POSTED IN Norge

Israel Shamir:

Sensur og ensretting kjem snikande.

2 kommentarer

I disse tider med massiv påvirkning for at vi skal tro den offisielle forklaringen på at det er innført store restriksjoner på møte-, organisasjons- og bevegelsesfriheten vår, legger jeg ut denne artikkelen til Shamir. Den er skrevet lenge før koronasaken og Ukrainakrigen dukket opp, men den dreier seg om retten til å være uenig.

Det er all grunn til å reagere når alt settes inn for at vi skal marsjere i takt, ikke minst når en begrunner årsaken til kravet med tvilsomme metoder og uten tilstrekkelig faktagrunnlag. En antar at viruset er meget farlig, men det er lite som tyder på at det er mer farlig enn et vanlig influensavirus – så langt. I en vanlig influensasesong dør det ca. 900 i Norge uten at det blir oppstuss av den grunn.

Krigen i Ukraina fremstilles som en ensidig overfallskrig, men da ser en bort fra den lavintense krigen Ukraina har ført i øst de siste 7 årene og de to krigs-angrepene Ukraina gjorde i 2014 og 2015.

Tendensen til å fjerne kritiske stemmer bærer vi alle i oss for vi som mennesker er sosiale og kollektivistiske. Men vi har et system som ikke er rettferdig. Byrder og goder bli svært ulikt fordelt.

Mange tror mediene forvalter sannheten. Det er det denne artikkelen handler om. Det er en stor misforståelse. Mediene forvalter den sannheten som de som eier dem vil at vi skal tro på. Sannheten er avhengig av hvilken posisjon vi har i samfunnet og hvilke «briller» vi bruker. Sannheten for en renholder er en helt annen enn for hotelldirektøren.

Denne artikkelen handler om medienes sannhetsforvaltning. Hvordan de gjennom sin makt smyger maktens briller på hver enkelt av oss for å få oss til å marsjere i takt.

I tråd med partiet Rødt sitt angrep på en av de får samfunnskritiske nettavisene i Norge, Steigan.no, finner vi også denne artikkelen relevant.

Knut Lindtner
Redaktør

Stengt ute frå Facebook for å tale sanninga

av Israel Shamir

Israel Shamir er en forfatter og journalist.  Han er russisk-israelsk kristen med jødisk bakgrunn.Bøkene hans er oversatt til mange språk.  

Vitskapsmenn frå Harvard insisterte i fjor på at vi hadde hatt besøk av gjestar frå ein galakse langt, langt borte. Vel, nesten. Det mistenkelege fartyet Oumuamua køyrde først nær jorda, men akselererte deretter, og forsvann inn i det store verdsrommet. Kva gjekk gale? Korfor gav dei opp sin opprinnelege plan om å vitje oss jordbuarar, dei vesle grøne mennene frå Vega som er den lysaste stjerna i stjernebildet Lyra. Kunne det vere fordi dei las internett-kommunikasjonen vår, såg på TV-programma våre, sjekka ut avisene våre, og valde å utsette det faktiske møtet til betre tider?

Ein kan forstå dei. Vi har verkeleg rota det til med kommunikasjonen vår. Vi menneske treng å diskutere ting for å kunne ta dei rette avgjerdene og feltet for diskusjon skrumpar raskt inn. Først mista vi media.

Før konkurrerte avisene, leiarar hadde ulike meiningar, dei lærde krangla, partane kravde ulike tiltak. Dei tevla om pengane og røystene våre og prøvde å overbevise oss. Ikkje no lenger. No veit dei betre kva som er godt for oss. Dei bryr seg ikkje om sirkulasjon, dei treng ikkje selje aviser, for reklamen er betalt av dei rike uansett. Før vart minoritetane ekskluderte frå debatten, no er det majoriteten som er stengt ute.

Det finst ikkje ei einaste avis i USA som støttar synspunkta til landets president. Ingen forsvarte han då han frekt vart skulda for å vere russisk agent. Ingen støtta han då han føreslo å trekke troppane tilbake frå Syria. Ingen hjelpte han då han antyda ein separasjon med NATO. Eit tital millionar menn og kvinner røysta på han, men han har berre Twitter-kontoen sin til sin disposisjon.

Til tross for at praktisk talt ingen større medier støttet han ble han valt til USAs president.

Media kritiserer Trump for å bry seg for lite om Israel sine behov. Israel treng USA sine troppar i Syria og Tyskland, USA sine jetfly i Spania og Qatar, USA sine skip i Italia og Golfen. Israel treng USA til å leie NATO for å halde Russland i sjakk. Viss Israel treng det, bør USA gi, seier eks-ambassadøren Daniel Shapiro. Ikkje ei einaste US-amerikansk avis, ikkje ein einaste US-amerikansk statstenestemann brydde seg med å svare at president Trump hadde blitt vald av folket i USA til å gjere slikt som dei treng, ikkje slikt som Israel treng.

USA er ikkje noko unntak. Millionar av det franske folket støttar GJ [Gilet jeunes, dei gule vestane], men ikkje ei einaste avis, ikkje ein einaste TV-kanal gir dei ein plattform. Dei vert kalla antisemittar, for dei vert opprørde av Danny Cohn-Bendit og Bernard-Henri Levi, som er jødiske. Dei kallast også homofobe, fordi dei ønsker å forby «ekteskap» mellom to av same kjønn. Dei vert angripne av stormtroppane til bankierane, Antifa, og ingen medium forsvarar dei.

Millionar av britar støttar Jeremy Corbyn, men alle mainstream medier er imot han, til og med det statsstøtta BBC, til og med Labours avis Guardian. Corbyn vert skulda for antisemittisme, for Corbyn talar for arbeidarane og mot bankierane. Ingen forsvarar han, og ingen mainstream medium talar for han.

Disse 6 mediekonglomeratene dominerer fullstendig i USA i dag. De støtter ikke folkelige bevegelser. Det samme gjelder deres europeiske konkurrenter. De representerer pengemakten.

Berre den vesle russiske kanalen RT tilbyr til ein viss grad nokre alternative synspunkt, forsvarer folka i USA, Storbritannia og Frankrike sin suverenitet, men dei kan ikkje gjere mykje. Paradoksalt nok kringkastar ikkje RT på russisk, og deira engelskspråklege sendingar kan ikkje sjåast i Russland. Resten av dei russiske media skil seg ikkje stort frå det vestlege mangfaldet.

Mainstream media frå Tokyo til Paris til Los Angeles talar med same stemme. Alle andre meiningar har blitt dytta ut av mainstream-diskusjonen. Det er godt vi har internett og nettstadar som Unz Review, som lar oss uttrykke våre synspunkt. Problemet ligg i leveringa. Korleis får vi levert til publikum? Det verkelege mainstream media har så mange fleire visningar og tilskodarar! For dei er det ikkje uvanleg med hundretusentals, eller til og med millionar, av visningar.

Vi treng våre sosiale nettverk til å levere ideane og utveksle meiningar, informere lesarar gjennom publikasjonane våre, overtyde og samlast. I ei overbefolka, nuklearisert verd der familie- og granneband er rivne i stykker finst det ikkje noka erstatning for desse nettverka. Og Facebook og Twitter kan hjelpe oss. Google kan hjelpe oss.

Men dei sveik oss óg. Dei sosiale nettverka tok med sine utvisingar og avplattformiseringar ifrå oss den siste moglegheita til å kommunisere. Som ein aldrande baby-boomer som har halde til i mange land under mange herskarar er eg no sjokkert over den nye totalitarismen som kraup inn under dekke av ‘ny teknologi’. Sjølv i dei tøffe tidene under Stalin og McCarthy utøvde autoritetane mindre tankekontroll enn det herr Zuckerberg og hans like no gjer.

Og ikkje berre når det gjeld politikk. Dei ønsker å konstruere og implementere sin agenda for alle emne, utan omsyn til våre synspunkt.

Facebook hatar det når menn og kvinner har sunne seksuelle relasjonar. Dette er tabu for dei. Menn skal misbruke kvinner. Kvinner skal klage i #MeToo-stil. Alternativt kan menn begjære menn, og kvinner kvinner. Dei bannlyser faktisk normale relasjonar mellom kjøna.

Mark Zuckerberg

Sjølv har eg blitt forvist og fått innlegget mitt fjerna av Facebook-moderatorar etter å ha sagt at franske kvinner er blant dei beste. Dette er sexisme og i konflikt med standardane som gjeld for fellesskapet, sa dei. Kan ikkje du, herr Zuckerberg, halde hendene dine unna andre folk sin kommunikasjon? Lat meg ha mi eiga (høgst positive) meining om franske kvinner! Å nei, han kan ikkje.

Eg har blitt forvist og fått innlegget mitt fjerna for å ha nemnt ein redaktør frå Durham University som fekk sparken for å ha sagt ‘kvinner har ikkje penis’. Dette er fornærmeleg mot transkjøna og strir imot Facebook-normene.

Facebook- og Twitter-sensur iherdig, irriterande og samtale-forstyrrande overalt, men den russiskspråklege Facebook har blitt gjenstand for ein spesielt alvorleg type sensur. FB-moderatorar er for russarane i hovudsak ukrainarar med eit horn i sida til russarar. Det kan verke som om dét har vore eit vilkår for tilsetting. Dei fjernar og forbyr pratisk talt samtlege russiske referansar til Ukraina og det dei har føre seg, samtidig som dei aldri fjernar eller forbyr ukrainske krenkingar. Russiske poetar, klassiske som moderne, blir utestengde; det desse slampane oppfattar som ‘PC-reglar’ blir utøvd med omsynsløyse.

Dei stenger folk ute for såkalte ikkje-PC-innlegg og kommentarar skrivne for fleire år sidan. For to år sidan siterte ein mann eit dikt av nobelprisvinnaren Joseph Brodsky på FB-bloggen sin, og to år seinare vart sitatet funne og mannen utvist i ein månad.

Eller eit anna, og endå betre, døme: i 2006 gav ein russisk filolog ei førelesing om opphavet til det russiske språket på kafeen Bilingua i Moskva. I 2015 vart førelesinga lagt ut på Facebook av ein brukar. Denne veka i 2019 vart det fjerna, og brukaren vart utvist.

Å kalle et mørkhudet menneske for neger fører til utestengelse.

Russarar har ingen PC-tradisjon, verken på godt eller vondt. Dei nøler ikkje med å snakke om negrar eller mulattar, sigøynarar eller jødar. Dei er ikkje merksame på at desse orda er rekna som fornærmelege av dei nye lovgivarane. Dei kallar ukrainarar for khokhol, eller «pannelugg», etter tradisjonell ukrainsk hårklipp. Khokhol har vore brukt i det russiske språket i årevis, vanlegvis med positiv eller nøytral konnotasjon. Eit moderne klengenamn på ukrainarar er ukr eller ukrop. Fram til no har ingen tenkt på desse namna som krenkande, på same vis som chico, okie og tex ikkje er rekna for nedsettande nemningar. Men for Zuckerberg krev alle slike ord utvising.

Eg kjenner ikkje til nokon russisk FB-brukar som ikkje har blitt utvist i minst ein månad. Så det er ikkje berre sensur, men eit heilt omutdanningsprogram av den typen ein helst assosierer med formann Mao og hans tider.

Zuckerberg og hans trente beist sette seg rett og slett føre å smi den russiske sivilisasjonen sin offentlege diskurs i si eiga form og sitt eige bilete. Stakkars russarar som har overlevd slik omlæring frå bolsjevikane på 1920-talet og frå anti-sovjetane på 1990-talet, blir no køyrde igjennom det finmaska SJW-filteret [SJW: Social Justice Warrior, ei nemning som blir brukt om ein som med stor iver deltek i diskusjonar om sosial rettferd på internett]. Då sovjeta vart oppløyste, vart russarane lova ytringsfridom. Kor finst denne ytringsfridommen?

Det var sensur i Sovjetunionen, bl. a. gjennom retusjering slik disse to bildene er eksempel på. Men er sensuren på sosiale medier i dag bedre?

FB utviser for å poste lenker til nettstadar dei ikkje likar. Eg har blitt utestengt for å ha posta ei lenke til Unz.com. Lenker til RT og Sputnik blir også fjerna. Førre veke fjerna og utviste FB 500 kontoar med 850 000 følgarar, for å ha publisert lenker til RT og Sputnik. Ein ven av meg, herr Oleg Tsarev, tidlegare medlem av det ukrainske parlamentet, utfordrar til rolla som Ukrainas president og parlamentspresident i Donbas, hadde ein konto med to hundre tusen følgarar, og herr Zuckerberg kasserte den utan noka forklaring.

Eg bad mine FB-vener om å rapportere om dei nokon gong hadde blitt utvist, og i så fall, av kva årsak. Her er ei kortliste med svara deira: for å tale imot Stepan Bandera, den ukrainske quislingen; for å diskutere Sjevtsjenko, den ukrainske 1800-tals poeten; for å nemne panneluggar; for å poste bilete av Putin; for å snakke om offer for bombing av Donbas; for å bruke slike ord som ‘pederast’ eller ‘lesbisk’; for å seie at kvinner er meir emosjonelle enn menn; for å poste eit foto frå ein Almodovar-film; for å argumentere imot ein ukrainsk historikar som hevda at Jesus og Buddha var ukrainarar; for å forsvare den russiske kyrkja; for å kritisere den leiande pro-vestlege liberalaren herr Gozman; for å argumentere imot NATO-manøvrar i dei baltiske statane; for å tale imot diskriminering av etniske russarar i dei baltiske statane.

Og no for Israel og jødar. Dette er ei utbreidd årsak til FB-utvisingar. Det er nærast umogleg å referere til Israel på Facebook – utan å bli utvist. Eg har blitt utvist og fått postane mine fjerna etter å ha lagt ut lenker til mine eigne artiklar på Unz.no. Ei lenke i ForeignPolicy.com til ein artikkel om sal av palestinsk kyrkjeland til jødiske settlarar, har også blitt fjerna. Avisa Haaretz sine lenker vart nesten alltid fjerna og forbodne.

Å oppfordre til drap er ok, men å rapportere om drap er det åpenbart ikke. / AFP PHOTO / JACK GUEZ

Haaretz informerte til dømes sine lesarar om at ei palestinsk mor til ein tenåring drepen av israelske soldatar, hadde sete 11 månadar i fengsel for eit sint innlegg på Facebook. Eg vart utvist for å rapportere dette til Facebook-lesarar, med grunngivinga ‘hate speech‘ [hat-tale]. Det å drepe denne kvinna sin son og fengsle mora, er visst ei ‘kjærleiksgjerning’, men å fortelle om det er reint hat.

Russiske hovudmedia styrer unna Israel. Dei russiske redaktørane er ikkje nødvendigvis jødar, men det finst nok jødar i kvar avis til å stoppe eit kritisk stykke. Om det ikkje er jødar der, kjenner kvar redaktør at det vil vere tryggare for han å unngå emnet. Facebook er den einaste moglege kanalen for fri informasjon om Israel. Diverre er dei like partiske. Mine anti-zionistiske jødiske vener har blitt hyppig utviste for sin «anti-semittisme». FB-bloggen min, med sine få tusen følgarar og tilskodarar, lar russiske lesarar få lære om utviklinga i Israel. Mitt publikum er mange gonger mindre enn det som mainstream hasbara har. Kan du ikkje ein gong tolerere berre eit slikt lite vindauge av fri tale og verkelege nyhende, herr Zuckerberg? Tydelegvis så kan han ikkje det.

I ein verkeleg skammeleg episode aksepterte Facebook ordrane til israelske militære sensuristar. I november 2018 vart ein gjeng israelske spionar i arabisk utkledning stoppa på Gaza-stripa. Israelarane greidde flykte, medan kommandanten deira, ein drusar av høg grad, vart skoten i hel. Det kom ut at det israelske laget hadde vore nokre dagar eller meir på Gaza, og gitt seg ut for å vere medlemmar av ein internasjonel humanitær hjelpeorganisasjon, medan det dei eigentleg gjorde var å spionere og førebu grunnlaget for ei bombing av Gaza.

Marwan Barghouti

Dei var kriminelle, ettersom reglane som gjeld under krig klart og tydeleg forbyr dei stridande partane å bruke Raude Krossen (og andre hjelpeorganisasjonar) som dekke. Israelarar ignorerer denne regelen, og brukar Raude Kross-ambulansar til å frakte troppane sine med. (Marwan Barghouti, ein potensiell palestinsk Mandela vart kidnappa av ein slik falsk ambulanse.) Tryggingsfolk på Gaza greidde å samle alle bileta av dei kriminelle og la dei ut online med tilbod om ein million dollar for informasjon som kunne føre til full identifisering og pågriping. Israelske militære sensuristar forbaud israelske media og utanlandske journalistar med base i Israel å publisere bileta. Men ein jødisk-amerikansk dissident, Richard Silverstein, braut forbodet og publiserte biletet.

Eg prøvde å gjenpublisere det, men skammeleg nok fjerna og forbaud Facebook biletet. Dei blokkerte biletet til og med i Messenger, og det forsvann med det same! Kva er då Facebook? Er det ein internasjonal kropp – eller ein utpost av israelsk hasbara?

Flaks for oss at ikkje Western Union (enno) tilhøyrer herr Zuckerberg, elles ville vi vel fått sjølv breva frå familien vår sensurert av medløparane hans.

Det er overordentleg viktig å redde sosiale nettverk frå Zuckerbergs diktat. Det burde vere offentleg tilgjengeleg, verna av lova; det burde vere mogleg å anke kvar blokkering og utvising i retten; ingen tilfeldige avgjerder burde bli tatt. Sensur i fredstid er uakseptabelt; det strir også imot den amerikanske grunnlova. Viss vi vil redde menneskeslekta frå undergang, må vi opne kommunikasjonskanalar og halde dei opne. Så vil kanskje den neste speidaren frå Vega kome og besøke oss.

P.S. Oppdatering: medan denne artikkelen vart skriven, vart endå eitt av innlegga mine blokkert: «This post goes against our Community Standards, so no one else can see it.” Dette var ei gjenpublisering av ei lenke til eit Haaretz-intervju med Benny Morris, ein israelsk historikar som har spådd at «[dei israelske] jødane vil alltid vere ein liten minoritet innanfor eit stort arabisk hav av palestinarar, ein forfølgd eller slakta minoritet, slik dei var då dei levde i arabiske land. Dei blant jødane som kan, vil flykte til Amerika og Vesten.»

Benny Morris

Tydelegvis er livet sjølv i strid med Facebook sine ‘Community Standards‘! Bør ikkje folk ha lov til å lese kva ein av dei viktigaste israelske historikarane har å seie? Det er ein ganske uhyggeleg tekst. Morris uttrykker sorg over at jødane ikkje etnisk reinsa heile Palestina i 1948 og fjerna alle ikkje-jødar; og han seier det ikkje finst nokon sjanse for varig fred i det heile. Han seier også at Trump ikkje vil vare eit år i stillinga, og at også Netanyahu vil gå under med han.

I kommentarane til artikkelen er det ein (tydelegvis amerikansk) lesar som kommenterer: «Gjer Amerika ei teneste og dra ein annan stad, vi har nok av rasistiske fanatikarar her allereie.»

P.P.S. Richard Silverstein blei utvist for si publisering på Facebook, og har tatt opp ein kraftig kamp imot utvisinga.

Publisert den 19. januar, 2019 på Unz.com

Omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

Forsidebilde: Ahmed Sabry



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 275 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Sveinung Handyman Vikene
    29 oktober 2021 11:45

    Tullingene på den lille blå

    Forestill deg evigheten, forestill deg øyeblikket nå.
    Sett de to opp mot hverandre,
    tenk deg om, så vill du snart forstå.
    At verden er et galehus der grådighet er husets far,
    Og hykleriet er dets mor,
    På planeten der hvor tullingene bor.

    Planeten er en gave fra en kraft som har hatt mange navn.
    Folk har drept for denne kraften,
    Som vel var ment å skulle være mest til gavn.
    Tullingene slår i hjel, korser seg, og roper til sin gud;
    se jeg drepte i dit navn,
    men skitt, jeg glemte vist de femte bud…

    Guden mammon er en luring, han har gjennomskuet disse rare små,
    Der de jager rundt i jakten på rikdom.
    Grunnverdier må du vel forstå.
    Nå skal vi telle våre penger, se jeg hadde mye mer enn deg.
    Hva vi i virkeligheten trenger,
    er vel egentlig å kunne se en annen vei.

    Og skulle der finnes noen femarmede på en annen fjerntliggende stjerne,
    som ikke vet om de skal gråte eller le.
    Til den lille blå planeten, der hvor tullingene råder.
    Hvem kan vel egentlig bebreide dem for det?

    (Eivind Berg Ålesund)

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det er slutt på det grønne skiftet i Tyskland.

Vindmøllepark erstattes av kullgruve.

Previous Post

Krigspropagandaen blinder oss.

Vi ser ikke kjeltringene midt blant oss.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.