske konflikter samt jus og globalisering. Wikipedia

Etniske konfliktar og kastekonfliktar er ikkje noko unikt. Forfattarar som Amy Chua og Yuri Slezkine opplyser mange sider av dei konfliktane som har følgt i kjølvatnet av den jødiske minoriteten i moderne tid gjennom å samanlikna med liknande konfliktar – i Aust-Asia, i Afrika og andre stader der etnisk arbeidsdeling fører til uro og vald. 

Men studiet av «antisemittisme» plar ikkje gå denne vegen. Ein ser på ikkje-jødars oppfatning av jødar i «splendid isolation», og reagerer med indignasjon på kritiske spørsmål og alternative perspektiv. Slik gjer ein fiendskap mot jødar til ein slags «idehistorisk konstant», og forklarar alt med «myter» og «fordomar», utan å freista gå bakom mytene og fordomane. Dei underforståtte (men ikkje artiklulerte) premissa om at jødane er uskuldige offer og at ikkje-jødar er vonde og dumme skal ikkje rokkast.

For 130 år sidan freista mannen som fekk gjort Dreyfuss-saka til ei nasjonal sak i Frankrike – Bernhard Lazare – å analysera opphavet til fiendskap mot jødar. Han fann denne fiendskapen i alle historiske epokar, i vidt forskjellige samfunn og samfunnsklassar. Og trekte den einaste moglege konklusjonen: Den grunnleggjande årsaka til fiendskap mot jødar er den jødiske religionen, med sitt lukka, eksklusive fellesskap og sin fiendtlege front mot resten av verda. Det same hevda Arthur Koestler umiddelbart etter folkemordet under andre verdskrig (i essayet «Judah at the Crossroads»). Han hevda også at banda mellom den sionistiske kolonien og den jødiske diasporaen måtte kuttast – elles kom det sionistiske eksperimentet til å enda i katastrofe.

Den jødiske lobbyen i USA har no så stor makt at Kongressen gjev Israel vetorett når det gjeld våpeneksport til andre land i Midtausten. Det har lenge vore amerikansk politikk at amerikansk våpeneksport ikkje skal utsetja det israelske militære overtaket for risiko.

Det nye er at det no er israelske styresmakter som skal gjera denne vurderinga for USA. 

Etnokrati er en styreform hvor alle maktposisjoner i en stat eller et geografisk område innehas av en bestemt etnisk gruppe, og hvor denne gruppens dominans opprettholdes gjennom diskriminering og undertrykking av andre etniske grupper. Wikipedia

Denne typen avståing av suverenitet frå ei supermakt til eit lite etnokrati er heilt unikt. Og fortel om korleis den jødiske lobbyen i hundre år har arbeidd jamt og systematisk for å knusa all opposisjon. 

Dette propagandaarbeidet i tiår etter tiår har hatt skuldingar om «antisemittisme» som eit av sine viktigaste våpen. I tillegg har ein hatt enorm mobiliseringsevne. Den amerikanske innsamlinga «United Jewish Appeal» fekk i 1948 inn 150 millionar dollar. Amerikanske jødar gav med andre ord fire gongar meir til UJA enn det alle amerikanarar til saman gav til Raudekrossen. 

Då den britiske regjeringa lufta eit framlegg som sionistane var misnøgde med i 1945, tinga «American Zionist Emergency Council» Madison Square Garden, og sende ut 250 000 brosjyrar – første dag.  Då andre dag var ferdig hadde dei organisert demonstrasjonar i 30 byar, organisert ein omfattande kampanje for å senda brev til politikarar og andre. Og hadde avtale med 27 amerikanske senatorar om at dei skulle halda tale om temaet.

Propagandakampanjane var retta mot – og nådde – politikarar, akademia, media. Og dei verka. Dei siste politikarane som freista balansera ulike krav, og opptre uavhengig av lobbyen gav i stor grad opp på syttitalet. Midt på åttitalet sa AIPAC-direktøren Steve Rosen at AIPAC kunne få over åtti senatorar til å skriva under på eit blankt papir i løpet av 24 timar. Det er ingen grunn til å tvila på dette – og det er også verdt å merka seg korleis det gjekk med politikarar som freista utfordra denne makta – som den eldre Bush. 

Adm. Bobby R. Inman, USN

Berre det å prioritera amerikansk tryggleik framfor israelsk kan vera nok til å stogga ein karriere, som admiral Bobby Inman oppdaga då Clinton freista utnemna han til forsvarsminister. Etter den israelske bombinga av Osirak-reaktoren tidleg på åttitalet hadde han som NSA-sjef avgrensa den mengda satelittinformasjon som Israel fekk automatisk tilgang til, avdi USA hadde nytte av å ha førehandsinformasjon om israelarane planla åtak utanvor nærområdet sitt. Denne avgjerda kom tilbake som ein boomerang då han var kandidat til jobben som forsvarsminister – og det heile enda med at han kasta korta.

Å påpeika denne makta handlar ikkje om «fordomar», «rasisme» eller liknande. Makt tek ulike former – og når ein ideologi og ein etnisk interesse greier stigmatisera og undertrykka all kritikk, blir makta svært omfattande. Dagens jakt på «antisemittisme» handlar ikkje om kamp mot diskriminering eller rasisme, men er den rådande maktas jakt på dei siste motstandslommene. 

I denne jakta er dei utstyrt med ein moderne frenologi, der «antisemittisme» har erstatta arvesynda som moralsk grunntema i post-protestantiske samfunn. Alle skal «bekjenna» at dei tek eit oppgjer med djevelen og alt hans vesen – «alle former for antisemittisme». I dette er inkludert kritikk av den makta som fekk kasta Corbyn som leiar i britisk Labour etter ei bedriten og løgnaktig kampanje. I omgrepet «antisemittisme» er inkludert kritikk og opplysing om den makta som gjennom å dirigera dei store pengane i amerikansk valkamp no har nådd det stadiet at amerikanske folkevalde avstår suverenitet på det tryggleikspolitiske området.

Jødisk makt er som all anna makt: Skal ein ha gode analyser og unngå destruktive blinvegar, må ein ha open og faktabasert debatt. Skal ein forstå desse tinga, må ein ha definisjonar, samanliknande perspektiv, integritet og uavhengigheit.

Det kjem vi ikkje til å få med det første. Den moderne frenologien kjem til å dominera i alle kanalar, og alle tilløp til kritisk debatt vil bli slått ned av ymse former for sjølvutnevnt meiningspoliti.

Forsidebilde: Sander Crombach

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Tenk om det hadde funnets et «verdenspoliti» som kunne frosset Zionistenes midler, tvunget IsisRaEl til å oppføre seg som mennesker mot andre, forbydd Mossad’s terrorvirksomhet osv. Oh Glory! verden hadde kanskje blitt til «Den Blå Planeten» igjen?

    Svar
  • Tenk om det hadde funnets et «verdenspoliti» som kunne frosset Zionistenes midler, tvunget IsisRaEl til å oppføre seg som mennesker mot andre, forbydd Mossad’s terrorvirksomhet osv. Oh Glory! verden hadde kanskje blitt til «Den Blå Planeten» igjen?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Tyrkia:

Med det største spion-nettverket i Europa?

Forrige innlegg

Innvandring/migrasjon

«Fordi jeg er marxist er jeg imot dagens innvandring»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.